NORSK DEL, GULLVEKTA  

Smørje frå Nytestamentet

 14 › 2 › 13

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



Frå 1. Korintarbrev

1

Ver rik på all tale og all kunnskap. [1 Kor 1,5]

Krev styrke til å stå ulastande. [1 Kor 1,8]

La alt kome i rett skikk. [jf. 1 Kor 1,10]

Dårskap er verdsens visdom. [jf. 1 Kor 1,20]

Vanmakt i Gud er sterkare enn styrken åt menneska. [1 Kor 1,25]

2

For mogne høver ein visdom som ikkje høyrer denne verda til [jf. 1 Kor 2,6]

Guds visdom er ein løyndom. [jf. 1 Kor 2,7]

Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. [1 Kor 2,11]

3

Ein får gå inn for å legge grunnvoll som ein klok byggmeister [jf. 1 Kor 3,10]

De er Guds tempel. Guds Ande bur i dykk. [jf. 1 Kor 3,16]

Guds tempel er heilagt, og dette tempelet er de. [1 Kor 3,17]

4

Dei er sterke, dei som får ære. [1 Kor 4,10]

Ta meg til førebilete! sa den utskjelte, forfølgde og spotta som drog omkring frå stad til stad, svolten, tørst og veik. [jf. 1 Kor 4,10-16]

5

Ha ikkje samkvem med ein kristen som er horkar, havesjuk, avgudsdyrkar, drikkar og ransmann. Han skal de heller ikkje ete i lag med. [jf. 1 Kor 5,11]

Støyt den vonde ut ifrå dykk! [1 Kor 5,13]

6

Klar å dømme flott i dei minste saker før de dømmer englar [jf. 1 Kor 6,2-3]

Dei som gjer urett, skal ikkje arve Guds rike. [1 Kor 6,9]

Den som driv simpel hor syndar mot sin eigen kropp. [jf. 1 Kor 6,18]

Lekamen til den kristne er eit tempel for Heilaganden frå Gud. [jf. 1 Kor 6,19]

7

Det er betre å gifte seg enn å brenne av lyst. [1 Kor 7,9]

Vil den vantruande skilje seg, lat ho eller han gjere det. [jf. 1 Kor 7,15]

Prøv ikkje å finne deg ei kone. [1 Kor 7,27]

Denne verda går under (Farten er 60 minutt i timen). [jf. 1 Kor 7,31]

Den som er gift, har omsut for korleis han kan vere kona til hugnad. [jf. 1 Kor 7,33]

Den som gifter seg med jenta si gjer rett; og den som ikkje gifter seg, gjer betre. [jf. 1 Kor 7,38]

8

God kjærleik byggjer opp. [jf. 1 Kor 8,1]

Før ikkje dei veike til fall. [1 Kor 8,9]

9

Spring slik at de vinn! [jf. 1 Kor 9,24]

10

De må heller ikkje bli avgudsdyrkarar. [jf. 1 Kor 10,1-7]

La oss ikkje drive hor så tjuetre tusen menneske fell på ein dag [jf. 1 Kor 10,8]

Hald ut til det går vel; det er det rette. [jf. 1 Kor 10,13]

Ikkje alt byggjer opp. [1 Kor 10,23]

Et med godt samvit. [jf. 1 Kor 10,27]

11

Paulus kallar det ei vanære for mannen å ha langt hår - slik det blei forma i den tida Gud var nøgd, står det. [jf. 1 Kor 11,14].

Når det gjeld kva som kan kallast langt hår, var skikken blant jødar på Jesu tid å ha innpå skulderlangt hår og fletter. Det Paulus meiner med "langt hår" kan vere mykje lenger.

Ein av dei gamle, lovregulerte jødeskikkane var elles at innvigde for Herren (nasirearane) skulle la håret gro utan å bli rørt av saks og kniv. Hår veks ganske av seg sjølv til ei viss lengde er nådd, "slik som Gud ville ha det" frå starten.

Kom saman berre på måtar som er til gagn for dykk, ikkje til skade [jf. 1 Kor 11,17]

Dei refsa kan bli fordømte om dei ikkje vender om og lever rettare [jf. 1 Kor 11,32]

13

Den som gjer rett, gjer ikkje noko usømmeleg. [jf. 1 Kor 13,5]

Han gleder seg ikkje ved urett, som gleder seg ved sanninga. [jf. 1 Kor 13,6]

14

Tal tydeleg. [jf. 1 Kor 14,9]

Søk å bli rike. [jf. 1 Kor 14,12]

Eg vil heller tale fem ord med vitet, så andre kan lære noko, enn tusenvis av ord i tunger. [1 Kor 14,19]

Ver ikkje uvitige som born. [1 Kor 14,10]

I vit skal de vere fullvaksne. [1 Kor 14,20]

Kvinnene skal underordne seg. [jf. 1 Kor 14,34]

Vil kvinner ha greie på noko, så lat dei spørje mennene sine heime [jf. 1 Kor 14,35, 37]

15

Gud skal vere alt i alle. [1 Kor 15,28]

16

Ein får leggje til sides det ein får lykke til. [jf. 1 Kor 16,2]

Ingen skal sjå ned på den som gjer Herrens gjerning, same kor ung han er. [jf. 1 Kor 16,10-11].

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 2002–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]