NORSK DEL, GULLVEKTA  

Norske eventyr og segner

 13 › 1 › 9

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Harehus

OM VINTEREN når det er kaldt, hukrar haren:
      "Huttetu, å huttetu, lever eg til sommaren, skal eg byggje meg hus, byggje meg hus!"
      Men når det er sommar og varmt, sprett den så glad i liene. Då er det ein annan låt.
      "Hus i kvar busk, hus i kvar busk!" seier den då.
      Og så blir det ikkje til at den byggjer den sommaren heller.

OPP NOTAR  



Kong Karls siste ord

Krigarkungen Karl XII
"Var inte rädd!" - Kong Karl XII
DEN SVENSKE krigarkongen Karl XII (den tolvte) kringsette ein gong Halden, og ein dag - det var den 30. november 1718 - ville kongen sjå over festninga ifrå høgda "Overberget" nær ved. Noen meinte vel det kunne vere farlig, for kongen sa: "Ver ikkje redd." [1]
      I Halden-festninga oppdaga folk tre menn til hest på høgda, og skaut etter dei. Mannen i midten fall straks av hesten, dødelig såra. [2]
      Noen sa på svensk, "Jesus, kongen er skoten!" [3]
      Dei to som var med kongen, tok han under armane og førte han ned bakken, og derifrå til Gøteborg på slede. Der såg folk at beina slang på han som på ein død.
  • Kva kan ein seie om ein som steller seg opp så han kan bli skoten ned?
  • Kva kan ein seie om slike som hyllar den som steller seg opp så han kan bli skoten når han kan unngå det?

Ord

  1. Ifølgje boka Deras sista ord, s. 85 [Jf.], var "Var inte rädd!" kong Karls siste ord. Men det er heller tvilsamt.
  2. Det heiter i somme krinsar at kongen døde på flekken, for di halspulsåra hans blei råka. Versjonen der det var ein nordmann som skaut, blir jamt nekta av svenskar, men her er den: "En norsk vaktpost vid namn John Vedlo ska ha sett något röra sig på den svenska sidan och avlossat ett skott. Senare förstod han att det måste ha varit han som sköt den svenske kungen. Han har fått en minnesplatta uppsatt över sig och sitt bragdskott."
  3. Det er mange uklare sider ved kong Karls død. Noen trur til dømes han blei skoten av sine eigne med ein messingknapp frå drakta si, og "den omdiskuterade kulknappen . . . finns på museet i Varberg". Ein generalmajor skal ha fortalt presten mens han låg for døden at han hadde gitt livdrabanten Magnus Stiernroos 500 dukatar for å skyte kongen, og det skulle Magnus ha gjort - men så finst det mange andre som kanskje skulle ha gjort det også - ikkje for Noreg, men av andre grunnar, som å vere grundig lei av kriginga til den kongen.
OPP NOTAR  



Dårlig tapar

heilag-olav DÅ HEILAG-OLAV kom til garden Kugolg, ville han byggje ei kyrkje der. Dette likte ikkje ei gyger [1], som budde i fjellet Gygrehaugen like ovafor garden. Ho spurde derfor kongen om han våga eit veddemål med henne. "Innan du er ferdig med kyrkja, skal eg ha lagt ei steinbru over fjorden nær ved," sa ho.
      Heilag-Olav svara ja til veddemålet, og før gygra var halvferdig med brua, hørte ho klokkene frå kyrkja. Då blei ho så harm at ho treiv steinane ho hadde bore saman til brubygginga, og kasta dei frå Gygrehaugen tvers over fjorden etter kyrkja. Noen fall ned på garden like ved, men ingen av dei råka.

Ord

  1. Gyger kjem frå norrøne førestellingar om naturmakter og slikt. Gygra er ein kvinneleg jotun; eit kvinneleg troll, ei trollkjerring.
OPP NOTAR  



Heilag-Olav og havfrua

DÅ HEILAG-OLAV var i viking, trefte han ei havfrue som pla dysse sjøfolk i søvn med den vene songen sin og så trekke dei ned til seg i sjøen. Ovafor beltet likna ho ei kvinne, nedatil ein fisk, står det.

