![]() |
Dhammapada. Innleiing | |||||
| 13 4 6 | ||||||
|
InnleiingDhammapada er ei samling lærevers frå oldtida. Ordet 'Dhammapada' kjem frå oldtidsspråket pali, og er sett saman av det mangetydige ordet 'Dhamma' (sanskrit Dharma) og 'pada', som tyder 'veg' eller 'ord'. 'Dhamma' kan ein omsetje med rettferd, lov, evig lov, vise reguleringar, plikt, kosmisk plikt, rettferd, alt ettersom. 'Dhamma' er det vanlege namnet på buddhistlæra, men har andre og vidare tydingar i tillegg, også i buddhismen. 'Evig rettferd, universell rettvise' hører med til tydingane. 'Dhammapada' kan såleis omsetjast litt fritt som "Buddhismevegen" eller "Buddhistiske ytringar", eller betre "Den rettvise læras veg/ord", "Den sanne læras ord/veg", "Lære-ord/veg", "Sannings veg/ord" og liknande. Verket femner over 423 strofer fordelt på 26 kapittel. Dei er ifrå buddhismelitteraturen på oldtidsspråket pali. Mangt frå den buddhistiske læra kjem til oss via pali, som er i slekt med sanskrit. Pali blei den "sørlege" buddhismen sitt litteraturspråk; detstammar frå nord i India. Den sørlege kanonen blir delt inn i tre "korger", pitakaer. Det er i den andre "korgas" femte samling vi finn moraldiktet Dhammapada. Somme trur at strofene kjem frå Buddha, enda om han ikkje skreiv ned noko av læra si. Han vandra omkring i nordaust-India for det meste, og fekk etter kvart mange læresveinar og etterfølgjarar. Buddha grunnla ein munkeorden, og mange av versa som blei bevart, først munnleg og sia skriftleg, viser til munkelivet. Munkar kan vere vonde og vanskelege, men helst ikkje . . .Ein buddhist etterlever læra etter Buddha. Mange som ikkje kallar seg buddistar, har også høve til å etterleve den eller deler av den, og slike er det mange av. Buddha tillet sjølvhjelp slik, slik nokre av dei siste orda hans syner. I Mahaparinibbanasuttanta (Den lange boka om Buddhas bortgang) seier han:
Lyt ein buddhist ha munkar og nonner over seg? Neppe. Men det kjem vel an på . . . for frå oldtida er det eit hovudopplegg at lekfolk forsyner munkar med det dei treng for å leve, og at munkane lever heilt enkelt og på si side gagnar lekfolk med somt som munkar kan gagne folk med. Det finst mange eldgamle forordningar for slik fordeling i dei strenge Vinaya-tekstane. Dei regulerer først og fremst munkelivet. Om munkelivet er det å seie at det ikkje er greitt. For munkar gjeld strengare og mange fleire reglar enn for lekfolk. Det står for eksempel i vers 302: Det er ikkje lett å vere munk og trivast med munkelivet, Sagt på svensk: "Svårt är munklivet / och svårnjutbart." Vers 311 går vidare: "Grip du munkelivet feil, trekkjer det deg ned i pina (Lie)." Meir konkret omsett: "Å misbruke si stilling som Buddhas lærling [fører] til helvete (Tuxen)," og "Munklivet [leder] till helvetet om man lever det fel (Johansson)". Dessutan: "Mange som ber den gule munkekutta, er likevel vonde og utan grep om seg sjølv; desse vonde menneska går til helvete på grunn av sine vonde gjerningar (Tuxen)."
