NORSK DEL, GULLVEKTA  

Norske eventyr og segner

 13 › 1 › 9

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Gudbrand i Lia

Dumsnille kan få det godt i lag, berre andre er dummare og vil betale det ...
Eventyrlærdom DET VAR ein gong ein mann som heitte Gudbrand; han hadde ein gard som låg langt borti ei åsli, og derfor kalla dei han Gudbrand i Lia. Han og kona hans levde så godt saman og var så godt forlikte at alt mannen gjorde, syntest kona var så velgjort at det aldri kunne gjørast betre; korleis han så bar seg åt, var ho like glad i det. Dei åtte jordvegen sin, og hundre dalar hadde dei liggjande på kistebotnen, og i fjøset stod to klavebundne kyr.
      Men så sa kona ein dag: "Eg synest vi skulle reise til byen med den eine kua og selje ho, eg, så vi kunne få oss noen handpengar. Vi er så bra folk at vi godt kan ha noen pengar under hendene, slik som andre har. Dei hundre dalarane som ligg på kistebotnen, kan vi ikkje ta hol på, men eg veit ikkje kva vi skal med meir enn ei ku. Og litt vinn vi ved det også at eg slepper å stelle ei, i staden for at eg har gått og moka og vore i sving til to."
      Ja, det syntest Gudbrand var både vel og rett tala. Han tok kua og gjekk til byen med og skulle selje den.
      Men då han kom til byen, var det ingen som ville kjøpe ku.
      "Å, ja, tenkte Gudbrand, så kan eg gå heim att med kua, eg; eg veit eg har både bås og klave, og det er like langt att og fram," og dermed gav han seg til å rusle heimetter att.
      Men då han hadde komme eit stykke på vegen, møtte han ein som hadde ein hest han skulle selje. Så syntest Gudbrand det var betre å ha hest enn ku, og så bytte han med han. Då han hadde gått eit stykke lenger, møtte han ein som gjekk og dreiv ein feit gris framfor seg, og så syntest han det var betre å ha feit gris enn hest, og bytte med mannen. Han gjekk så eit stykke til; så møtte han ein mann med ei geit. Og så tenkte han det saktens var betre å ha geit enn gris, og derfor bytte han med han som hadde geita. Så gjekk han eit langt stykke, til han møtte ein mann som hadde ein sau; med han bytte han, for han tenkte: "Det er alltid betre å ha sau enn geit.! Då han no hadde gått ei stund att, møtte han ein mann med ei gås; så bytte han bort sauen med gåsa. Og då han hadde gått eit langt stykke, møtte han ein mann med ein hane; med han bytte han, for han tenkte som så: Det er alltid betre å ha hane enn gås. Så gjekk han til det lei langt ut på dagen. Då tok han til å bli svolten, og så selde han hanen for femti øre [A] og kjøpte seg mat for dei. "For det er då betre å berge liv enn å ha hane," tenkte Gudbrand i Lia.
      Så gjekk han vidare heimetter til han kom til næraste grannegarden; der gjekk han innom.
      "Korleis har det gått deg i byen?" spurde folka.
      "Å, det har no gått så som så," sa Gudbrand i Lia; "ikkje kan eg rose lykka mi og ikkje kan eg laste den heller," og dermed fortalde han det heile, korleis det hadde gått frå først til sist.
      "Ja du blir då fælt motteke når du kjem heim til kona di," sa mannen på garden. "Hjelpe deg! ikkje ville eg vere i din stad."
      "Eg synest det kunne gått mye verre, eg," sa Gudbrand i Lia; "men anten det no er gått ille eller vel, så har eg så snill kone at ho aldri seier noe, korleis eg så ber meg åt."
      "Ja, det veit eg visst, men ikkje for det eg trur det," sa grannen.
      "Skal vi vedde på det?" sa Gudbrand i Lia; "eg har hundre dalar liggjande heime på kistebotnen, torer du halde likt imot?"
      Ja, dei vedda, og så blei Gudbrand der til om kvelden. I mørkninga rusla dei saman bortover til garden hans Gudbrand. Der blei grannemannen ståande utafor døra og lyde, mens mannen gjekk inn til kona si.
      "God kveld," sa Gudbrand i Lia då han kom inn.
      "God kveld," sa kona; "å gudskjelov er du der!"
      Ja, han var då det.
      Så spurde kona korleis det hadde gått han i byen.
      "Å, så som så," svarte Gudbrand, "det er ikkje noe å skryte av. Då eg kom til byen, var det ingen som ville kjøpe ku, så bytte eg bort kua mot ein hest, eg."
      "Ja, det skal du no ha takk for," sa kona; "vi er så bra folk at vi kan kjøre til kyrkje, vi likså vel som andre, og når vi har råd til å halde hest, kan vi då vel leggje oss til ein. Gå ned og sett inn hesten, barn!"
      "Ja," sa Gudbrand, "eg har nok ikkje hesten, eg, for då eg kom eit stykke på vegen, bytte eg den bort for ein gris."
      "Nei, nei!" ropte kona, "det var då rettelig som eg sjølv skulle gjort det; det skal du jamen ha takk for! No kan vi få flesk i huset, og noe å by folk når dei ser innom til oss, vi òg. Kva skulle vi med hesten? Så ville folk seie vi var blitt så store på det at vi ikkje lenger kan gå til kyrkje som før. Gå ned og sett inn grisen, barn!"
      "Men eg har nok ikkje grisen heller," sa Gudbrand; "då eg kom eit stykke lenger, bytte eg den bort med ei mjølkegeit."
      "Å nei, å nei, så vel du gjør allting," ropte kona. "Kva skulle eg med grisen, når eg no tenkjer meg om? Folk hadde berre sagt: der borte et dei opp alt dei har; nei no har eg geit, så får eg mjølk og ost, og geita beheld eg enda. Slepp inn geita, barn!"
      "Nei, eg har nok ikkje geita heller, eg," sa Gudbrand; "då eg kom eit stykke på vegen, bytte eg bort geita og fekk ein dyktig sau i staden."
      "Nei!" ropte kona, "du har gjort det nett som eg skulle ønskje meg alt, akkurat som eg sjølv skulle ha vore med. Kva skulle vi med geita? Eg måtte klive i berg og dalar og få den ned att til kvelds. Nei, har eg sau, kan eg få ull og klede i huset, og mat også. Gå ned og slepp inn sauen, barn!"
      "Men eg har nok ikkje sauen lenger, eg," sa Gudbrand, "for då eg hadde gått ei stund, bytte eg den bort mot ei gås!"
      "Takk skal du ha for det," sa kona, "og mange takk også! Kva skulle eg med sauen? Eg har jo verken rokk eller tein [B], og ikkje bryr eg meg om å slite og slepe og lage i stand klede heller; vi kan kjøpe klede no som før. Dermed får eg gåseflesk, som eg lenge har stunda etter, og no kan eg få dun til den vesle puta mi. Gå ned og slepp inn gåsa, barn!"
      "Ja, eg har nok ikkje gåsa heller, eg," sa Gudbrand; "for då eg hadde komme eit stykke lenger på vegen, bytte eg den bort for ein hane."
      "Ikkje veit eg korleis du har funne på alt det," ropte kona; "det er alt saman som eg hadde gjort det sjølv. Ein hane! Det er det same som du hadde kjøpt eit åttedagsur; for kvar morgon gjel hanen klokka fire, så kan vi også kome på beina i rette tid. Kva skulle vi vel med gåsa? Ikkje kan eg lage til gåseflesket, og puta mi kan eg jo fylle med storr [C]. Gå ut og slepp inn hanen barn!"
      "Men eg har nok ikkje hanen heller eg," sa Gudbrand; "for då eg hadde gått enda eit stykke, blei eg skrubbsvolten, og så måtte eg selje hanen for femti øre for å berge livet."
      "No gudskjelov for du det gjorde!" ropte kona; "korleis du steller deg, gjør du allting nettopp som eg kunne ønskt det fram. Kva skulle vi også med hanen? Vi er jo våre eigne herrar; vi kan liggje om morgonen så lenge vi vil. Gudskjelov - når eg berre har fått att deg, som steller alt så godt, treng eg verken til hane eller gås, verken til gris eller ku."
      Så lét Gudbrand opp døra.
      "Har eg vunne dei hundre dalarane no?" sa han, og det måtte grannen tilstå at han hadde.

