![]() |
Norske eventyr og segner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Det finst lærdom og lærdom, fru Blom
DET VAR ein gong eit par rike folk som hadde fire søner. Den eldste av dei
blei heime hos faren for å overta garden og bli bonde, men dei andre drog ut i verda.
Og sia faren sto seg så godt at det lét seg gjøre, så fekk dei lov
til å bli det dei ville, for bønder ville dei ikkje bli på noe sett og
vis. Den eine gjekk hit, den andre dit og så kom dei i doktorlære alle tre, og
fekk kvar sin meister. Tida gjekk, dei blei fullt utlærte og tok til å doktorere
for eiga rekning. Så døde faren, og dei drog heim for å følgje han
til grava og skifte mellom seg det han hadde.Han som var bonde heime, laga gravøl så det både hørtest og spurdest. Dess fleire beger dei tømte, dess flinkare blei dei til å skryte, og så kom dei til å snakke om kven som var den beste av dei. At bonden som ikkje var lærd, var den dårligaste, det meinte dei var fastsett. Men kven som var best av doktorkarene, det kjekla dei lenge om. "Eg kan rive ut begge auga mine", sa den eine, "og setje dei inn att og like godt ser eg." "Det var nifs kunst", sa den andre, "men eg er enda verre, for eg kan sprette opp buken min og ta ut alle innvollane og så leggje dei inn att og vere like frisk for det. Gjør meg det etter," sa han. "Synest de det er noe å skryte av?" sa den tredje, "det er då slett ingen kunst når ein har hendene til å greie seg med. Nei, då er nok eg den verse, for meg skal de få hogge begge nevane av, og eg skal setje dei fast att så ingen skal vere god for å skjønne at dei har vore av. Slikt kan eg." Broren som var bonde, laut undre seg over all denne lærdommen. Om natta låg alle tre doktorane oppe på kammersloftet og der gjorde dei som dei hadde sagt. Den eine reiv ut auga, den andre skar opp buken og den tredje lét dei andre hogge nevane av seg, og så la dei alt saman på bordet. Ut på morgonkvisten kom tenestejenta inn. Ho skulle sjå om dei var såpass vakne at mora kunne gå opp til dei med morgonmaten. Så fekk ho sjå det fæle som låg på bordet. "Fy, for ein styggedom," sa ho og for av stad etter ei bytte for å sope det vekk og få det ned i grisetroa [A]. "Korleis er det med doktorsønene mine?" spurde enkja då jenta kom attende. "Eg veit ikkje heilt," sa ho, "dei sov, men fuglane veit kva dei har hatt fore i otta. Eg meiner dei må ha vore borte og grave opp gamlefar og skore han opp. Slik såg det ut på bordet." "Kjære vene!" sa kona, ho blei så redd. "Kva du enn gjør, så rør det ikkje, det er harske doktorkunstar dei skal gjøre," sa ho. No var det tid å tale om slikt, no når grisane hadde fått alt. Men jenta var utspekulert, ho berre tagde og gjekk ut. Så slo ho kloa i katten og den reiv ho auga ut på. Så gjekk ho av stad etter ei grisevom som låg att frå då dei slakta til gravølet. Til slutt kom ho ut på Galgebakken. Der hang ein tjuv. Ho skar nevane av liket og bar inn alt ho hadde samla, og la det musestilt på bordet. No kunne doktorkarane gjøre kunstane sine så mye dei hadde lyst til, tenkte ho og det gjorde dei også. Med det same dei vakna, tok kvar sitt - det trudde dei iallfall - og dei var ikkje lite kry over kunstane sine. Men broren som var bonde, ynka dei seg over for di han ikkje var lærd slik som dei. Så skildest dei og drog kvar til sitt. Då det var gått eit år eller så, skulle bonden gifte seg. Han baud brørne til bryllaupet og dei kom alle saman. Dei tok til å snakke om korleis dei hadde det, og korleis dei hadde hatt det sia sist. Pengar hadde dei samla, for ein doktor kunne sope inn pengar med den eine neven like fort som han doktorerte med den andre, og slik sett var det gått bra nok. Men så svært bra var det no ikkje likevel. "Eg kan ikkje fatte korleis det er med meg," sa den eine. "Når det er natt, ser eg like godt som om dagen. Hører eg ei rotte pipe og gnage, får eg ikkje ro på meg, og anten eg vil eller ikkje, er eg nødt til å springe ut av senga og eg gir meg ikkje før eg får tak i den. Kan de gi meg noe råd for det?" Nei, det kunne dei ikkje. "Med meg er det enda verre, for kjøt og flesk og folkemat er eg ikkje lysten på nå lenger. Men alt det svineriet eg ser, vil eg ha i skrotten på meg. Eg kan spenne imot så mye eg orkar, men eg må likevel ha det ned i magen. Veit de om det finst noen bot for slikt?" Nei, det visste dei ikkje. "Veit de ikkje råd for dykk sjølve, veit de neppe råd for meg heller," sa den tredje,. "For eg har fått slik ein kløe i nevene at eg aldri kan halde dei frå det som ikkje er mitt. Enda eg er ærlig av meg, så skal desse hendene fram og stele utan at eg vil det. Det er berre så vidt eg held meg unna galgen." No måtte bonden ynke seg over dei. "Stakkars dykk", sa han. "Nei, då har eg det betre. Rotter og mus let eg katten ta, skuler og rask gir eg til grisane, og aldri legg eg nevane der dei ikkje skal vere."
