NORSK DEL, GULLVEKTA  

Norske eventyr og segner

 13 › 1 › 9

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Lureria i gygregarden

Eventyrlærdom DET VAR ein gong eit par folk som hadde tre søner. Dei to eldste var som folk flest, men den yngste var liten og skrøpelig, så dei venta ikkje noe større av han. Dei rekna han helst for ein oske-skrapar.
      Foreldra var heller fattige, så gutane laut ut frå heimen då dei voks til, og så ville dei to eldste ut i verda og freiste lykka. Den yngste ville vere med brørne, men dei ville ikkje ha han med seg for noen ting. "Kva vil du, din sjukling, gjøre ute mellom folk?" sa dei så skammelig. Så for dei frå heimen, og han blei verande hos foreldra.
      Brørne kom til kongsgarden og fekk arbeid, men han blei gåande heime om lag som før. Dei budde attmed ein diger fjord som dei måtte over når dei skulle til bygda. Han låg mest og pusla med seg sjølv nede ved osen der. Han hadde hogd ned ei stor lind, og så låg han og hakka og hola ut på stammen og fekk hola han ut til ein hjelpelig robåt. Dei hine lo av han fordi han berre låg og hakka og ikkje ville gjøre noe gagns arbeid, og så kalla dei han Oskeladden.
      Men han heldt ved og bala flittig med sitt, og då han hadde fått robåten ferdig, laga han seg eit par årar. Så rodde han utetter sjøen og gjekk til kongsgarden og bad om han kunne få teneste. Dei var ikkje vidare huga på å tilsetje han. "Du ser så liten og skrøpelig ut," sa dei. "Kva slags arbeid kan du gjøre?"
      "Sprek er eg ikkje," sa han. "Men kunne eg ikkje vere brukande til å bere inn ved og vatn til kokkejentene og elles vere til hjelp i kjøkkenet?" sa han. Dei tykte mest synd om han, og så lét dei han få teneste i kjøkkenet.
      Han var så trugen i arbeidet og grei og villig når dei bad han til noe, så kokkejentene kom til å like han overlag godt, og så stakk dei til han så mang ein godbit av slikt som var att når kongen og dei hadde ete. Han skulle ikkje han slite seg ut med tungt arbeid heller, så han levde ganske som ein storkar.
      Brørne laut vere med og gjøre det utearbeidet som skulle gjørast på kongsgarden. Utetter hausten sto dei i løa og sleit med treskinga. Dei hamra med treskje-reiskapane så sveitten rann, og dei harma seg fordi dei skulle slite så hardt for føda mens Oskeladden gjekk i kjøkkenet og fekk mat som ein storkar. Dei lurte på om dei ikkje kunne gjøre han eit rettelig fantestykke så dei kunne få han av vegen.
      Så gjekk dei til kongen og sa til han at Oskeladden hadde sagt seg kar for å få til rette dei sju gullgjæsene som gygra hadde stole frå kongen. Oskeladden sa det var løgn, han hadde ikkje sagt det. Men brørne sto på sitt, og så laut kongen tru dei.
      "Kan du få gjæsene til meg igjen, skal eg gi deg ti tusen kroner. Kan du det ikkje, skal du misse livet for skrytet ditt'" sa kongen.
      Så var det ikkje anna råd for Oskeladden, han laut ta på seg å fare til gygra etter gjæsene. Han berre bad om han måtte få med seg ein sekk med kveite, og det fekk han. Så gjekk han i robåten sin med kveitesekken og rodde over til gygrelandet.
      Då han kom til lands, såg han dei sju gjæsene gjekk på jordet. Så gav han seg til å lokke på dei og strødde ut noen kveitekorn. Dei kom nærare etter kvart, og sistpå var dei så spake at dei kom heilt bortåt og gav seg til å ete av sekken. Då skunda han seg og stappa dei i sekken alle sju og batt for. Så flaug han i robåten og rodde utetter så det fossa.
      Då det leid av eit bel, sakna gygra gjæsene. Så kom ho ned til vatnet og såg robåten langt utpå.
      "Er det du, Oskeladden, som har tatt gjæsene mine?" ropte ho etter han, for ho kjende guten, korleis no det hadde seg.
      "Ja, det er så," svara han.
      "Kjem du att?" spurde gygra.
      "Ja så menn!" svara Oskeladden attende. Han rodde alt det han orka, og gygra hadde ingen båt så ho kunne fare etter han.
      Då Oskeladden kom til kongsgarden med gjæsene, tok kongen vel mot han. Han fekk dei ti tusen kronene, og så kosta han på seg fine klede. Han hadde vakse og lagt på seg av den gode levemåten på kongsgarden, så han såg heilt fin ut. Og så blei det endå likare med han og kokkejentene enn det noen gong hadde vore. Men brørne blei ikkje blidare for det, dei berre gjekk og olma seg opp.
      Så ein dag gjekk dei til kongen og sa at Oskeladden hadde sagt at han kunne hjelpe kongen til den lykta gygra hadde, den som kunne lyse over sju kongerike. Oskeladden sa det var løgn dei for med, men brørne sto så fast på sitt at kongen laut tru dei, og så sa han til Oskeladden: "Kan du hjelpe meg til den lykta, skal du få tjue tusen kroner. Kan du ikkje, skal du misse livet ditt."
      Så laut Oskeladden i veg etter lykta, det var endå ein julekveld. Men han bad om han måtte få med seg tjue kilo salt, og det fekk han då. Han kom til gygregarden i kveldinga, nett som dei heldt på med å koke grauten. Så kleiv han opp på taket med saltposen og sette seg attmed skorsteinspipa. Så sleppte han ned noen saltkorn då og då, så dei datt i grautgryta.
      Då dei skulle smake på grauten, tykte dei han var for salt.
      "Vi lyt spe han opp lite gran," sa gygra. Men dei spedde og spedde, og saltare blei grauten di lenger det leid. Då dei hadde spett i all den mjølka dei hadde i huset, var grauten så ramsalt at han var ikkje etande, og så laut dei slå han ut.
      "Det blir ikkje anna råd, vi lyt koke vassgraut," sa gygra til tenestejenta. "Ta med deg lykta og gå til brønnen etter ei bytte med vatn!"
      Då jenta kom ut med lykta, fira Oskeladden seg ned frå taket og stal seg etter henne. Då ho kom bortåt brønnen, sette ho lykta frå seg og lutte seg over kanten. Men då fór han innpå henne og sette henne på hovudet i brønnen.
      Gygra venta på jenta ei stund, til ho tykte det blei fælt lenge før ho kom att. Så gjekk ho ut og ville sjå kor det blei av henne. Då såg ho korleis lykta lyste i robåten til Oskeladden.
      "Er det du, Oskeladden, som har tatt lykta mi?" skreik ho etter han.
      "Ja!" svara han.
      "Kjem du att?" ropte gygra.
      "Ja då," svara Oskeladden, han gleid lenger og lenger frå henne.
      Då Oskeladden kom att til kongsgarden med lykta som lyste over sju kongerike, var det ikkje måte på all den stas dei gjorde med han. Han fekk dei tjue tusen kronene, og kokkejentene gav han det beste som fanst i kongsgarden. Hadde han ikkje vore storkar før, så blei han det no, og brørne blei både gule og grøne av å misunne han.
      Så gjekk dei til kongen og sa: "Oskeladden har sagt at han kan skaffe deg det gullteppet som gygra ligg med."
      Kongen ville gjerne ha det gilde teppet, og så laut dei rope på Oskeladden og seie at kongen ville finne han. Han sa det var løgn det som brørne hadde sagt, men dei sto der så truverdige og sa dei måtte ikkje kome levande av flekken om det ikkje var sant kvart ordet dei hadde sagt. Og så laut kongen tru det.
      "Kan du skaffe meg det teppet, så lovar eg deg femti tusen kroner i pengar og så kongsdottera og halve riket attpå. Kan du det ikkje, skal du misse livet fordi du er slik ein skrythals," sa kongen. Så laut Oskeladden fare etter teppet. Han bad han måtte få med seg ein stutt båtshake, og det fekk han. Så la han i vegen til gygregarden.
      Han kom der med natta, då alle låg og sov. Så stal han seg inn i det rommet der gygra låg. Ho låg i ei seng med hylle ovantil mellom stolpane. Oskeladden kraup opp på hylla med haken sin. Då han hadde fått lagt seg til rette, tok han til å nappe etter teppet med båtshaken og ville dra det til seg. Men han låg så vondt på hylla, og hakeskaftet var heller stutt, så han laut tøye seg så langt han kunne. Så visste han ikkje av det før han datt ned og beint på gygra så ho skvatt opp av søvnen og treiv tak i han. Så gav ho seg til å skrike og gaule at det var tjuvar i huset. Tenarane kom springande med lys, og då kjende ho att Oskeladden.
      "Er det du, din fark som er ute med fantestykke no att?" sa gygra. "No skal tenarane mine drepe deg," sa ho og ville gjøre av med han med ein gong. Så treiv dei han og var bøse. Men gygra hadde så mye age for guten frå før at ho torde ikkje fare med han presis som ho hadde hug til. Ho var redd han kunne hemne seg etterpå. Så sa ho til han at han kunne sjølv velje kva måte han ville dø på.
      Då gjorde Oskeladden seg så morsk han kunne: "Eg vil ete meg i hel på søtgraut!" sette han i. "Blir eg død, så gaper eg. Det kan de vel ha til merke. Då skal de bere meg ut og leggje meg på vollen bak huset og breie gullteppet til gygra over meg. Og gjør de ikkje presis som eg seier, så skal eg kome att og klore ut augo på dykk alle i hop!"
      Dei torde ikkje anna enn å gjøre som han sa, og så sette dei på ei god gryte med søtgraut til han. Då grauten var ferdig, sette han seg til og åt både lenge og vel. Då han var mett, halla han seg attover i stolen og gapte det meste han kunne, så dei skulle meine han var død.
      Så tok dei og bar han ut på vollen og breidde gullteppet på han som han hadde sagt dei skulle. Så snart dei hadde gått frå han, tok han og balla teppet i hop, fór så i robåten med det og rodde utetter vatnet det sprekaste han kunne. Då han var kommen eit godt stykke frå stranda, kom gygra ut og såg robåten med guten i.
      "Er det du, Oskeladden, som fer av stad med gullteppet mitt?" ropte ho.
      "Ja," svara han.
      "Kjem du att?" spurde gygra.
      "Nei, å nei!" svara Oskeladden.
      Då blei gygra mest kokande sint. Det var ikkje annan båt ved stranda, så ho kunne ikkje ro etter han. Men så la ho seg ned og tok til å drikke av fjorden. Og ho slukte i seg så mye vatn at straumdraget blei så sterkt at Oskeladden seig attende til stranda, endå han sleit og rodde alt han orka. Sistpå kom han så nær at gygra rette ut handa etter båten. Men då hadde ho fått så mye saltvatn i seg at ho gispa og sokk saman, og så var Oskeladden berga.
      Då han kom heim til kongsgarden med teppet, fekk han dei femti tusen som kongen hadde lova han, og så fekk han til og med kongsdottera og halve riket. Og då det nærma seg slutten for den gamle kongen, fekk han den andre halvparten etter han, så dei rådde over heile riket.

OPP NOTAR  



Eika i kongsgarden

Eventyrlærdom DET VAR ein gong ein konge som lova dotter si til den som kunne hogge ned ei stor eik som sto på tunet hans. To brør ville prøve seg. Då den tredje broren, Oskeladden, ville bli med dei, jaga dei han heim att. Men han kom etter att.
      Så kom dei til ein bekk, og Oskeladden ville sjå kor den kom ifrå.
      "Er du galen," sa dei andre, "tenkjer du å finne der bekken tek til?"
      Ja, han ville av og prøve seg. Då han kom opp på berget, så fann han ei nøtt som låg og sildra. Så tok han ein mosedott og stappa i holet og stappa nøtta i lomma. Så reiste han eit stykke. Så kom han til to grisetryne som sto og rota i ei søyle. Så stappa han ein mosedott i kvart nasebor og la dei i lomma. Sia hørte han noe som hogg oppi lia. Han opp og fann to økser som sto på kvar si side av eit tre og hogg. Dei slo han skaftet av og stappa i lomma. Så til kongsgarden.
      Den eldste prøvde først. Han var grytidleg oppe og hogg på eika. Då det leid til middag, tok jenta mat med seg og skulle gå bort åt han. Då hadde han hogge eit stort stykke av eika. Mens han åt, smurde ho treet med ei smørjemiddel ifrå ei krukke, og så var det like heilt att.
      Like eins med den andre. Så kom Oskeladden tredje dagen og skulle prøve. Han sette ei øks på kvar si side og til middag laut eika i koll. Men så sa kongen det at han fekk ikkje dottera med mindre han også kunne grava opp rota etter eika på ein dag. Han sette grisetryna på kvar side, og dei til å grava. Og øksa hogg av smårøtene. Då måtte stubben opp.
      Men det blei ikkje noe enda, sa kongen, om han ikkje kunne skaffe så stor ein flaum at den tok med seg både stubben og eika. Oskeladden opp på berget med nøtta, tok ut mosedotten, og då blei det flaum. Den hadde nær tatt med seg kongsgarden sjølv, og kongen måtte opp på berget for å fri seg for flaumen. Då fekk Oskeladden kongsdottera og halve riket.

OPP NOTAR  



Kona som ville bli som Gud

Eventyrlærdom DET VAR ein gong ein fiskar som fekk ei lita flyndre som skein som gull. Gullflyndra sa at han måtte ikkje fiske henne, for ho var ein omskapt kongeson. Mannen kunne heller ønskje seg kva han ville, om han berre sleppte henne ut. Så sleppte mannen flyndra uti og rodde heim.
        Då han kom heim, spurde kona etter korleis det hadde gått, og om han hadde fått noe fisk. Han sa han hadde fått ei gullflyndre som sa ho var ein omskapt kongsson, og at han ikkje måtte fiske henne. Han måtte heller få ønskje seg kva han ville, om han ville sleppe henne uti. Så hadde han gjort det.
        Kona ville ha greie på om han hadde ønskt seg noe. Nei, han hadde ikkje gjort det. Det likte ikkje kona. Om han ikkje hadde ønskt seg noe sjølv, kunne han ha komme i hug henne som sat og svalt og fraus der oppi bergstua, og ønskt henne ei ny stue.
        Så tenkte han at han kunne gjøre det framleis, og la til å gå nedover til sjøen. Der bad han flyndra vakkert om å kome og gi dei ei lita stue.
        Flyndra kom opp frå botnen og sa han måtte berre gå heim, så skulle han få ei lita stue.
        Då han kom heim, stod det ei lita stue der. Han blei jammen glad. Men kona var ikkje godt nøgd likevel, enda han hadde gjort som ho bad om. No tykte ho at sia dei hadde budd i ei lita bergstue og lidi vondt og hatt det trongt, trong dei likefram ei gjæv stue.
        Så gjekk han ned til sjøen igjen og bad flyndra kome opp og gi dei ei stor stue. Flyndra kom opp denne gongen også, og sa han måtte berre gå heim. Den ville gi dei ei slik stue som han no ønskte.
        Då han kom heim, stod det ei stor stue der. Ho var som eit slott. Men enda om mannen var glad, var kona sørgmodig og ikkje nøgd enno. Ho tykte han skulle ikkje ha glømt det at dei aldri hadde kunna hatt klede så dei kunne vere i lag med anna folk.
        Så gjekk han ned til sjøen og bad flyndra kome opp og gi dei likare klede.
        Flyndra kom opp i sjøen slik som sist og sa det var berre å gå heim, så skulle dei få det.
        Mannen gjekk heim og fann kona i nye, fine klede. Han blei glad over det, men så sa kona:
        "Du er glad, du, du synest vel desse kleda er høvelege åt meg, men eg tykkjer du skulle ikkje ha glømt korleis eg har gått i filler. Du skulle ha ønskt meg ein kledning så eg hadde blitt som ein konge."
        Så gjorde han det, og ho fekk klede som ein konge.
        Så fekk ho han til å ønskje at ho måtte bli liksom Gud.
        Då fiskaren kom heim denne gongen, sto ho i dei gamle fillene sine, og dei måtte attende til bergstua.

OPP NOTAR  



Den rettferdige krona

Eventyrlærdom DET VAR ein gong ei fattig kone som budde i ei lita hytte langt frå bygda. Lite hadde ho til å bite i og ingenting til å brenne, og derfor sende ho ein liten gut ho hadde, til skogs for å sanke ved. Han hoppa og sprang for å halde seg varm, for det var ein kald, rå haustdag. Kvar gong han hadde sanka ein kvist eller ei rot i vedbøra si, måtte han slå floke, for nevane var så raude av kulde som dei tytebærtuvene han gjekk over.
        Då han hadde fått vedbøra full og skulle heim att, kom han over ein nybrotsplass. Der såg han ein kvit, krokete stein.
        "Å, du stakkars gamle stein, så kvit og bleik du er - du frys nok fælt!" sa guten, han tok trøya av seg og hadde på steinen.
        Då han no kom berande på vedbøra, spurde mora korfor han gjekk i skjorteerma i haustkulda. Han fortalde då at han hadde sett ein gammal, krokete stein som var heilt kvit og bleik av frost. Til den hadde han gitt trøya si.
        "Ditt narr," sa mora, "trur du at steinane frys? Og om han skulle fryse så han skalv, så er einkvan seg sjølv nærast. Det kostar nok å få klede til deg om du ikkje hengjer dei att på steinar" - og så hutsja ho guten av garde for å hente att trøya.
        Då han kom der steinen sto, hadde den snudd seg og letta seg opp frå jorda med den eine kanten. "Ja, det er for di du fekk trøya, stakkars deg!" sa guten.
        Men då han såg litt betre etter, sto det eit pengeskrin under steinen. Det var fullt av sølvpengar. "Det er nok stolne pengar," sa guten til seg sjølv, "det er ingen som set ærleg tente pengar under steinar i skogen."
        Så tok han skrinet og bar det ned til ei tjørn tett ved og slo alle pengane uti.
        Men ei krone [A] flaut på vatnet. "Ja, den er rettferdig, for det rettferdige søkk aldri," sa guten, han tok krona og gjekk heim med den og trøya.
        Han fortalde mora korleis det hadde gått at steinen hadde snudd seg og at han hadde funne eit skrin med sølvpengar som han hadde slått ut i vatnet for di det var stolne pengar. "Men ei krone flaut oppå, og den tok eg, for den er rettferdig," sa guten.
        "Du er då ein narr," sa mora og blei sinna. "Var ikkje anna rettferdig enn det som flyt på vatnet, så var det ikkje mye rettferd i verda. Men om så pengane var ti gongar stolne, så hadde du funne dei, og kvar er seg sjølv nærast. Hadde du tatt desse pengane, kunne vi ha levd godt og vel all vår tid. Men ein tulling er du, og no vil eg ikkje lenger gå her og dragast med deg. No får du av garde og tene ditt brød."
        Guten måtte då ut i den vide verda. Han gjekk både langt og lenge og spurde etter teneste. Men kor han kom, tykte folk han var for liten og sa at dei ikkje kunne bruke han til noe.
        Endeleg kom han til ein kjøpmann. Der fekk han vere i kjøkkenet og skulle bera ved og vatn til kokka.
        Då han hadde vore der i lang tid, skulle kjøpmannen ein gong reise til fremmende land, og så spurde han kvar av tenarane sine kva han skulle kjøpe med seg heim til dei. Då no alle hadde sagt det dei ville ha, kom også turen til guten som bar ved og vatn til kokka. Han heldt fram krona si. "Kva skal eg kjøpe for den?" spurde kjøpmannen. "Det blir nok ikkje store handelen."
        "Kjøp det eg kan få for den, den er rettferdig, det veit eg," sa guten. Det lova kjøpmannen og så seglde han.
        Då no kjøpmannen hadde lossa og lasta i det fremmende landet og kjøpt det han skulle for tenarane sine, kom han ned til skipet att og skulle til å leggja frå bryggja. Då først kom han i hug at kokkedrengen hadde sendt med han ein krone som han skulle kjøpe noe for.
        "Skal eg no opp i byen att for den kronas skuld? Ein har kanskje berre ugagn av å ta fattige til seg," sa kjøpmannen ut i veret.
        I det same kom det ei kone gåande med ein pose på ryggen. "Kva er det du har i posen din, mor?" spurde kjøpmannen.
        "Ein katt. Eg har ikkje råd til å fø han lenger, så no har eg tenkt å kasta han i sjøen og gjøre det av med han," svara kona.
        Guten sa at eg skulle kjøpe det eg kunne få for krona, sa kjøpmannen med seg sjølv, og så spurde han kona om ho ville ha ei krone for katten sin. Ja, kona var ikkje sein om å slå til, og så var den handelen gjort.
        Då no kjøpmannen hadde seglde eit stykke, kom det eit fælt uver med ein slik storm at det ikkje var måte på. Han dreiv omkring og visste ikkje kvar det bar av. Til sist kom han til eit land han aldri hadde vore før. Der gjekk han opp i byen. Då han kom inn på vertshuset, var bordet dekt med eit ris til kvar av dei som skulle sitje der. Det tykte kjøpmannen var rart, for han kunne ikkje skjøne kva dei skulle med alle risa. Men han sette seg og tenkte han fekk sjå godt etter kva dei andre gjorde med riset og sjølv gjøre sameleis.
        Då maten kom på bordet, fekk han sjå kva risa var til. Då myldra det fram mus, og dei som sat ved borda, måtte ta risa og slå med. Det var ikkje anna å høre enn det eine klasket etter det andre. Stundom råka dei kvarandre i andletet. Då måtte dei gi seg tid til å be om orsaking.
        "Det er hardt arbeid å ete her i landet," sa kjøpmannen, "men korfor held ikkje folk kattar her?"
        "Kattar?" sa dei, dei visste ikkje kva det var. Då lét kjøpmannen hente katten han hadde kjøpt til kokkedrengen, og då katten kom på bordet, måtte mysene til holas sine. Folk hadde ikkje hatt så god matro i manns minne. Dei bad og velsigna kjøpmannen at han måtte selje katten til dei. Langt om lenge lova han det, men fem tusen kroner ville han ha for katten. Det gav dei og takka attpå.
        Så seglde kjøpmannen, men med det same han var kommen i rom sjø, såg han katten sitje oppe i stormasta. Straks etter blei det storm og uver att. Det var enda verre enn førre gongen. Han dreiv til han kom til ein stad han aldri hadde vore før. Kjøpmannen gjekk atter opp i vertshuset i byen, og der også var bordet dekt med ris. Dei var mye større og lenger enn der han var først. Dei kunne trengast, for her var det endå fleire mus, og alle var dobbelt så store som dei han hadde sett før.
        Så selde han katten att, og denne gongen fekk han ti tusen kroner.
        Då han seglde derifrå og var kommen eit stykke ut på havet, sat katten oppe i masta att. Straks byrja uveret. Langt om lenge dreiv han inn til eit land han aldri hadde vore i før. På ny gjekk han opp i vertshuset. Der var bordet dekt med ris. Kvart ris var ein meter langt og så tjukt som ein liten lime [B]. Folk sa det verste arbeidet dei hadde var å ete, for det fanst store, fæle rotter i tusental der. Det var med nøda dei ein gong imellom kunne få ein matbit i munnen. Så travelt hadde dei det med å halda rottene frå seg.
        Så måtte katten opp frå skipet igjen, og då fekk folk matro. Dei bad og trygla kjøpmannen om at han måtte selja dei katten sin. Lenge sa han nei, men enden på visa blei dei skulle få den for femten tusen kroner. Det gav dei og takka attpåtil.
        Då no kjøpmannen kom ut på sjøen, tenkte han etter kor mye guten hadde tent på krona han hadde sendt med. "Ja, noe av pengane skal han ha," sa kjøpmannen med seg sjølv, "men ikkje alt. Det er meg han har å takke for det eg kjøpte, og kvar er seg sjølv nærast."
        Med det same kjøpmannen tenkte dette, blei det ein storm og eit uver så alle trudde skipet skulle gå under. Då visste kjøpmannen at det var inga anna råd, han måtte love uveret at guten skulle få alt saman. Med det same blei veret godt, og han fekk feiande bør heim.
        Då kjøpmannen var kommen i land, gav han guten dei tretti tusen kronene og dotter si attpå, for no var kokkedrengen like rik som han sjølv og vel så det.
        Sia levde guten i herlegdom og glede. Mor si tok han til seg og gjorde vel mot, "for eg trur kvar burde ha mor si ganske nær," let guten.

Ord

  1. Krone: Det stod firskilling, som på 1800-talet var 14 øre.
  2. Lime: kvast av samanbundne kvistar til å sope med.
OPP NOTAR  






BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2003–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]