      ♦ Ubalansert kone trivst med ruin.

Ord

  1. Femti øre her er omrekna frå skilling: summen kan ha vore ti og tretti gongar meir verdt den tida, skal du sjå.
  2. Tein: primitiv handreiskap til å spinne med, laga av ein konisk trestuv med ei tung svingskive.
  3. Storr: Grasliknande plante.
OPP NOTAR  



Buskebrura

Eventyrlærdom DET VAR ein gong ein enkjemann som hadde ein son og ei dotter etter den første kona si. Begge var dei snille barn, og begge heldt dei hjertelig av kvarandre.
      Etter ein tid gifta mannen seg att. Då fekk han ein enkje som hadde ei dotter etter den første mannen; ho var både stygg og vond, og det var mora også. Frå då den nye kona kom i huset, var det ikkje fred å få for mannbarna i noen krok, og så tenkte guten det var best å dra ut i verda og prøve å tene brødet sitt sjølv. då han hadde gått ein tid, kom han til kongsgarden. Der fekk han teneste hos stallmeisteren. Dugelig og hendig var han, så hestane han stelte, var så feite og blanke at det skein i dei.
      Men søstera som var att heime, hadde det verre enn vondt. Både stemora og kjerringdottera var etter henne kor ho gjekk og sto; dei skjelte og smelte, og aldri hadde ho ein times fred. Alt det tyngste arbeidet laut ho gjøre, vondord fekk ho seint og tidlig, og lite mat til.
      Ein dag hadde dei sendt henne til bekken etter vann. Så kom det eit stygt fælt hovud opp over vasskorpa.
      "Vask meg du!" sa hovudet.
      "Ja, eg skal gjerne vaske deg," sa manndottera, og tok på å gni og vaske det stygge fjeset, men eit fælt arbeid syntest ho det var.
      Då ho vel hadde gjort det, kom det eit anna hovud opp i vasskorpa, det var enda fælare.
      "Børst meg du!" sa hovudet.
      "Ja, eg skal gjerne børste deg," sa jenta, og ga seg i kast med hårtustane, men noe morosamt arbeid var ikkje dette.
      Då ho hadde gjort frå seg det, kom det eit enda fælare og styggare hovud opp i vasskorpa.
      "Kyss meg du!" sa hovudet.
      "Ja, eg skal kysse deg," sa manndottera, og det gjorde ho også; men ho syntest det var det verste arbeidet ho hadde gjort i livet sitt.
      Så snakka det eine hovudet til det andre, og dei spurte kvarandre kva dei skulle gjøre med den som var så godvis. [X]
      "At ho blir den finaste jenta som er til, og så kvitleitt [X] som den lyse dagen," sa det første hovudet.
      "At det drys gull av håret kvar gong ho børstar seg," sa det andre.
      "At det fell gull ut av munnen kvar gong ho talar," sa det tredje hovudet.
      Då nå manndottera kom heim så vakker og lysleitt som dagen, blei stemora og dottera hennar enda argare, og verre blei det då ho tala og dei såg det fall gullpengar av munnen hennar. Stemora blei så flygande gal at ho jaga manndottera til grisehuset, der skulle ho vere med gullstasen sin, men inn i stova fekk ho ikkje lov å setje foten sin.
      Det varte nå heller ikkje lenge før mora ville ha rettedottera til bekken etter vann. Då ho kom der med byttene sine, kom det første hovudet opp i vasskorpa.
      "Vask meg du!" sa det.
      "Rakkaren [A] vaske deg!" sa rettedottera. Så kom det andre opp.
      "Børst meg du!" sa hovudet.
      "Rakkaren børste deg!" sa rettedottera. Så det til botnar, og det tredje hovudet opp.
      "Kyss meg du!" sa hovudet.
      "Rakkaren kysse deg, din muletrut!" sa jenta.
      Så snakka hovuda til kvarandre igjen, og spurte kva dei skulle gjøre ved den som var så vrangvis; og så blei dei samrådde om at ho skulle ha to og ein halv meters nase, tre meters trut og ein trollbusk midt i skallen, og kvar gong ho snakka, skulle det falle oske ut av munnen på henne.
      Då ho kom heim til stovedøra med vassbyttene, ropte ho inn til mora: "Lat opp!" sa ho.
      "Lat opp sjølv, rettedotter mi!" sa mora.
      "Eg når ikkje fram for nasen!" sa dottera.
      Då mora kom ut og fekk sjå henne, skreik og bar ho seg; men nasen og truten blei ikkje mindre for det.
      Bror til manndottera, han som tente i kongsgarden, hadde teikna søstera; den teikninga hadde han med seg, og kvar morgon og kveld låg han på kne framfor teikninga og ba til Gud for søstera, så glad var han i henne. Dei andre stallgutane hadde hørt dette, så kikka dei gjennom nøkkelholet inn i kammerset hans, og såg at han låg på kne for ei teikning der. Så sette dei ut at guten kvar morgon og kveld låg og ba til eit avgudsbilete han hadde, og til sist gjekk dei til kongen og ba at han skulle kikke gjennom nøkkelholet inn til guten, så skulle han få sjå. Kongen ville ikkje tru det; men langt om lenge fekk dei overtalt han, og han lurte seg på tærne bort til døra og kikka. Jo, han såg guten låg på kne, og biletet hang på veggen, og hendene hadde han knept i hop.
      "Lat opp!" ropte kongen.
      Men guten hørte ikkje.
      Så ropte kongen andre gongen; men guten ba så hjertelig at han ikkje hørte det enda.
      "Lat opp, seier eg!" ropte kongen att, "det er eg som vil inn."
      Ja, så sprang guten til døra og låste opp, og i skundinga glømte han å gjømme teikninga. Då kongen kom inn og fekk sjå den, blei han stående som fastnagla og kunne ikkje røre seg av flekken, så vent syntest han biletet var.
      "Så vent eit kvinnfolk finst ikkje i verda," sa kongen.
      Men guten fortalde at det var søster hans som han hadde teikna av, og var ho ikkje venare, så var ho slett ikkje styggare, sa han.
      "Ja, er ho så ven, så vil eg ha henne til dronning," sa kongen, og bydde guten at han skulle reise heim etter henne på timen, og endelig ikkje vere lenge om vegen. Guten lovte han skulle skunde seg alt han kunne, og reiste av stad frå kongsgarden.
      Då broren kom heim og skulle hente søstera sin, ville stemora og rettedottera hennar også vere med. Dei reiste då alle saman, og manndottera hadde med seg eit skrin som ho hadde gullet sitt i, og ein hund som heitte Vesle Kavern; dei to tinga var heile morsarven hennar. Då dei hadde reist ein stund, skulle dei over sjøen, og broren sette seg bak ved roret, og mora og begge søstrene sat framme i båten, og så sigla dei både langt og lenge.
      Om ein tid kunne dei sjå ei strand. "Der de ser den kvite stranda, skal vi i land," sa broren og peika utover sjøen.
      "Kva er det broren min seier?" spurte manndottera.
      "Han seier du skal kaste skrinet ditt uti," sa stemora.
      "Ja, når broren min seier det, får eg vel gjøre det," sa manndottera, og så kasta ho skrinet.
      Då dei no hadde sigla ein stund att, peika broren utover sjøen att. "Der ser de slottet vi skal til," sa han.
      "Kva er det broren min seier?" spurte manndottera.
      "Nå seier han du skal kaste hunden din på sjøen," svarte stemora.
      Manndottera gret og var ille ved, for Vesle Kavern var det kjæraste ho hadde i verda - men endelig kasta ho den overbord.
      "Når broren min seier det, får eg vel gjøre det; men Gud skal vite kor nødig eg kastar deg ut, Vesle Kavern!" sa ho.
      Så sigla dei eit godt stykke att.
      "Der ser du kongen kjem for å ta imot deg," sa broren og peika imot stranda.
      "Kva er det bror min seier?" spurte søstera att.
      "Nå seier han du skal skunde deg og kaste deg sjølv uti," svarte stemora.
      Ho bar seg ille og gret; men når broren hennar sa det, syntest ho at ho måtte gjøre det, og så hoppa ho i sjøen.
      Då dei nå kom til kongsgarden, og kongen fekk sjå den fæle brura med to og ein halv meters nase og to meters trut og ein busk midt i skallen, blei han reint fælen. Men bryllaupet var ferdig, både med brygg og bakst, og bryllaupsfolka sat og venta, og så måtte kongen ta henne, slik ho var. Men vond og vill var han, og derfor fekk han guten kasta lukt i ormegarden.
      Første torsdagskvelden etter kom det ei ven jomfru inn på kjøkkenet i kongsgarden og ba så vakkert kokkejenta som låg der, om å få låne ei børste. Det fekk ho, og så børsta ho håret sitt så gullet draup. Ein liten hund følgde med henne, og til den sa ho: "Gå ut, Vesle Kavern, og sjå om det snart er dag!" Det sa ho tre gongar, og den tredje gongen ho sende ut hunden, var det ved dei tider ein ny dag tok til å gråne. Då laut ho bort, men med det same ho gjekk sa ho:
"Hutt! du stygge buskebrur,
som skal liggje i kongens arm!
Eg i grus og sand,
og broren min i ormegard, dessutan gråt!"
"No kjem eg att to gongar til, og så aldri meir," sa ho.
      Om morgonen fortalde kokkejenta det ho hadde sett og hørt, og så sa kongen at neste torsdagskvelden ville han sjølv vake i kjøkkenet og sjå om det var sant. Og då det vel hadde tatt til å mørkne, kom han ut i kjøkkenet til jenta. Men alt han gneid augene og prøvde å halde seg vaken, så hjelpte det ikkje; for buskebrura tralla og song så augene hans seig i hop, og då den vakre jomfrua kom, sov han så han snorka. Liksom første gongen fekk ho låne ei børste og børsta håret sitt med den så gullet draup, og så sende ho ut hunden tre gongar, og då det lysna gjekk ho. Med det same ho gjekk, sa ho dei same orda som gongen før:
"Hutt! du stygge buskebrur,
som skal liggje i kongens arm!
Eg i grus og sand,
og broren min i ormegard, dessutan gråt!"
"No kjem eg att to gongar til, og så aldri meir," sa ho.
      Den tredje torsdagskvelden ville kongen vake att. Då sette han to mann til å halde seg, ein under kvar arm, dei skulle riste han og nappe i han kvar gong han ville til å sovne, og to mann sette han til vakt over buskebrura. Men då det lei utpå kvelden, tok buskebrura på å tralle og syngje igjen så augene hans heldt på å late seg att og hovudet hang ned til den eine sida. Så kom den vakre jomfrua og fekk børsta og børsta håret sitt så gullet draup, og så sende ho ut Vesle Kavern for å sjå om det snart var dag, og det gjorde ho tre gongar. Tredje gongen tok det til å lysne, og då sa ho:
"Hutt! du stygge buskebrur,
som skal liggje i kongens arm!
Eg i grus og sand,
og broren min i ormegard, dessutan gråt!"
"No kjem eg aldri meir hit," sa ho, og så ville ho gå. Men dei to mennene som heldt kongen under armane, greip over hendene hans og klemte kniven inn i neven på han, og så fekk han skore henne i veslefingeren, så mye at ho blei rett [B].
      Då var rette brura frelst, og kongen vakna. Ho fortalde han korleis alt hadde gått til, og korleis stemora og kjerringdottera hadde svike henne. Straks blei bror hennar tatt ut av ormegarden - han hadde ormane ikkje gjort minste skade - og stemora og rettedottera hennar blei kasta dit ned i staden. Men ingen kan seie kor glad kongen var då han blei av med den stygge buskebrura og fekk att ei dronning som var så vakker og lys som sjølve dagen. No blei det rette bryllaupet halde, og det så det blei hørt og snakka om over sju kongerike. Kongen og brura hans kjørte til kyrkje, og Vesle Kavern sat også i vogna. Då vigselen var over, kjørte dei heim att, men sia var eg ikkje med dei lenger.