Ord
Den slemme naboen og Bertil
DET VAR to naboar som ikkje gjekk godt saman. Den eine var stor og einfaldig og
heitte Store-Nils, og den andre Bertil. Ein dag kom oksen til Bertil bortpå enga til
Store-Nils. Då slo Store-Nils i hel oksen hans. Bertil tok heim oksen og flådde
av den huda. Så skar han til huda så godt han greidde, snøra alt i hop,
og fór av stad og skulle selje den.På vegen kom han borti ein skog der det budde eit ektepar. Han kleiv opp på stuetaket og kika ned gjennom peisen og såg også noe av stua. Kona heldt på å koke rømmegraut. Då grauten var kokt, lét ho opp loket på ei stor kiste. Det kom ein manna ut av kista, og han åt opp grauten. Då gjekk Bertil ned av taket, gjekk til skjolet og sette seg. Så kom mannen til kona dragande heim med ved frå skogen. Dei sat ei stund og tala i lag, han og Bertil. Så sa mannen at han måtte inn og ete. Ville Bertil ete i lag med han, så fekk han komme med inn. Dei gjekk inn saman. I det same dei sette seg til å ete, kasta Bertil den samansnøra oksehuda inn under bordet. Og då dei har sete ei stund og ete, så spente Bertil borti huda og sa: "Hysj, hysj!" "Kva det er?" sa mannen. "Det er ingen ting," sa Bertil. Men rett som det var, spente han borti huda att og sa: "Hysj, hysj!" om igjen. Så spurde mannen att: "Kva er det?" "Det går for spåhuda mi," sa Bertil. Så gav dei seg til å ete igjen, men rett som det var, så spente Bertil borti huda att og sa: "Hysj, hysj!" Mannen spurde igjen: ""Kva er det?" "Å, det får gå for spåhuda mi," sa Bertil. "Kva spår det då?" sa mannen. "Ja, sei det. Det er noe som kan tyde på at kona di kokte rømmegraut i dag," sa han. "Ho låste opp ei kiste inni kjøkkenet, og ein mann kom ut av den og åt opp grauten. Slik var det vel." Mannen fekk lyst til å sjå nedi kista, men hadde ingen nøkkel. Så sa Bertil: "Den nøtta skal vi vel klare." Kona hadde gått til fjøset då dei tok til å ete. No gjekk Bertil borti fjøset til kona og spurde ho om ho hadde ein nøkkel til han - det var noe han trengde. Kona gav han ein stor nøklehank, og så gjekk Bertil inn. Dei låste opp kista og det låg ein kar i den. Så låste dei den att og gjekk inn i stua. No ville mannen kjøpe spåhuda av Bertil. Bertil svara at det kunne han vanskelig gjøre. Han hadde ikkje noe anna å berge seg med no. "Eg skal gi deg femti dalar for spåhuda," sa mannen. "Eg trur ikkje eg kan ikkje selje det for femti dalar," sa Bertil. Han hadde då ingen ting anna å berge seg med. "Eg skal gi deg hundre dalar," sa mannen. "Kva er hundre dalar?" sa Bertil. "Eg skal gi deg hundre og femti dalar," sa mannen. "Du må vel få oksehuda likevel, då," sa Bertil. Mannen fekk spåhuda, og Bertil gjekk heim, og hundre og femti dalar hadde han for den. No var Store-Nils fælt nyfiken etter å vite alt. Då han fekk sjå Bertil med pengar i nevane, så kom han dit så fort han kunne. Bertil sat og telte då han kom innom. "Kor du har fått tak i alle desse pengane?" sa Store-Nils då han kom inn. "Å, oksehuda var god business," sa Bertil. "Hadde eg ikkje hatt noe sånt der eg var, hadde eg nok ikkje fått så mye." Så sa Store-Nils, han var litt naiv: "Eg har ein okse, eg også, eg vil heim og slå den i hel og bli businessmann. Då kan ein ikkje vere for søt," kom han til. Men då han kom til byen med huda, var det ingen som ville ha den, ho var for sundskoren. Dagen deretter kom Store-Nils farande, han meinte Bertil hadde narra han. Bertil såg han før han kom inn: "No kjem Store-Nils, og nå slår han i hel meg," sa han. Det låg ei gammal kone i ei seng inne hos han. Då ho hørte kva Bertil sa, kom det: "Eg