![]() |
Munchausen-skrøner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
HistorierOpp av myraBaron Münchhausen fortel:"Det var ein gong eg var ute og rei at eg ville hoppe over ei myr. Først då eg kom midt over den, merka eg at det var mye breiare enn eg hadde tenkt meg. Eg snudde derfor kjapt om tilbake til stranda for å ta eit nytt sprang, men den gongen gjekk det enda verre: Eg sakk ned i myra like til halsen og hadde sikkert gått til der om eg ikkje hadde hadde vore så heilt utom det vanlige sterk i armane. Eg greip tak i hårfletta mi og klemte samstundes føtene om hesten under meg. Slik løfta eg både meg sjølv og hesten opp av myra."
Hjortemøte
Naturligvis har de, mine herrar, hørt tale om den heilage Hubert, jegerane sin skytshelgen, og om den statelige hjorten med ein kross mellom horna, som han ein gong møtte i skogen. I gode venners selskap har eg kvart år skåla for Sankt Hubert, og vel tusen gonger har eg sett bilete av hjorten i kyrkjene og bore på brystet av riddarar som har svore å dyrke han, så at eg på heider og ære ikkje veit kva eg skal tru, om det fanst og kanske enda finst sånne hjortar eller ikkje. Det eg likevel bestemt veit er at ein dag eg hadde skote bort både hagl og kuler, stod eg heilt uventa andlet mot andlet med ein prektig hjort, og den såg meg så uforferda stint i synet som om den visste at haglpungen min var tom. Eg helte straks krutt i børsa, støytte ned ladestokken og nytta dessutan tida til å ete kirsebær. Kjernene brukte eg til hagl. Eg skaut hjorten midt i planeten med dei, like mellom horna. Eit augeblikk verka det som den skulle til å svime og stupe på flekken; men den vann seg inn att snart og tok til beins. Eit eller eit par år etter var eg ute på jakt i same skogen att, og kva fekk eg sjå, om ikkje ein staselig hjort med eit over tre meter høgt, vent kirsebærstre mellom horna? Straks kom eg i hug hjorten eg skaut i panna med kirsebær, og sia eg meinte at hjorten rettmessig hadde vore min i lang tid, gav eg han ein kule så at han stupte. På det viset fekk eg både hjortesteik og kirsebær til sausen; for treet var fullt av dei herligaste kirsebæra eg har ete så lenge eg har levd. Kven kan vite om ikkje einkvan ivrig heilag-jeger, ein jaktlysten abbed eller biskop, på same vis planta krossen mellom horna på Sankt Huberts-hjorten?
Møte med bjørnen
Ein gong eg nettopp hadde skrudd laus flinten frå bøsselåsen for at kvesse den, rusa ein kjempestor bjørn imot meg med forferdande brumming. Med nød og neppe rakk eg å klatre opp i eit tre for betre å forsvare meg der, men til alt uhell miste eg jaktkniven min mens eg kleiv og klatra, og hadde då ingenting å skru fast flinten med. Bjørnen sette seg rett nedafor meg og ville nok til å klive opp etter meg og sluke meg med hud og hår. Eg kunne sant og visst ha slått fram gneister frå auget som eg hadde gjort ein gong før, men eg hadde imot å gjøre det, sia det eksperimentet hadde gitt meg ein alvorlig augebetennelse, og den var eg enno ikkje heilt frisk etter. Full av fortviling stirra eg på kniven som stod der i snøen; men det gjorde ikkje saka betre. Med eitt fór likevel ein lykkelig tanke gjennom hovudet på meg. Ein sann og verkelig jeger, mine herrar, akkurat som ein sann og verklig filosof, bringer med seg alt sitt. Jaktveska mi var i dette høvet ein rettelig arsenal; den var utstyrt med alt mogelig som ein kunne trenge ved ulike høve. Eg tok til å grave i den og fann eit seglgarnsnøste, ein krøkt jernbit og eit stykke bek. Først batt eg fast jernbiten til snøret, mjuka så opp beken og festa den til jernet, og fira så ned snøret. Beken klistra seg straks fast til knivskaftet og blei hardt av kulda. Svært varsamt heiste eg på dette viset opp kniven. Og nett som eg hadde fått skrudd fast flinten, gjekk bamse til åtak. Ein skal sannelig vere bjørn for å velje eit så lempelig augeblikk, tenkte eg for meg sjølv og gav meister Grovlabb ei så varm velkomsthelsing at han miste smaken på å klatre i tre for evig og alltid. Men no, mine herrar, er det på tide for meg å krype til køys. God natt, god natt!"