Ord

  1. Rakkaren vil seie fanden i slik ein samanheng.
  2. Rett: Her stod 'blodvekt'.
OPP NOTAR  



Tru og Utru

Eventyrlærdom DET VAR ein gong to brør, den eine heitte Tru og den andre Utru. Tru var ærlig og god støtt, men Utru var vond og full av løgn, så dei aldri kunne lite på det han sa. Mora var enkje og hadde ikkje stort å leve av, og då sønene var blitt vaksne, måtte ho ha dei frå seg så dei sjølv kunne tene brødet sitt ute i verda. Kvar av dei ga ho ei liten skreppe [A] med mat, og så skulle dei i veg.
      Då dei hadde gått til om kvelden, sette dei seg på eit vindfall [B] i skogen og tok fram skreppene sine, for svoltne var dei etter å ha gått heile dagen, og så syntest dei at no skulle ein matbit smake godt.
      "Vil du som eg, et vi først av di skreppe så lenge det er noe i den, så kan vi sia ta frå mi," sa Utru. Ja, det var Tru nøgd med, og så åt dei. Men alt det beste såg Utru til å få putta i seg, og Tru fekk berre skorpene og dei brente lefsestykka og fleskesvorane. Om morgonen åt dei att av maten til Tru, og om middagen også; men så var det ikkje meir i skreppa hans.
      Då dei så hadde gått til ut på kvelden og skulle til å få seg mat att, ville Tru ete av broren si skreppe; men Utru sa nei, og meinte at den maten var hans, og at han ikkje hadde meir enn han godt trengte sjølv.
      "Ja, men du fekk jo ete av mi nisteskreppe så lenge det var noe i den," sa Tru.
      "Ja, når du er slik ein tosk og lar andre ete opp for deg, kan du ha det så godt," meinte Utru; "no kan du sitje der og sikle no," sa han.
      "Å ja, Utru heiter du og utru er du, og det har du vore all di tid også," sa Tru.
      Då Utru hørte det, slo han seg sint og rauk like på broren og stakk ut begge auga på han. "No kan du sjå om folk er tru eller utru no, din blindebukk," sa han, og dermed strauk han frå han.
      Tru, stakkar, han gjekk no der og trivla seg fram midt i tjukke skogen; blind og aleine var han, og ikkje visste han kva han skulle ta seg til. Men så fekk han tak i eit stort tjukt lindetre, og så tenkte han at det fekk han klive opp i og setje seg der natta over, for villdyra. "Når fuglane tek til å synge, så er det dag, og så får eg vel prøve å trivle meg vidare fram," tenkte han, og så kleiv han opp i linda. [C]
      Då han hadde sete der ei stund, hørte han det kom noen og tok til å koke og stelle nedunder treet, og straks etter kom det fleire, og då dei helste på kvarandre, hørte han det var bjørnen og ulven, reven og haren som kom og skulle halde jonsokleik der. Dei ga seg til å ete og leve godt, og då dei var ferdige med ålet, sette dei seg til å snakke saman.
      Så sa reven: "Skal vi ikkje no fortelje ein liten stubb kvar, mens vi sit her?"
      Jo, det syntest dei andre godt om, det kunne vere morosamt, sa dei, og så la bjørnen i veg - for han var nå den gjævaste -: "Kongen av England har så dårlige auge," sa bamsen, "han kan nesten ikkje sjå noe som helst; men dersom han kom opp i denne linda om morgonen mens det var dogg på blada, og han tok av doggen og smurde på auga sine, så fekk han synet sitt att så godt som han noen tid har hatt det."
      " Ja," sa ulven, "kongen av England har ei døvstum dotter også; men visste han det eg veit, så fann han snart på råd for henne. I fjor då ho gjekk til alters, så spytta ho ut att brødet, og det kom ei stor padde og slukte; men om dei berre grev under golvet, så finn dei padda, ho sit beint under altarbenken, og brødet sit i halsen på henne enno. Om dei skjer opp padda og te brødet og gir kongsdottera, så blir ho som andre folk att både til å høre og tale."
      "Ja, ja," sa reven, "om kongen av England visste det eg veit, så hadde han ikkje vondt for vatn i kongsgarden sin; under den store steinen midt i garden hans er det klaraste kjeldevatn noen kan ønske seg, berre han visste å grave der."
      "Ja," sa haren, "kongen av England har den venaste frukthagen i heile landet, men den ber ikkje så mye som eit eplekart ein gong; for det ligg ei svær gullkjede tre gongar rundt om hagen. Fekk han grave opp den, så blei det den gildaste hagen i heile riket hans."
      "Men no er det langt på natt, og vi får nok heim att no," sa reven, og så gjekk dei sin veg alle saman.
      Då dei hadde gått, så sovna Tru der han sat oppi linda; men då fuglane tok til å syngje om morgonen, vakna han att, og så tok han dogg av blada på treet og smurde auga sine med; då såg han like godt som før Utru stakk dei ut på han.
      Så gjekk han like til kongen av Englands gard og ba om teneste, og det fekk han med ein gong.
      Ein dag kom kongen ut på tunet, og då han hadde gått der ute ei stund, ville han drikke av den handdrivne vasspumpa si, for det var heitt om dagen og han var blitt tørst. Men då dei auste opp vatnet til han, var det både gjørmete og seigt og stygt. Det blei kongen reint harm over.
      "Eg trur ikkje det er ein mann i heile riket mitt som har så dårlig vatn i garden sin, og enda må eg leie det lang veg over berg og dalar!" sa kongen.
      "Ja, men når du vil la meg få folk til å bryte opp den store steinen som ligg her midt på garden, skulle du nok få både mye og godt vatn," sa Tru.
      Ja, det var kongen straks klar til, og aldri før hadde dei fått opp steinen og grave ei stund, så sto vassspruten beint i veret, så klar og tjukk som den skulle kome av ei tønneture [D]; og klarare vatn fanst ikkje i heile England.
      Ein tid etter var kongen nedpå garden att; så kom det ein stor hauk flygande etter hønsa hans, og alle til å klappe i hendene og skrike: "Der flyg han! Der flyg han!" Kongen greip børsa og la til å sikte; men han kunne ikkje sjå så langt. Så blei han reint ute av det. "Gud gi noen kunne seie meg råd for auga mine! Eg meiner snart eg blir reint blind," sa kongen.
      "Det skal nok eg seie deg," sa Tru, og så fortalde han korleis han hadde bore seg at; og kongen reiste då til linda same kvelden, og bra blei han med det same han hadde smurt seg med doggen som låg på blada om morgonen.
      Sia var det ingen kongen heldt så gjev som han Tru; han måtte vere med han kor han gjekk og sto, både heime og borte.
      Så var det ein dag dei gjekk i hagen saman.
      "Eg skjønnar ikkje korleis det går til eg," sa kongen; "det er ikkje noen mann i England som kostar så mye på hagen sin som eg, og enda kan eg ikkje få eit einaste tre til å bere så mye som ein kart.
      "Ja, ja," sa Tru, "får eg berre det som ligg tre gongar rundt om hagen din, og folk til å grave det opp, så skal nok hagen bere."
      Ja, det ville kongen gjerne; Tru fekk folka, og til å grave, og så fekk han til sist opp heile gullkjeda. Nå var Tru ein grunnrik mann, mye, mye rikare enn kongen sjølv, men kongen var enda vel nøgd, for no bar hagen så greinene hang like ned på bakken, og så søte eple og pærer hadde aldri noen smakt.
      Ein ny dag gjekk Tru og kongen og snakka saman; så kom kongsdottera gåande forbi dei, og kongen blei reint sørgmodig då han så henne.
      "Er det ikkje synd at så vakker ei kongsdotter som mi er, skal mangle mål og mæle?" sa han til Tru.
      "Ja, men det er råd for det," sa Tru.
      Då kongen fekk høre det, blei han så glad at han lovte han kongsdottera og halve riket dersom han kunne få henne god att.
      Tru fekk med seg eit par mann bort til kyrkja og grov fram padda som sat under den låge altarbenken, skar henne opp og tok ut brødet og ga kongsdottera det - så blei ho som andre folk att, og tok til å tale før det hadde gått ein time.
      No skulle då Tru ha kongsdottera, og det blei laga til bryllaup, for det skulle haldast så det både kunne hørast og spørjast over heile riket.
      Mens dei så heldt på å danse i bryllaupet, kom det ein fattiggut og ba om ein matbit, og han var så fillete og ynkelig å sjå på at alle krossa seg over han; men Tru kjente han att med ein gong og såg at det var Utru, broren hans.
      "Kjenner du att meg?" sa Tru.
      "Å, kor skulle eg ha sett så stor ein herre, eg då?" sa Utru.
      "Sett meg har du likevel," sa Tru; "det var meg du stakk auga ut på, for eit år sia i dag. Utru heiter du og utru er du, det sa eg og det seier eg enno; men du er no bror min likevel, og derfor skal du få litt mat, og så kan du gå til det lindetreet der eg sat i fjor. Får du så høre noe som kan gjøre lykka di, så er det deg vel unnt."
      Ja, det slapp han å seie Utru to gongar. "Har han Tru hatt slik nytte av å sitje i lindetreet at han er blitt konge over halve England sia i fjor, så -," tenkte han. Han la i veg og kom til linda, og den kleiv han opp i.
      Han hadde ikkje sete der lenge, så kom alle dyra og åt og drakk og heldt jonsokleik nedunder treet att. Då dei hadde ete frå seg, ville reven at dei skulle til å fortelje historier, og då kan det vel hende han Utru la til å lyde, og det så øyra var ferdige til å dette av han. Men bjørnen var sint han, og brumma og sa: "Noen har sladra om det vi fortalde i fjor, og derfor vil vi no teie med det vi veit." Og så ba dyra god natt og gjekk frå kvarandre, og Utru var like klok.
      Det var for han heitte Utru, og var Utru, det.

Ord

  1. Skreppe: stor lêrveske til å bere på ryggen eller ved sida; ransel, ryggsekk.
  2. Vindfall: nedblåse tre (med greiner); rotvelte.
  3. Lind: Det finst mange slags lind. Blada er rundleitt hjerteforma. Tilia cordata veks vill i Norge. Om bruken av lindeblomster:
          (a) I homøopati: Homøopatisk lind (Tilia europaea, Linden): "Of value in muscular weakness of the eye [...] Neuralgia [...] with veil before eyes. Confusion, with dimness of vision. [...] Sensation as of gauze before eyes [...] Binocular vision imperfect. [...] Worse, [...] in warm room". [Check] Ja, her "ser" ein iallfall noe som liknar kongens synsplager. Mot blindskap skal ein ikkje rekne lindeblad-dogg som midt i blinken likevel, det kan ein kanskje tenkje seg ...
          (b) I Dr. Bach's blomstermedisin: Kjerna i tilverkinga er i grunnen sameleis som "dogg frå lind" i dette eventyret, men når det gjeld bruken, skil den seg. Om Dr Edward Bach heiter det: "Mens han gjekk tur, fekk han ein inspirasjon om at doggdropar på ein plante som blei oppvarma av sola, ville ta opp i seg lækjande eigenskapar frå planten. Han hevda at alt han trengte å gjøre var å halde ein blomst eller smake eit kronblad, så kunne han intuitivt fatte lækjekreftene som var der. Frå desse intuisjonane gjekk han vidare til å lage til "essensar" ved å bruke reint vatn og plantar. (Mi omsetjing)" [Sjekk] Men i staden for å samle dogg frå blad, har ein blad og liknande i ein bolle vatn, let dette stå i sola i noen timar, og vips har vi enda eit Bach-middel tilverka etter det vi kallar solmetoden. Det finst 38 Bach-middel. Lind hører ikkje med til dei, men alm og lerk mellom ein heil del andre.
          (c) I urtemedisin seier dei at te av lindeblomster kan ha verknad mot øyreinfeksjonar og litt av kvart anna, men nok ikkje synet. [Sjekk]
  4. Tønneture: trerøyr til å setje tappen i på ei tønne.
OPP NOTAR  