lir og har det vondt. Det kan vere bra om han slår i hel meg." "Skal det gå, lyt du få deg opp og ta på deg kleda mine, og det fort," sa Bertil. Kona steig opp og tok på seg kleda til Bertil, og Bertil hadde på seg kjerringkleda og grov seg ned i senga. Då Store-Nils kom fram, slo han til kona så ho datt død med det same. Dagen etter sette Bertil kona til i ei vogn så ho sat med ei lita korg med noen egg i. Og så kjørte Bertil til byen og lét som ingen ting. Då han kom på bybrua om kvelden, så møtte han ei byvakt. Vakta: "Har ho egg, ho gamlemor?" "Ja, det har ho," sa Bertil. Så tala vakta til henne, men fekk ikkje noe svar. "Å, ho har vel sovna til," sa Bertil. "Du må vel støyte borti ho." Så puffa vaktmannen borti ho, men ho sov likevel. "Å, ho søv vel tungt, vi var ute tidlig på morgonen," sa Bertil. Så støytte vaktmannen til kona så ho stupte i elva. "Nei, kva gjorde du no?" sa Bertil. "Hysj, du skal få hundre dalar," sa mannen. "Hm, kva er hundre dalar mot å miste gamlemor?" sa Bertil. "Du skal få to hundre dalar," sa mannen. "Å, kva er to hundre dalar mot å miste gamlemor?" sa Bertil. "Du skal få tre hundre, om du berre held stilt," sa mannen. Så tok Bertil imot og kjørte heim. Då han kom kjørande, såg Store-Nils at det kom noen heim til Bertil. Store-Nils ville han sjå kven som kom og gjekk bortover til han. Då han kom inn til Bertil, så sat han og telte nye pengar, fleire pengar. "Lever du enno?" sa Store-Nils til han. "Ja, korfor skulle ein ikkje leva som ein ungdom?" sa Bertil. Store-Nils måtte vite kor han hadde fått tak i alle pengane på bordet. "Eg var til byen med gamlemor som du slo i hel," sa han, "eg fekk tre hundre dalar." "Eg har då ei gammal kone, eg også," sa han Store-Nils. Så gjekk han heim og slo i hel kona og fór til byen. Men der blei han sett i fengsel og sat i to og eit halvt år. Han lova seg sjølv at han skulle drepe Bertil med det same han sleppte ut. Så, dagen etter at han hadde sloppe heim, tok Store-Nils ein stor sekk og gjekk til Bertil. Han stappa Bertil i sekken og batt att, og bar han nedover til sjøen i sekken. Då han kom ned til naustet, så kom han på at han hadde glømt naustnøkkelen. Han måtte heim etter den. Attmed naustet var det ei lita grøn slette. Der gjekk ei gammal og luta lei kone og gjette kyrne sine. Ho hørte at Bertil låg og song og var så glad i sekken. "Himmelrike - paradis," song han. Kona som gjekk og gjette, hørte songen og kjende for: "Det er rettare eg som er gammal, reiser til paradis, enn du som er ein ungdom. Du kan få kyrne for det," sa ho. "I så fall får du skunde deg og løyse bandet og leggje deg i sekken utan å seie eit ord," sa han. Det gjorde ho. Om ei stund kom Store-Nils med naustnøkkelen og rodde ut ein båt. Han tok sekken, bar den i båten, rodde utpå sjøen og kasta den ut. Noe etter at Store-Nils hadde komme heim, kom Bertil drivande forbi med kyrne kona hadde gitt han. Store-Nils måtte av stad og sjå kven som kom med så mye kyr. Han fekk sjå Bertil i støvskya og sa undrande: "Lever du enno?" "Korfor ikkje leve glad som ein som ungdom?" sa Bertil. "Kor du har fått tak i alle desse kyrne?" sa Store-Nils. Vel, Bertil drog på det, og spurde kva han trudde "Var det på sjøbotnen? Var det enda fleire?" sa Store-Nils. "Eg får meg ikkje til å seie det," sa Bertil. Store-Nils tenkte så det knaka og fann ut at han ville kaste seg ut frå båten sin sjølv. Bertil skulle ikkje få vere med og få fleire. Han hadde nok av kyr å ta seg av alt, meinte Store-Nils. Så fór Store-Nils i båten med heile familien sin, for han ville ha mange til å samle og gjete dei fram for seg. Dei var mange kilometer utpå då han fann staden - fann staden der han heiv ut barna og hoppa etter. Det kom bobler og uffa og mange gripande rop om hjelp. Men dei var for langt ute i fjorden og ingen hørte dei.
Har du sett slikt! Jammer nytta liteTo fiskarar hadde kollsegla midt på fjorden, men hadde komme seg opp på kvelvet. Mens bårene vaska over kjølen, sa den eine til den andre,"No må vi rope på Gud!" "Tja, men det må vel vere folk nærare?" Ord
Gjetardrengen
DET VAR ein gong ein konge som hadde ei dotter, og ho blei tatt inn i berget av
einkvan. Kongen lova då ut halve kongeriket og kongsdottera attpå til den som
kunne fri henne ut av berget.Så kom det ein dag ein gjetargut som heitte Osmund Hirall og blei kalla Oskeladden til kongsgarden og bad om arbeid. Ja, dei trong gjetar, det kunne nok henne det. Men han måtte love at han ikkje skulle syngje eller le, for det var sorg i kongsgarden. Kongen tolte ikkje slikt. Oskeladden fekk liggje i fjøset om natta. Om morgenen stelte budeia til ein matpose til han, til han skulle til skogs, og så sleppte dei buskapen. Oskeladden gjekk etter og sanka. "Tra-la-la, no reiser Osmund Hirall," song han så det ljoma. "Nei, nei! Sjå å kome deg av stad. Det er sorg i kongsgarden. Får kongen høre du syng, må du reise på flekken." Oskeladden kom til skogen med buskapen. I skogen møtte han ein mann som bad han om mat, for han var så svolten. "Å," sa Oskeladden, "eg har lite mat, for det er sorg i kongsgarden, og dei gløymer å leggje flust med mat i posen." "Dersom du vil byte i mat," seier mannen, "så skal du få ein kjepp, og når du seier: "Bru føre og vatn etter", så kan du gå dit du vil." Jo, mannen fekk mat med Oskeladden, og Oskeladden fekk kjeppen av mannen. Då så Oskeladden kom heim den kvelden, så song han: "Tra-la-la! No kjem Osmund Hirall." "Nei, nei, syng du igjen? Sjå og kom i fjøset med deg. Det er sorg i kongsgarden, og får kongen høre du syng, så må du reise på flekken." Oskeladden kom inn i fjøset, der fekk han maten sin og der låg han om natta. Om morgonen kom budeia og vekte han og formana han at han ikkje måtte syngje. Ja, han lova han skulle la vere inntil vidare. Då budeia hadde mjølka, stelte ho til matposen hans, og dei sleppte buskapen. Men då han så jaga dei av stad, song han: "Tra-la-la! No reiser Osmund Hirall." Budeia skjente på han som før, og sa at fekk kongen høre det, så måtte han reise på flekken. Den same mannen kom til han den dagen også og bad om mat. Kunne han få mat, skulle Oskeladden få ei saks, og berre han klipte med den og sa kva han ville ha, så skulle han få det. Oskeladden bytte då nista den dagen også og fekk saksa. Då Oskeladden kom heim den kvelden, tralla og song han som før, og budeia blei vond, og likeins gjekk det om morgenen. Den dagen gjette Oskeladden attmed eit vatn. På den andre sida av vatnet var det ei fin grasslette, og der bakom den var det eit høgt fjell. På den sletta måtte vere godt beite, tenkte Oskeladden, og så tok han staven og sa: "Bru føre og vatn etter." Og så blei det bru over, og på den dreiv han buskapen over på sletta, og der gjekk han og beitte. Oskeladden gjekk bortover mot det store fjellet og ville sjå betre på det. Då han kom nærare, hørte han det song, og i fjellet fekk han auge på ei dør. Han gjekk inn gjennom døra, og der inne sat det ei kongsdotter og song. Då kongsdottera såg han, sa ho at han laut kome av stad så fort han kunne. Det var eit troll som budde der, og kom det heim og fekk sjå han, tok det han inn i berget som det hadde gjort med henne, og då sleppte han aldri heim att meir. "Kom så med, du også," sa Oskeladden. Nei, det torde ho ikkje, lét ho. Då ville Oskeladden heller ikkje gå. Til slutt fekk han likevel då overtala henne så ho følgde med ned til vatnet. Dei sanka buskapen i hop, men då hørte dei trollet kom etter med sjumilsstøvlar. Oskeladden tok staven og sa: "Bru føre og vatn etter!" og så dreiv dei buskapen føre seg på brua. Trollet kom setjande etter og steig like på vatnet og trudde det også skulle greie kome over, men der drukna det. Kongsdottera ville ha eit merke på den som hadde fridd henne ut og knytte ein gullring i håret hans. Då ho hadde gjort det, reiste ho heim til kongsgarden mens Oskeladden blei verande etter med buskapen i skogen. Då han så kom heim om kvelden, song han så det ljoma: "Tra-la-la, no kjem Osmund Hirall!" Men den gongen var det ingen som hyssa på han. Kongen hadde lova kongsdottera og halve kongeriket til den som fridde henne ut, og den lovnaden ville han halde. Han kalla inn alle gutane i riket i kongsgarden, og kongsdottera gjekk rundt og såg på dei, men det var ingen av dei ho drog kjensel på. "Eg veit ikkje om det er andre gutar att no," sa kongen, "andre enn gjetaren vår, han Osmund Hirall. Han er i fjøset." Kongen sende bod etter Osmund, og budeia kom og vekte han. "Nå lyt du vakne, Osmund. Kongen har sendt bod etter deg," sa ho. Då han kom inn i kongshalla, sto han og gnika seg i augo og geispa. Han var ør og tung i hovudet, for han hadde ikkje fått sove ut. "Vel, det var vel det," sa kongen, "ut med han." Men då guten snudde seg og ville gå ut, såg kongsdottera noe som glimta i håret. "Kva er det som glimtar?" spurde ho. Dei såg etter, og det var gullringen hennar. "Han er det som fridde meg ut," sa kongsdottera. Osmund Hirall bad då om lov til å gå ut, for han var så stygt kledd. Han henta saksa si og klipte, og om ei stund hadde han nye bukser, vest, trøye. Snart var det ein heil kledning, og då han kom inn att, var han fin som den finaste kongeson. Dermed tura dei bryllaup både stort og sterkt. Har dei ikkje slutta, så syng dei vel bryllaupssongar enno. Kona som gret slik
Det var ein gong ei kone som gret slik i kyrkja då presten song føre
altaret. Ho gret så fælt at folk undra seg over kva det var ho gret for. Neste
søndag var kona i kyrkja, og då presten tok til synge for altaret, sette kona i
med slik ein gråt at ingen hadde hørt slikt før, og mange måtte
til å gråte med henne.Tredje søndagen var også kona i kyrkja, og det gjekk likeins som før. Presten hadde ikkje før byrja å syngje føre altaret, før kona byrja med den same gråten, men no gret ho så hjerteleg at heile kyrkjelyden gret med ho og det forstyrra presten. Litt etter litt blei det slutt på gråten, berre kona klarte ikkje å slutte. Ho heldt på og gret til messa var over, og då blei ho sitjande att. Presten gjekk bort til ho og spurde kva det var som låg sa tungt på hjertet hennar. "Å, det kan eg ikkje seie, det er så vondt," svara kona. Presten prøvde lenge for å få vite kva det var. Kona nekta også lenge, men til slutt laut ho fram med det: "Eg hadde ei ven geit, og den tok ulven for meg. Når eg hører presten synge framfor altaret, er det nettopp som låten av geita mi då ulven tok henne." Ord