Glede over ender
Sjelsnærvær er den fremste eigenskapen ein kan ha når det gjeld å gjøre mannsverk. Mang ein soldat og sjømann har det å takke for berging, og det kjem ofte jegeren til god hjelp. Så hende det til dømes at eg ein dag kom til ein sjø der det låg noen dusin ender og symde. Men dei var så spreidde at eg ikkje kunne vente meg å få meir enn ei for skotet, og det mest forargelige var at det siste skotet mitt låg i børsa. Eg hadde invitert ut til meg ein flokk gode venner, og endene skulle derfor kome vel med. Kva kunne gjørast? Då fall det meg inn at eg enno hadde att eit stykke flesk i jaktveska. Eg snodde opp snøret på hundekoppelet, knytte ihop lissene og batt fast fleskebiten i eine enden av denne forlenga snora. Då det var gjort, gjømde eg meg i sivet på stranda og kasta ut dette agnet mitt. Det varte ikkje lenge før eg hadde gleda av å sjå ei and kome symjande og sluke fleskestykket. Heile fleskebiten glei lett gjennom anda og kom ut andre vegen. Snart kom ein ny and og slukte den, så ein tredje, fjerde, og så vidare. Innan kort tid hadde agnet vandra gjennom alle endene, og der sat dei no på snøret, opptredd som perler på ei snor. Førnøgd til sinns drog eg dei i land, vinda snøret fem seks gonger om livet og sette kursen heimetter. Eg hadde eit godt stykke å gå og det store knippet av ender blei snart så tungt at eg nesten tok til å angre at eg hadde fanga så mange. Men snart letta det for meg,
Noen kvar skulle no sikkert ha mist både hanskar og vantar av berre forferding; men eg drog nytte av omstenda på beste måte og styrde ved hjelp av frakkeflaka rake vegen heim. Då eg var like over bustaden min og det galdt å senke seg ned, vrei eg halsen av den eine anda etter den andre. Det gav meg ganske mye besvær å få det til. Men eksperimentet var vellykka: varsamt sakk eg ned gjennom det store skorsteinsrøret og hamna midt i peisen, til stor forskrekking for kokken min; han hadde lykkeligvis enno ikkje gjort opp eld i den. Til månen
Eg fekk ein gong høve til å vitje månen, og var der lenge nok til å observere [leggje nøye merke til] ein mengde ting. Dei vil eg no fortelje dykk om så godt som minnet mitt tillet det. Ein av slektingane mine langt ute hadde fått i hovudet sitt at at det sant og visst måtte finnast folk der, og at dei måtte vere like store som dei Gulliver fann i kongeriket Brobdignag. Han bestemde seg derfor for å finne ut av dette folket og ha meg til selskap på oppdagingsferda. Sjølv hadde eg alltid halde Gullivers forteljing for å vere ei barnesoge, og trudde like lite på eit verkelig Brobdignag som på eit verkelig Eldorado. Men sia denne heiderlige slektingen min hadde innsett meg til einearving, laut eg naturligvis føye meg etter ønsket hans. Vi kom lykkelig og vel til sydhavet utan at noe merkverdig hendte, om ein ikkje vil rekne at vi på vegen såg noen flygande herrar og damer som dansa menuett i lufta. Attande dagen etter at vi passerte Otaheiti, blei skipet vårt lyft nesten tusen mil høgt opp i lufta av ein orkan. Og høgt der oppe blei vi verande i lang tid på same staden. Endelig fylte ein gagnlig vind segla våra og førte oss frametter med svimlande fart. Vi hadde ferdast ovafor skyene i over seks veker på denne måten då vi oppdaga eit stort land. Dei var som ei rund, lysskimrande øy. Vi gjekk inn i ei framifrå hamn, steig i land og fann at landet var bebudd. Rundt omkring såg vi stader, tre, berg, flodar og sjøar, alt så tydelig at vi trudde at vi var på jorda igjen. Men nei. På månen - for den var den glimande øya vi hadde landa på - såg vi store skapningar . . Slukt av ein fiskEIN GONG var eg berre ein hårsbreidd frå å omkome i Middelhavet. Ein ven sommar-ettermiddag var eg ute og bada nær Marseille då eg fekk sjå ein stor fisk kome symjande imot meg med ope gap. Det fanst verken tid eller utveg til å røme. Eg gjorde meg derfor så liten som mogelig, drog opp føter og bein så langt eg kunne og pressa armane tett inntil kroppen. I denne stillinga glei eg inn gjennom svelget på fisken og like ned i magen på den. Det var naturligvis bekmørkt der inne, men elles ganske varmt og trivelig.Fisken gav snart tydelig til kjenne at den ikkje ville ha meg i magen, og at den gjerne ville bli kvitt meg. For at den skulle få det enda triveligare, tok eg til å vandre omkring, hoppe, danse, og mye anna i dette fengselet mitt. Det verka som om polka falt dårligast i smak; den stønna fælt og skaut innimellom loddrett opp over overflata på sjøen med halve kroppen. Ved eit slikt høve kom den nær eit italiensk fartøy, blei harpunert, og innom kort tid slept opp på dekk. Då den vel var om bord, hørde eg skipsfolket rådslå om korleis dei best kunne dele den opp for å få så mye tran som mogelig. Eg forstod italiensk, og derfor blei eg gripen av stor otte from at eg sjølv skulle bli partert saman med fisken eg var inni. For å vere så trygg som mogelig for knivane deira, stelte eg meg midt i fiskemagen, som godt romma tolv mann, berre dei bøygde armer og bein inntil kroppen. Men det hendte ikkje; i staden tok dei til å opne fiskebuka. Så snart den første lysstrima trengde inn, skreik eg alt eg orka, at det var ei sann glede for meg å bli kjent med herrane og å få puste inn frisk luft igjen. Det er umogelig at beskrive forferdinga som måla seg i fjesa deira då dei fekk høra ei mannestemme kome ut av fisken. Enda meir forundra blei dei då dei fekk sjå ein splitter naken mann kome krypande. Kort og godt, mine herrar: eg fortalde dei kva som hadde hendt meg, og alle lo av hjertans lyst av det. Då eg hadde fått litt til livs, sprang eg i sjøen igjen for at spyla meg rein, og sumde deretter i land. Der fann eg kleda mine på same staden som eg hadde forlatt dei.. Etter det eg rekna ut, hadde eg vore i heile to timar i fiskemagen.
Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20042007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||