![]() |
Svenske eventyr og segner | ||||||||||||||||||
|
Den brune oksenDET VAR ein gong ei jente som tente hos ein bonde. Om morgonane gav ho dyra fôr utafor fjøset, og då var det alltid ein liten brun stut som gjekk der og leita opp strå å ete, som kom bort til henne og strauk seg inntil henne. Etter ei tid klaga jenta til bonden over dette. Bonden svara: "Kast til han litt beinfôr iblant."Då jenta gjorde det, blei den vesle stuten misnøgd og sa like ut: "Du burde heller gi meg noe godt å ete, for eg er ein fortrolla kongsson og vil hjelpe deg til ein betre plass og gjøre deg både rik og lykkelig. No skal du smyge deg inn og ta på deg bestekleda dine, setje deg på ryggen min og følgje meg bort i skogen. Men skogen er fortrolla, så når vi kjem inn i den, vil ei stemme spørje: "Kven er det som rører ved skogen min?" Då skal du svare "Ein liten brun okse". Jenta gjorde som stuten sa, ho tok på seg bestekleda sine, sette seg på ryggen av stuten og flydde ned i trollskogen. Då dei kom dit, tok ho eit blad, og straks spurde ei stemme: "Kven rører ved skogen min?" Jenta svara: "Ein liten brun okse!" og rei til den andre skogen. Der tok ho seg også eit blad, blei spurt som sist, og svara likeins. Så kom ho til den tredje skogen, og det gjekk sameleis for seg der også. Deretter kom dei til ei grøn eng, og der la stuten seg ned under eit lindetre. Nær ved låg eit kongeslott. "Dit skal du gå for å søkje om å bli kammerjente så ho fekk bere opp vaskevatn til kongen kvar morgon," sa stuten. Det arbeidet fekk jenta, men første morgonen blei kongen harm av di jenta kom inn i rommet i den enkle drakta si. Han sa: "Ditt svarte troll, kva vil du her?" Så kasta han handduken etter henne og kjørde henne ut. Då gjekk ho ned i enga og beklaga seg for brunoksen under treet der. Men den sa at ho skulle prøve lykka neste morgon likeins. Morgonen kom. Ho gjekk inn til kongen med vaskevatnet, men blei like uverdig mottatt; og no kasta kongen etter henne handsåpa si og dreiv henne på dør. Ho beklaga seg på ny for stuten, fekk same oppmaninga som førre gong, og fekk same låke behandlinga av kongen den tredje morgonen: Då kasta han den forgylte tøffelen sin etter henne i raseri. Trist flydde ho ned til stuten under treet. Så blei det søndag, og då sa stuten: "No skal du i kyrkje. Ta fram det første bladet du snappa til deg i trollskogen." Det gjorde jenta. Og vips voks bladet til ein kledning som skein som stjernene over skogbrynet. Samstundes kom det fram ei fin vogn midt framfor treet. Ho sette seg i vogna og reiste til kyrkja. I kyrkja vekte ho mye oppstyr for di ho var så vent kledd og såg så pen ut, og då ho gjekk ut av kyrkja, stod kongen ved døra og spurde: "Kva for eit land er du ifrå, søtnos?" "Eg er frå handdukland," svarte jenta; og dermed hoppa ho opp i vogna og vende som eit lyn tilbake til til brunoksen under treet i enga. Den andre søndagen sa brunoksen at ho skulle til kyrkje att. "Ta fram det andre bladet du tok frå trollskogen," sa den. Ho så gjorde, og mens ho stod og heldt i bladet, svella det i hendene hennar til ei drakt som skein som månen. Den same fine vogna dukka opp som sist. Ho steig opp i og kjørte til kyrkja. Der vekte ho enda meir oppstyr enn sist, og då ho ville ut att etter gudstenesta, stod kongen ved utgangsdøra og spurde kor ho var ifrå. "Frå såpeland," sa ho, og forsvann på same sett som sist. Tredje søndagen, då ho dukka opp hos oksen under treet på enga, bad oksen henne ta fram det tredje bladet frå trollskogen, og