SuggaDET VAR ein gong ei kone som hadde ein son, og han var så lat at han mest aldri ville gjøre noe. Så hadde kona ei sugge, og den ville ho selje, for ho hadde ikkje noe å leve av. Så skulle sonen ut og selje sugga."Men sjå no endeleg til at du får noe for den!" skreik mora etter han. Ja, det skulle han gjøre. Så trefte han ein mann. "Går du her og driv sugga, du?" sa mannen. "Ja, eg trur då det," sa guten. "Kva skal du ha for den då?" spurde mannen. "Å, eg veit ikkje eg. Eg skulle få noe for ho -" "Vel, rekk meg handa," sa mannen og spytta i handflata hans. "Der har du noe!" sa han. Guten strauk heim. "Blei du kvitt sugga?" spurde mora. "Ja, eg blei då det," sa guten. "Sjå her," sa han og rette ut handa si. "Eg fekk noe for ho, gjorde eg." "Å din tosk!" sa mora, "du veit då du skulle hatt pengar for ho?" Dermed jaga ho guten av garde for å leite opp mannen. Guten tok med seg ei tømmermannsøks og drog av garde. Langt om lenge fann han garden der mannen budde, og der gjekk han inn. "Kva er du for ein?" spurde kona på garden; ho og mannen sat og åt middag. "Eg er tømmermann," sa guten. "Det var godt," sa kona, "vi skulle gjerne ha bygd eit hønsehus på ein påle. Det har vore så mange tømmermenn her, men ingen har kunna." "Det er inga sak," sa guten. "Kanskje du kan?" sa ho. "Ja, eg trur då det; men først må vi ha ein bra stokk til påle." "Du får gå ut i skogen etter ein då," sa mannen. "Eg? Veit eg kva som er din skog? Eg kunne kome til å ta ifrå skogen til noen annan," sa guten, "du får vere med sjølv og vise vegen," la han til. Ja, mannen gjorde det. "Det trengst ein diger stokk," sa guten, "vi får ta eit mastetre." "Dette tenkjer eg passar," sa guten då dei hadde komme langt bort i marka. "Prøv om du kan leggje armane rundt det." Mannen stelte seg inntil treet og rette armane rundt. Då sto guten klar med reip og batt han fast, og så dengte han mannen alt han orka. "Var det ikkje du som kjøpte sugga av meg?" spurde han og løfta noe på øksa. "Nei, det var ikkje eg," sa mannen. "Var det ikkje?" sa guten og letta enda meir på øksa. "Nei." "Var det ikkje du . . ." Guten stelte seg opp som om han skulle til å slå øksa i nakken på mannen. "Det var eg," sa mannen, "kjære vene, slepp meg laus, så skal du få hundre dalar." Ja, kunne guten få hundre dalar, så. Då han hadde fått pengane, reiste guten til byen og kledde seg fint opp, og resten av pengane gav han til mor. Men pengane gjekk snart, og så tok han til å angre på at han ikkje hadde fått meir enn hundre dalar for sugga. Så reiste han til garden der mannen budde. "Kva er du for ein?" spurde kona då han kom inn på kjøkenet. "Eg er lege," sa han. "Då kom du til rette tid," sa ho, "for han Ola har blitt skamslått." "Han treng kokande vatn. Dess meir han skrik, dess friskare blir han," sa guten og gjekk for å varme vatnet. Då det fosskoka, auste han vatnet over mannen. "Gud skje lov, gud skje lov!" sa kona, "No blir han Ola bra, han skrik så fælt." Så levde guten godt og vel med pengane han fekk for å berge mannen, men etter ei tid tok han til å murre over at han skulle hatt meir. Mens han gjekk og tenkte på dette, kom han forbi ei kvern, og møllaren var ingen andre enn mannen som hadde kjøpt sugga av han. Møllaren heldt på og skulle fjerne korn som hadde komme innunder kvernsteinen så kverna ikkje gjekk. "Eg skal lette opp steinen mens du tar vekk rusket og rasket," sa guten, Mannen trivla under kvernsteinen. "Eg får ikkje tak," sa han. "Du får lette steinen høgre." "Ta under med begge hender," sa guten, "så får du nok tak i rasket som hindrar." Mannen så gjorde, og dermed sleppte guten. "Var det ikkje du . . . " "Nei." "Var det ikkje?" sa guten og stilte seg opp med ei stor stong. "Jau." "No vel. Får eg hundre dalar, skal eg ikkje kome til deg meir," sa guten. Det fekk han, og sia hørte ikkje mannen noe meir til han. Ord
