NORSK DEL, GULLVEKTA  

Danningsgang

 13 › 4 › 3

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Rette danninga kan gjøre godt, stort sett

NÅR VI vil forstå noe kan vi lære å nærme oss sakene metodisk og grundig, lese fornuftig i utvalte bøker, ordne tankane greitt og aktivt, og formulere kunnig. Trening er nødvendig, stort sett. Ein kan bruke hovudopplegget til alt mulig. Det er ein grei veg som kan motverke mye som er for dumt for menneske.

Gampopa-utsnitt
Gampopa (1079-1152) MEIR
God forståing lyt ein også rydje veg for ved studiemetodikk og praktisk sans. Oppmuntring kan kanskje hjelpe. Tony Buzans mind maps og studiesystemet han har formulert rundt det, kan sikkert gagne fleire. Det finst mange fine bøker der han skriv om slikt, og ved noen av universiteta i Europa held folk kurs kvart semester i slik studie- og notatteknikk.
      No finst det også bøker om å skrive hovudoppgåver og semesteroppgåver. Dei går gjennom tekniske sider ved mangt, og korleis ein skal gripe an slike oppgåver som "Gjør greie for og drøft . . . (eitt eller anna)". Dei ferdige utputta blir kraftig formalisert. Det er ikkje berre av det vonde -
      No er det også slik at rett danning ikkje gjør noen til petimeter (småpertentlig, opptatt av bagatellar). Enda om mye av danninga i hovudfaget består i å bli pertentlig og akkurat med detaljar og tilvisingar, ligg mangt i danningssvegen høgre. Å ta seg av nurka på rette måten så dei trivast og ikkje noe går galt, ligg innafor høgre danning enn petimeterdanninga (halvdanninga) rundt om. Å te seg vel ligg også jamt høgre, skulle eg meine. Kva som kan ligge i "å skikke seg flott" og leve godt er langt meir enn å mate seg. Jamfør Gampopa utvalet [LENKJE].
      I det som kjem, blir tilfang ifrå ei passelig bok om hovudoppgåveskriving sett saman i nytt system. Klikk på "Veg" for å sjå nærare inn i systemet. Og les samandraget før essayet - det er "god butikk" for noen som vil setje seg inn i ting.

Vegen

EinararDu lyt sjølv planleggje, ordne og rydje vekk for avhandlingsverksemda

Hei-hei DETTE essayet kan du godt bruke til sjølvstudium—Enkel vareoppteljing av forventingar, sosiale og materielle vilkår no og då hører med. [Hs 5; Jf Hs 25]
      Forskingsprosess går saman med skriveprosess i avhandlinga—Blant rammefaktorane får ønska og hovudinteressene dine mye å seie når du skal velje tema for hovudoppgåva. Dei faglige føresetnadene dine blir også nokså avgjørande for resultatet - og samarbeidet med rettleiar og andre fagpersonar vil bli prega av viktige personligdomstrekk hos dei eller deg - helst dei. [Jf Hs 12, 14-15]
      Når du skal arbeide med hovudavhandlinga, er du din eigen arbeidsgivar . . . Det vil seie at du må sjølv planleggje, gjennomføre og vurdere det du gjør etter kvart—I mange periodar av forskingsgangen kjempar ein med kjensler, eigne og andres—Noe som er generelt formulert kan verke lite handfast for somme. Dei greier kanskje ikkje å knyte dei rette tankane til det, kan hende. [Jf Hs 15-16, 30, 21]
      Mange studentspørsmål kjem av otte—Hald skrivebordet reint og vel stelt, ryd vekk "vegsperringane" og kom i hug at du på mange måtar er eit sentrum i di eiga verd - i di eiga merksemdsverd. Den tonar ut innafrå. [Hs 11, 30] ¤
      Du skal vere saklig og halde deg til saka og ikkje gå laus på personar og eller ting som ligg utafor det det gjeld—Sett ikkje i gang med noe før du veit om det blir godtatt. Elles kan du ende med å få stryk for avhandlinga for di den fell utafor dei godtatte rammene der du er. [Hs 18, Jf Hs 22]
      Dei logisk heilgyldige resonnementa kan ein berre trekkje der alt er kjent. Og det blir nokså uinteressante konklusjonar—Den gode skriveprosessen kjem parallelt og integrert med forskingsprosessen. Det er ikkje slik at ein først gjennomfører forskinga, og så setter seg ned og tek til å skrive avhandlinga. [Hs 23, 13]


ToararMye tankeverksemd krev både ressursar og avgrensingar

2ND SECTION HINDRINGAR og konfliktar påverkar humøret. [Hs 25]
      Strev etter god nok samanheng, orden og system i det du skriv. Våg også å gå etter noe som er fruktbart og interessant for deg, og gå inn for oversiktlig og utførlig nok presentasjon. Ha objektiv vitskaplig haldning og løyn den ikkje. [Jf Hs 18-19]
      "Heilskapen er der ikkje før siste lappen i dette lappeteppet er på plass. Og den lappen kan hamne nær sagt kor som helst." [Hs 14]
      Kunnig rettleiing er særlig viktig. Sider ved den skal vi ta opp etter kvart. [Jf Hs 16] ¤
      Det som får den rette prosessane i gang kan vere så lite og uferdig som det berre vil; dersom det får deg i gang er det storarta. Hovudsaka med andre menneske sine innlegg i dette er at dei oppmuntrar, stør eller hjelper eg til å klargjøre dine eigne tankar. [Hs 29]
      Sjølvstendig gransking inneber at ein lyt undersøkje kva for grenser som til vanlig blir sett for kva som er godtatt hovudavhandlingsforsking og kva som ikkje er det i faget og den institusjonen ein studerer ved. [Jf Hs 22]
      "Utafor deg, og ofte utafor din eigen kontroll, ligg mange sjansar og avgrensingar. Tid, pengar og tilgang til materielle ressursar som kan hjelpe deg i arbeidet får ein heil del å seie." [Hs 15]
      Å skrive har mange kreative sider. Lær av kreativitetsforskinga. Å framstelle kreativitet som eit heller generelt persondrag er neppe fullgodt. Forsking om kreativitet syner at vi kan vere kreative på eitt eller noen område, og ikkje nødvendigvis på andre. Mye kjem an på korleis læringsprosessane har gått for seg forut for "eltingane" og anna som leier til kreative utputt. [Jf Hs 26 / "Creative ability is ... a hard-earned prize." - R. Ochse. [Hs 26 / Det er det harde arbeidet og den grundige innsikta i eit emne som baner veg for kreativitet og problemløysing. [Hs 27]
      Divergent (skapande) tenking kan ein trene opp innan visse grenser der det høver,. "Oppskrifta": Først kvesser ein telje-øksa (vitet) og så brukar ein den (løyser oppgåver godt).

Å kvesse øksa:
      Sjølvinnsikt hjelper mang ein gong i dette arbeidet, men ikkje for alt, naturlig nok. Abraham Maslow meinte elles at forskaren lyt våge å sjå på seg sjølv som sitt viktigaste reiskap til å få kunnskap. Lær dermed deg sjølv å kjenne så du ser reinare utan grums og projiseringar og fotlenkjer (emotive knytingar til matarane er ei lenkje). Sjølvinnsikt, høgde (oversyn) og nok fridom kan trulig hjelpe fram forsking av bra kaliber. Ein bør iallfall gå i spann med kjennskap til eigne sterke og mindre sterke sider. [Jf Hs 28-29]

Korleis ein høgg til:

  1. Opplev eller lev med eit problem.
  2. Definer og saml høgkvalitets-informasjon nok om det. Ver noggrann.
  3. La det undermedvitne få jobbe med det i ei tid. Dette steget blir kalla inkubasjonsfasen. Gi ikkje opp eit problem for tidlig; gi "inkubasjonen" bra vilkår.
  4. Løysingar blir utvikla eller kjem fram.
  5. Vurder kvalitet og haldbarheita til ulike løysingar
  6. La ulike løysingar bli godtatt eller avvist inntil vidare.
[Jf Hs 27]


TreararForståing skal fram, ofte gjennom kontrasteringar

3RD SECTION Å MEINE at arbeidet med hovudavhandinga i hovudsak har med metodar å gjøre, gir ei altfor avgrensa forståing av kva for oppgåver ein står overfor når forsking skal gjennomførast. [Hs 12]
      Ein får "berre" mislike halvgjort arbeid om ein kan. [Med Bernard Gilpin] Og fridom gir vonlig meir ein éin sjanse til å betre seg. [Jf Albert Camus]


I eit nøtteskal (samandrag)

I SUM
  1. Planlegg, ordne og rydd vekk for studiet og skrivinga. Med andre ord: skap rom for det, ikkje berre tid for det, og tilpass andre forhold høvelig, dessutan.
  2. Tenk vel gjennom det meste på førehand, om ikkje alt.
  3. Presenter saklig.
I EIT N&Oslahs;TTESKAL Rydd vekk så mye anna du kan, så du får tenkt og presentert ting godt.


BØLGJE

Litteratur  
      Gth: Mauch, James E. and Jack W. Birch: Guide to the Successful Thesis and Dissertation: A Handbook for Students and Faculty. 3rd ed. rev. and expanded. Dekker. New York, 1993.
      Hhb: Furuseth, Inter and Euris Larry Everett: Hovedoppgaven: Hvordan begynne - og fullføre. Tano Aschehoung. Oslo, 1997.
      Howl: Fabb, Nigel and Alan Durant: How to Write Essays, Dissertations & Theses in Literary Studies. Longman. Harlow, 1993.
      Hs: Jørgensen, Harald: Hovedoppgaven: Skikk og bruk i oppgavearbeidet. 2. utg. Novus. Oslo, 1993.
      Hwe: Clanchy, Johm and Brigid Ballard: How to Write Essays: A Practical Guide for Students. Longman. Melbourne, 1992.
      Osh: Rørvik, Harald: Om skriving av Hovudoppgåver. Avhandlingar - Pedagogikk. Psykologi. Sosiologi. 2. oppl. Universitetsforlaget. Bergen, 1976.
      Ptw: Locke, Lawrence F., Waneen Wyrick Spirduso, Stephen J. Silberman: Proposals That Work: A Guide for Planning Dissertations and Grant Proposals. 3rd ed. Sage. Newbury Park, 1993.
      Rwr: Schench, Mary Jane: Read, Write, Revise: a Guide to Academic Writing. St. Martin's Press. New York, 1988.
      Wts: Van Wagenen, R. Keith: Writing a Thesis: Substance and Style. Prentice Hall. Englewood Cliffs. 1991.

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]