Den som ikläder sig den gula manteln Desse tre blir kalla feil: begjær (raga), hat (dosa) og illusjon eller sjølvbedrag (moha). Godt er å bli rotfest i sila (moralsk åtferd, dygder): det er nedfelt som fem reglar for lekfolk og dei fem pluss fem ekstra for munkar, enkelt sagt. Ein munk lyt så vidt råd halde dei fem hovudnormene for alle buddhistar. Det er å unngå å drepe, stele, ha låk sex, lyge, ruse seg. For dei fleste munkane blir all sex rekna som gale, men somme innan nordleg buddhisme har sex som blir rekna som høveleg. For lekfolk er det ikkje forbode å ha grei sex. Ein skal altså passe seg godt mot sex som er misfaring. I tillegg til dei fem skal munkar halde seg frå å ete etter klokka tolv middag; å gå på dans og førestellingar og la seg underhalde av song, musikk og teater; bruke godlukt (parfyme), smykke og kosmetika; bruke luksuriøs seng; ta imot gull og sølv (det står ikkje noko om diamantar . . .). Saman med dei fem første reglane/normane, strengt tolka, gir dette dei ti reglane for ein buddhistmunk. Bryt han eitt av dei, må han ut av ordenen, står det i dei eldgamle forskriftene for munkar. Lekfølgjaren kan godt innlemme fleire normer enn å unngå å drepe, stele, ha låk sex, lyge, ruse seg. "Godt" og godleik er altså skissert i ordet sila. Sila fordrar rett innstilling i kjenslelivet og eigna handlingar. Den åttefaldige vegen etter Buddha fordrar oppfostring og trening i sila: eigna tale, eigna handlingar, og eigna levebrød. Ein treng ikkje bli munk for å lykkast langs Opplysningsvegen, for å gå vegen innetter heilt beint og heilt fram. Buddhismen har slikt fokus. Jf. 73-74 osv. Sjå til dømes Sigalovada Sutta, der Buddha forklarar normene for lekfølgjaren Sigalovada. Å leve fullt og heilt eller la det vereSomme av versa i Dhammapada taler imot lyster - og det kan vere hardt å stette alle, så vel som å sakne somt. Ord som 'lyst', 'ønske', begjær' og anna blir av og til figurativt uttrykt som 'tørst'. Sia det truleg går bra å stille tørsten så ofte ein er tørst, får ein vanleg buddhist - som ikkje er undergitt dei strenge reglane for munker og nonner - vurdere om nektingar av lyster, kuing av livsimpulsane (kalla temjing), og anna slikt er tenleg for seg, bl.a. i lys av Sigalovada Sutta. Hovudmålet skulle vere å leve vellykka og vinne utvikling som gagnar, både utapå og inni seg, antan ein er buddhistmunk eller ikkje. Ein har saktens lov å vere velkledd også (142) . . . og ein tiggarmunk og tiggarnonne er i og for seg velkledde på sine måtar. Dei lever i samsvar med reglar som blei forma for å gagne munker og nonner før, til dels under andre forhold. Den som trur at farleg undertrykking høyrer med til det kosmisk vellykka, får tru om igjen. Beste målet er å fostre bevisstheita (merksemda) i ei viss retning, så kjem større ro, likevekt og kontroll etter kvart. Det er eit hovudmål i tibetansk buddhisme, tantrisk buddhisme, mellom anna. Sant å seie er buddhisme mangslungen, og kva innhald ein legg i gamle vers kan også variere. Det finn du døme på under. Dessutan har buddhistisk tankegang endra seg over tid, og delt seg i nordlege og sørlege variantar med ulike oppfatningar. Opphav mange stader fråStrofene i verket kjenner ein for ein stor del frå andre stader også. Om lag ein firedel av versa finst i andre deler av andre "korga". Over halvdelen finst i andre buddhistiske tekstar. Dessutan finst noko ulike versjonar på sanskrit, prakrit og kinesisk. Det finst tilmed fire verk som liknar Dhammapada i kinesiske Mahayanaskrifter. Det finst også eit Dhammapadaverk på gandharispråket. Sanskritverket som liknar, heiter Udanavarga. Desse verka har mange vers til felles med Dhammapada, men skal vere uavhengige. Ein har også kunna spore opp mange av Dhammapadaversa utafor buddhismen, i bramanske kjelder, skriv Poul Tuxen. Det dreier seg såleis i stor grad om felles, oldindisk tankegods, om tankespråk som har vore i omløp og som er tekne opp snart i eit, snart i eit anna verk, fortel han. Desse tankane har vore omtykt. Og Dhammapadaversa er lettare å forstå enn mykje anna i