NORSK DEL, GULLVEKTA  

Norske eventyr og segner

 13 › 1 › 9

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Grønskjegg

Det var ein gong ein mann som hadde ei dotter. Ho var både rik og vakker, og så kan du nok vite det ikkje var vondt for friarar på den garden; dei kom i flokk og følgje, så gilde at det glodde og glima av dei lang lei. Men likså fort dei kom, måtte dei gjere vendereis, for jenta hadde sett seg på det at ho ikkje ville gifte seg utan det var med ein som hadde grønt skjegg. Og så måtte den eine flokken etter den andre dra heim att, for grønt skjegg hadde ingen av dei.

Så var det ein dag det banka på døra - det hadde teke til å minke med friarar då. Ja, jenta gjekk ut og skulle sjå kven det var. Så stod det ein fremmendkar utafor, og han hadde langt grønt skjegg. "Du minnest vel det du lovde at du berre ville gifte deg med ein som hadde grønt skjegg?" sa han. "Du får følgje med då!"

"Du er hastig både til å fri og til å ta ja, du!" sa jenta; "men er det så laga, så får det så bli," og dermed sette ho seg opp i vogna til han. Då dei hadde reist eit langt stykke, kom dei til ein stor gard. "Er det heimen din, dette?" spurde jenta.

"Nei," sa Grønskjegg. Så køyrde dei eit langt stykke til, og så låg det igjen ein stor gard ved vegen. "Er det heimen din, dette då?" spurde ho.

"Nei," svara han. Så reiste dei igjen, langt og lenger enn langt over høge berg og gjennom djupe dalar, til dei kom til ei kyrkje.

"Ja, her skal eg innom som snarast," sa Grønskjegg; "du får sitje her i vogna og vente på meg så lenge, men du må ikkje kome etter!"

Nei, ho skulle nok vente og bli sitjande der ho var, sa ho. Men då ho syntest at han blei vel dryg, klarte ho ikkje halde seg lenger; ho lista seg inn i våpenhuset i kyrkja og kika gjennom nøkkelhòlet. Då stod han og reiv og sleit på ein manneskrott.

"Var eg lenge?" spurde han, då han kom igjen.

"Nei," svara ho.

"Du har vel ikkje sett noko, veit eg?" sa han. Nei langt frå, det hadde ho då ikkje. Sia køyrde dei like dit han budde Der var så gildt med gull og sølv alle stader at det lava av det. Jenta gjekk omkring og såg på alle dei lyse tinga han hadde, og blei reint ør av glansen; ho hadde aldrig trudd det kunne vere så fint nokon stad, så hadde det ikkje vore for det ho hadde sett i kyrkja, ville det ikkje vore anna enn godt og vel.

Så ein dag sa Grønskjegg til henne: "I morgon kjem bror din hit; du får ta vel imot han og stelle som likast med han. Eg må til skogs og hogge tømmer."

Den andre dag kom broren. "No, korleis liker du han du fekk?" spurde han.

"Jo, nokså godt," svara ho; "han er både bra og snill mot meg og lèt meg få råde som eg vil."

Då det lei mot kvelden, måtte broren gå, og straks etter kom Grønskjegg heim.

"No, du har hatt fremmendfolk i dag?" sa han. "Du stelte vel det beste du kunne?" "Ja det gjorde eg då," svara ho.

"Ja, i morgon kjem systera di," sa han; "du får ta vel imot henne også, eg må til skogs att og hogge, eg."

Dagen etter kom systera. "No, korleis liker du han du fekk?" spurde ho. "Er han snill?"

Ja, ho kunne ikkje seie anna; han var ein både bra og snill mann, sa ho. Det same fortalde ho også til far sin då han kom for å sjå til henne tredje dagen. Om kvelden, då Grønskjegg kom heim att, sa han: "Du får nok vitjing i morgon også. Mor di vil også kome. Du får stelle det likaste du veit for henne. Eg må til skogs att, for eg er ikkje ferdig med hogsten enno."

Då så mora kom, spurde no ho også om mannen var snill og om jenta likte seg der.

