NORSK DEL, GULLVEKTA

Urtekunnskap for kvinner

 15 › 2 › 5 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Homøopati og blomstermedisin 
– SAMLINGA

Urtekunster for kvinner

Velvære med urter

Det kan gjere godt å kombinere, kombinere somt frå eldgammal urtemedisin og nyare funn. Til dømes har det komme fram frå nyare funn at bioflavinoid til ein viss grad kan vere med og styrke og kanskje tilmed lækje blodårevegger, og gjerne bør prøvast når årenettet er skrøpeleg, ein har tendens til å blø naseblod, og har høgt blodtrykk. Og kor finn vi bioflavinoida? I urter, frukter og grønsaker - til dømes appelsin, sitron og andre sitrusfrukter, i nyper, solbær, kirsebær og meir.

Å førebyggje er jamt betre enn å prøve å lækje, heiter det.

Saponinar

Saponin finst i mange medisinplantar, og har eit vidt spekter av verknader i kroppen. Enkelte, som i marianøkleblom, verkar slimdrivande. Andre, som i hestekastanje, stimulerer blodomløpet og styrkar åreveggene. Andre igjen, som i asparges, kan verke urindrivande.

Somme saponin er steroid: dei liknar menneskelege kjønnshormon, og kan ha hormonregulerande verknader. Slike saponoid blir kalla adaptogen. Blant slike er ginseng og lakrisrot.

Eteriske oljar

Eteriske oljar blir også kalla essensielle oljar. Det er dei som gir blomster bra ange (duft). Eteriske oljar motverkar bakteriar, og kan bli opptekne i blodet, og kan bidra til å styrke - ikkje svekke - kroppen sine indresekretoriske kjertlar.

Ulike oljeslag blir karakterisert ulikt. Med visse unntak skal ein ikkje bruke dei innvendig, fordi dei kan vere for irriterande ved slik bruk.

Roseolje kan seiast å minske stress og angst og verke gunstig ved seksualproblem. Mot premenstruelle spenningar (PMS) og kraftløyse.

Kamilleolje kan dempe betennelsar, for eksempel i betente ledd, og verkar vassdrivande.

Ingefærolje kan gagne blodsirkulasjonen, kan hjelpe ved artritt (leddgikt).

Rosmarinolje ved hudproblem, influensa, astma - kan kanskje gagne blodsirkulasjonen.

Peparmynteolje er også bra å ha i huset om influensaen kjem - og artritt.

Det er også mogeleg å nyte naturen i angen frå blomster i hagen, i enga, i skog og mark og grøftekantar - så vel som i angande urterettar og retter med velvalde urter i. Gode lukter kan også hjelpe somme til å finne att humøret.

Urter å få kjøpt

Urter er også å få kjøpt i kapslar og tablettar i til dømes helsekostforretningar. Du kan også lage kapslar heime ved å skaffe (tomme) gelatinkapslar og fylle dei med pulveriserte urter etter behov og i samsvar med meir detaljerte oppskrifter, som finst.

Bruk av uttrekk og avkok

Ein kan dessutan prøve uttrekk og avkok - tre gonger dagleg kan høve i nokså mange tilfelle.

Uttrekk er det same som urtete i svært mange høve, men ikkje alle. Vanleg dose er 25 g tørka urter eller 50 g friske urter til 6 dl vatn, som får trekkje i rundt ti minutt før det silast.

Avkok får ein ved å la småbitar og knuste deler av røter og liknande småkoke i ti minutts tid, sånn omtrent, og så sile ifrå. Ca. 6 dl vatn til 25 g urter til slik småkoking.

Eit utval einskild-urter

Bringebær, Rubus idaeus, har frå gammalt av blitt brukt for om mogeleg å gagne trygg og lett fødsel og stimulere utsondring av mjølk. Til bringebærte kan ein bruke anten små, lyse, delikate) blad eller modne bær, eller kanskje begge deler.

Yams, Dioscorea villosa, bruker ein rot og jordstengel ifrå. Den seiast å kunne løyse krampar (meir eller mindre), og kan prøvast ved kolikk og muskelkrampar og framfor alt betennelsar hos veldig avkrefta. Kan gjerne prøvast når ein har det tungt og kjenner seg stressa. Urta har ord for å ha framifrå verknader under svangerskapet og mot mens-kramper.