Jomfrua på glasberget

Eventyrlærdom DET VAR ein gong ein mann, han hadde ei slåtteng som låg langt oppi lia ein stad, og på den enga sto ei høyløe han hadde å berge foret i. Men det hadde ikkje vore stort i løa dei siste åra; for kvar jonsoknatt når graset sto gildast og frodigast, blei slåttenga reint svartbeita som ei heil drift skulle gått der og gnaga om natta. Det hende ein gong, og det hende to gongar; men så blei mannen lei av det og sa til sønene sine—han hadde tre, og den tredje var Oskeladden, kan du vite,—at no fekk ein av dei liggje borti utengløa om jonsoknatta, for det var gale at graset skulle bli ete opp rubb og stubb att, liksom dei to siste åra; og den som ville i veg, måtte passe vel på, sa mannen.
      Ja, så ville då den eldste bort og gjæte enga; han skulle nok passe graset, meinte han, og det så verken folk eller for eller fanden sjølv skulle få noe av det. Då det lei mot kvelden, gjekk han bort i løa og la seg til å sove; men litt ut på natta kom det slik ein dur og slikt jordskjelv at veggar og tak rista; og guten opp og til beins det fortaste han hadde lært, han torde ikkje sjå seg om ein gong, og høyet blei ete opp den natta liksom dei andre åra.
      Neste jonsokkvelden sa mannen igjen at det var for ille dei år etter år miste alt graset på utenga. No fekk ein av sønene bort og passe på, og passe det vel også. Så ville den nest eldste prøve seg den kvelden. Han gjekk bort i høyløa og la seg til å sove, liksom broren hadde gjort. Men utpå natta kom det ein dur og eit jordskjelv, enda verre enn siste jonsoknatta; og då guten hørte det, blei han redd og tok på sprang så fort som han skulle hatt betaling for det.
      Året etter skulle då Oskeladden i veg; men då han laga seg til å gå, lo dei andre to og gjorde narr av han. "Ja du skulle bli den rette til å passe høyet, du som ikkje har lært anna enn å sitje i oska og steike deg!" sa dei. Men Oskeladden brydde seg ikkje om det snakket; då det lei mot kvelden, rusla han bortover til utenga, han. Der gjekk han inn i høyløa og la seg; men då det lei om ei stund, tok det til å dure og brake så det var fælt. "Å blir det ikkje verre, får eg vel halde ut," tenkte Oskeladden.
      Om litt kom det eit brak att, og eit jordskjelv så høystråa fauk omkring guten. "Å blir det ikkje verre, får eg vel herde på," tenkte Oskeladden. Men aller best det var, kom den tredje duren og eit jordskjelv så guten tenkte at veggar og tak hadde ramla saman; men då det var over, blei det med eitt kurande stilt omkring han. "Skal tru det kjem att," tenkte Oskeladden. Men nei, det kom ikkje att, det var stilt og det blei stilt, og då han hadde lege ei lita stund, hørte han liksom ein hest sto og tygde tett utafor løedøra. Han lurte seg bort i dørgløtten og skulle sjå kva det var; så sto ein hest og gnog, og så stor og feit og gild hest hadde Oskeladden aldri sett før, og sal og beksel låg det på den og full rustning til ein riddar, og alt i hop var av kopar, og så blankt at det skein i det. "Hå, hå! er det du som et opp høyet vårt," tenkte guten, "det skal eg nok forby deg." Han skunda seg og tok opp eldstålet [A] sitt og kasta over hesten så den ikkje hadde makt til å røre seg av flekken; den blei så tam at guten kunne gjøre med den kva han ville. Han sette seg opp på den og rei bort til ein stad ingen visste om; der hadde han den.
      Då han kom heim att, lo brørne og spurte korleis det hadde gått han. "Du blei vel ikkje lenge liggjande i høyløa om du elles har vore så langt som borti utenga," sa dei.
      "Eg låg i høyløa til sola rann eg. Kva det var de blei så redde for?"
      "Vi får vel sjå etter korleis du har passa enga," svarte brørne; men då dei kom dit bort, sto graset der likså langt og tjukt som om kvelden.
      Neste jonsoknatta gjekk det like eins: Ingen av dei to brørne torde gå bort i utenga og passe slåtten, men Oskeladden torde; og så hende akkurat det same som siste jonsoknatta: først kom det ein dur og eit jordskjelv, så om litt eitt til, og så enda eitt; men alle tre jordskjelva var mye, mye sterkare denne gongen. Så blei det med ein gong kurande stilt att, og guten hørte noe tyggje utafor låvedøra; han stal seg då bort i dørgløtten så sakte han kunne,—jo! der sto ein hest att like ved veggen og gomla og gnog; og den var enda større og feitare enn den andre; og sal låg det på ryggen til den, og beksel var det på den, og full rustning til ein riddar—alt i hop av blankt sølv og så gromt som noen ville sjå. "Hå, hå! er det du som et opp høyet vårt i natt," tenkte guten, "det skal eg forby deg!" Han tok opp eldstålet sitt og kasta over mana på hesten, så sto den der så spak som eit lam. Ja, guten rei den hesten også bort til den staden der han hadde den andre, og gjekk så heim att.
      "I dag ser det vel vakkert ut borti slåttenga?" sa brørne.
      "Jajamen!" sa Oskeladden.
      Dei skulle då bort att, og så sto graset både tjukt og langt liksom før.
      Då den tredje jonsoknatta kom, torde ingen av dei to eldste brørne liggje i utløa og passe graset då heller, for dei var blitt så hjerteskremte den natta dei låg der at dei aldri glømte det meir; men Oskeladden torde. Og så hende nettopp det same som dei to siste jonsoknettene; det kom tre jordskjelv, det eine fælare enn det andre, ved det siste dansa guten frå den eine låveveggen til den andre; men så blei det med eitt kurande stilt. Då han så hadde lege ei lita stund, hørte han noe tyggje utafor låvedøra; han stiltra [B] bort i dørgløtten att —så sto det ein hest tett utafor, mye større og feitare enn dei to andre han hadde fanga, og med både beksel og sal og full rustning av reint, raudt gull. "Hå, hå! er det du som et opp høyet vårt denne gongen," tenkte guten; "det skal eg vel forby deg." Han reiv opp eldstålet sitt og kasta over den, så sto den som den var nagla til marka, og guten kunne gjøre med den kva han ville. Han rei den bort til staden der han hadde dei andre to, og så gjekk han heim att.
      Der gjorde dei to brørne narr av han, liksom dei andre gongane; den natta hadde han visst passa graset i utenga godt, sa dei, for han såg ut som han gjekk og sov enno. Men Oskeladden brydde seg ikkje om det, han ba dei berre gå bort og sjå; det gjorde dei, så sto graset gildt og tjukt denne gongen også.
      Kongen i det landet hadde ei dotter som han ikkje ville gi til noen andre enn den som kunne ri oppover glasberget—for det var eit høgt, høgt glasberg, blankt som ein is, tett ved kongsgarden. Øvst oppe på det skulle kongsdottera sitje med tre gulleple i fanget, og den som kunne ri opp og ta dei tre gullepla, skulle få henne og halve riket, det lot kongen lyse opp på alle kyrkjebakkar i heile landet og i mange andre kongerike også. Kongsdottera var så ven at alle som såg henne, måtte bli borte i henne, anten dei ville eller ikkje—og så kan du nok vite at alle kongesøner og riddarar hadde lyst til å vinne henne og halve kongeriket med, og derfor kom dei ridande frå alle verdas kantar, så gilde at det lyste av dei, og på slike hestar at dei gjekk berre på dans; og kvar og ein tenkte at nett han skulle vinne kongsdottera.
      Då dagen kom som kongen hadde sett, var det så tjukt av riddarar og kongesøner ved glasberget at det yrte, og dit ville no kvar som kunne krype og gå, og sjå kven som vann kongsdottera. Dei to brørne til Oskeladden ville også i veg. Men han ville dei slett ikkje ha med; for var dei i følgje med slik ein byting [C], så fæl og svart som han var, etter det han hadde lege i oska og grave, ville folk berre gjøre narr av dei, sa dei.
      "Ja, eg går likså godt aleine, eg," sa Oskeladden.