"Jo, snill er han, og eg kan ikkje seie anna enn at eg liker meg godt her også," sa ho. "Men eg er redd han likevel; for då vi reiste hit, køyrde vi forbi ei kyrkje, og den skulle han inn i eit lite grann; eg skulle sitje utafor og vente på han, sa han. Men då eg syntest han blei så lenge, gløtta eg inn gjennom nøkkelhòlet, og då stod han og åt på ein manneskrott."

"Det var eg, det," sa Gamle-Eirik, for det var han som hadde kalla seg Grønskjegg og så omskapt seg til slektningane hennar for å få ut av henne kva ho hadde sett, og dermed åt han henne opp.

OPP NOTAR  

Steinkastet

EIT SLAKT fjellparti låg midt i bytelinja mellom to gardar. Dei to grannane som åtte gardane hadde blitt usamde om kor bytta stod mellom gardane. Til sist blei dei samde om at dei skulle stå opp til vanlig tid neste morgon og gå mot kvarandre, og der dei møttest, skulle skiljelinja vere.

Morgonen etter gjekk den eine bonden austover mens den andre hadde forsove seg. Då han kom farande ut av døra, stod grannen i tunet hans. Etter avtalen skulle byttet dermed gå der i tunet. Då spurde bonden som hadde forsove seg om han ikkje kunne få flytte byttet tilbake eit steinkast. Det fekk han lov til.

Mannen tok ein glatt og fin stein og kasta. Den fór i veg og råka stammen på eit stort furutre oppå berget og spratt nesten heilt tilbake til skigarden utafor tunet der mennene stod. Der blei steinen liggjande, og der blei gardgrensa.

OPP NOTAR  

Verdsetjinga

Det var ein gong ein mann og ei kone som levde så godt i hop. Så kom mannen til å tykkje at ho heldt ikkje så mykje av han som ho hadde gjort før; og spurde henne: "Tykkjer du gildt om meg?"

"Ja," svara ho.

"Kor mykje?" sa han.

"Som vinden i varme sola," svara ho.

"Er det noko?" sa mannen; "Då vil vi ikkje vere i hop," sa han. Så laga han seg til og reiste frå henne. Han tok seg opp ei fælt bratt li, og det var så varmt i sola. Då han kom oppå, var han så sveitt at han ville mest bråne. Då kom det i møte ein så kald og sval vind at han aldri hadde kjent noko så godt.

Så tenkte han med seg, "Tykkjer ho så gildt om meg, er det ikkje nokon grunn til å reise." Dermed vende han om, og sia var dei i hop alle sine dagar.

OPP NOTAR  

Tida kom

Det var ei kone som plent skulle over ei elv, men ho kunne ikkje kome over. Så kom det ein mann, og han lovde han skulle setje henne over om han fekk det ho hadde under beltet. Ja, det kunne han alltids få, sa kona, ho trudde ikkje det var noko der.

Men om ei tid forstod ho at ho gjekk med barn, og då forstod ho også kva mann det var som hadde sett henne over elva. Ho gjekk då til presten og klage over korleis det stod til. Presten lovde han skulle gjere kva han kunne når den tida kom.

Det var ein gut kona fekk, og då han var så stor at han kunne snakke, var også tida komen då den vonde skulle hente han. Den natta sette presten guten oppå altaret og gav han ei einebuske med mange bær på i handa, og kva som hende, og kven som kom, skulle han berre seie: "Eg pirkar på bær med krossen på."

Guten så gjorde. Den vonde kom og prøvde seg på allslags måtar; han synte seg i alle slags skikkelsar, stundom som faren og mora til guten, stundom som presten, og stundom som fæle dyr. Men det hjelpte ikkje, guten sat like roleg og sa berre: "Eg pirkar på bær med krossen på." Til slutt så verka det som kyrkja kom i loge og brann opp, men guten sat like roleg då også.

Men då presten tidleg andre dagen kom og lyfte han ned frå altaret, skreik guten som om dei tok livet av han, for han trudde det var den vonde som tok han.

Samlinga NOTAR

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2004–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]   —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]