![]() |
Norske eventyr og segner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Skatten i SølvskogenDET SKAL vere sølv i ein haug i skogen nokså langt austpå. For noen hundre år sia var det eit møllebruk i ein av bekkane i lia nedafor, slik det kunne vere i gamle dagar. Ein kveld heldt møllaren på å male. Då kom ei kone og bad om litt mat, og fekk litt mjøl i posen sin til å koke seg graut av. Kona var fattig og hadde ingen ting å betale med, men møllaren skulle få det ho hadde å gi, sa ho. Og då ho gjekk, tok ho den støvete staven sin og banka i golvet så støvet datt ned. "Dette skal du få for maten eg har fått," sa ho.Då mannen skulle sjå etter kva det var, så var det blankt sølvstøv ho hadde rista av staven sin. Ho hadde sett staven i ein bekk ho gjekk forbi, sa ho, og den bekken var så rik på sølv at berre ho sette staven ned i vatnet, sette det seg mye sølv på staven. Dersom mannen var flink å leite, kunne han finne mye meir. Og folket i Noreg, som var utarma i desse tidene, skulle seinare bli eitt av dei rikaste landa i verda, sa ho også. Men kor den sølvhaldige bekken var, visste ikkje møllaren. Han og mange andre leita etter den sia, og ingen fann noe - kanskje med eitt unntak. For det budde ein meir enn vanlig rik smed ein stad i nærleiken, og han dreiv og selde sølvsaker til folk. Mange undra seg over kor han fekk sølvet frå, men det fekk dei ikkje ut av han. Folk flest meinte han måtte ha fått det ut av skogen. No hende det ein dag at smeden var på eit vertshus for å få seg noe å drikke, og mens han sat slik, kom han til å prate om sølvet, og skrytte av at han kunne sko hesten sin med sølv om han ville. Ja, han lova at neste gong han kom, skulle han kome med sølvskor på hesten. Men på heimvegen blei smeden sjuk og døydde, og løyndommen tok han med seg i grava. Gullgruva på GiskePÅ GISKE skal det finnast ei gullgruve. Tyskarane dreiv den, og det lønna seg bra. Men så kom det krig, og folk var redde for at gruva skulle bli tatt. Dermed blei sjakta styrta igjen. Først blei store eikestokkar slått fast i gruvesjakta, og oppå fylte dei stein og jord. Ein veit berre eitt kjennemerke på kor gruva låg. Ein stad på den høgste fjelltoppen på øya skal ein kunne sjå tre kyrkjer i linje gjennom eit skar i fjellet. Så ligg gruva berre eit steinkast ifrå der ein står.Men heilt sikkert er ikkje dette merket, blant anna for di det er fleire kyrkjer i området no enn før, og noen av dei gamle kyrkjene er borte. Det finst ein grunn til - Ute etter geiter, ikkje etter gullEIN MANN som hadde så mange geiter, skulle ein kveld etter geitene. Då han kom bort til ein tverrbratt berghammar som stakk fram oppi dalsida, fekk han brått sjå ein jutul som stod attmed berget med ei sølvskål med mye gull og sølv i handa, og han rette ut skåla til mannen og ville gi han den.Mannen tok nesten etter skåla, men då jutulen sa at mannen først laut leggje noe av stål i skåla før han kunne få den, tok mannen handa til seg brennkvikt. Av dette meinte jutulen at det skulle følgje fred med den ætta i seks slektsledd for di mannen ikkje ville ha noe gjævt for ingenting, og så blei han borte i berget. Mange år etter var det ein i ætta som helsa på jutulen der ved bergveggen. Han visste at jutulen var sterk i nevane, og hadde lagt ein hestesko inni vanten sin. Så då jutulen handhelsa, ropa han, "Au, au, det er handfaste karar i ætta, kjenner eg." Hesteskoen klemte han heilt saman, men han for straks inn i berget, for di han hadde skadd handa si då han klemte som sterkast. Sia har han knapt nok vore ute av fjellet sitt. Og på ættegarden blei dei aldri plaga av underjordiske sia. Trollet i Hornelen
FJELLET Hornelen på Bremanger var ikkje skilt frå Marøya med eit
sund i gamle tider. Men ein gong Kong Olav kom siglande, baud han klippane vike til side
så han kunne kome gjennom. Det skjedde med det same. Straks sprang det eit troll ut av
berget og skreik:Du der med raudt skjegg,Heilag-Olav stod på stranda og avgjorde tvert: Stå for alltid der i stein,Enno ser ein trollet på toppen av Hornelen. Heilag-Olavs snus og vasskjelder
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I 1028, då kong Olav flykta med båt inn til Valldal og bøygde av
innetter fjorden ifrå Valldalsvika, møtte han ein sjøorm. Den gjorde
alle mennene hans motfalne og sky av seg. Men kongen let seg ikkje skremme; han bykste til
framstamnen av båten, greip ormen og kasta den opp mot Syltefjell-sida. Der blei den
til stein, og minner den dag i dag om underkrafta til Heilag-Olav på flukt.