Grisegjetaren som vann kongsdottera og halve riketDET VAR ein gong ein konge som var på jakt, og så fór han vill i skogen. Til sist var han så trøytt og svolten at han ikkje orka meir. Så møtte han eit bergtroll med tre hovud."Eg skal vise deg vegen heim dersom du vil gi meg det første du møter når du kjem heim til slottet," sa trollet. Det gjekk kongen med på, for det var ein hund som alltid møtte han, og den var han nokså likeglad med. Trollet synte han då på rett veg, og snart såg kongen slottet sitt. Men då han kom heim, var det dottera som møtte han. Kongen blei ille ved og visste ikkje kva han skulle gjøre. Så gjorde han kjent på alle kyrkjebakkar at den som kunne verje han mot bergtrollet så det ikkje fekk viljen sin, skulle få kongsdottera og halve kongeriket. Det møtte opp mange gromme som gjerne ville vinne kongsdottera. Mellom dei som kom, var det ein gut som baud seg til å gjete grisane til kongen og i tillegg verje kongsdottera. Han hadde med seg tre hundar til hjelp. Den eine heitte Riv, den andre Slit og den tredje Bitihel. Guten fekk jobben som grisegjetar og drog ut i grisemarka som låg ned til ein stor fjord. Imens fekk kongen melding frå trollet om at det ville kome i båt og hente den kjære dottera hans når det blei torsdagskvelden. Dei andre som ville vinne kongsdottera, banna og svor på at dei ville vere på stranda og ta imot trollet den kvelden. Første torsdagskvelden guten gjette, kom bergtrollet med tre hovud roande over fjorden så bulder og brak sto. Men då det fæle trollet var komme til lands for å gå opp til kongsgarden, sprang friarane og gjømte seg bak noen tre i strandkanten. Då sleppte grisegjetaren han Riv på trollet. Hunden beit trollet i hel - slik såg det ut - og guten skar tunga ut av det eine hovudet. Men dei hine som hadde tatt på seg å verje prinsessa, kom med eitt rennande og tok trollhovudet frå han, og så rende dei til kongsgarden med det. Mens guten gjekk vekk frå stranda, livna trollet opp att fordi ikkje alle hovuda var kappa av det. Så rodde heim for å bli friskare. Neste torsdagskveld kom trollet igjen og var fælare å sjå til. No dura det også verre enn før. Grisegjetaren sleppte laus han Slit på det. Hunden drap trollet, såg det ut til, og guten skar tunga ut av det andre hovudet også. Men dei andre verjarane som låg gjømt like ved, sprang til og tok trollhovudet frå han og fór av garde til slottet med det. Og om litt livna trollet til og fór heim att. No hadde det eitt hovud att. Tredje torsdagskvelden kom bergtrollet roande over fjorden så vatnet bruste og fossa; det dura som i ei hard torebyge. Trollet hadde ikkje før sett foten på land før grisegjetaren sleppte laus den sterkaste av hundane, han Bitihel. Det blei ein hard strid, men trollet laut til slutt i bakken. Guten skar over den tredje tunga. Han hadde ikkje før gjort det før dei som gjømte seg for trollet, kom settande og tok det tredje hovudet frå han. Så skulle dei til kongsgarden. Den mektigste av friarane la då fram alle dei tre hovuda og meinte at no hadde han vunne kongsdottera. Då kom også grisegjætaren til. "Ja, der er hovuda, men kor er tungene?" sa guten. Dei var det ingen som kunne leggja fram. Så laut grisegjetaren kome med dei. For det fekk han kongsdottera og halve riket, for kongen var ikkje dummare enn han skjøna kven som hadde berga dottera. Noe hadde ho nok fortalt faren sjølv også. Og dei tre morske hundane til Oskeladden, han Riv, han Slit og han Bitihel, passa så godt på han at ingen gjekk inn for å skade han noen gong meir. Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20062007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||