NORSK DEL, GULLVEKTA  

Smørje frå Nytestamentet

 14 › 2 › 13

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



Frå Romarbrevet

1

Urett hos menneske held sanninga nede. [Rom 1;19]

Gi ære og takk til den som skal ha det. [jf. Rom 1;21]

Ha naturleg samliv. [Rom 1;27]

Ved sviktande dømmekraft gjer folk slikt som ikkje sømmer seg [Rom 1;28]

2

Både hard hug og ubotferdig hjerte kan hope opp vreide over ein [Rom 2, 5]

Ein skal vere lydig mot sanninga. [Rom 2, 8]

Trengsle og angst kjem fort over dei som gjer det vonde. [jf. Rom 2, 9]

Det som rette lova krev, står skrive i hjertet, og samvitet vitnar også [jf. Rom 2, 15]

3

Få rett når du talar, og vinn når du fører sak [Rom 3,4]

5

Guds nåde er ei gåve. [Rom 5,15]

Ein manns rettferdige gjerning fører til fleire frikjenningar [jf. Rom 5,18]

6

Vi skal ikkje synde, langt ifrå. [jf. Rom 6,15]

Å tene umoral og urett fører til enda meir urett. [jf. Rom 6,19]

7

La ikkje syndig naturarv bli vekt til liv om det kan unngåast [jf. Rom 7,5]

8

Naturen fører til død. [jf. Rom 8,6]

Vi har ingen skyldnad så vi skulle leve i samsvar med den vonde naturen [jf. Rom 8,12]

La den rette Anden kome til hjelp i vanmakt. [jf. Rom 8,26]

Gud ransakar hjerta. [jf. Rom 8,27]

Eigna slaktesauer vinn meir enn siger. [jf. Rom 8,37]

9

La Gud ynkast over den han ynkast over. [jf. Rom 9,15]

10

Kor herleg gledebod lyder! [jf. Rom 10,15]

Gud blei funnen av dei som ikkje søkte han, og openberra seg for dei som ikkje spurde etter han. [jf. Rom 10,20, viser til Jesaja]

11

Er heile rota heilag, er greinene også. [jf. Rom 11,16]

Gud kan angre si utveljing (står det i ei Mosebok), men Paulus seier mot det [jf. Rom 11,29]

Guds vegar kan vere ufattelege. [jf. Rom 11,33]

12

Bruk vitet ditt og ver visleg. [jf. Rom 12,3]

Kvar og ein skal halde seg til det mål av tru som Gud har gitt han [Rom 12,3]

Når du gir, så gi av eit heilt hjerte. [jf. Rom 12,8]

Hald dykk til det gode. [Rom 12,9]

Legg vinn på det som er godt for alle involverte. [jf. Rom 12,17]

Ein skal vinne over det vonde. [Rom 12,21]

13

La oss fare sømmeleg fram, ikkje i svir og drikk, ikkje i hor og sedløyse, ikkje i misunning. [jf. Rom 13,13]

14

Den som lèt vere å ete, skal ikkje dømme den som gjer det [Rom 14,3]

Prøv å vere fullt overtydd om ditt eige syn før du luftar det [jf. Rom 14,5]

La ikkje det gode de eig, bli til spott. [Rom 14,16]

Strev etter det som tener til oppbygging. [Rom 14,19]

Riv ikkje ned Guds verk. [jf. Rom 14,20]

Det er ikkje rett å gjere noko som fører bror din til fall [Rom 14,21]

Trua du har, skal du halde for deg sjølv. [Rom 14,22]

15

Sterke må ofte bere veikskap hos veike. [jf. Rom 15,1]

Samhuga og samlyndt er rett i lag, stort sett. [jf. Rom 15,5-8]

Heile folkeslag kan bli til offer. [jf. Rom 15,16]

Bygg på ein grunnvoll. [jf. Rom 15,20]

Å takke for kvile ein får, sømmer seg. [jf. Rom 15,32]

16

Hald auge med dei som fører andre til fall, og hald dykk frå dei [jf. Rom 16,17].

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 2002–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]