det gjorde jenta. Mens ho heldt det fram, voks det til ei drakt som skein som sola, og det følgde eit par gullskor med også. Den fine vogna stod med eitt framfor dei under treet, og så kjørte ho til kyrkja. I kyrkja kika alle på henne og undra kven ho var og kor ho kom ifrå. Etter gudstenesta ville ut ut så fort ho kunne, men så stod kongen i utgangsdøra og spurde henne ut som dei to siste gongane. Denne gongen svara ho kongen: "Eg er frå tøffelland." Men så mista ho den eine gullskoen sin mens ho smaug seg forbi han. Det var ein uvanlig nett liten gullsko. Kongen tok den straks opp og tok vare på den, mens jenta skunda seg som dei førre gongene til brunoksen. Kongen hadde no blitt kjær i den vakre, ukjente jenta. Han kunngjorde frå kyrkjebakkane over heile riket at den som kunne fortelje kven som åtte gullskoen, skulle få stor beløning; for kongen ville ha den jenta til kone! Men ingen kunne seie noe om henne. Ein husmannsdotter meldte seg no for kongen. Ho såg pen ut, men hadde store, klumpete føter under stakken. Derfor hadde ho hogd eit godt stykke av hæl og tå for å få den vesle gullskoen på foten når ho skulle prøve den. Gullskoen passa nesten fint, men så ropte ein papegøye i rommet om og om att: "Hoggen hæl, hoggen. tå; i enga hos brunoksen er den som gullskoen går på."Straks såg dei nøyare på foten hennar, og då dei såg ho hadde avkappa hæl og tær, blei ho drive frå slottet. Fleire av tenarane til kongen sprang no ned i enga, og der fann dei snart den rette, ho som gullskoen passa på, og dessutan hadde ho ein sko som var maken. Dei tok jenta med opp i slottet og synte henne fram for kongen, og i det same blei brunoksen fri frå fortrollinga. Han blei omskapt til ein kjekk og ven kongsson, slik han hadde vore før. GlassverdetEIN SKREDDAR budde ved ei elv. Ein gong han var ute og vaska klede i elva, fann han ei korg med eit lite gutebarn i vatnet. Skreddaren tok opp barnet og gjekk inn til kona si med det. Men kona knurra:"Kva skal vi gjøre med eit hittebarn; det er mest til bry!" Skreddaren lova då at gi kona årsløn for å vere god mot barnet og ta seg fint av det. Men skreddaren fekk leve berre sju år etter det, og då fekk ikkje kona meir løn. Så blei ho lei mot guten og insisterte på at kvar og ein i soknet skulle fø han i eitt år etter tur. Og slik gjekk det til guten var fjorten år, då ville dei at han skulle ut i teneste. Først fekk han teneste hos ei rik men vondhjerta frue. Ho hadde tilmed tvinga mannen sin til å gjete bølingen, heilt til han flydde frå henne, slik som mange av tenestefolka hadde gjort før. Det var nett då ho tilsette guten til å gjete, med ord som, "Litt skal du ete, men mye skal du arbeide!" Graut skulle han få kvar kveld; og kvar morgon måtte han ut og gjete dyra. Grytidlig den første morgonen på garden høyrde han matmora klemte med klokke, og då stod han opp frå høyloftet, der ho hadde funne plass til han. Matmora sa straks han stakk nasen ut av løa: "Her står buskapen og svelt: Kan du ikkje stå opp i god tid?" Ho gav han ei brødskive og dreiv han og dyra ut gjennom grinda. Guten tenkte for seg sjølv: "Eg let dyra velje vegen. Det kan gå godt, for dei er vel van til å gå ein bestemt veg." Så kom dei til ei eng, og der gjette guten dei på beitet. Over enga låg eit høgt berg. Guten var nyfiken og kleiv opp. I graset på bergkollen fann han to glasskor. Dei hadde han mye moro med til det lei mot kvelden. Då måtte han heimetter med buskapen. Midtveges ropte ei lita jente etter han, "Har du funne