Ginseng ved nervøse spenningar utan utmatting til, kan vel høve. Kanskje bruk av gingseng og koffein saman kan skjere seg ("for mykje av det gode", dvs. for mykje oppigging).

Amerikansk krossved, Viburnum prunifolium, og krossved, Viburnum opulus, kan kanskje lindre krampar i livmora og lindre smertefulle menstruasjonar - og leggkrampe med meir. Om amerikansk krossved heiter det den kan styrke forplantingssystemet, lindre kvalme, senke blodtrykket.

Lakrisrot, Glycyrrhiza glabra, kan vel styrke ein i kampen mot eit og anna, og hjelper framifrå mot magesår. Ein skal ikkje ha lakrisrot (i regelmessige dosar eller vesentlege mengder) ved høgt blodtrykk og under svangerskapet.

Solhatt finst det tre slag av i bruk. Dei er Smalblada solhatt, Echinacea augustifolia; Purpursolhatt, Echinacea purpurea, og Echinacea pallida, som er bleikast av dei tre. Solhatt stimulerer blodkrinslaupet, kan få ned feber i nokså akutte tilfelle, men skal visst ikkje brukast i langdrag. Den har verknad på immunforsvaret og har betennelseshemmande verknad, dessutan. Eg ville prøvt den ved influensa nokre gonger i året, men ikkje i mange veker om gongen.

Ingefær, Zingiber officinale, stimulerer blodkrinslaupet, verkar varmande, lindrar kvalme, lettar fordøyinga, men folk med magekatarr og verre kan sikkert klare seg utan.

Kvitløk, Allium sativum, kan redusere blodtrykket, halde blodårene opne, auke blodtilstrømminga til kroppsvevet, betre sirkulasjonen, og verkar vernande mot skadelege verknader av luftforureining, mellom anna.

Kamilleblom, Matricaria chamomilla, er antiseptisk og kan gagne ved sår hals, plager i fordøyingssystemet, og ved hovne ledd - og mykje anna.

Ginkgo, Ginkgo biloba heiter også Tempeltre. Det seinkar aldringsprosessen i arteriane, og kan hjelpe mot mykje gløymsle hos eldre og noko yngre enn eldre, mellom anna.

Hagtorn, Crataegus senkar blodtrykket og kan gagne hjertemuskulaturen.

Mot stress og noko til

Det er ikkje slik at ein for kvar ein pris må unngå påkjenningar frå omverda, støy og forureining. Ein skal prøve å minske og unngå stress så sant det er mogeleg, og gjerne ta nokre timinutt for oss sjølve her og der.

Havre kan hjelpe nervesystemet, også sentralnervesystemet. Havre kan auke organismen si evne til å takle stress.

Roande middel kan mellom anna vere lavendelolje, muskatsalvieolje, ginseng.

Hovne kjertlar heng saman med kvite blodlekamar som vil nedkjempe uønska stoff. Ginseng kan vel prøvast, mellom anna, tidvis solhatt også, og mykje kvitløk.

Sink er tiltrengt for sunne ledd. Ein får det i seg mellom anna frå storfekjøt og frukt, østers, erter og meir til.

Selen er vitalt for levervev og vev omkring levera. Ein finn det mellom anna i ølgjær, kvitløk, heilkorn, kjøt og egg.

Folk er ulike

Folk er mykje ulike innvendig. Dei har ulik storleik på indre organ, som ikkje er einsarta effektive heller; kor godt ulike organ fungerer, skil seg ein heil del. Med alderen fungerer mange viktige organ slappare og veikare enn i ungdommen. I tillegg kjem at vi ikkje toler alle slags stoff og matvarer like bra - til dels på grunn av allergiar. Så folk er ulike, og det lyt ein ta omsyn til, blant anna ved å prøve seg fram med varsam hand (dosering) og anna. Klokt måtehald er bra: heller få i seg litt for lite enn for mykje (overbelasting), til dømes.

Før ein forsøker noko som helst av alle desse åtgjerdene, skal ein ha legeundersøking og kanskje meir til.

Urtekunnskap for kvinner 
– SAMLINGA
Urtekunnskap for kvinner - SLUTTBOLK

Urtekunnskap for kvinner - LITTERATUR  

McIntyre, Anne. Naturmedisin for kvinner: Om bruk av urter i alle livets faser. 2. utg. Oslo: Cappelen, 2001.

Urtekunnskap for kvinner - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Urtekunnskap for kvinner BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2002–2011, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]