![]() |
Smørje frå Nytestamentet | ||||||||||||||||||||
|
Frå LukasLa opplysningane dine bli vel granska før du gir dei ut. [Jf. Lk 1,3] Ver mest heime mens du er liten; det er nok tryggast. [Jf. Lk 2,49] Somme ber kan hende frukt for å sleppe unna straffedom som er i vente. [Jf. Lk 3,7] Ein skal ikkje leve berre av brød og vatn. [Jf. Lk 4,4] Tilbe ingen andre enn rette Gud, står det. [2] [Jf. Lk 4,8] Dei som har vondt, skal til lege. [Jf. Lk 5,31] Ein har lov å gjere godt og berge liv, også på ein laurdag (sabbaten). [Jf. Lk 6,9] For å sjå klart, tek ein ut fordommane frå sin eigen hug. [Jf. Lk 6,42] Og projisering er ein nevrotisk forsvarsmekanisme, forstadia verkar sikkert usle: Å liksom finne sine eigne feil i andre og ikkje i seg sjølv, kan bli sjukt. Godt menneske kan bere fram godt han har gøymt i hjertet. [Jf. Lk 6,45] Å kalle Jesus "Herre, Herre," og ikkje gjere som han har sagt og byggje på fast grunn, har utarta. [Jf. Lk 6,46-49] Den som får lite tilgitt, elskar lite. [Lk 7,47] Eit vent og godt hjerte får bere grøde. [Jf. Lk 8,15] Vi skal akte vel på korleis vi høyrer. [Jf. Lk 8,18] Kva gagnar det å miste seg sjølv og gå til grunne? spør Jesus. [Jf. Lk 9,25] Jesus seier mykje som verkar for dumt, og anna verkar paradoksalt. "Den som ikkje er imot dykk, er med dykk". Sanninga er at mange verken er med eller mot. Det finst altså ei tredje, større gruppe. [Lk 9,48; 9,50] Strev og uro med mange ting er nok ikkje alltid så godt for deg. [Jf. Lk 10,41] Ver alliert med stressforskinga, så ser du det. [LENKJE] Leit så du finn. [Jf. Lk 11,9-10] Ver ikkje som fem ukloke jenter, men bank på og te deg så det blir opplate for deg og du kjem deg inn. [Jf. Lk 11,9-10, Mt 25,1-13] Jesusordet "Bank på, så skal det bli opplate for dykk", stemmer ikkje for femti prosent av jomfruene i likninga. Det skulle vi lære av, så vi ikkje blir dupert av "ord-slagerar". Med våpen kan ein kar vakte garden, enda om nytta kan bli lita. [Jf. Lk 11,21] Ein får vakte for å ha eigedommen sin i fred. [Jf. Lk 11,21] "Den som ikkje er med meg, er imot meg." [Lk 11,23] Sjå også "Den som ikkje er imot dykk, er med dykk." [Lk 9,50]. Det er fint å avklare ting vel. Den veksande kyrkja streva seg fram til det synet at mange ting tilhørte mellomgruppa adiafora , "mellomting". I dei to med-mot-orda frå gründeren manglar mellomgruppa, som her kan omfatte dei som ikkje hadde bestemt seg heilt. Ei mengd namnekristne er ambivalente hyklande, og heller ikkje dei kan ein kalle skapeleg med eller mot. Du kan la inndelingar i så som med-gruppe, midtfelt-gruppe og motgruppe gagne deg. I statistikk fininndeler ein vidare, til gagn for innsyn og avklaringar. "Hald auget friskt." [Lk 11,34-35] Du lurer vel ikkje på om det er høgare eller venstre auge? Farisearane liknar dei gravene ein ikkje ser. [Jf. Lk 11,43-44] Dei er ikkje heilt lette å få auge på . . Lovkunnige har teke kunnskapsnøkkelen og har dessutan ved seg å ville forfølgje profetar og apostlar. [Jf. Lk 11,49, 52] Ein skal ta seg i vare for både hyklarskap og havesjuke. [Jf. Lk 12,1; 12,15] Ein får satse på livgivande ande framfor verdslege skattar som er mindre verdt. [Jf. Lk 12,16-21] Ein skal akte seg, kle seg og tenke på kva ein skal ete i mange månader for ikkje å kome ille ut i nord. Ein heil del er tradisjonelt ordna i levevisa. Dei skal hindre mykje nød. [Jf. Lk 12,22-29] Sånn er det berre. Gi pengar til dei fattige på danna vis. [Jf. Lk 12,33] La ikkje tjuven bryte seg inn i huset: Ver budd, ver smart nok til det. [Jf. Lk 12,39-40] Det gjeld å finne ut kva som er rett. [Jf. Lk 12,57] "Den tronge porten" å kome inn gjennom er eit mystisk omgrep. [Jf. Lk 13,24] "Ein skal passe seg så ein ikkje gjer urett, for elles -". [Jf. Lk 13,27] Dra straks opp sonen som dett i brønnen, jamvel om det er laurdag. [Jf. Lk 14,5] Før du bygger eit tårn, så sett deg først ned og rekn etter kva det vil koste. [Jf. Lk 14,28-30] Før ein dreg i krig mot nokon, skal ein først tenkje etter om ein er sterk nok til krigføringa. [Jf. Lk 14,31] Ein skal leite etter sauene til ein finn dei, og ikkje setje godt sauehald overstyr. [Jf. Lk 15,4] Ein hushaldar skal klare å gjere rekneskap, for å vere på den trygge sida. [Jf. Lk 16,1-2] Ein får bruke pengar til å få seg gode venner også. [Jf. Lk 16,9] Det er nok ei tid for slikt òg. Syn ansvar for det som er tiltrudd dykk. [Jf. Lk 16,10-15] Ten ikkje Mammon; la det vere omvendt. [Jf. Lk 16,13] Mammon kjem frå arameisk og vil seie velstand og rikdom. I den gamle pakta skulle mammon vere teikn på Guds velsigning til bra folk som ikkje bløffa godleik. Å vere ærleg og nøyaktig med pengar må vere langt betre enn å få ros for uærlegskap. [Jf. Lk 16,8, 11] Høyrer ikkje andre på Laozi og Buddha, høyrer dei neppe på deg heller. [Jf. Lk 16,31] Det kan vel ein liten skeptikar ha som tommelregel. Ein får la frelste få reise seg også. [Jf. Lk 17,19] "Guds rike er inni deg." [Jf. Lk 17,21 og 1 Joh 13] Gud skal ikkje vere sein til å hjelpe! [Jf. Lk 18,7-8] Somme lèt til å huse feil tru imot det nådeordet. Ta imot Guds rike som eit lite barn for å kome inn i det. [Jf. Lk 18,17] Å drive handel for profitt er jamt tillate. [Jf. Lk 19,13 ff] Kven kunne tru Gud er streng, tek seg til rette, haustar det han ikkje har sått, og kan få hogd ned fiendar av seg? [Jf. Lk 19,22-27] Ein skulle forstå gjestingstida si når den er der. [Jf. Lk 19,44] Ein skal ta seg i vare så ingen fører ein vill, ikkje ein gong frygd og gaman. [Jf. Lk 21,8] "Be at de ikkje må kome i freisting!". [Lk 22,46]
Rettferdig kan vere å få att berre for det ein sjølv har gjort. [Jf. Lk 23,41 o.a.]
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE] © 20022009, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||