glasskorne mine? Det er berre du som har vore på berget etter meg. Gir du meg dei, skal du få finnarløn av meg ein annan gong." Så tok guten fram dei små glasskorne og gav dei til jenta, og så blei ho borte i ein glimt. Om kvelden var matmora arg for at bølingen hadde vore lenge borte. Ho trudde han hadde skvaldra vekk tida på vegen, men mat fekk han likevel. Så måtte han gå og leggje seg for å bli utkvilt til å gå grytidlig av stad morgonen etter. Så snart sola rann, stod matmora uti garden og klemta med klokka og var ganske vreid over at guten ikkje var oppe. Så fekk han ei brødskive og gjekk med dyra for å gjete dei i skogen. Dyra fann den same grøne sletta som dagen før, og guten klatra opp på berget og tenkte: "Det kunne vere kjekt å finne eitkvart i dag også." Han fann eit ur i det grøne graset under lindetreet på hauge, og leika lenge med det. Då sola tok til å dale, la han på heimvegen med buskapen, men då han var på halva vegen, ropte ein kar etter han: "Gi meg tilbake uret mitt!" Guten gav uret til mannen som sikkert var eigaren og var lei seg over ikkje å kunne behalde det, men mannen lova han finnarløn ein annan gong, og då blei guten gladare. Heime banna matmora og gav han graut før ho sendte han ut i løa med beskjed om å sove og bli utkvilt til neste morgon, elles . . . Om morgonen klang klokka og matmora stod uti garden og murra. Ho gav han ei brødskive og dreiv han og dyra ut grinda og mot skogen. Dyra gjekk til enga under berget igjen, og guten klatra opp dit og sette seg. Mens han sat der og togg på brødskiva si, fekk han sjå noe som blinka i graset. Det var ei glasbjølle. Han tok den fort opp, og då klang den lang veg. I det same dukka det fram ei kjempe med eit glassverd framfor han og spurde kva han befalte. Guten svara, "Eg er ikkje van med å befale." "Kanskje det," sa kjempa, "i dag kan eg heller ikkje gjøre stort, for eg har vondt i ei tå. Men i morgon kjem eg att og vil tale med deg." Dermed forsvann han. Guten undra seg over alt dette mens han dreiv saman buskapen og skunda seg heimetter litt før tida. Men på heimvegen hørte han noen rope til seg: "Gi meg glasbjølla mi tilbake." Det var ein liten mann i skogen som ropte. Guten gav han glasbjølla, og blei glad då mannen lova han finnarløn ein annan gong, og forsvann. Guten kom seg heim, fekk skjenn og graut og gjekk og la seg til å sove på høyloftet. Men om natta fekk han ikkje sove for di tankar på kjempa kverna i han Han stod opp tidlig og gjekk ned på garden før matmora kom, og gjekk til skogs med buskapen. Dei gjekk til same sletta som før, og han kleiv opp på berget og undra om kjempa verkelig ville kome. I det same han sette, kom kjempa med glassverdet opp berget og sa, "I går love eg å kome og tale med deg, og no er eg her. Tre ting har du funne og ingen ting fått til gjengjeld, så no skal du få tre ønske. Tenk over kva du vil ønske deg mens eg er borte ei stund." Guten trengte ikkje fundere lenge på det, og snart var også kjempa tilbake. "Først," sa guten, "vil eg bli slik at eg kan befale og sleppe å lystre andre. Før det andre at eg bo i eit fint hus der fornemt folk kan gjeste meg, og for det tredje ønskjer eg ei kongsdotter til kone!" Då sa kjempa: "Krøttera får no gå i skogen som dei vil, og du får følgje meg." Så gjekk dei begge ned av berget og gav seg i veg. "Men korleis skal vi kome fram blant buskar og tornar utafor allfarveg og stigar?" undra guten. "Sjå her," sa kjempa; og drog glassverdet, og bana ein brei veg gjennom buskas og kjerr. Då