NORSK DEL, GULLVEKTA  

Homeopati og blomstermedisin

 15 › 2 › 5

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Homeopati og blomstermedisin

Utgangspunktet er ei religionshistorisk hovudfagsavhandling av Grethe Sogn Heggland.


Lause omgrep kan fostre problem

Om korleis vi kan takle mangslungne omgrep og ulike praksisar til slutt

Homeopati og blomstermedisin
Hundegras, Dactylis glomerata
Grethe Sogn Heggland har skrive ei religionshistorisk avhandling om naturmedisin. Det er mange måtar å studere naturmedisin på, mange innfallsvinklar også. Ho fokuserer mest på homeopati og den britiske legen Edward Bach sin blomstermedisin. I avhandlinga legg ho fram element frå naturmedisin, fortel noko rundt grunnleggarane av homøopati og Bachs blomstermedisin, om litteratur og prinsipp for lækjing i dei krinsane, og litt av kvart anna. Ho har fokus på å samanlikne visse sider ved homeopatien og blomstermedisinen med religiøse ytringar og verksemder. Det har både fordeler og veikskapar. Tre veikskapar ved avhandlinga hennar er:
  1. Ho bruker det uklare uttrykket "alternativ medisin" vel mykje, for det er eit mangslungent omgrep som femner over eit mangfald av ulike behandlingstilbod; det er eit "hummar og kanarifelt" med likt og ulikt. I det feltet finn vi ulike skolar og retningar som er meir eller mindre sjølvstendige system, som homøopatien. Slik Heggland ofte nyttar omgrepet, kjem ho ofte til å skjere mange ulike alternative tilbod over same kam av di dette omgrepet hennar ikkje er godt avklara og nyansert.
  2. Ho gjer det same mot "New Age". Det omgrepet er også mangslungent, ofte uklart forstått, og kanskje ikkje så veldig interessant for folk flest meir, syner Encyclopedia Britannica ved "By the mid-1990s, it was evident that the movement was dying". [Ebu, "New Age"].
  3. Ho dreg inn religionsdefinisjonar som kan verke mindre sentrale under eitt i forhold til det homeopati og blomstermedisin er i og for seg.
Heggland vurderer sider ved homeopati og Dr. Bachs blomstermedisin i lys av religionsomgrep. Det er sider ved dei to terapiformene som gir tru spelerom, men slik tru krevst ikkje for forsvarleg behandling. Der heiter det at middela frå dei to terapiformene gagnar i seg sjølve, og uavhengig av "tvil, tru, suggesjon eller tilfelle" (placeboverknader, narreverknader). Slikt kan etterprøvast ved godkjent forskingsdesign og -metodikk. Det er ikkje vanskelig. Somme strevar med det innan vanleg medisin - forskar og etterprøver etter vitskapelege design med meir, enda om dei nok ikkje er fleirtalet. Tvert imot. Encyclopedia Britannica definerer iallfall medisin som vitskap - og som praksis. [Ebu, "medicine"]
      Når dette er framheva, hører det også med å nemne at kjekk tru, humor, positivt sinnelag og gode tankar kan hjelpe mykje. Det lyt ein ikkje knipse vekk, men alliere seg med som det høver. Det syner nyare og litt eldre undersøkingar av til dømes kreftpasientar. Å alliere seg med psykosomatiske effektar kom alt professor Olof Lindahl til var veg å gå [Lnp]. Det ein kallar placebo-effektar kan også vere sterke. I noen studiar syner det seg at sukker kan hjelpe like mykje mot depresjon som lykkepillar, til dømes. I forsking over verknadene av medisinar, tek ein omsyn til placeboeffekten. Opptil 70% av betringar kan bli tilskrivne placebo-effekten, seier Lindahl og andre med han. Så tru er ikkje noko vonde - men kan vere ein ressurs. Ein kan nytte den vel eller la det vere. Eit verksamt middel hjelper utan placeboeffekten, men i praktisk bruk er det ikkje noko anten-eller, heller eit både-og i dette. [LYKKEPILLEN]
      Naturmedisin kjem ofte inn som komplementær, utfyllande medisinutøving. I utlandet er mange homeopatar legar, til dømes. Medisin strevar etter å vere vitskapelig, men har også i seg element frå gammal praksis som ikkje er etterprøvde, og kan også bere i seg ein viss grad av kunst innan utøvinga. Så også innan naturmedisin, der vitskapeleg stringens kan mangle på fleire felt, og metodikken vere tvilsam også.
      Alt i alt er det det vitskapelege som ber medisinen fram i våre dagar. Det skal vere forskjell på vitskap og tru. Grunnvitskapen sine teoriar og metodar kan ein etterprøve ut frå "verkar slike middel, så kan ein få fram mål (målingar) på i kva grad og under kva for forhold". Dette gjeld for utprøving av homeopatiske middel også. Både homeopati og blomstermedisin har sine ulike former for praksis, men det er ut frå vel skikka praksis eitkvart seiast å verke, ikkje ut frå tru, tilfelle, suggesjon og eventuelt "anna fanteri" (placeboeffektane) aleine.
      Ein skal skilje mellom ulike former for naturmedisin. Når det gjeld homeopati, er det mykje som treng å bli avklara, ikkje minst kva for middel som hjelper mot kva, i kva grad, kor lenge, under kva for forhold, og så bortetter. Det held ikkje å avvise homeopati når det ligg føre dokumentasjon på at den kan hjelpe. [HOMEOPATI- DOKUMENTASJON]