buddhistisk hovudlitteratur. [Tuxen 9-10] Det gjeld å tilpasse seg godt, så ein minskar lidingar (dukkha) og aukar trivsel og vellykka ferdNokre vers er både filosofisk djupe og poetiske. Hovudvekta ligg på moralsk levevis, som blir kunngjort mildt, slik det er vanleg i buddhismen. Dhammapada viser buddhistiske reglar midt imellom folkeleg formaning og den systematiske truslæra som inneheld den åttedelte vegen, også kalla mellomvegen. Buddhistar flest har ikkje nådd dei høgaste stadia eller nirvana, ei glede som Buddha fortel om, men kan vere bra folk og leve godt for den saks skuld. Det gjeld å tilpasse seg til god lære så ein kjem opp og fram etter kvart, så går ein rett veg, og glir ikkje vekk frå godt. Også i Dhammapada finst ymt om kva som skal til for den som vandrar vegen: det er å gli innover i seg sjølv gjennom tankar. Det er slik tankekontroll som er meint. Den høgaste tilstanden å nå blir kalla nirvana. Kva ordet står for, er det ulike meiningar om. Det er dekning i skriftene for å kalle det ein glederik tilstand, ein indre, subtil gledestilstand det er verdt å streve etter, seier Buddha. Slike hovudgrep kjem av og til i komisk kontrast til den forståinga ein kan finne av læra når det blir sagt at "alt er liding (dukkha)" [Sjå Johansson 278]. Ein treng ikkje bli dukka av slik pessimisme, eller villført inn i forsaking av det som er bra. Er det ei liding å glede seg? Å lese behagelege ord av Buddha? Å ete god mat heile livet gjennom? Å fullbyrde seg og følgje lystene sine rimeleg og godt? Eg vil ikkje seie det. Men no har paliordet 'dukkha' mange fleire tydingar enn 'liding'. Somme omsetjarar bruker kallar dukkha stress. Det er det også. Kåre A. Lie skriv elles om dukkha i si omsetjing av Dhammapada til bokmål: Dette ordet er det ikkje lett å omsetje . . . det omfattar alt som blir oppfatta som uønskt, alt som blir opplevt som vondt eller negativt, frå den svakaste irritasjon til dei kraftigaste smerter - både fysisk og mentalt . . . noko godt ord som kan dekkje heile skalaen, slik dukkha gjer, har eg ikkje vore i stand til å finne . . . eg [har] brukt ord som "liding, smerte, det som gjer vondt" . . . fordi ein trass alt får prøve å finne ei tilnærma brukbar løysing . . . Når vi handlar klokt, førebyggjer vi lidingar, til dømes ved å spare til alderdommen. Buddha ytrar seg klart og greitt for slikt også, så ein handlar balansert for livsferda. Men i staden for å spare og gå inn for ulike fortenester (engelsk: merits), og samle hugen i djup meditasjon til gagn for sine og seg, fell somme ned i slapp utføring. I tillegg til hugborande arbeid gjeld det å ha eit fagna levevis, ha god moral, og helst halde seg vekke frå opplevingar og anna som kan vere lite verdt eller skadeleg, ikkje til gagn for vellykka livsferd slik det blir skissert i den gagnlege mellomvegen også kalla den åttedelte vegen. Den som skolerer seg i samsvar med desse vide retningslinjene, kan finne ro og glede innafrå. Det er greie parallellar til yogalæra heile vegen frå oldtida. Buddhismen har henta mykje av filosofien sin frå fellesindisk overlevering like frå oldtida. Det er fint å vere klar over dette sambandet mellom buddhisme og yoga, sia sambandet ifrå oldtida kastar lys over strofer. Same versetI fall Dhammapada lèt til å tale om tanken, kan ordet "tanke" vere ei omsetjing av eit sanskritord for hug (sinn). Finn ein den rota, skjønar ein kanskje korfor omsetjingane av alt det første verset skil seg. Tuxen skriv såleis: Alle Foreteelser er betinget av Tanken, er behersket av Tanken, utgøres af Tanken; den der taler eller handler med uren Tanke, ham følgjer Ulykken i Hælene ligesom Hjulet Trækdyrets Fod. Det er slik han har skjønte det. John Richards skriv på den andre sida: Mind precedes its objects. They are mind-governed and mind-made. To speak or act with a defiled mind is to draw pain after oneself, like a wheel behind the feet of the animal drawing it. I omsetjinga til Thanissaro Bhikkhu er det: Phenomena are preceded by the heart, F. Max Müller: All that we are is the result of what we