NORSK DEL, GULLVEKTA  

Smørje frå Nytestamentet

 14 › 2 › 13

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



Frå Johannes

-Gå bort og synd, sa Jesus. Så sa han ikkje meir . . . [Jf Johannes 8,11 - der står det.)

Ein har no og då lov å ombestemme seg: "Min time er ikkje komen," sa Jesus, men føydde mor si imot dette like fullt. [Jf. Jh 2,3-5]

Den som veit kva som bur i eit menneske, treng ikkje vitnemål om det for å sjå sant. [Jf. Jh 2,25]

Bli født av ande [bli som små barn utafor kyrkja] og kom inn i Guds rike. [Jf. Jh 3,3-5]

Tal ikkje om noko du ikkje veit, og krev ikkje vitnemål av noko usett. [Jf. Jh 3,11]

Gjerningane til den som følgjer sanninga, er gjort i Gud. [Jf. Jh 3, 21]

Brudgom er den som har bruda. [Jf. Jh 3,29]

Den som blir gjort frisk, gjer vel i å slutte med slikt som gjer sjuk og låk. [Jf. Jh 5,14]

Ein kan undre seg; og det er lov. [Jf. Jh 5,20]

Ein får vitne for det som er sant i både ord og gjerningar - mang ein gong er gjerningar best. [Jf. Jh 5,33-36]

Sank vel i hop så ingen bra ting går til spille. [Jf. Jh 6,12]

Å ha båt kan bli eit gode. [Jf. Jh 6,16-23]

Anden gjer levande. Gjer Anden ei død and levande? (Koan) [Jf. Jh 6,63]

Sant er ikkje urett. [Jf. Jh 7,18]

Å dømme rettferdig er å dømme etter det ein forstår. [Dessverre: Jh 7,24]

Som jurymedlem i ein rettssal i verda (i mørket), får ein som plikt å leggje mykje vekt på prov - som høyrer med til det ein ser. [Dessverre-ordet: Jf. Jh 7,51, 24]

Best å halde opp å synde. [Jf. Jh 8,3-11]

Det er godt å vitne sant, også i eiga sak. [Jf. Jh 8,14]

Bløffande er "av denne verda" og kjem helst nedafrå. [Jf. Jh 8,25; 1,9-11]

Ein får løfte Menneskesonen for å forstå "eg er Han", same kor tung han er. [Jf. Jh 8,28; Net xxiv]

Djevelen lyg. [Jf. Jh 8,44]

"Eg er komen for å blinde dei som ser," kunngjorde Jesus. Då skal ein jammen passe seg! [Jf. Jh 9,39]

Ein skal bruke døra når ein går inn til kyrkjelyden, ikkje klive inn gjennom vindauget og bli utskjelt. [Jf. Jh 10,1]

Dødsskriket til rette gjetaren setter nok fart i sauene. [Jf. Jh 10,3, 11, 27]

Dei jødiske patriarkane, kongane, profetane, Moses og Josva, var tjuvar og røvarar, slo Jesus fast. [Jf. Jh 10,8]

"De som har djevelen til far, er gudar," meinte Jesus. [Jf. Jh 10,34-35, 8,44]

Han snubla overfor profetord som: "Fallen er den unge møya Israel: ho reiser seg aldri meir". [Amos 5:2] "Du er øydelagt, Israel, fordi du er imot meg, hjelparen din. [Hosea 13:9, (NIV-omsetjinga). Jf. også Hosea 1:4; Amos 2:13].

Jesus sende disiplar ut etter sauene som var vekk [Matteus 10:6; 15:25], og daude for Gud, som det stod i Skrifta. Han hamra også på at han var komen berre for jødar, og det tok eit heilt liv å overtyde han om at han og den som sende han, hadde teke feil. Kor feil kan ein ta og med kor store ord?

Ein konge er det mykje trøbbel med, enda om det er skjult for mange. [Jf. 1 Sam 8] Ein har rett til kunnig skepsis. [Jf. Jh 10,38]

Når kveitekornet kjem i jorda og ber grøde, døyr det ikkje, men spirer fram. [Jf. Jh 12,24]

Kunsten er å skjøne med hjertet. [Jf. Jh 12,40]

Å vaske eigne føter er ein god ting. Ikkje alle gamle er sjølvhjelpt i det. [Jf. Jh 13,14-15]

Unngå å bli uroa i hjertet. [Jf. Jh 14,1]

Den som gjer større verk enn Jesus, har levd fint. [Jf. Jh 14,12]

Sjuke og grove kan vanskeleg ta vel inn over seg dei sanningane som verkar trugande for dei. [Jf. Jh 14,17]

Talsmannen, Den Heilage Ande, skulle lære flokken alt og minne om alt Jesus hadde sagt. Det kom fort rikeleg med prov på at så ikkje skjedde. For eksempel døde Judas på to måtar i to Nytestamentefortelingar. Så minst ei av forteljingane - skrivne av nokon med Anden i og bak seg - er ikkje av Gud. [Jf. Jh 14,25-26]

Den som har frukttre, lærer å ta bort både greiner som ber frukt og greiner som ikkje ber frukt, for å gi treet og busken ein fasong som er høvelegast råd for dyrking. Slik er det jamt. [Jf. Jh 15,1]

Bli ikkje ført til fall. [Jf. Jh 16,1]

Sanningsanden klarer å skilje mellom å fare rett og synde, og å leie fram til heile sanninga. Det er eitt kjenneteikn. [Jf. Jh 16,8, 12]

Hjerteglede kan bli flenga og rana ifrå ein. Den gleda skal ein hugse å verne godt, akkurat som fin tru. [Jf. Jh 16,22]

Held nokon med Heilaganden syndene att for nokon, skal dei vere atthaldne og ikkje tilgitt, sa Jesus. [Jf. Jh 20,23]

Leven

-Gamle kjerringar skal steikast i smør, sa mannen, "det" står i bibelen. (Norsk ordtak)



SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur og note  

Note

Til ordet "Elsk av heile ditt hjerte, av heile vettet ditt, og elsk deg sjølv betre enn nesten" ovafor:

Den katolske kyrkja forfektar at "Charity begins at home, but it does not have to end there," slik eit amerikansk ordtaket slår frampå om.

Elles er det neppe mange unnt å elske på diktat.

Bøker

Otc: Hellevik, Ottar: Forskningsmetode i sosiologi og statsvitenskap. 7. utg. Universitetsforlaget. Oslo, 2002.

Plt: Vevstad, A.: Plant et tre. Gyldendal. Oslo, 1977.

Sm: Hellevik, Ottar: Sosiologisk metode 2. rev. utg. Universitetsforlaget. Oslo, 1995.

Sue: Luce, Gay, og Segal, Julius: Søvn. Gyldendal. Oslo, 1968.

Thd: Zukav, Gary: The Dancing Wu Li Masters: An Overview of the New Physics. Rider. London, 1979.

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 2002–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]