BØLGJE

Litteratur  
      Heggland, Grethe Sogn. Piller og dråper for sjelen: en religionsvitskapeleg analyse av alternativ medisin med vekt på homeopati og Bach blomstermedisin. Oslo: Universitetet i Oslo, Institutt for Kulturstudier. Hovedoppgave i religionshistorie høsten 2000. Online. www.skepsis.no/publikasjoner/hoppg/vol1/grethesh.txt

      Ap: Mieder, Wolfgang (main ed.), Stewart A. Kingsbury, and Kelsie E. Harder: A Dictionary of American Proverbs. (Paperback) New York: Oxford University Press, 1996.
      Dgh: Stephenson, James Hawley. A Doctor's Guide to Helping Yourself with Homeopathic Remedies. 6th impression. Wellingbourough: Thorson's, 1983.
      Dp: Fergusson, Rosalind. The Penguin Dictionary of Proverbs. Harmondsworth: Penguin, 1983.
      Dur: Bremness, Lesley. Den store urteboken: Dyrking. Mat. Skjønnhet. Helse. Dekorasjoner. Oslo: Gyldendal, 1990.
      Døg: Aarflot, Helge. Død og jordeferd. Oslo: Luther, 1982.
      Ebu: Encyclopaedia Britannica. Encyclopaedia Britannica 2006 Ultimate Reference Suite DVD. London: Encyclopaedia Britannica, 2006.
      Edit: Tart, Charles, ed. Transpersonal Psychologies. New York: Harper Colophon, 1977.
      Hei: Voegeli, Adolf. Heilkunst in neuer Sicht. 7. Aufl. Heidelberg: Haug, 1991 (orig, 1955).
      Huv: Marcussen, Marcus. Helbredende urter: deres virkning, sammensætning og anvendelse. Allerød: Ny tid og vi, 1989.
      Lnp: Lindahl, Olof, og Lars Lindwall. Laegevidenskaben i nyt perspektiv. København: Reitzel, 1979.
      Lpv: Schelderup, Vilhelm. Legekunsten på nye veier: akupunktur - biofysikk - helhetsmedisin. Oslo: Cappelen, 1980.
      Lunt: Kuhn, Thomas. The Structure of Scientific Revolutions. 2nd enlarged ed. Chicago: Chicago University Press, 1970.
      Ng: Munch, P. A. Norrøne gude- og heltesagn. Rev. ed. Oslo: Universitetsforlaget, 1981.
      Nlm: Schelderup, Vilhelm. Nytt lys på medisinen. Oslo: Cappelen, 1989.
      Pe: Allport, Gordon. Personligheten - hvordan formes den? Oslo: Dreyer, 1966.
      Pif: Nielsen, Harald. Planter i folkemedisinen. Oslo: Cappelen, 1977.
      Sho: Vithoulkas, George. The Science of Homeopathy. New York: Grove, 1980.
      Siah: Latour, Bruno. Science in Action: How to Follow Scientists and Engineers through Society. Cambridge: Harvard University, 1987.
      Thd: Zukav, Gary. The Dancing Wu Li Masters: An Overview of the New Physics. London: Rider, 1979.
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2006–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]