      Då dei to brørne kom til glasberget, heldt alle kongesønene og riddarane på å ri så det skumma av hestane deira; men det nytta ikkje stort, for berre hestane sette hoven på berget, så glei dei, og det var ikkje ein som kom så mye som to meter oppetter. Det var heller ikkje å undrast på, for berget var glatt som ei glasrute og bratt som ein stuevegg. Men kongsdottera og halve riket ville alle gjerne ha, og dei rei og dei glei, og det blei aldri anna. Til sist var alle hestane så trøtte at dei ikkje orka meir, og så sveitte var dei at skummet strøymde av dei, og så måtte riddarane gi seg. Kongen tenkte alt på at han skulle kunngjøre at ridinga tok til på nytt neste dag, om det skulle gå betre då.
      Men med det same kom det ein riddar på ein hest så gild at ingen hadde sett slik hest før, og koparrustning og koparbeksel hadde han, alt så blankt at det lyste i det. Dei andre ropte til han at han gjerne kunne spare seg for å prøve å ri oppetter glasberget, for det nytta ikkje likevel. Men han hørte ikkje på det øyret; han rei like bort imot glasberget og oppetter det som ingen ting, og det eit godt stykke, det kunne vel vere som ein tredjepart; då han kom der, snudde han hesten og rei ned att. Men så vakker ein riddar syntest kongsdottera ho aldri hadde sett før, og mens han rei, sat ho og tenkte: "Gi han berre kom opp!" og då ho såg han snudde hesten, kasta ho det eine gulleplet etter han, og det trilla ned i skoen hans. Men med det same han kom ned av berget, rei han sin veg, og så fort at ingen visste kor det blei av han.
      Den kvelden skulle alle kongesønene og riddarane fram for kongen, så den som hadde ridd så langt oppetter glasberget, kunne vise fram gulleplet kongsdottera hadde kasta. Men det var ingen som hadde noe; den eine kom etter den andre, og ingen kunne vise eplet.
      Om kvelden kom brørne til Oskeladden også heim, og fortalde både vidt og breitt om ridinga oppetter glasberget at først så var det slett ingen som orka å kome så mye som eit steg oppover; "men så kom det ein som hadde koparrustning og koparbeksel, så blankt at det lyste lang veg av han," sa dei, "og det var gut som kunne ri; han rei over ein tredjepart oppetter glasberget, og han kunne nok ridd heilt opp, hadde han berre villa; men der snudde han, for han syntest vel det var nok for den gongen."
      "Å han skulle eg virkelig hatt moro av å sjå, eg også," sa Oskeladden—han sat i grua og grov som han brukte, han.
      "Ja, du!" sa brørne, "du ser ut som du kunne vere mellom så høge herrar, ditt stygge beist, der du sit!"
      Neste dag ville brørne i veg att, og Oskeladden ba denne gongen også om han kunne få lov å vere i følgje med dei og sjå på dei som rei. Men nei, det fekk han slett ikkje, det var han for stygg og fæl til, sa dei.
      "Ja, ja, eg går likså gjerne aleine, eg," sa Oskeladden.
      Då brørne kom til glasberget, tok alle kongesønene og riddarane på å ri att, og då kan det vel hende at dei hadde skodd hestane sine. Men det hjelpte ikkje; dei rei og dei glei liksom førre dagen, og ingen kom så mye som eit par meter oppetter. Då dei hadde masa ut hestane sine så dei ikkje orka meir, måtte dei halde opp att alle saman.
      Så tenkte kongen at han vel fekk kunngjøre at ridinga skulle gå føre seg for siste gong dagen etter, om det kanskje skulle gå betre då. Men så tenkte han om igjen: han fekk vel vente litt enno, om han i koparrustninga skulle kome att den dagen også. Han såg dei ikkje noe til, men rett som det var, så kom det ein på ein hest som var mye, mye gildare enn den riddaren i koparrustninga hadde hatt, og denne hadde sølvrustning og sølvsal og sølvbeksel, alt så blankt at det skein og lyste i det lang lei. Dei andre ropte til han att, og sa at han gjerne kunne la vere å prøve ridinga oppetter glasberget, for det nytta ikkje likevel.
      Men riddaren hørte ikkje etter det; han rei like bort til glasberget og oppetter det, enda lenger enn han i koparrustninga; men då han hadde komme så langt som to tredjepartar opp, snudde han hesten og rei ned att. Han likte kongsdottera enda betre, og ho sat og ønskte at han berre måtte kome opp; men då ho såg han snudde, kasta ho det andre eplet etter han, og det trilla ned i skoen hans. Og med det same han kom ned av glasberget, rei han av garde så fort at ingen kunne sjå kor det blei av han.
      Om kvelden, då alle skulle fram for kongen og kongsdottera så den som hadde gulleplet, kunne vise det fram, kom den eine etter den andre, men ingen hadde noe gulleple. Liksom dagen før kom dei to brørne heim den kvelden også, og fortalde korleis det hadde gått at alle hadde ridd, og ingen kunne kome opp. "Men langt om lenge kom det ein i ein sølvrustning, og sølvbeksel og sølvsal hadde han også," sa dei, "og han kunne ri; han sette vel to tredjepartar oppetter, så snudde han att. Det var gut det! Og til han kasta kongsdottera det andre gulleplet," sa brørne.
      "Å, han skulle eg også hatt moro av å sjå," sa Oskeladden.
      "Å ja, han var nå vel så blank som oska du sit og grev i, du stygge svarte beist!" sa brørne.
      Tredje dagen gjekk alt like eins som dei andre dagane: Oskeladden ville vere med og sjå på ridinga, og dei to ville ikkje ha han i følgje med seg; og då dei kom til glasberget, var det ingen som kom så langt som to meter oppetter. Alle venta no på han i sølvrustninga; men han var verken å høre eller sjå. Men langt om lenge kom det ein på ein hest så gild at ingen hadde sett maken; han hadde gullrustning og gullsal og gullbeksel - så blankt, så blankt at det lyste og skein lang veg av det. Dei andre riddarane og kongesønene kom seg ikkje ein gong til å rope til han og seie at det ikkje nytta å prøve seg, så opp i under blei dei då dei såg kor gild han var.
      Han rei like bort imot glasberget og fauk oppetter det som ei fjør i eit vindkast, så kongsdottera ikkje ein gong fekk stunder til å ønskje at han måtte kome heilt opp, før han var der. Med det same han nådde opp, tok han det tredje gulleplet av fanget på kongsdottera, og så snudde han hesten og rei ned att, men så var han også borte for auga på dei, før dei visste ordet av det.
      Då dei to brørne kom heim att om kvelden, fortalde dei både vel og lenge om korleis det hadde gått med ridinga den dagen, og til sist fortalde dei også om riddaren i gullrustninga. "Det var vel gut det! Så gild riddar finst ikkje i verda," sa brørne.
      "Å han skulle eg hatt moro av å sjå, eg også!" sa Oskeladden.
      "Ja, det glor nå ikkje fullt så mye i kolhaugen du ligg og rotar i, du late gut!" sa brørne.
      Dagen etter skulle alle riddarane og kongesønene fram for kongen og kongsdottera—det var nok blitt for seint om kvelden, trur eg, —så den som hadde gulleplet, kunne vise det fram. Men den eine kom etter den andre, først kongesønene og så riddarane, og ingen hadde noe gulleple.
      "Ja, men ein må ha det," sa kongen, "for det var noe vi såg alle saman at det var ein som rei opp og tok det;" og så ga han befaling til at alle som var i landet, skulle kome opp på slottet og prøve å vise fram gulleplet. Ja, dei kom den eine etter den andre, men ingen hadde gulleplet, og langt om lenge kom dei to brørne til Oskeladden også. Dei var dei siste, og så spurte kongen, om det då slett ikkje var fleire att i riket.
      "Å jo, vi har ein bror," sa dei to; "men han har nok ikkje tatt gulleplet; han har ikkje vore ute av oskehaugen noen av dagane."
      "Ja, det er det same," sa kongen, "har alle dei andre vore oppe på slottet, så kan han også kome inn," og så måtte då Oskeladden opp i kongsgarden han med.
      "Har du gulleplet du?" spurte kongen.
      "Ja, her er det eine, og her er det andre, og her er nok det tredje også," sa Oskeladden, han tok opp av lomma alle tre gullepla; og med det same kasta han av seg dei sotete fillene, og så sto han der i gullrustninga, så gild at det lyste av han.
      "Ja, du skal ha dotter mi og halve riket; du har vel fortent både henne og det," sa kongen.
      Så blei det bryllaup, og så fekk Oskeladden kongsdottera. Og i det bryllaupet blei det vel tura [D]; for ture kunne dei alle, om dei ikkje kunne ri oppetter glasberget. Og har dei ikkje tura frå seg, så held dei på enno.