dei gått eit stykke vidare, spurde kjempa korleis guten hadde det. "Eg er så svolten," sa guten. "For eg har ikkje hatt mat sia i går." "Det skal vi ordne på," sa kjempa, så rydda den veg med sverdet fram til ei lita bygd. Dit kunne guten gå og krevje all den maten han ville ha i kjempa sitt namn. Guten gjorde som kjempa sa, og fekk ete seg god og mett før han gjekk tilbake til kjempa i skogen utafor. "No går vi vidare," sa kjempa, og så gjekk dei mange mil vidare. Etter ei tid spurde han guten korleis han kjende seg. "Eg er både trøtt og søvnig," sa guten. "Det finst det naturlig råd for," sa kjempa, og hogg ned noen store greiner som han spreidde til seng for guten. Og når guten hadde sove til sola skein i auga på han, stod kjempa ved sida hans og sa, "No held vi fram og går vidare, du og eg." Dei gjekk mange mil saman til kjempa spurde guten korleis det stod til. "Eg er tørst," sa guten. "Det finst det råd for," sa kjempa, og stakk sverdet langt ned i bakken. Straks sprang det fram ei kjelde med klart, kaldt vatn, og guten kunne drikke så mye han lysta. Då guten hadde drukke seg utørst, gjekk dei vidare. Og då dei gått eit langt stykke, spurde kjempa korleis guten hadde det. Guten sa som sant var: "Føtene mine er ømme. Eg er redd eg har vassblemmer." "Det skal vi ta oss av," sa kjempa; og så reiv han fin bast av kjerr og tre og sveipa rundt føtene til guten til det var som han hadde skor på seg til sist. No blei vegen meir attgrodd, så kjempa laut slå stadig sterkare med glassverdet for å bane veg. Då dei hadde gått ei tid, spurde han guten igjen: "Ser du noe framfor deg?" "Eg ser ein veg," sa guten. "No kjem også den første prøva di," sa kjempa. Dei gjekk no langs ein smal veg med bratte skrentar på begge sider. Og midt i vegen låg ei løve og gapte. Kjempa sa til guten: "No skal du gå fram og hoppe over løva." "Bevarast," sa guten, "løva riv meg i hel." "Her er ingen annan utveg," sa kjempa, "du må." "Ein må det ein må," mumla guten mens han skalv, men så hoppa han til. Løva opna gapet, men han kom likevel over. Det var som om han blei bore av englevengar. "Sjå det," sa kjempa sindig, "no går vi vidare." Etter ei stund spurde kjempa: "Ser du noe framfor deg?" "Ja, det er eitkvart i det fjerne som glinsar med sus og brus," sa guten. "Der er den andre prøva di," sa kjempa. Då dei kom fram, var det ein brei elv full av brusande stryk, orm og bjørn, og det var så bratte elvebredder at ein ikkje kunne kome over anna enn ved å springe over. Kjempa sa: "Hopp over no! Det er no det gjeld." Guten pusta tungt og grudde seg for vasstryk og udyr, men kjempa sa: "Det er ingen annan veg; du er nøydt. Og bak deg ligg jo den burande løva." Guten laga seg då til å hoppe over mens ormane og bjørnane i elva kveste og brumma om kapp. Guten titta etter og fann ein plass der elva var smalare enn dei fleste andre stader, og der han kunne få godt tilsprang før hoppet. Han bykste over som best han vann, og det var som englevenger bar han over til andre breidda. "Det gjekk jo bra," sa kjempa att. No gjekk dei lange vegar før kjempa sa: "Ser du noe framfor oss?" "Ja, det er liksom eit flammande bål," sa guten. "Det er den siste prøva di," sa kjempa sindig. Då dei kom lenger fram, såg dei eit stort bål. "No skal du hoppe over bålet," sa kjempa. Guten grudde seg for den sprakande elden; men kjempa sa berre: "Fatt mot og spring over som best du kan." Til sist sprang guten til det beste han var kar om, og det var som om han fekk englevenger med eitt. Han