NORSK DEL, GULLVEKTA

Sitat og attgitte ord frå Nytestamentet

 15 › 5 › 13 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Ordtak og sitat frå Nytestamentet 
– SAMLINGA

Frå Markus

Å kjenne i ånda kva hine tenkjer, treng ikkje vere lett eller behageleg. [Jf. Mk 2,8]

Sabbaten blei til for mennesket. [Mk 2,27]

Den som gjer det Gud vil, er Jesu syster og meir. [Jf. Mk 3,35]

Bruk likningar til dei utafor. [Jf. Mk 4,11, 34]

Akt vel på det de høyrer. [Jf. Mk 4,24]

Søk gjerne øydestader i naturen for å kvile litt. [Jf. Mk 6,31]

Å samle opp matrestane etter store måltid er fint. [Jf. Mk 6,42]

La først barna ete seg mette. [Jf. Mk 7,27]

Folk bør få ete seg mette så sant det er råd. [Jf. Mk 8,8]

Alt må synest umogeleg for den som trur alt mogeleg er umogeleg. Å tru at alt umogeleg er mogeleg, er heller ikkje godt. [Jf. Mk 9,23]

Ved nyttig bøn og faste får ein "slanka ned feitt-ånda", kan ein seie. Det er då noko. [Jf. Mk 9,29]

Tek ein vel imot småbarn, tek ein vel imot Gud også. [Jf. Mk 9,37]

Ikkje bra å bli kasta i helvete der makken ikkje døyr og sloknar. [Jf. Mk 9,45]

Det som Gud har bunde saman, skal ikkje menneske skilje. [Mk 10,9]

Ta imot Guds rike som eit lite barn; det er ganske enkelt. [Jf. Mk 10,15]

Jesus er ikkje god, seier han. [Jf. Mk 10,18]

Få ein skatt i himmelen; gi til dei fattige i Murmansk-området. Men ikkje kva som helst. [Jf. Mk 10,21]

Ein må få det att hundre gonger - og få ævelivet attpå - om ein skil seg for den retteleg glade bodskapen. [Jf. Mk 10,29-30]

Den som vil bli først, skal streve og styre klokt, trene sikkert, og dermed kanskje ta litt i, men jamt og sikkert.[Jf. Mk 10,44]

Det er mange måtar å 'træle' på, men Zen-trening kan tilpassast undertrykte.[Jf. Lk 4,16-21]

Be og tru ein har fått det ein ikkje har fått, utan å hykle og nekte for fakta - lèt det seg gjere, skal tru? [Jf. Mk 11,24]

Merk hyklarskapen omkring deg der du er. [Jf. Mk 12,15]

Elsk alt du kan, og elsk deg sjølv betre enn nesten. [Jf. Mk 12,30-31]

Gautama Buddhas ord: Du kan leite gjennom heile verda etter nokon som fortener kjærleiken og godhugen din meir enn deg sjølv, og kjem ikkje til å finne nokon: Du sjølv fortener din kjærleik og godhug like mykje som nokon som helst annan i heile verda. [Buddha, tillagt]

Boklærde vil gjerne ha heidersplassar. Dei narrar og finn på mangt for å dupere. Ein skal såleis sjå opp for dei. [Jf. Mk 12,38-39]

Ein skal ikkje la seg skremme av rykte om krig, men ta forholdsreglar som ein kan. [Jf. Mk 13,7]

Sjå dykk føre. [Mk 13,9]

Falske jesusar skal stå fram og føre dei heilagt utvalde til fall om det er råd. [Mk 13,22]

Når lauvet sprett, er sommaren nær. [Jf. Mk 13,28]

Ver på vakt og vak! [Mk 13,33]

Ver alliert med søvnforsking i det; mykje søvnløyse gjer gal etter kvart. [Sjå Hgs; Sjs, Sue, Tdt nedafor.]

"Alt til si tid - og det gjeld å passe på, og ville dyr klarer det ganske godt. [Jf. Mk 13,35-36]

Låke er dei som svik småbarna. [Jf. Mk 14,21, 9,37]

Alt fælt er mogeleg for Gud Fader; uhøveleg sonedrap for å hjelpe låke står det om også. [Jf. Mk 14,36]

Spør klokt, så kan du vere stolt nok. [Jf. Mk 15,5-15]

Ordtak og sitat frå Nytestamentet 
– SAMLINGA
Ordtak og sitat frå Nytestamentet - SLUTTBOLK

Ordtak og sitat frå Nytestamentet - LITTERATUR  

Hgs: Epstein, Lawrence, and Steven Mardon. The Harvard Medical School Guide to a Good Night's Sleep. Columbus, OH: McGraw-Hill Contemporary, 2007.

Sjs: Horne, Jim. Sleepfaring: A Journey through the Science of Sleep. Oxford: Oxford University Press, 2006.

Sue: Luce, Gay, og Julius Segal. Søvn (Sleep). Oslo: Gyldendal, 1968.

Tdt: Green, Wendy. 50 Things You Can Do Today to Manage Insomnia. Paperback. Chichester: Summersdale, 2009.

Ordtak og sitat frå Nytestamentet - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Ordtak og sitat frå Nytestamentet BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2002–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]