GULLVEKTA, NORSK DEL  

Les du lekser enno?

 14 › 1 › 25

SETT
ARKIVSEKSJON
SPØRSMÅL, FRÅGOR, ØVST PÅ NETTSTADKARTET
SITE SEARCH

VENSTRE STOLPE
 
RESERVASJONAR   FØRRE   NESTE



Ho-ho!

Danske Politiken skriv 15 november 2007 at lekselesing er bortkasta tid, dersom ein skal tru ei ny bok som heiter The Homework Myth – Why Our Kids Get too Much of a Bad Thing (Myten om lekser - korfor barna våre får for mykje av det vonde). Den er av den amerikanske forfattaren Alfie Kohn, som enkelt foreslår at vi skal droppe lekser fordi dei ikkje kjem eleven til gode i form av betre karakterar eller betre studievaner.
      Dette kjem han med på grunnlag av 300 forskingsprosjekt og undersøkingar ifrå USA og fleire andre vestlege land. Ingen av undersøkingane kan nemleg dokumentere at lekselesing har positive verknader, verken i grunnskolen eller gymnaset.
      Kohn summerer: Lekser er spill av tid. Dei mange lekselesingstimane kunne blitt brukt til noko meir meiningsfullt i staden. Å pugge lekser øydelegg engasjementet til barna - og lat meg leggje til: jamvel ta av dage lærelysta hos somme.
      Den danske professoren Per Fibæk Laursen frå Danmarks Pædagogiske Universitet stadfester det Kohn fortel: at undersøkingar av heimearbeid ikkje kan dokumentere at elevane har gagn av lekser. Så det er på høg tid å få undersøkt verknadene av lekselesing, poengterer professoren, for "det er då leit å belaste barn og foreldre med arbeidet [lekser] dersom dei ikkje får noko ut av det".
      Men ikkje alle ord er sagt i dette, ikkje siste ord heller.
Widespread assumptions about the benefits of homework—higher achievement and the promotion of such virtues as self-discipline and responsibility—aren't substantiated by the available evidence. - Alfie Kohn, s. 3 i boka.

Homework . . . a wasteful, unimaginative, and pedagogically bankrupt practice that initiates kids into a soul-sucking rat race long before their time." - Atlantic Monthly

What Kohn wants parents and teachers to do, if nothing else, is think about this homework issue. Really think. And then talk about it . . . Challenge the status quo." - San Diego Union Tribune


BØLGJE

Litteratur  
      Kohn, Alfie. Why Our Children Get Too Much of a Bad Thing. Philadelphia: Da Capo Press, 2006.

Artikkelen over er resyme av Politikens "Lektielæsning er spild af tid". 15. nov 2007. [politiken.dk/indland/article430595.ece]

Sitata er frå Alfie Kohns side med bokomtale av Why Our Children Get Too Much of a Bad Thing": [www.alfiekohn.org/books/hm.htm]

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1998–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]