![]() |
Sitat og attgitte ord frå Nytestamentet | |||||
| 15 5 13 | ||||||
|
1. Tessalonikarbrev
1La trua syne seg i gjerning. [jf. 1 Tess 1,3] 2Ein får gå inn for å ferdast ærleg og framfor alt verdig. [jf. 1 Tess 2,10-12] 4Ingen må lure bror sin. [jf. 1 Tess 4, 6] Det gilde er å leve eit roleg liv. [jf. 1 Tess 4,11] Pass pliktene godt og arbeid med hendene. [jf. 1 Tess 4,11] Ver edrue! [jf. 1 Tess 4,6] Ingen skal løne andre med vondt. [jf. 1 Tess 4,15].
Frå 2. Tessalonikarbrev
1Bli kallet verdig og fullfør det godt. [jf. 2 Tess 1,11] La ingen dåre dykk. [jf. 2 Tess 1,3] 2Villfaring får dei til å tru løgn, dei som går mot fortapinga si gjennom glede i urett. [jf. 2 Tess 2,11] Bli berga frå vrange og vonde menneske. [2 Tess 2,2].
Frå 1. Timoteusbrev
1Dei som strider hardt mot det sunne, får nok merke lover etter kvart, om ikkje før. [jf. 1 Tim 1,8-11] Strid når du har godt samvit. [jf. 1 Tim 1,18-19] 2Ein får leve eit stille og roleg liv og vinne vørdnad. Det er rett [jf. 1 Tim 2,2-3] Kvinnene skal ha ei fin framferd. [jf. 1 Tim 2,9] Kvinnene skal ikkje pynte seg utfordrande, men sømmeleg. [jf. 1 Tim 2,9] Kvinnepynt som sømmer seg er gode gjerningar. [jf. 1 Tim 2,9-10] Ei kvinne skal ta imot læra teiande. [1 Tim 2,11] Ei kvinne har ikkje fått lov til å rå over mannen. [jf. 1 Tim 2,12] 3Diakonane skal ikkje ligge under for drikk eller vere ute etter låk vinning [jf. 1 Tim 3,8] Vit korleis ein skal ferdast. [jf. 1 Tim 3,15] 4Dei som krev at ein skal halde seg frå visse slags mat som gjer godt, fer vill, ser det ut til. [jf. 1 Tim 4,1-5] Vis godt frå deg tom tale. [jf. 1 Tim 4,7] La ingen vanvørde deg fordi du er ung. [jf. 1 Tim 4,12] 5Ha omsorg for dei næraste, og først og fremst eigen huslyd [jf. 1 Tim 5,8] Gjer ikkje skil på folk som bør talast til rette. [jf. 1 Tim 5,20-21] Gjer deg ikkje medskuldig i syndene til andre [1 Tim 5,22-23] 6Drivne av pengehug og kjærleik til pengane har mange fare vilt og valda seg sjølve mykje liding. [jf. 1 Tim 6,10] Ta vel vare på oppgåva di og hald henne. [jf. 1 Tim 6,14] Ein skal gjere vel og vere rik på gode gjerningar. Ved det samlar ein seg skattar til livet som kjem. [jf. 1 Tim 6,18-19].
Frå 2. Timoteusbrev
1Gud gir visdom. [jf. 2 Tim 1,7] 2Det er høveleg å bu seg til god gjerning heime. [jf. 2 Tim 2,19-22] 3Bra skrifter er gagnlege til opplæring og oppseding. [jf. 2 Tim 3,16] Gjer barnet ditt dugande til framifrå gjerning. [jf. 2 Tim 3,17]. |
|
|
|
© 20022012, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKE] |