have thought: it is founded on our thoughts, it is made up of our thoughts. If a man speaks or acts with an evil thought, pain follows him, as the wheel follows the foot of the ox that draws the carriage. Buddharakkhita: Mind precedes all mental states. Mind is their chief; they are all mind-wrought. If with an impure mind a person speaks or acts suffering follows him like the wheel that follows the foot of the ox. Hos Rune E. A. Johansson er det: De inre bilderna alstras och styrs Johansson forklarer dessutan at ""De inre bilderna" används för att beteckna perceptioner samt minnes- och fantasiföreställningar. "Det inre sinnet", på pali mano [sanskrit manas], är enligt buddhistisk psykologi ett inre centrum, som mottar impulser från de yttre sinnena och producerar föreställningar . . . Första versraden har ofta översatts: "Tingen alstras, styrs och består av medvetande". Denna översättning skulle ge intryck av en idealistisk uppfattning, men den tidiga buddhismen förnekade ej att vår värld är verkleg och alltså något mer än en produkt av medvetandet." Kva skal ein velje? Det ein liker, berre ein ikkje narrar seg sjølv, får stå sterkt. I døma ovafor finn vi altså "tanken", "tankar", "hug (sinn)", "hjerte" og "dei indre bileta" om det som skal vere det same. Vidare kjem "urein tanke", "rote hjerte", "vond tanke", og "ureint sinn" og "ont sinne" om det same. Når Thanissaro Bhikkhu bruker "hjertet", viser dette helst til djuphugen. HugenDet sentrale er hugen og hugtankar. Mykje av det som går føre seg i sinnet (hugen), er eigentleg underbevisst og ubevisst. Det er den djupe hugen som femner mest, seier Carl Gustav Jung, og ymtar om at det underbevisste delen av den kan vere ti gonger klokare enn den bevisste delen, og den ubevisst delen kanskje hundre gonger gløggare. I den grad dette stemmer, er det djuphugen som veg mest - dei delane folk normalt ikkje er opptekne av eller vedkjenner seg eller er merksame på. Nattlege drømmar gir bod derifrå, seier Jung vidare, når ein har forstått korleis hugen arbeider.
Djup meditasjon fremmer reinsing av djupe huglag, og utvidar merksemda sitt felt. I lys av dette skulle fleire av versa bli greie å skjøne. Buddhistisk meditasjon blir nytta for å reinse hugen, som blir rekna som eit "organ" som er godt skissert i samkhyafilosofien, ein søskenfilosofi til yogasystemet. Tankar kjem fram i hugen som "vibrasjonar", og reinleik i yoga og sjølvskolering blir å la tankane falle til ro mens merksemda er retta "innover". Då får ein sanne meir og betre, og kan bli reinsa frå mangt, berre ein går fram viseleg og høveleg for seg sjølv. Fenomen kallast slikt som dukkar opp i merksemda, som er ein del av manas, djuphugen. Dersom ein opplever dei, skulle det hjelpe å sanne at det er ein sjølv som opplever dei, men at opplevingar av likt og ulikt (fenomen) går i hop med hugformasjonar. Blir dei "bølgjene" roa ned, har ein betre høve for å gjere framgang i meditasjon, og dette siste er hovudsaka for Buddha. Denne tillempinga har utgangspunkt i Poul Tuxens danske omsetjing frå. Eg har hatt høve til å konsultere andre bøker også, mellom anna nokre av dei som arbeidet til Tuxen kviler på. Som Kåre Lie peikar på i tobandsverket Buddhas samtaler, er det ulike forståingar av somme hovudord i omsetjingar. Dessutan - og det er det viktigaste - kan dei vere fleirtydige frå sanskrit av. For eksempel blir eit ord som kan tyde integritet, sanning, eller noko vesentleg omsett litt forskjellig, avhengig av kva side ved ordet ein liker best i ulike samanhengar. Sjå til dømes vers 11 i 1. kapittel: Dei som held det uvesentlege for vesentleg og det vesentlege for uvesentleg, dei når aldri til det vesentlege; for strevet deira er feilretta. Det kan også bli forstått annleis, til dømes: Dei som held det usanne for sant og det sanne for usant, dei når aldri til "sanningslandet" (Sanninga); for strevet deira er feilretta. No er det synt korleis forståingar av hovudorda fargar omsetjingane. Ein får velje sine. |
|
© 19972011, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |