![]() |
Levereglar frå Bibelen | ||||||||||||||||||
|
Frå ApostelgjerninganeEin får tale profetord, sjå syner, ha draumar, og kalle på Herren [jf. Ap.gj. 2,17-21].Ein skal halde saman med andre som er komne til trua [jf. Ap.gj. 2,44]. Å vende om frå vonde gjerningar blir tilrådd [jf. Ap.gj. 3,19, 26]. Døm sjølve, det de er kar om [jf. Ap.gj. 4,19]. I starten hadde truande alt i lag; det blei nokså snart slutt på det [jf. Ap.gj. 4,32-37]. Alle blei lækte [jf. Ap.gj. 5,16]. Ein skal ikkje lyde styremakter same kva, synte både Jesus og ein engel. Og "Lyd Gud meir enn menneske," sa Peter og dei andre apostlane. Paulus lærte annleis [jf. Ap.gj. 5,19-20, 29 ++]. "Ta dykk i vare!" [Ap.gj. 5,39]. Ein skal sjå til at hjertet er rett for Gud. Elles kan ein bli fanga i vondskap [jf. Ap.gj. 8,21-23]. "Det som Gud har lyst reint, skal ikkje du halde for ureint." ¤10,15]. "Meg har Gud synt at eg ikkje skal kalle noen menneske vanheilagt eller ureint," sa Peter. Paulus sa mot slikt: ""Kretarar har alltid vore løgnarer, arge villdyr, grådige og late!" Dette ordet er sant." [jf. Ap.gj. 10,29, Titus 1,12-15]. Ein får gi Gud æra slik det er rett [jf. Ap.gj. 12,23]. Ein skal ta seg i vare så ein ikkje vanvørder det som er bra og skikkelig [jf. Ap.gj. 13,40]. Når det høver, har ein lov å røme, syner Paulus og Barnabas [jf. Ap.gj. 14,6]. Ei lære som seier "Gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler", harmonerer ikkje fullgodt med "mitt åk er godt, og mi bør er lett". Så sa også apostlane ein dag: "Korfor leggje eit åk på nakken av læresveinane som verken fedrane våre eller vi orka å bere? . . . Vi skal ikkje lage vanskar for dei . . . som vender om til Gud." Og så saga dei vekk det meste frå Moselova [jf. Ap.gj. 14,22; 15,19; Mt 11,30]. Bodet for ikkjejøde-kristne: "Den Heilage Ande og vi har vedtatt at det ikkje skal leggjast på dykk andre bører enn det som er nødvendig: at de held dykk frå offerkjøtet åt heidningane, frå blod, frå kjøt av dyr som er strøypte, og frå hor. Tar de dykk i vare for slikt, kjem det til å gå dykk godt. Lev vel!" Men Paulus kom likevel til å slakke på eitt av desse punkta sia [Ap.gj. 15,28-29; 21,25; ++]. Ein får ikkje tru at guddommen liknar eit gullbilete som menneskekunst eller mennesketanke har forma [jf. Ap.gj. 17,29]. Grundigare kjennskap til Guds veg kan vere tiltrengt for noen [jf. Ap.gj. 18,26]. "Ta vare på dykk sjølve," sa Paulus [jf. Ap.gj. 20,28]. Ein skal arbeide så ein kan ta seg av dei veike også [jf. Ap.gj. 20,35]. Å leve med godt samvit for Gud er heilt rett [jf. Ap.gj. 23,1]. Ein får legge vinn på støtt å ha reint samvit for Gud og menneske [jf. Ap.gj. 24,16]. Gjør bot og gjør gjerningar som svarar til omvendinga [jf. Ap.gj. 26,20]. Vitløyse kjem neppe av stor og god lærdom [jf. Ap.gj. 26,24].
"Ete, det må til," sa Paulus [jf. Ap.gj. 27,34].
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20022007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||