kom lykkelig over elden, og var ikkje ein gong svidd i håret. Så gjekk dei vidare. Etter ei tid spurde kjempa, "Ser du noe framfor oss?" "Eit stort hus," svara guten. "Då er vi snart framme, for det er eit kongeslott", sa kjempa. Snart stod dei utafor slottsporten. Då sa kjempa til guten: "Ta no glassverdet mitt og hogg av meg venstre skoen med det." "Nei," sa guten; "Du har har vore altfor god mot meg. Sett om eg bommar og kuttar foten, for eksempel? Kva då?" Men kjempa sa: "Eg befaler deg å gjøre det." Guten tok då glassverdet, gret og hogg den venstre skoen av kjempa, så kjempa fall til marka. Guten trudde kjempa var død, og gret. "Det var det," tenkte han. I det same høyrde han lyden av ei bjølle, som frå bjølla guten hadde funne i graset på berget. Lyden kom innafrå slottet. Slottsportane blei opna, og mye folk kom ut og helsa han velkommen og spurde kva han ville. "Kan noen ta seg av kjempa? Han var god mot meg og fall om her," sa guten. "Det skal bli," sa tenarane, og så bar dei kjempa inn på eit rom i slottet. Guten fekk eit rom for å stelle seg etter strabasane. Ein tenar tok han i handa og leidde han til eit rom der det låg fine klede klar til han. Tenaren kom inn med handklede og anna så han fekk stelle seg, og så kledde han guten så han likna ein prins. No kom ein annan tenar og førte han til eit anna rom. Der var det mange speglar å sjå seg i, og guten syntest han var vel og bra kledd. Så kom ein tredje tenar og opna ein dør inn til eit flott rom. Det var herlig opplyst av fleire glaskroner. Guten såg seg om overalt der inne, men såg ingen. Men snart såg han ei dør med to glasskor utafor. Dei såg ut som dei glasskorne han hadde funne i det grøne graset på berget. Guten gjekk heilt bort til dei små, nette glasskorne og løfta dei opp for å studere dei nærare. Straks han rørte dei, gjekk døra opp, og innafor døra sat ei pen kongsdotter i brurelin og bad han kome inn. Då han hadde kome inn, sa ho til han: "Ta meg i handa og lei meg inn til far." No kom det til mange slags folk omkring dei, og kongsdottera bad om at dei følgde dei to inn til kongen. Då dei kom inn til han, reiste han seg og sette ifrå seg eit klart glassverd han heldt i handa, hinka litt då han gjekk fram imot dei, helsa og bad dei velkommen. "Ja, det er meg, som du trudde du drap utafor her," sa han smilande. I det same klang ei glasbjølle, ei dør gjekk opp, og ein prest kom inn med ei diger bok i nevane. Presten gjekk fram til brura og brudgommen og vigde dei framfor heile hoffet som hadde samla seg. Då dette var gjort, gjekk kongen fram og gav brudgommen glasuret som han ein gong hadde funne i det grøne graset på berget. Deretter kom ein fint kledd mann og gav brudgommen eit dokument der det stod forklart kven han var son til og kva som hadde hendt: Han var ein kongsson som ein gammal, svart arbeidar hadde stole frå foreldra på grunn av dei vene kleda han hadde, og juvelane som låg i vogga hans til leiketøy. Den svarte arbeidaren hadde likevel ikkje hatt hjerte til å drepe babyen, men sette han ut på elva i ei korg. No blei brudgommen enda gladare, enda om han ikkje hadde blitt kvitt vassblemmene sine enno. Kongen fortalde no at slottet og riket hans hadde blitt fortrolla, og berre ein modig og lydig gut kunne oppheve fortrollinga. No hadde han sett at guten hadde gått gjennom alle prøvene. "Derfor har eg funne at du er verdig til å få dottera mi og heile riket etter meg, sia du løyste oss alle frå fortrollinga," sa kongen, og så feira dei bryllaup både lenge og vel der i garden. Kva ompa-di-gompa var
