GULLVEKTA
Eventyrmerknader og anna - D
Nordiske eventyr Reservasjonar [FØRRE] [NESTE]


Tydingar

Å ha Ordet

Den første kommentaren er frå Ivar Grimstad: Reven bak øyret: Meir vist og gale frå Sunnmøre [Rei 43] Den andre er blitt munnlig tradert.
      [TIL SOGA]


Om å hjelpe grannen sin

Jordmorsegna er ei vandresegn som finst i mange variantar i Noreg. Det galdt å setje friske og velskapte barn til verda og hjelpe dei fram til gagns menneske. Så hjelpte folk flest kvarandre i tider utan noe særlig offentlig helsestell.
      Forteljinga syner noe om nabotenester og samhald - at barnefødslar samarbeidde folk om når det var tiltrengt. Det var viktig at fødslane gjekk utan hindringar og komplikasjonar.
      Forteljinga er henta frå Fortellinger om huldra - fortellinger om oss [Fh 78].
      [TIL SOGA]


Han låg og knytta nevane

I forteljinga endrar barnet utsjånad og veremåte med eitt. Dei trur ei hulder har komme inn og tatt med seg det friske barnet når ingen passa det, og lagt att sin eigen stygge skrikarunge.
      I folketrua var det udøypte barn som var mest utsett for å bli tatt av dei underjordiske. Men sjølv eit døypt barn kunne bli forbytta. Og forbyttinga blei rett som det var rekna som straff for dårlig omsorg.
      - Forteljing og merknader er henta frå Fortellinger om huldra - fortellinger om oss og moderert (korta ned litt). [Fh 63-72]
      [TIL SOGA]


Balansering av motsetnader

AT 175: Dei tre sønene som gifta seg med nabodøtrene - Ein stubb om tre gutar og tre jenter med tullete namn, og som gifta seg med kvarandre slik at motsetnadene fekk og balanserte kvarandre.
      Stubben er tradert (er blitt fortalt og nedskriven) i Sogn og Fjordane.
      [TIL SOGA]


Hm

AT --: - .
      [TIL SOGA]



BØLGJE

Litteratur  
      Fh: Skjelbred, Ann Helene Bolstad. Fortellinger om huldra - fortellinger om oss. Oslo: Tano Aschehoug, 1998.
      Rei: Grimstad, Ivar. Reven bak øyret. Oslo: Det Norske Samlaget, 1983.
      Tyno: Hodne, Ørnulf: The Types of the Norwegian Folktale. Universitetsforlaget. Bergen, 1984.

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2000—2007, Tormod Kinnes. [E-POST]