Ord

  1. Eldstål: stål til å slå gneistar, lage eld med; fyrstål
  2. Stiltre: gå varlig, o.a.
  3. Bytting: Nedsetjande: særling. Eller like gjerne (som figurativt uttrykk): ein som såg stygg ut. - I folketrua var bytingen eit stygt, vanskapt barn som ein trudde dei underjordiske hadde lagt i vogga i staden for eit menneskebarn
  4. Ture: feire, feste, ha moro osv.
OPP NOTAR  



Lurvehette

Eventyrlærdom DET VAR ein gong ein konge og ei dronning som ingen barn fekk, og det var dronninga så sørgmodig for at ho nesten ikkje hadde ein glad time. Støtt og stadig klaga ho for at det var så audslig og stilt i kongsgarden; "hadde vi berre barn, så blei her nok liv," sa ho. Kor ho reiste i heile riket sitt, så fanst det rikelig med barn, sjølv i den fattigaste stua; og kor ho kom, så hørte ho at kona i huset skjente på ungane og sa at no hadde dei gjort det og det gale att. Dette syntest dronninga var morosamt, og det hadde ho lyst til å gjøre etter.
      Til sist tok kongen og dronninga til seg eit fremmend lite jentebarn; henne ville dei ha hos seg i kongsgarden og oppdra, og henne ville dei skjenne på som sitt eige.
      Ein dag sprang den vesle jomfrua dei hadde tatt til seg, nede i garden framfor slottet og leika med eit gulleple. Så kom det ei fattigkone rekande; ho hadde også ei lita jente med seg, og det varte ikkje lenge, så var jentungen og den vesle jomfrua gode venner og ga seg til å leike saman og trille gulleplet mellom seg. Dette såg dronninga, som sat oppi vindauget på slottet; så pikka ho på ruta at fosterdottera skulle kome opp. Ho gjorde det, men fattigjenta blei med, og då dei kom inn i salen til dronninga, heldt dei kvarandre i handa.
      Dronninga skjente på den vesle jomfrua; "det er ikkje for deg å springe og leike med ein fillete tiggarunge," sa ho og ville jage jentungen ned att.
      "Visste dronninga kva mor mi kan, så jaga ho meg ikkje," sa den vesle jenta, og då dronninga spurde henne nøyare ut, fortalde ho at mor hennar kunne skaffe dronninga barn. Det ville ikkje dronninga tru, men jenta blei ved sitt og sa at det var sant kvart ord, og at dronninga berre skulle prøve å få mor hennar til.
      Så lét dronninga den vesle jenta gå ned etter henne.
      "Veit du kva dotter di seier," spurde ho kona, då ho kom innafor døra.
      Nei, det visste ikkje tiggarkona.
      "Ho seier du kan skaffe meg barn, om du vil," sa dronninga.
      "Det er ikkje for dronninga å høre etter det ein fattigunge finn på," sa kona og strauk ut att.
      Dronninga blei vond og ville til å jage den vesle jenta att, men ho sto på sitt at det var sant kvart ord ho hadde sagt.
      "Dronninga skulle berre skjenke mor mi så ho blei lystig, så visste ho nok råd," sa jentungen.
      Det ville dronninga prøve; fattigkona blei henta opp ein gong til og blei traktert både med vin og mjød, så mye ho ville ha, og då varte det ikkje lenge før ho fekk tunga på glid.
      Så kom dronninga fram igjen med spørsmålet sitt.
      "Ei råd torde eg vel vite," sa fattigkona. "Dronninga skal la bere inn to kar med vatn ein kveld ho vil leggje seg. I dei skal ho vaske seg og sia slå dei inn under senga. Når ho ser under den om morgonen, er det vekst opp to blomar, ein vakker og ein stygg. Den vakre skal ho ete, den stygge skal ho la stå. Men gløm ikkje det siste!" sa fattigkona.
      Ja, dronninga gjorde som kona hadde rådd henne; ho lét vatnet bere opp i to kar, vaska seg i vatnet og slo det under senga, og då ho såg etter om morgonen, sto det to blomar der; den eine var stygg og fæl og hadde svarte blad, men den andre var så lysleitt og fager at ho aldri hadde sett maken til den, og den åt ho straks. Men den vakre blomen smakte så godt at ho ikkje kunne berge seg: ho åt den andre også. - "Det kan vel ikkje gjøre noe frå eller til," tenkte ho.
      Om ein tid kom dronninga i barselseng. Først fødde ho eit jentebarn som hadde ei sleiv i handa og rei på ein bukk; stygg og fæl var ho, og med det same ho kom til verda, ropa ho: "Mor!"
      "Er eg mor di, så Gud trøste og bere meg!" sa dronninga.
      "Sørg ikkje for det, det kjem snart ei etter som er venare," sa ho som rei på bukken.
      Om litt fekk dronninga eit jentebarn til; det var så vent at aldri hadde noen sett eit så vent barn; og henne var dronninga drabelig glad i.
      Den eldste kalla dei Lurvehette av det ho var fæl og lurvete, og hadde ei hette som hang i tjafsar omkring hovudet. Henne ville dronninga nødig sjå, og jentene prøvde å stenge henne inn i eit anna rom; men det nytta ikkje, der den yngste var, der ville ho også vere, og aldri kunne dei få skilt dei frå kvarandre.
      Då dei begge var halvvaksne, var det ein julekveld det blei slikt stygt ståk og styr på svalgangen utafor stua til dronninga. Lurvehette spurde kva det var som knarta og ramla så ute på svalgangen. "Å det er aldri verdt å spørje om det," svarte dronninga; men Lurvehette ga seg ikkje, ho ville endelig ha greie på det, og så fortalde dronninga at det var trollkjerringane som heldt juleleik der ute.
      Lurvehette kom til at ho ville ut og jage dei, og alt dei ba henne at ho skulle la det vere, så hjelpte det ikkje, ho ville ut og ho skulle ut og jage trollkjerringane; men ho ba at dronninga skulle halde alle dørene stengt, så ikkje ei einaste kom så mye som på gløtt ein gong, sa ho. Så sette ho ut med sleiva si og til å jage og feie trollkjerringane, og då blei det ein rammel utpå svalgangen slik at du aldri skulle hørt maken; det knaka og braka som stokkekvarvene [A] skulle ryke av i kvart laft.