DET VAR ein gong ein konge som ikkje heldt seg betre enn at han var god venn med
kona til ein smed som budde nær slottet. Kongen besøkte smedkona rett som det
var, men mannen hennar var somtid til hinder for det kongen ville der i garden, så
kongen bestemde seg til å rydje han av vegen.Ein dag baud derfor kongen smeden at han skulle byggje eit grant slott for han på tre dagar. Det skulle stå på fire stolpar, og blei det ikkje ferdig skulle smeden bøte med livet. Smeden såg ingen utveg, og gjekk fortvilt inn i skogen. Der kom han til ei lita stue som han gjekk inn i. Der inne sat ei gammal kone. Då ho spurde korleis det stod til, klaga smeden over dei reint urimelige krava til kongen, og bad henne om råd om ho hadde det. Kona lærde han då så mye at smeden fekk slottet ferdig i tide. Kongen blei både forundra og harm då slottet stod ferdig som han hadde kravd. Men straks baud han at smeden skulle grave ein stor kanal rundt det nye slottet og fire bruer over den, ei bru til kvar slottsport. Også dette fekk smeden ordna til på tre dagar, takk vere slikt som kona lærte han. Då blei kongen enda harmare; men han visste ikkje kva for ei umogelig prøve han skulle leggje på smeden for å kunne ta livet av han. Til sist ropte kongen ute av seg: "Du skal lage eit "ompa-di-gompa" til meg innan tre dagar om du vil leve." Smeden visste ikkje kva eit "ompa-di-gompa" var, og gjekk fortvilt inn i skogen att. Kona i stua sa til han: "Lag ei stor nattpotte av jern og sett den under senga di; stell deg sia på lur. Når du ser noen ta i den, så sei berre sakte før deg sjølv: "Sit fast!" Så får du snart sjå ompa-di-gompa." Smeden lydde kona. Ein kveld kom kongen som vanlig til smedkona på besøk; og smeden stod gjømt på lur. Dei elskande kledde av seg: kona gjekk til sengs og kongen ville følgje etter så snart han hadde brukt nattpotta. Men då han tok i jernpotta, kviskra smeden sakte "Sit fast," og dermed kunne ikkje kongen kome seg laus frå den, der han stod i berre skjorta. Smedkona sprang då i berre nattserken ut av senga for å rykke vekk potta frå kongen; men med det same ho tok i den, kviskra smeden "Sit fast!" igjen, og dermed var ho som fastlimt, ho også. Kongen blei harm og forarga over narrespelet og smedkona gret og ropte på tenestejenta si. Ho kom rusande inn i ørske utan ein tråd på seg og skulle hjelpe dei to; men kom til å sitje fast i potta som dei. Då steig smeden fram og dreiv dei ut av huset. Alle tre skreik og ropte til drengen som kom ut og skulle hjelpe dei. Då fastna også han. Men no var det nesten dag og tenestejenta ville ikkje at andre skulle sjå henne naken. Derfor tok ho opp ein høydott for å løyne somme stader på kroppen som best ho kunne. Då kom ei ku som ville ha høy. Smeden sa: "Sit fast." Straks kom ein okse som kleiv opp på kua, og smeden ropte igjen, "Sit fast." Ved tollporten kom tollaren ut og ville ha toll; men då han fekk sjå dette følgjet ropte han: "Kva er det for eit ompa-di-gompa"? Så ville han skubbe stuten ned frå kua, men smeden sa, "Sit fast!" Derifrå gjekk det inn gjennom byporten med følgjet, gate opp og gate ned. Folk lo og ropte: "Kva er det for eit ompa-di-gompa? Kva er det for eit ompa-di-gompa?" Etter litt dreiv dei heile "ompa-di-gompaet" ut på landet og tok dei den kløktige smeden til konge, for han hadde jo bygd slottet, sa dei. Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 19992007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||