NORSK DEL, GULLVEKTA  

Diktarsauer og slikt

 13 › 1 › 23

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE   NESTE



Britisk humorundersøking
◕ Jegervits
◕ Telegramvits
Humorklipp
◕ Diktande sauer
◕ Til dansk toalett
◕ Ulvemøte i kveldinga
◕ Oppvakte dyr virra
◕ Hund skaut mann
Norsk humorundersøking
◕ Strilehumor
Humor for å meistre livet betre


Britisk humorundersøking

Eksperiment og andre funn syner at folk som ler meir og er i stand til å sjå dei morosame sidene ved livet også, har sunnare immunsystem enn andre.

Jegervits

"To jegerar var ute i skogen då ein av dei fall saman. Han pusta ikkje, og auga var blanke. Kameraten ringde nødtelefonen:

"Vennen min er død! Kva skal eg gjere?"

"Roleg no, eg skal hjelpe deg," sa operatøren. "Først skal vi forvisse oss om at han verkeleg er død."

Det blei stilt i telefonen, og operatøren høyrde eit skott. Som kom innringaren attende på linja: "Greitt, kva gjer eg no?"

Somme vil tru at dette er den beste vitsen som finst, fordi den vann ei britisk vitseavstemming, men stemmer det? Ein annan, grei måte å sjå den på er som vitsen som er så middels at den får flest til å le. Her er vitsen som kom på andreplass i avstemminga:

Telegramvits

Ein sjæferhund gjekk til eit telegramkontor, tok fram ein blankett og skreiv: "Voff. Voff. Voff. Voff. Voff. Voff. Voff. Voff. Voff."

Kontoristen såg over papiret og sa høfleg til hunden. "Det er berre ni ord her. Det er høve til å sende eit "Voff" til for same prisen."

"Men," svara hunden, "det gir inga meining!"

Har du hørt om Laswells formel? Den seier "Kven seier kva til kven i kva for kanal, og med kva for føremål?" Og "Kva tener det til, og kven gagnar nett det?" kan vi leggje til.

Kven seier jegervitsen er den mest morosame i verda? Dei finst blant folk som les engelsk, skriv e-post, og er mellom dei 1,5 million menneska som frå september 2001 rangerte noko over 40 000 vitsar som blei sendt til og presenterte av professor Richard Wiseman og The British Association for the Advancement of Science. Resultata finst mellom anna i Wiseman si bok Quirkology.

Forskarane ville gjerne finne svar på: "Ler menn og kvinner av dei same vitsane? Endrar den humoristiske sansen seg med alderen? Når på dagen er det best å fortelje ein vits? Ler folk frå forskjellige land av dei same vitsane?"

Folk sende inn dei beste vitsane sine, og slik kom arsenalet av dryge 40 000 vitsar i stand. Det blei stemt over kva for nokre av dei som folk tykte var mest morosame. I snitt var det vitsar med 103 ord i. Då resultata etter kvart blei analyserte, kom det fram at dei ti landa som hadde flest vitse-rangerarar, var - i rekkefølgje: Tyskland, Frankrike, Danmark, Storbritannia, Australia, Eire, Belgia, USA, New Zealand og Canada. Folk frå desse landa kan setje god pris engelske vitsar, med andre ord. Vi aner kanskje ein naboeffekt og dominans frå land der engelsk ikkje er heilt ukjent? Men tala fortel ikkje om "vitseliking" per innbyggjar.

Preferansar

  • Amerikanarar og kanadiarar føretrekte vitsar der nokon var overlegen, anten ved at somme verka dumme eller blei audmjuka og fornedra av andre.

  • Og folk frå det europeiske fastlandet, som franske, danske og belgiske, likte vitsar som var noko surrealistiske betre enn anna folk. Hundevitsen ovafor er eit døme på ein litt surrealistisk vits. Folk frå fastlands-Europa føretrekte å tale lett og elegant om ting som får oss til å kjenne oss engstelege - til dømes døden, sjukdom og ekteskap.
  • Folk frå Eire, Storbritannia, Australia og New Zealand likte vitsar med ordspel i godt. Det kan tenkjast å hengje betydeleg saman med at dei meistrar engelsk betre (har større ordtilfang, med meir) enn dei som har engelsk som andre- og tredjespråk.

Når på døgnet passar det jamt best med vitsar?

Tja! I snitt blei vitsane verdsette best klokka 18.03 og rundt den 15. dagen i månaden, og dårlegast klokka 1.30 midt på natta og ved start og slutt av ein månad.

