NORSK DEL, GULLVEKTA

Dhammapada-strofer

 13 › 4 › 6 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Dhammapada-vers – SAMLINGA GLOSSAR: ORD I BUDDHISMEN

1. Dobbeltstrofer

1
Alle opplevde framtoningar rettar seg etter det djupe sinnet, er beherska av sinnet, blir fanga inn av sinnet. Den som taler eller handlar med ureint sinn, følgjer ulykka i hælane på, liksom hjulet følgjer foten til trekkdyret.

2
Alle opplevde framtoningar rettar seg etter det djupe sinnet, er beherska av sinnet, blir fanga inn av sinnet. Den som taler eller handlar med reine tankar, følgjer lykka i hælane på, plent som skuggen hans.

3
"Han har misbrukt meg", "han har slått meg", "han har vunne over meg", "han har røva det som var mitt": hos dei som gjer seg slike tankar, stilnar ikkje hatet.

4
"Han har misbrukt meg", "han har slått meg", "han har vunne over meg", "han har røva det som var mitt": hos dei som ikkje tenkjer slik, stilnar hatet.

5
Her i verda får ein aldri slutt på hat ved hat; ved mildskap blir hatet borte; det er ei gammal regel.

6
Hopen forstår ikkje at her i verda lyt det bli slutt på oss; har ein innsett det, fell konfliktar saman.

7
Den som berre lever for å nyte, den som ikkje har tak på sansane sine og er umåtehalden overfor mat, gjerandslaus og veik, han blir kasta til jorda av Mara, som eit skralt tre av stormen.

Mara, "sanseherren", er Den Vonde i buddhismen, ein freistar, villførar, og provokatør som prøver å øydeleggje arbeidet med å halde styr på sansane, feste tanken og vinne innvendig frigjering (Opplysning, Oppvakning). Han står også for død - men det er han ikkje aleine om.

8
Den som lever utan å søkje nytingar; den som har grep på sansane sine og er måtehalden når det gjeld mat, full av tru, og kraftig, han kan Mara ikkje kaste til jorda, like så lite som stormen mot ein klippe av granitt.

9
Den som ikkje har reinsa seg, og som utan måtehald og sanning vil ta på seg den gule munkekutta, han er ikkje verdt den.

10
Men den som har reinsa seg, og vernar nøye om det gode; den som har vunne måtehald og sanning, han fortener så menn munkekutta.

11
Dei som held det uvesentlege for vesentleg og det vesentlege for uvesentleg, dei når aldri til det vesentlege; for strevet deira har feil mål.

12
Men dei som har lært å halde det vesentlege for vesentleg og det uvesentlege for uvesentleg, dei når til det vesentlege; og deira arbeid har rett mål.

13
Liksom regnet frå øvst til nedst trengjer gjennom eit hus med dårleg tak, slik trengjer drift gjennom den utrente hugen.

14
Liksom regnet ikkje klarer å trenge gjennom eit hus med godt tak, slik trengjer ikkje drift gjennom den trena hugen.

15
Den som gjer vondt, han sørgjer her og han sørgjer bortanom; han sørgjer begge stader; han sørgjer og han blir redd når han ser kva for vondt han har valda med det han har gjort.

16
Den som gjer godt, han gler seg her, og han gler seg bortanom; han gler seg begge stader; han gler seg og frydar seg når han ser kva godt han har vore opphav til.

17
Den som gjer vondt, han blir pint her, og han blir pint bortanom; han blir pint begge stader; han blir pint av å tenkje på at han har handla dårleg, og han blir pint i tillegg når han kjem til helvete.

Buddhismen reknar med ulike transcendente sfærar som midlertidige tilhaldsstader i tilværet. Evig fordømming og fortaping er ikkje med i trua.

18
Den som gjer godt, frydar seg her på hi sida; han frydar seg begge stader; han frydar seg ved tanken på å ha handla godt, og han frydar seg i tillegg når han kjem til himmelen.

19
Den som taler mange velføydde ord, men er slapp og ikkje handlar etter dei, han er berre som ein gjetar som tel kyrne til andre; han hører ikkje til dei rette Buddha-lærlingane.

Sanskritordet samana, asket, blir i buddhismen brukt om tilhengarar av Buddha.

20
Den som berre taler få velføydde ord, men følgjer lovboda, legg vekk drift, hat og forblinding, har den rette erkjenninga og ein frigjort tanke, og som ikkje trår etter noko her eller på den andre sida, han hører til dei rette Buddha-lærlingane.

BUDDHISME – SAMLINGA
Dhammapada-vers - SLUTTBOLK

Dhammapada-vers - LITTERATUR  

Dhammapada-vers - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Dhammapada-vers BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 1997–2011, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]