1
Alle framtoningar rettar seg etter det djupe sinnet, er beherska av sinnet, blir fanga inn av sinnet. Den som taler eller handlar med ureint sinn, følgjer ulykka i hælane på liksom hjulet følgjer foten til trekkdyret.
2
Alle framtoningar rettar seg etter det djupe sinnet, er beherska av sinnet, blir fanga inn av sinnet. Den som taler eller handlar med reine tankar, han følgjer lykka i hælane, på plent som skuggen hans.
3
"Han har misbrukt meg", "han har slått meg", "han har vunne over meg", "han har røva det som var mitt": hos dei som gjør seg slike tankar, stilnar ikkje hatet.
4
"Han har misbrukt meg", "han har slått meg", "han har vunne over meg", "han har røva det som var mitt": hos dei som ikkje tenkjer slik, stilnar hatet.
5
Her i verda får ein aldri slutt på hat ved hat; ved mildskap blir hatet borte; det er ei gammal regel.
6
Hopen forstår ikkje at her i verda lyt det bli slutt på oss; har ein innsett det, fell konflikter saman ganske ofte.
7
Den som berre lever for å nyte, den som ikkje har tak på sansane sine og er umåtehalden overfor mat, ørkeslaus og veik, han kaster Mara til jorda som stormen eit skrøpelig tre.
NOTE 7. "Mara" er buddhismens freistar som prøver å knase arbeidet med å halde sansane i age og feste tanken; han er også herre over døden.
8
Den som lever utan å søkje nytingar; den som har grep på sansane sine og er måtehalden når det gjeld mat, full av tru, og kraftig, han kan Mara ikkje kaste til jorda, like så lite som stormen ein granitklippe.
9
Den som utan å ha reinsa seg for ureint, utan måtehald og sanning vil ta på seg den gule munkekutta, han er ikkje verdig til den.
NOTE. 9. Teksten inneheld eit ordspel mellom "anikkasava", utan å ha reinsa seg for ureinhed, og "kasava", munkekutte.
10
Men den som har utspydd ureinhed, og som vakter nøye på det gode; den som har vunne måtehald og sanning, han fortener sannelig munkekutta.
11
Dei som held det uvesentlige for vesentlig og det vesentlige for uvesentlig, dei når aldri til det vesentlige; for strevet deira har feil mål.
12
Men dei som har lært å halde det vesentlige for vesentlig og det uvesentlige for uvesentlig, dei når til det vesentlige; og deira arbeid har rett mål.
13
Liksom regnet frå øvst til nedst trenger gjennom eit hus med dårlig tak, slik gjennomtrenger drift den utrente hugen.
14
Liksom regnet ikkje klarer å trenge gjennom eit hus med godt tak, slik gjennomtrenger ikkje drift det trente sinnet.
15
Den som gjør vondt, han sørgjer her og han sørgjer bortanom; han sørgjer begge stader; han sørgjer og han blir redd når han ser sine handlingers besmittelse.
16
Den som gjør godt, han gler seg her, og han gler seg bortanom; han gler seg begge stader; han gler seg og frydar seg når han ser sine handlingers reinleik.
17
Den som gjør vondt, han blir pint her, og han blir pint bortanom; han blir pint begge stader; han blir pint over tanken om å ha handla dårlig, og han pint i tillegg når han kjem til helvete.
NOTE 17. Buddhismen reknar med både himmelske verder og mange helvete som midlertidige tilhaldsstader i tilværet; noen evig fordømming er ikkje med i det.
18
Den som gjør godt, frydar seg her på hi sida; han frydar seg begge stader; han frydar seg ved tanken på å ha handla godt, og han frydar seg i tillegg når han kjem til himmelen.
19
Den som taler mange velføjede ord, men er slapp og ikkje handlar etter dei, han er berre som ein gjetar som tel kyrne til andre; han hører ikkje til dei rette Buddha-lærlingane.
NOTE 19. Samana står for ein asket i det heile, men blir særlig nytta om tilhengarar av Buddha.
20
Den som berre taler få velføjede ord, men følgjer lovboda, legg vekk drift, hat og forblinde lse, har den rette sannkjenning og ein frigjort tanke, ingenting attrår her eller bortanom, han hører til dei rette Buddha-lærlingane.

Litteratur
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
© 19972007, Tormod Kinnes. [E-POST]
|