Hjernefakta

MR-skanning syner kva for område i hjernen som blir aktiverte når ein vits blir fortald. Det ligg bak i pannelappane, i panna - og heng saman med fleksibel tenking og forståing.

OPP

Humorklipp

Diktande sauer

Den britiske lyrikaren Valerie Laws har fått statsstipend på vel 22.000 kroner til prosjektet "Diktande sauer". Laws sprøytemålar eitt ord på ulla til kvar sau, som så steller seg opp slik det fell seg. Ved det oppstår eit levande dikt som endrar seg frå gong til gong, seier ho.

London-avisa Daily Telegraph spør kritisk om dette ikkje er å sløse med skattepengar. Ein talsmann for kulturutvalet Northern Arts svarer at Laws er ein anerkjent diktar, og at ideane hennar må ein ta på alvor.

Kor alvorleg er alvorlig?

- Stod i Aftenposten 5.12.02.

Til dansk toalett

fig FØRST på nittitalet for ein gullsmed fra Trondheim av garde til Danmark der han kjøpte gull på eit offentleg toalett. Så for han nordover att. Vel heime i Trondheim såg han det var forfalska.

Ordtaket "Det er ikkje gull alt som glimrar", har mange slags utvidingar.

Kjelda: Adresseavisen, Trondheim, frå første halvdel av 1990-talet.

Ulvemøte i kveldinga

LANGT nord i Finland overfall ein ulv ein mann ved vedskjolet sitt. Etter eit heller leit og hardt halvtimes basketak klarte mannen å bite den skikkeleg. Då stakk ulven av.

Det går ikkje alltid som ein hadde tenkt.

Kjelda: Adresseavisen, Trondheim, frå midten av 1990-talet. Elles: "When a dog bites a man that is not news. But when a man bites a dog, that is news." [Charles A. Dana, New York Sun publisher, 1882]

Oppvakte dyr ved skrivemaskinene

DERSOM ein flokk apekattar får kvar sin skrivemaskin og papir nok, vil dei før eller seinare skrive Shakespeares samla verk, er ein gammal teori. No er teorien utprøvd i det små, og den held ikkje:

Studentar ved universitetet i Plymouth sørvest i England bestemte seg for å sjå kva apane eigentleg ville gjere når dei først slapp til ved tastaturet. Dei seks forsøksdyra blei interesserte i skrivemaskinene: Somme av dei plukka maskinene heilt sund. Andre fann ut at dei måtte vere noko slags toalett, og brukte dei i samsvar med det (dei skeit og urinerte på dei), skriv London-avisa The Times.

"Dei er svært intelligente dyr, men dei lever i ei verd som på mange måtar skil seg sterkt frå vår. Dei skriv ikkje Shakespeare-stykke . . . ," forklarer Vicky Melfi som deltok i Plymouth-eksperimentet.

Resultata frå det er kunngjort i ein eigen forskingsrapport på fem sider. Den har tittelen "Føyrebels Skisser til William Shakespeares Samla Verk, av Elmo, Gum, Heather, Holly, Mistletoe og Rowan".

Kjelde: Dagbladet, fredag 9. mai 2003: "Aper skreiv ikkje Shakespeare likevel".

Hund skaut mann, det er det politiet held seg til

DEN 16. august 1999 hendte det noko tragisk i den tyske delstaten Baden Wurttemberg. Ein 51 år gammal mann som hadde vore ute på jakttur med eigen hund, blei funnen død ved sia av bilen sin. Etter detaljert etterforsking kom politiet til at det var hunden som hadde gjort det ved å hoppe inn i bilen og kome borti avtrekkaren på eit gevær der.

Det er ikkje alle ting det går rutine i. Heldigvis.

Kjelder: Aftenposten og Dagbladet, begge 19.8.99.
[http://www.aftenposten.no/nyheter/uriks/d94901.htm]
[http://www.dagbladet.no/nyheter/1999/08/19/174646.html]


OPP

Norsk humorundersøking

Birgit Hertzberg Kaare (før: Johnsen), professor i folkloristikk, har i ei kvalitativ, norsk spørjeundersøking fått folk til å fortelje historier, vitsar, syn på humor. 50 kvinner og 35 menn svara på den. Dei tendensane som blei funne, har altså eit spinkelt grunnlag - spinkelt og likevel verdifullt, vil eg hevde.