      Men korleis det var eller ikkje, så kom den eine døra litt på klem likevel, og så ville søstera gløtte ut og sjå korleis det gjekk med Lurvehette, og stakk hovudet ut gjennom dørsprekken. Husj! så kom det ei trollkjerring, tok hovudet av henne og sette eit kalvehovud i staden, og straks tok prinsessa til å gå innpå golvet og raute. Då Lurvehette kom inn att og fekk sjå søstera, skjente ho og var sint for di dei ikkje hadde passa likare på henne og spurde om dei syntest det var betre, sia søstera var blitt til ein kalv.
      "Men eg får vel frelse henne," sa ho.
      Av kongen forlangte ho eit skip som var vel rusta og fullt ferdig; men styrmann og mannskap ville ho ikkje ha, ho ville sigle av stad med søstera aleine, og det måtte dei til sist la henne få lov til.
      Lurvehette sigla bort og styrte like under det landet trollkjerringane budde i, og då ho hadde komme til bryggja, sa ho til søstera at ho skulle bli på skipet og halde seg ganske stille der; men sjølv rei Lurvehette på bukken opp på trollkjerringslottet. Då ho kom der, var det eine sal-vinduet ope, og der såg ho hovudet til søstera sto i vindaugskarmen; så rei ho i fullt sprang inn i svalgangen og nappa hovudet og sette av stad med det. Trollkjerringane etter og ville ta att hovudet, og dei var om henne så tjukt at dei yrte og krydde; men bukken puffa og stanga med horna, og sjølv slo og daska ho med sleiva, og så måtte trollkjerringflokken gi seg. Og Lurvehette kom ned på skipet att, tok kalvehovudet av søstera og sette hennar eige hovud på i staden, så søstera blei til menneske som før; og så sigla ho langt, langt bort til eit fremmend kongerike.
      Kongen i det riket var enkjemann og hadde berre ein einaste son. Då han fekk sjå det fremmende skipet, sende han bod ned til stranda for å få vite kor det var frå, og kven det var som åtte det; men då folka til kongen kom ned dit, såg dei ikkje ei levande sjel på skipet utan Lurvehette - ho rei rundt omkring på dekket, fram og attende på bukken, så hårtjafsane sto om hovudet på henne. Folka frå kongsgarden var reint opp i under over dette synet, og spurde om det ikkje var fleire ombord. Å jo, ho hadde ei søster med seg, sa Lurvehette. Henne ville då folka sjå, men Lurvehette sa nei; "henne får ingen sjå, utan kongen kjem sjølv," sa ho, og rei omkring på bukken så det dundra i dekket.
      Då no tenarane kom attende til kongsgarden og fortalde om det dei hadde sett og hørt nedpå skipet, ville kongen straks i vegen og sjå henne som rei på bukken. Då han kom, leidde Lurvehette ut søstera, og ho var så vakker og så ven at kongen blei reint forgapt i henne, der han sto. Han tok dei begge med seg opp på slottet, og søstera ville han ha til dronning, men Lurvehette svarte nei, henne kunne kongen ikkje få på noen måte, utan at kongssonen ville ha Lurvehette.
      Det ville kongssonen helst ikkje, så stygt eit troll som Lurvehette var; men så lenge tala kongen og alle i kongsgarden for han, til han endelig ga seg og lovte han skulle ta henne til dronning, men han gjorde det nødig, og sturen [B] var han.
      Så blei det laga til bryllaup både med brygg og med bakst, og då alt var ferdig, skulle dei reise til kyrkje. Men prinsen syntest det var den tyngste kyrkjeveg han hadde reist i heile livet sitt. Først kjørte no kongen med brura sin; ho var så vakker og så gild at alle folk stansa og såg bortover vegen etter henne så lenge dei kunne sjå henne; baketter kom prinsen ridande ved sida av Lurvehette, ho trava av stad på bukken med kokkesleiva i neven, og på han var det meir likt til at han skulle fare til likferd, enn at han rei i sitt eige bryllaupsfølge; så sørgmodig såg han ut, og ikkje eit ord tala han.
      "Korfor talar du ikkje?" spurde Lurvehette, då dei hadde ridd eit stykke.
      "Kva skal eg tale om?" svarte prinsen.
      "Du kan jo spørje korfor eg rir på den stygge bukken," sa Lurvehette.
      "Korfor rir du på den stygge bukken?" spurde kongssonen.
      "Er det stygg bukk? Det er den gildaste hesten noen vil ri brud på," svarte Lurvehette, og med det same blei bukken til ein hest, og det til den staseligaste som kongssonen hadde sett så lenge han levde.
      Så rei dei eit stykke att, men prinsen var like sturen og kunne ikkje få fram eit ord. Så spurde Lurvehette att, korfor han ikkje tala, men prinsen svarte at han ikkje visste kva han skulle tale om. Så sa Lurvehette: "Du kan jo spørje korfor eg rir med denne stygge sleiva i neven."
      "Korfor rir du med den stygge sleiva?" spurde kongssonen.
      "Er det stygg sleiv? Det er den finaste sølvvifta noen vil stå brud med," sa Lurvehette, og med det same blei sleiva til ei sølvvifte. Den var så blank at det skein i den.
      Så rei dei enda eit stykke, men kongssonen var like sturen og sa ikkje eit ord. Om litt spurde Lurvehette att korfor han ikkje tala, og denne gongen sa ho at han skulle spørje, korfor ho hadde den stygge grå hetta på hovudet.
      "Korfor har du den stygge grå hetta på hovudet?" spurde kongssonen.
      "Er det stygg hette? Det er jo den blankaste gullkrone noen brud vil bere," svarte Lurvehette, og med det same var den det.
      Nå rei dei ein lang stund att, og prinsen var sturen og sat der utan mål og mæle liksom før; så spurde brura hans att korfor han ikkje tala, og ba han spørje korfor ho var så grå og stygg i andletet.
      "Ja, korfor er du så grå og stygg i andletet?" spurde kongssonen.
      "Er eg stygg? Du synest søstera min er ven, men eg er ti gongar venare," sa brura, og då kongssonen såg på henne, var ho så ven at han syntest det ikkje kunne finnast ei så ven jomfru i verda. Då fekk prinsen munnen på gli, og rei ikkje lenger og hang med hovudet.
      Så drakk dei bryllaup både vel og lenge, og sia reiste både kongen og prinsen, kvar med si brur, til far til kongsdøtrene. Der drakk dei bryllaup att, så det ingen ende ville ta. Skundar du deg til kongsgarden, så er det kanskje att ein drope av bryllaupsølet enno.

