NORSK DEL, GULLVEKTA

Rudolf Steiner: Åndsvitskap i omriss

 15 › 5 › 15 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR RUDOLF STEINER OG ANTROPOSOFI – SAMLINGA

Rudolf Steiner: Åndsvitskap i omriss

Om verket: Aandsvidenskap i omrids blei omsett av Dora Bugge etter originalens andre opplag, og gitt ut i kommisjon på Kølbelske forlag, Kristiania, i 1916. Verket er nr. 13 i Gesamtausgabe-systemet (GA 13), og blei først gitt ut på tysk i 1913. Same verket finst også med tittelen Videnskaben om det skjulte fremstillet i omrids, og kom ut på Vidar-forlaget i Oslo og Kjøbenhavn i 1930, omsett frå 16.-20. tyske opplag frå 1925. Føredragssamlinga kom først ut i 1910.

Boka følgjer etter Teosofi. Steiner skriv i føreordet at han opprinneleg hadde tenkt å leggje til hovudinnhaldet som nokre sluttkapittel i den boka, men slik gjekk det ikkje. Dessutan skriv Steiner at han følte at overflatisk tenking stadig stod imot han -

Mykje innhald kjem frå Rosekrossar-kosmologien. Ein får lese om kosmiske vesen som påverkar kvarandre, og Steiner sine syn på korleis mennesket er bygt opp. Steiner skildrar innvendig utvikling som kan gagnast ved eigna øvingar. Klarare oppfatning gjennom moralsk og kognitiv trening, fokus og meditasjon hører med. Steiner framhevar personleg moral før utvikling av åndelege eigenskapar. Ein kan nok ha godt av innleiande førebuingar til verket, sia det skil seg mykje frå mainstream-tankar.

Jamføringar: Engelsk: Occult Science – An Outline og An Outline of Occult Science. Dei er hos Rudolf Steiner Archive. Tysk original: Die Geheimwissenschaft im Umriss. kan ein lese hos ◦Freie Verwaltung des Nachlasses von Rudolf Steiner".

Twig

Steiner skriv:

I den atlantiske tida var det berre dei innvigde som kunne føre menneska fram til den rette oppfatninga av ei . . . ny kroppsleggjering [dvs. gjenfødsel] . . .

Følgja av dei langvarige vandringstoga som hadde gått frå vest til aust sia den atlantiske katastrofen tok til, var at det hadde busett seg eit folkesamfunn i dei forasiatiske traktene, og etterkomarane er kjente i historien som persarfolket og dei stammane dei er i slekt med . . . Dei fekk jorda kjær . . . [s. 186-87]

TIL DETTE. Dette kunne vore vel og bra om det hadde vore noko Atlantiskontinent i Atlanteren, slik Steiner skriv, men det har det nok ikkje. Utsyna om eit superkontinent (Pangea) som delte seg, slik at Nord- og Sør-Amerika dreiv av frå det som no er Afrika og Europa, blir støtta av platetektonikken, men ikkje Steiner si soge om eit Atlantiskontinent som låg der botnen av Atlanterhavet er i dag. Det som skjer der nede, er i store drag at det tyt fram magma i ei lang sprekke, at magmaen har danna ei lang fjellkjede som i hovudsak er undersjøisk, og at havbotnen driv frå kvarande, utan at nokon del søkk nedover.

Så kan ein seie: "Kanskje det var ei asterioide som slo ned i det karibiske hav, som gjorde slutt på Steiners eller Edgar Cayces postulerte Atlantis?" Nei. Det skal rett nok ha vore ei asterioide som slo ned på og ved Yucatán for rundt 65 million år sia, men det var lenge før Steiner sa Atlantis gjekk dukken for nesten ti tusen år sia, for eksempel. [Wikipedia, s.v. "Chicxulub crater" og Yucatán Peninsula"]

Eg kan altså ikkje finne støtte for Steiner og andre klarsynte sine hevdingar om Atlantis ifrå vitskapsfunn og plausible teoriar. Følgja av at underlaget blir rykt vekk frå soga til Steiner, bør vere at ein ikkje trur noko som helst frå han eller stoler blindt på klarsynet heller, for "Atlantis" og utbroderingar rundt det er ein stor ting hos Steiner mellom andre. Både skepsis og Buddha-råd hjelper. Det hjelper å halde seg nøytral mang ein gong: Litt kontroll kan vere bra.

Når det gjeld såkalla folkevandringar frå Atlantis, som også Steiner snakkar om, kan det gi nyttig hjelp å setje seg inn i kva genetikk-studiar av folkeslag har synt, for eksempel at heile manneætta av i dag kjem frå utvandarar frå langt sør i Afrika. Vitskapen har ingenting å seie om Atlantis-utvandingar og reknar neppe med dei.

Ulike klassifiseringar av menneska i rasar, som Steiner har kome med i forlenging av syna sine på kven som slo seg ned kor og når, hegner kanskje om maktinteresser. Dessutan endrar oppfatningane i vitskapsføretaket seg rett som det er. Ein skulle ta høgde for dette også, så ein ikkje får hardt fastlåste oppfatningar.

[Store Norske, s.v. "mennesket – forskjeller mellom menneskegrupper"; Wikipedia, s.v. "Genographic Project" og "Early human migrations"]

La litt tvil kome deg til gode iallfall.

Meir Steiner:

Heile grunnmassen i månen er danna av eit halvt levande stoff som snart er i treg, snart i levande rørsle. Ein mineralsk masse i same betyding som fjell og dei av jorda sine andre bestanddelar som det nolevande mennesket går omkring på, er enno ikkje til. Ein kunne tale om eit rike av plantemineral; men ein må førestelle seg at heile grunnkroppen til månen består av denne plantemineralsubstansen, slik som jorda i dag består av stein, åkerjord osv. Som fjellmassar tårnar seg opp i vår tid, så avlagra det seg den gongen hardare delar i månemassen, og dei lèt seg likne med tre- eller horndanningar. Og som no plantane hever seg opp frå mineralgrunnen, så var månegrunnen dekt og gjennomtrengt av dei andre rika som består av eit slags plantedyr. Stoffet i dei var blautare enn grunnmassen og i seg sjølv meir rørleg. Som eit seigt hav drog dette riket seg av stad over det andre. [s. 124-25]

TIL DETTE. Er dette sanninga? I naturvitskaplege krinsar er den mest truverdige teorien i dag at månen blei til då ein protoplanet om lag så stor som Mars, krasja med den unge jorda for rundt 4.5 milliard år sia, slik at glødande masse blei slynga ut i rommet. Massen samla seg til ein klump som kjølna og blei til månen, mens jorda og krasjarplaneten blei eitt. [Wikipedia, s.v. "Moon"]

Ein har nyleg funne vatn på månen, men (enno) ikkje noko som tyder på at det finst liv der.

ENDA MEIR KAN KOME TIL

RUDOLF STEINER, ANTROPOSOFI – SAMLINGA
Rudolf Steiner fra bøker, foredrag, artikler – SLUTTBOLK

Rudolf Steiner fra bøker, foredrag, artikler – LITTERATUR  

Rudolf Steiner fra bøker, foredrag, artikler – OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Rudolf Steiner fra bøker, foredrag, artikler BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2010–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]