Det syner seg at slikt som skaper latter og glede i éin samanheng kan vekkje krenking og harme i ein annan samanheng. Og korleis vi stiller oss i forhold til humor heng saman med alder, kjønn og sosial bakgrunn, syner ho i boka som gjer greie for undersøkinga, Hva ler vi av? Om nordmenns forhold til humor (1997).

Strilehumor

Ein kar frå Vestlandet var i Oslo for å more seg, og hanna i seng med ei dame. Eit par månader etter ringde ho til han og sa ho var gravid.

"Og du sa jo du var steril," sa ho".

"Nei, eg sa eg er stril," sa mannen.

Nokre konklusjonar

"Vitsar . . . skal vere ganske korte og framkalle latter ved eit sluttpoeng." Best blir historiene som har eit overraskande sluttpoeng. Det morosame i somme vitsar er leik med ord som liknar kvarandre eller høyrest like ut, men har ulik tyding. [Hlv 33, 32].

Samvær mellom menneske inneheld mykje skjemt, spøk og humor. Humor er ein sentral del av folkekulturen. Humor har mange andre uttrykksformer enn forteljingar. Somme handlingar, skøyerstrekar, og hendingar blir opplevde som morosame også, og meir til. [Hlv 27, 9-10]

Den tyske filosofen Georg W. F. Hegel har peika på at i den høgaste typen komedie ler tilskodarane med aktøren og ikkje av han. Det same synet blir framsett for humor generelt. [Hlv 14]

Det går godt fram at humor som fenomen er samansett og ofte mangetydig. I dag blir humor ofte knytt til til vidd, skaparsinn, leik og glad latter. Men humor er ikkje så heilt lett å definere, for det er mangetydig. [Hlv 13, 14]
OPP

Humor for å meistre livet betre

Humor kjem av måtar å tenkje på

SVEN SVEBAK, professor ved NTNU (Noregs Teknisk-Naturvitskapelege Universitet) i Trondheim, har kome til at god humor kan hjelpe enkelte menneske (a) å reorientere seg; (b) finne nye vinklingar til alvorlege flokar, og (c) framfor alt meistre situasjonar betre.

"Humor er ein avansert måte å tenkje på ... vilkåret for humor (er) dårlegare i byen."

Elles heiter det at fleire legar og sjelelegar nyttar humor for å kveike klientar. Og bra latter kan gi avspenning, fortel ein professor i psykosomatisk medisin, Ulrik Malt. Det skulle du ikkje tru.

Kjelde: Dagbladet 14 aug. 1996, s. 14-15.

Humor og helse

Berre det å tenkje på å ha det morosamt er bra for helsa, viser ny forsking. Berre å tenkje på humor og latter lindrar stress. Stress over lang tid svekkjer immunforsvaret.

Før 2006 var det kjent at latter søkkjer blodtrykket, men den biokjemiske mekanismen som var årsak til dette var enno ukjent.

I 2006 kom professor Lee Berk ved Loma Linda University i California og kollegaene hans fram til delar av svaret, meiner dei. Dei seier at latter stoppar utviklinga av stresshormon. Berk og forskarteamet hans oppdaga at berre tanken på latter auka produksjonen av hormon som setter oss i godt humør: såkalla endorfin. Også veksthormon som styrkjer immunforsvaret, auka frå 27 prosent til 87 prosent.

Forskarane testa 16 menn ved å følgje med på stresshormon som kortisol, adrenalin og noradrenalinmetabolitt (DOPAC). Det mest interessante resultatet var at nivået på stresshormona sokk berre av forventinga om å sjå ein morosam video, før dei hadde sett noko morosamt. Mengda med kortisol, adrenalin og DOPAC sokk med 39, 70, og 38 prosent før videoen blei sett i gang.

Berk og kollegaene hans seier til magasinet Nature at latter har eit stort potensiale som medisin, og peikar på at immunsjukdommar ofte blir utløyste på grunn av stress. Dei som slit med slikt, får kanskje hjelp av latter og moro. Altså langt dei fleste.

Kjelde: Marita Løvmo Iversen og Hilde E. Jensen Grandaunet. Bare tanken på lattet [!] forlenger livet. Aftenposten 19 apr. 2008.
[www.nrk.no/programmer/tv/schrodingers_katt/1.5341533]


BØLGJE

Litteratur  

Hlv: Johnsen, Birgit Hertzberg. Hva ler vi av? Om nordmenns forhold til humor. Oslo: Pax, 1997.

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
   © 1999–2009, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]