Ord

  1. Stokkekvarv: krins eller stokkelag i ein bygning. Her: det siste]
  2. Sturen: alvorsam, motlaus, still, sorgsam, som sturer.
OPP NOTAR  



Dei tre råda

Eventyrlærdom DET VAR ein mann som hadde berre ein son, og no skulle mannen dø. Han signa sonen med å fortelje korleis han skulle bere seg åt når far var død.
      "Gjest ikkje grannen for ofte. La ikkje andre fore hesten din i lang tid. Og vil du vil gifte deg, skal du ikkje reise langt bort etter make, men ta ei grei som du kjenner og kan forlikast med - gjerne like ved."
      Då faren var død, ville guten prøve ut det faren hadde åtvara han mot. Så gjesta han farbroren sin. Farbroren sa til kona si: "No kjem brorsonen min. Han sørgjer visst mye over faren. Vi lyt ta godt imot han."
      Så fekk guten både mat og drikke.
      Dagen etter kom han til farbroren att.
      "Kjem han no ikkje att! Men han lengtar etter faren sin, så vi lyt ta vel imot han i dag også."
      Så fekk guten gjestebod og hadde det gildt den dagen også.
      Etter noen få dagar kom guten att.
      "No meiner eg han kjem i dag også," sa kona, "gjøm deg i skogen, så vil eg lage i stand til å bake."
      Mannen for straks til skogen og kona sette seg til å bake lefser. Då brorsonen kom, spurde han etter mannen.
      "Han er i skogen," sa kona.
      "Ja, så kan det ikkje hjelpe at eg er her," sa guten.
      "Bli til du får ei lefse," sa kona.
      Guten fekk lefsa og drog heim. Der gjekk han opp på loftet og hengde opp lefsa.
      Noe etter kom folk og ville leiga hest av han. Ja, det fekk dei, den eine etter den andre. Til slutt fekk han att berre huda. Den tok han og hengde på same rekka som lefsa. Då hadde han prøvd ut to av råda, og det var verdifullt, det far hadde sagt. Det såg han. Kva så med det tredje vinket?
      Han for av garde og ville gifte seg. Han strauk eit drabelig stykke vekk frå garden og ville fri. Der tala han med ei jente og avtala giftemål så visst dei kunne. Men først skulle far og mor til jenta kome i lag med henne til gjestebod hos guten.
      Før dei kom og gjesta han, kledde guten seg i fanteklede og ba om husrom over natta der jenta budde. Det var skreddar i garden, og han sat og sauma på kleda som jenta skulle ha i bryllaupet.
      Då guten hadde vore der ei stund, bad han om å få leggje seg. Skreddaren og jenta sat ei stund til. Då dei kom på loftet, sa skreddaren: "No skal du likevel gifte deg. Så kan du ikkje liggje med meg i natt?"
      Jo, ho sleppte av seg kjolen og steig opp i senga til skreddaren.
      Då guten meinte dei hadde sovna, sto han opp, tok kjolen og reiste heim og hengde den på rekka med dei andre.
      Då foreldra og jenta skulle kome, bad han farbror sin også. Så for dei alle rundt og såg over gard og grunn med guten Farbror hans sa: "No vil vi opp på loftet og sjå der. Far din hadde så mye silar og salar."
      "Nei, er det noe å sjå, no då?" sa guten.
      "Kva er det for noe du har hengt opp her?" sa farbror hans då han fekk sjå det som hang på rekke og rad.
      Så laut guten til å forklare korleis far hans hadde åtvara han og han hadde prøvt alt saman. "Den siste gongen eg gjekk i gjestebod til deg, fekk eg lefsa. Deretter fekk eg huda. Til slutt, då eg var i gjestebod hos jenta, gjekk ho til sengs med skreddaren. Så tok eg kjolen og for min veg. Sjå, her er den," sa han.
      Då strauk jenta sin veg, full av skam, og det var det.

OPP NOTAR  






BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2006–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]