NORSK DEL, GULLVEKTA

Sitat og attgitte ord frå Nytestamentet

 15 › 5 › 13 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Ordtak og sitat frå Nytestamentet 
– SAMLINGA

Breva i Nytestamentet er ikkje oppfinningane si mor, jamvel om dei somtid serverer kloke tankar.

For ikkje å bli dupert og fakka av ord og frasar, kan ein legge til nokre velvalde "tja-aa" til kvar framsetjing. Slik verjer ein venteleg rasjonaliteten sin betre, og får høve til å bli moden. Sjå dei enkle, innrykte "tja-døma" i Jakobs brev nedafor, til jamføring. - TK

Twig

Frå Jakobs brev

1

Be Gud gi tiltrengt visdom. [jf. Jak 1,5]

Når synda er moden, føder ho død. [Jak 1,15]

Det kjem an på kva slags synd det er tale om, eller kva?

Far ikkje vilt. [Jak 1,16]

Ein skal ikkje berre høyre ordet, men gjere etter det [jf. Jak 1,22]

Det kjem an på kva slags ord ein høyrer, eller kva?

2

I samsvar med fridom må de leve. [jf. Jak 2,12]

Tru utan gjerningar er gagnlaus. [jf. Jak 2,20]

Andre stader i Nytestamentet blir tru halde opp som det saliggjerande. Jakobs ord blir langt på veg kvalt av desse andre orda og haldningane utafor den katolske kyrkja, der mottoet frå gammalt har vore "Tru og arbeid". Martin Luther gjekk inn for "Tru aleine," til orientering.

3

Ein liten eld kan setje den største skog i brann. [jf. Jak 3,5]

Vis og vitug må syne det i gjerning. [jf. Jak 3,13]

ikkje, så sant ein har fridom, eller kva? Ein får vel også tenkje over i kva grad det kan stemme at Guds visdom verkar som toskeskap for folk, slik det også står i eit av breva. Eit tredje punkt: Det går fram av moral-teoretikarar som Kohlberg, Peck og Havighurst at høgare normer er jamt av personleg, indrestyrt bør-slag heller enn av noko ytrestyrt må-slag. Jfr.

Rette visdommen er fredsæl, rik på frukter og ærleg [jf. Jak 3,17]

4

Sjølvros er av det vonde. [jf. Jak 4,16]

De må ikkje sverje - La eit ja vere ja og eit nei vere nei [jf. Jak 4,12]

Den som får ein syndar til å vende om, løyner ei mengd synder [jf. Jak 4,20]

Frå Peters første brev

1

Ein kan granske. [jf. 1 Pet 1,10]

2

Gå inn for den rette mjølka for å vekse opp til å bli frelst*. [jf. 1 Pet 2,2]

*Frelse kan ein vekse opp til, står det.
Gjer det gode og målbind uforstandige. [jf. 1 Pet 2,15]

3

La ikkje gullkjeder eller fine klede vere dykkar prydnad. [jf. 1 Pet 3,3]

Ver skjønsame i samlivet med kona. [1 Pet 3,7]

Den som elskar livet, skal halde tunga frå det vonde og lippene frå svikefulle ord. [1 Pet 3,10]

Ver alltid budd. [jf. 1 Pet 3,15]

4

Ein rett kristen skal ikkje skjemmast om han må lide urett straff 13-16].

Frå Peters andre brev

2

Frekke, vonde vesen spottar som vitlause dyr. Dei er etla til å gå til grunne. [jf. 2 Pet 2,9-13]

Forførarar talar store ord. [jf. 2 Pet 2,14-19]

Ikkje før er grisen vaska, så velter han seg i søla [2 Pet 2,22]

3

Ta dykk i vare, fall ikkje ut av dykkar faste stand. [jf. 2 Pet 3,17]

Frå Johannes' første brev

2

Den som elskar bror sin, fører ingen til fall med vilje. [jf. 1 Joh 2,10]

At "den siste tida er komen" skulle vere sanninga. *. [1 Joh 2,18-21]

*Det var jammen feil lære i omlaup på den tida, klart feil. Urkristne kom dermed på avvegar ved tome ord. Kan ein lære noko høveleg av det?

3

La ingen føre dykk vilt. [jf. 1 Joh 3,7]

4

"Den fullkomne kjærleiken . . . ber straffa i seg." [1 Joh 4,18 (Rett sitat, rett avkorting, men . . .)].

Frå Johannes' andre brev

Ta dykk i vare, så de får full løn. [jf. 2 Joh 8]

Frå Judas' brev

Ver varsame nok. [jf. Jud 23]

Johannes' openberring

Dei som ikkje tilber biletet av Spottebeistet får ikkje fred, og fred får ikkje dei som tilber det heller. [jf. Joh op 13,14-17; 14,11].

Ordtak og sitat frå Nytestamentet 
– SAMLINGA
Ordtak og sitat frå Nytestamentet - SLUTTBOLK

Ordtak og sitat frå Nytestamentet - LITTERATUR  

Ordtak og sitat frå Nytestamentet - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Ordtak og sitat frå Nytestamentet BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2002–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]