![]() |
Levereglar frå Bibelen | ||||||||||||||||||
|
Frå MatteusHovdingen skal gjete folket sitt. [Jf. Mt 2,6]Soler vandrar ikkje på lokal gjesting. Det er ei merkelig framstelling at "Stjerna fór føre"; stjerner er heite soler, vandrar ikkje slik som skildra, skin ikkje slik heller, og kjem ikkje på gjesting i solsystemet utan at det blir leitt heitt, for eksempel 2 million grader Celsius. Den temperaturen brenn alt liv på ein blunk. Men i soga er det vel "noko skinande ovafrå og som kan flytte seg og ikkje er fælt varmt" som er meininga, i og med at dei ikkje hadde våre stjerne-omgrep i den tida. [Jf. Mt 2,9]Gud kan varsle gjennom draumar. [Jf. Mt 2, 12] Rydd veg for Herren. [Mt 3,3] Etter å ha reinsa kornet, kan det høve å brenne agnene. [Jf. Mt 3,12] Opphev lova som det skal til. [Jf. Mt 5,17] Jesus gjorde slikt med omsyn til sabbatsarbeid og fugle- og dyreblota i tempelet, for eksempel. Når det gjeld lover som blei sett til side av apostlane og Heilaganden, sjå dessutan Apostelgjerningane 15 og 21,25. Dessutan skriv Paulus mye omkring lov og fridom frå lova. Ein får bla i breva og studere litt over det.La eit ja vere ja. [Mt 5,37] Gå inn i eige kammers og lat att døra når du vil be. [Jf. Mt 6,6] Har ein ikkje eige kammers, får ein skaffe seg hus til det. Svært mange gjør det.Hyklaren skaper seg til så folk skal sjå . . . [Jf. Mt 6,16] Samle skattar i himmelen det du er god om. [Jf. Mt 6,20] Søk først og fremst Guds rike - [Jf. Mt 6,33] "Vak og be" hører med til midla. Ein skal forstå dette konstruktivt, og ikkje plage seg. TM er vaking, og stadfeste i djup ro (affirm) hjelper også.Trong er porten som fører til livet. [Jf. Mt 7,14] På fruktene kjenner ein grådige som gjør seg til. [Jf. Mt 7,16] * Ikkje alle nyttige og likande tre er frukttre. Studer kva gagn tre gjør. [Plt] Læk sjuke det du er god om. [Jf. Mt 8,16] Å ikkje ha noe å kvile hovudet på, er ikkje rett der det finst torv omkring ein. [Jf. Mt 8,20] Friske treng normalt ikkje lege. [Jf. Mt 9,12] I Det gamle testamente står både lovfesta dyre- og fugleblot for synder, og ord om at det var miskunn Herren ville ha - begge deler. [jf. Mt 9,13] Ver frimodig nok, dotter. [Jf. Mt 9,22] Haust inn grøda di. [Jf. Mt 9,38] Ein arbeidsmann er kosten sin verdt. [Mt 10,10] Ta dykk i vare. [Mt 10,17] * Å halde seg til normene sett fram av Buddha, er djupt høveleg. [jf. Mt 10,17; Ap gj 15 og 21;25.].Mildt og mjukt hjerte gir helst god foreining og lett bør. [Jf. Mt 11,30] "Kor mye meir verdt er ikkje eit menneske enn ein sau!" sa Jesus. [Jf. Mt 12,12] Svaret er ikkje så lett å gi generelt, av di det er skil på folk.Den som ikkje samlar, han spreier, står det. [Jf. Mt 12,30] Livet er ikkje alltid så enkelt at svart-kvitt-tenking (anten-eller-tenking) er fullgodt. Det finst såleis fargar og gråtonar i tilværet. Den nye fysikken har opna for både-og-tenking (paradoksar også). [Sjå Thd]Vonde krev teikn. [Jf. Mt 12,39] Enkelte ånder flyttar inn i folk. [Jf. Mt 12,43-45] Likningar gir grøde som tiltenkt når dei blir forstått. [Jf. Mt 13,3-23] Kjenn løyndommane om himmelriket [Jf. Mt 13,11] Hardt hjerte hører dårlig etter. [Jf. Mt 13,15] Ein kan skjøne med hjertet. [Jf. Mt 13,15] Dei som hører metaforord om himmelriket og ikkje skjønar noe av dei i hjertet sitt, kjem den vonde til og stel dei orda ifrå. [Jf. Mt 13,19] Dei som hører og straks tar imot ordet om himmelriket med glede, er steingrunn; dei har ikkje rot i seg, og held ut berre ei stund. [Jf. Mt 13,20-21] Sut for svikefull rikdom er som klunger, og kjøver ordet om himmelriket så det ikkje ber frukt. [Jf. Mt 13,22] Den som hører og skjønar metaforordet om riket, er god jord som gir grøde. [Jf. Mt 13,23] Sank først saman ugraset (dei som hører den vonde til), og deretter kveiten (dei som eig heime i himmelriket). [Jf. Mt 13,30] Ein kan tale i fine bilete. [Jf. Mt 13,35] Fjern alt som fører til fall og alle som gjør urett, for då kan rettferdige skine som sola. [Jf. Mt 13,41-43] Ei not som blir kasta i sjøen og fangar fisk, er som himmelriket. [Jf. Mt 13,47] Ein gjør vel i å hente fram høvelig nytt og gammalt ein har tatt vare på. [Jf. Mt 13,52] "Gå på vatnet . . . ver frimodige," sa Jesus. [Jf. Mt 14,26-27] Hyklarar ærer med leppene utan å ha hjertet med. [Jf. Mt 