NORSK DEL, GULLVEKTA

Moderne mytar?

 15 › 2 › 5 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Homøopati og blomstermedisin 
– SAMLINGA

Dette trudde du kanskje ikkje

Å sprengje ein myte er ikkje å nekte fakta, men heller å finne dei fram. - TK

Mark Twain kom til at problemet med verda er at folk "veit" så mykje som ikkje stemmer. Umodne har ikkje sett nøye inn i eller sortert alt dei har fått høyre gjennom barndom og ungdom og vaksenferda, og ikkje freista å forsvare "Irrasjonelle forklaringar klarer vi oss godt utan."

Berre ikkje "sterk i trua" står til "svak i sjela", for eksempel etter etablerte fråsegner og oppmaningar som "Det er farlig å svømme rett etter eit måltid; ein kan få krampe av det." Saka er: "Det kjem an på -". Maratonsvømmarar et kraftig like før konkurransar, til dømes.

Nokså mykje som ein "trur å vite" rundt om, held ikkje når det blir undersøkt. Fleire vanlege mytar mellom folk har blitt korrigerte i tråd med forsking.

Twig

Tap på alle punkt blei advokattolka som siger

Alliance for Natural Health, ANH, tapte rettssaka mot EU-kommisjonen om EU-kosttilskottsdirektivet på alle punkt då dom fall den 12 juli 2005. Men "nærare tolking av rettsdokumentet gir likevel godt håp", fordi "ANHs advokater ser grunn til å tolke "tapet" som ein siger". (11 august 2005)

Ei sann, trist historie.

Skravlar kvinner meir enn menn?

Psykologar ved University of Texas i Austin, USA, har undersøkt og komme fram til at både menn og kvinner seier gjennomsnittleg 16 000 ord om dagen. Dersom det ikkje er noko spesielt med texanarar, kan funnet overførast!

Ein blir neppe smartare av å høre på Mozart likevel

Den såkalla Mozart-effekten blei kjend i 1993, då fysikaren Gordon Shaw og cellisten og kognisjonsforskaren Frances Rauschner publiserte ein artikkel i bladet Nature. I artikkelen meinte dei å kunne dokumentere at studentar som hadde hørt litt på Mozart blei flinkare til å kjenne att mønster. Denne oppfatninga er no "fallen" gjennom tru på (den alternative forklaringa) at visse samfunnslag liker å pryde seg med interesse for klassisk musikk.

Vi bruker berre ti prosent av hjernen

Eit prakteksemplar av ein moderne myte! MR-skanning av hjerner gir ikkje støtte til at mange delar av hjernen ikkje er i bruk. Hjerneskadar syner likeins at mindre delar av hjernen har basale funksjonar. Jfr. Skeptic's Dictionary Urban Legends Reference Page

Menn tenkjer på sex kvart sjuande sekund

Ei bok med tittelen "What Every Man Thinks About Apart From Sex (kva kvar mann tenkjer på utanom sex)" har blitt bestseljer i Storbritannia. Alle dei 200 sidene i boka er heilt blanke.

God spøk til side; det er forskjell på menn. Gjennomsnittstalet - kvart sjuande sekund - verkar litt i overkant. Det er om lag like ofte som ein pustar . . .

Den mest omfattande undersøkinga på området (frå Kinsey-instituttet) har at 54 prosent av mennene tenkte på sex kvar dag eller fleire gonger om dagen. 43 prosent tenkte på det fem gonger i månaden eller nokre få gonger i veka. Fire prosent gjorde det sjeldnere enn ein gong i månaden.

Sjokolade gir kviser

Sjokolade gir ikkje akne. Fleire studiar har synt at sjølv mykje sjokolade ikkje gir akneutbrot.

Hår som blir barbert, blir lengre og tjukkare når det veks ut att

Spør folk som har barbert skjegget daglig i sytti år om det stemmer, og kor tjukt skjegghåret deira til sist har blitt!. Eller spør Klara Klok. Helsesøstera seier håret blir ikkje tjukkare for kvar gong ein har barbert det. Når det veks ut, er det så tjukt som før.

Det er lett å bli offer for gjengse halvsanningar og usanningar. Ved å røkte etter bevisa for ulike framsettingar, kjem ein seg venteleg vidare. Av og til hjelper det å setje seg inn i skeptikarmeiningar også, dvs., "høyre den andre sida" i ei sak. Det er eit godt poeng.

Tenkjer du no "tja-a" til noko av dette, så hald fast ved det og forsk vidare derifrå som det høver om det høver. Det er ved gild tviling sett i system (vitskapelege design og prosedyrar) at fakta og dei noko mindre faste statistiske gjennomsnitta kjem fram.

Moderne mytar 
– SAMLINGA
Moderne mytar - SLUTTBOLK

Moderne mytar - LITTERATUR  

Kjelder: forsking.no, dinside.no, videnskap.dk, debunkatron.com, Skeptic's Dictionary Urban Legends Reference Page, www.klara-klok.no, kk.no, m.m.

Moderne mytar - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Moderne mytar BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2008–2011, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]