OPP NOTAR  



Rypa i Jostedalen

DJUPT i Sogn og høgt til fjells ligg ein einsam dal som blir kalla Jostedalen. Då Svartedauden tok til å herje i Noreg, drog mange av dei rikaste og fremste folka i Sogn opp til denne aude dalen. Der busette dei seg og bygde seg gardar. Dei avtala også at ingen av slekta eller vennane deira måtte kome opp til dei så lenge Svartedauden varte, men dei som ville skrive, skulle leggje breva sine under ein stor stein ved inngangen til dalen. Steinen blir enno kalla brevsteinen, og under den skulle dei som skreiv, finne svar.
      Likevel kom Svartedauden til dalen. Alle som budde i dalen strauk med unntatt ei lita jente på garden Bjørkehaug.
      Då folket var utdøydd, søkte bølingen til skogs og kom sia flokkvis til nabosoknet Våge. Dei som budde der, blei forbausa over å sjå dei fremmende dyra som ingen eigar leita etter. Men dei tok vare på dyra. Sia dei ottast at det ikkje stod vel til i Jostedalen, drog noen dit. Same kor dei kom, fann dei folket utdøydd og husa tomme. Etter at dei hadde vore innom dei fleste gardane utan å ha funne noen overlevande, gav dei opp vona om å treffe noen, og ville til å gå heimover. Då fekk dei sjå ei jente som hadde søkt tilflukt i Bjørkehaugskogen då ho fekk sjå dei fremmende. Dei ropa til henne, men då blei ho så redd som eit oppjaga vilt og flydde djupare inn i skogen for å løyne seg.
      Etter mye strev klarte dei likevel å fakke henne. Jenta var sky og vill som ein fugl, og derfor kalla dei henne Rypa. Talen hennar kunne dei berre så vidt skjøne [2]. Dei tok jenta med seg til Våge. Der blei ho oppfostra og skikka seg vel.
      I noen år deretter budde det ingen Jostedalen. Så kom det noen nordfjordingar dit og rydda dei gamle engene og åkrane. Då Rypa blei gammal til det, drog ho til fødestaden sin, gifte seg og levde der til ho døde. Etter henne kom ei gjæv og akta ætt, som i mange hundreår etter henne blei kalla Rypeslekta. Jamvel ein av lensmennene i Jostedalen sa han stamma frå den.

Ord

  1. Rypa er eit kvinnenamn ein finn i Landnåmsboka, skriv Andreas Faye.
  2. Sognemål slit til dømes trønderar med den dag i dag.
OPP NOTAR  



Langt uti havet

DET LIGG store, vide fiskegrunner utafor Furskøya, og eit fiskevær so folk har dradd ifrå også. Her budde i gamle dagar fleire huslydar. Det var over ei mil til næraste granne, og ofte kunne det gå fleire veker til ein kunne dra dit med båt vintertid:
      Ein blank og fin helgedag det var preike i kyrka på naboøya, stemde ein båt fullasta med mest alle ifrå været til kyrka. Det var eit brurepar med om bord. Brura hadde lyst, bølgjande hår, men ho forsto seg også på å trolle. Det skjøna presten då dei duppa oblatane i vinen og murra kraftig før dei svelgde ned, og dermed ønskte han følgjet nord og ned.
      Heim frå kyrka stemna dei utanom Furskøy for å gjøre vegen kortare. Men på nordvestkanten av Furskøy var ein farlig båe [1] som kunne liggje still fleire båredrag, til båra med eitt reiste seg braut med brott og brenning over båen. Over denne båen stemde brurebåten mens sjøen låg heilt rolig. Men mens båten skar over båen, drog havet seg attende så båten hogg med kjølen mot berget. Og før folka kunne kome seg laus, kom havbåra brytande så båten kvelva og alle drukna.
      Den vene brura blei funnen, og båen blei sia kalla Brurebåen. På fiskeværet var no det att berre ein gammal mann, to kvinner og eit lite barn. Etter den triste hendinga flytte dei alle derifrå, og sia har ingen halde til fast der.
  • Det hender så mangt på sjøen, sa kobben, han blei skoten i auget.

Ord

  1. Båe: grunne, blindskjer som sjøen bryt over.
OPP NOTAR  



Reformasjonen i Noreg var lite kjekk

Bakgrunnen: Ledd i undertrykking

DANSKE høvdingar fengsla dei katolske bispane i Noreg, jaga munkane ut av klostra, øydela helgenbileta, og for fram med slik vald at dei ikkje gjorde den nye læra likt. I hjertet heldt det norske folket fram med å vere katolsk i lang tid og såpass fiendtlig til dei nye prestane kongen innsette, at folk i Danmark trudde at nordmennene slo dei evangeliske prestane sine i hel.
      Peder Claussen skriv: "Eg har kjent ein . . . faren hans hadde slått i hel tre prestar."
      I Setesdal laut presten Lauritz Hansen fly for folket. Ettermannen hans blei myrda i kyrkja av lensmannen. Folket laut tvingast til å ta imot lutheransk lærdom - alt mens avsette munkar gjekk og tigga.
      Somme prestar skjelte ut bøndene frå preikestolen, og somme blei hata og forfølgt og måtte flykte.

OPP NOTAR  



Herr Erik

DEN FØRSTE presten i Nes i Hallingdal etter reformasjonen var Herr Erik. Han streva fælt med å utrydde "den papistiske [1] overtrua" i folket. Det blei ei ynkelig tid med mye gråt, skriv Faye.
      I Flå anneks hadde bøndene to helgenbilete som dei tilbad med mye andakt og heldt høgt i ære. Men då Herr Erik fekk vite om dette, tok han helgenbileta under gudstenesta og kaste dei i elva som rann forbi der, alt mens han klandra soknefolka for den forfengelige trua deira på desse avgudane.
      Kvinnene ropa og gret, "Du har tatt gudane våre vekk!"
      Til gjengjeld hata og forfølgde dei han, i sær kvinnene.

Ord

  1. Papist: katolikk, tilhenger av pavedømme. Ordet 'papisme' har også blitt brukt nedsetjande om katolisisme og pavedyrking.
OPP NOTAR  


BØLGJE

Litteratur  
      Green, Jonathon, red.: Deras sista ord. Swedala. Trelleborg, 1987.

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2004–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]