15,7] "Når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta," er for kategorisk: det kan ende på meir enn éin måte. [Jf. Mt 15,14] Vonde og utru krev teikn. [Jf. Mt 16,4] Ein få ta seg i vare for surdeigslæra til hyklarane og dei nidkjære (farisearane og saddukearane). [Jf. Mt 16,11] Ein satan har ikkje sans for det som Gud vil. [Jf. Mt 16,23] Kva hjelper det å vinne heile verda og tape sjela si ved det? [Jf. Mt 16,26] Å vinne heile det flate universet verkar ikkje mogelig for eit lite mannebarn same kva. Men ein får sanne at ein ikkje bør gå for mye opp i verda og verdslige ting i tråd med dette.Kva kan ein gi til vederlag for sjela si? [Jf. Mt 16,26] Sjel kan ein kalle den ein er langt inne.Eit lite barn er størst i himmelriket. [Jf. Mt 18,1-4] Det seiast humoristisk at englevengene blir mindre etter som beina blir lengre.Ein skal både vende om og bli som barn for å kome inn himmelriket. [Jf. Mt 18,3] Noen sider ved glade barn er eigna. Sunn libido (jf. Barnet Transaksjonsananalysa) skal vare livet ut gjennom faser Erik Erikson har vore opptatt av å få fram.Ein skal ta seg i vare så ein ikkje vanvørder eit einaste lite barn. [Jf. Mt 18,10] Mannen skal skiljast frå far og mor og halde seg til kona si, og dei to skal vere eitt. [Jf. Mt 19,5] * Hardhjerta får vel bod over seg etter kvart. [Jf. Mt 19,8] Ein skal ikkje stele, ikkje vitne rangt, men elske seg sjølv og nesten også, det er fint å få til. [Jf. Mt 19,18-19] Det er enkelt for ein kamel å gå gjennom eit kjempedigert nålauge, og ikkje uråd for ein riking å kome inn i himmelriket. [Jf. Mt 19,24, 26] Då er det vel håp.Rop inn arbeidsfolket og la dei få lønn! [Jf. Mt 20,8] Det er lov å gi lik løn til alle. [Jf. Mt 20,1-16] Bu med tru. * Guds rike får folk som ber dei fruktene som hører Guds rike til. [Jf. Mt 21,43] Noen folk som lever godt, får himmelriket i tillegg, seier han her.Mange er kalla, men få er utvalde. [Jf. Mt 22,14] Hyklarar set visst betre folk på prøve utan rett til det. [Jf. Mt 22,18] I Markus seier Jesus at skriftlærde har gjort Gods bod om inkje, så dei kan følgje sine eigne føresegner . . . "og slikt gjør de mye av." Så både det dei seier og gjør kan vere gale, seier han (!). [Mk 7,9-13; og Mt 23,2-3] La ikkje noen kalle dykk rabbiat: det er feil . . . [Jf. Mt 23,8] Når Jesus kjem med at ein ikkje skal Kalle noen på jorda for 'far', bruker han eit hebraisk eller aramaisk ord som nesten ingen bruker meir. :) [Jf. Mt 23,9] Hyklarar stengjer jamvel himmelriket for folk og hindrar dei som vil gå inn. [Jf. Mt 23,13] Hyklarar gjør skåler og fat reine utapå berre. [Jf. Mt 23,25] I det ytre kan hyklarar verke rettferdige, men inni er dei fulle av hyklarskap og urett. [Jf. Mt 23,28] Dei kan vere fine å sjå til, dei som pryder gravene til heilage menn, men er hyklarar. [Jf. Mt 23,29] La deg skremme minst råd. [Jf. Mt 24,] Bli kunnig i staden, alt som gut, det kan hjelpe kraftig.Det gjeld å halde ut til rette enden. [Jf. Mt 24,13] Ein får be om å sleppe å måtte røme heimafrå ved vinterstid. [Jf. Mt 24,20] Ikkje tru det om noen seier "Sjå her er Kristus!" [Mt 24,24,23] Falske profetar og kristusar skal gjøre store teikn og under så jamvel utvalde blir ført vilt. [Jf. Mt 24,23-24] Luren skal ljome, men . . .[Jf. Mt 24,31, 35] Kor finst dei orda som manglar? Finst det ord utan himmel og jord? Moderne koanar (gåter)"Alltid budd på litt av kvart" er nesten betre enn speidar-mottoet "atttid budd (beredt)" [Jf. Mt 24,42, 44, 25,13] Ein trugen og flink tenar kan bli sett over mye, og får gle seg i lag med husbonden. [Jf. Mt 25,23] Duglause tenar skal ein kaste ut. [Jf. Mt 25,30] Ein skal gi mat og drikke og ta vel imot ein som er svolten, tørst, og fremmend. Elles kjem sikkert straff. [Jf. Mt 25,35-46] Den som gjør ei rettelig god gjerning, kan knølane bli leie mot. [Jf. Mt 26,10] Vak og be at de ikkje må kome i freisting. [Jf. Mt 26,41] Den som grip til sverd, skal falle . . . [Mt 26,52] Historia syner det ikkje alltid er slik. Det finst enkle og statistiske måtar for å få innsikt i kor gyldige gitte bibelord er. [Otc, Sm]Gjør ikkje vondt mot skuldlaus mann. [Jf. Mt 27,19]
Klokt vakthald er tillatt, som ein finn best. [Jf. Mt 27,65]
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20022007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||