NORSK DEL, GULLVEKTA  

Svenske eventyr og segner

 13 › 1 › 3

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Max Emior og Anna Samklam

Eventyrikon DET VAR ein gong to systrer som begge var ekte trollkjerringar, og som budde eit godt stykke ifrå kvarandre. Den eine kona, Moder Krafsudd, hadde ein fosterson som blei kalla Max Emior; og den andre systera, Moder Fisken, hadde ein fosterdotter som heitte Anna Samklam. Ettersom trollkjerringarne stundom besøkte kvarandre, så møttes også barna no og då. Moder Fisken merkte at Anna Samklam syntest godt om Max Emior og nemnde det for systera si, som fann på ei råd med det same:
      "Eg skal sende Max til deg i eit ærende, og då kan du vel gi han eitkvart i maten så vi blir kvitt den guten."
      Anna Samklam fekk nyss om dette og åtvara Max om at kjerringane ville drepe han for di han tykte om henne. Han skulle akte seg for å ete og drikka noe av det Moster Fisken ville gi han når han blei sendt dit i eitkvart ærend.
      No sendte Moder Krafsudd guten til Moder Fisken med eit brev og ei munnlig helsing om at Moder Fisken skulle kome til mor Krafsudd så dei kunne bade i lag, dei to. Mens mor Fisken las i brevet, gav ho guten ein pølsenabb å ete. Men ho blei så forstyrra av Anna som skubba til henne mens ho svinsa i kjøkenet, at ho ikkje såg om guten åt opp pølsa. Dermed stakk ho saen inn døra og spurde Max om han likte pølsa.
      "Ja," sa guten.
      Men trollkjerringa trudde ikkje på han, ho gjekk inn i stua og spurde høgt ut i lufta: "Pølse, kor er du?"
      Og pølsa som guten hadde slengt under bordet, svara: "Her er eg."
      Og sjølv om Moder Fisken hadde det travelt, tok ho opp pølsa og ville tvinge guten til å ete den. Men så kom Anna svinsande inn til dei i eit eller anna ærend, og då fekk ikkje Moder Fisken seg til å gjøre det, mens jenta var der. I staden skikka ho pølsa til guten igjen og følgde Anna ut ut på kjøkenet eit ærend. Då såg guten sitt snitt til å putte den inn på barmen under skjorta si.
      Då Moder Fisken kom inn att, spurde ho guten om pølsa var fin.
      "Ja," svarte han kjapt.
      Men arg og mistanksam spurde ho likevel ut i lufta: "Pølse, kor er du?"
      Pølsa svarte: "Mellom skinnet og skjorta."
      Kona var tunghørt og hørte feil, ho trudde pølsa svarte "Mellom skinn og kjøt", og at den derfor var i magen til guten. Så var ho nøgd og bad han gå heim md helsing til Moder Krafsudd om at ho systera snart ville kome etter og bade hos henne.
      Max kom uskadd heim; men då Moder Krafsudd fekk sjå han kome lys levande, blei ho vond og sa innett: "Dette skal syster mi få unngjelde!"
      No tok Moder Fisken med seg Anna og halta av stad mot huset til Moder Krafsudd. Ho trudde at guten låg daud einkvan stad av den forgifta pølsa. Men då ho kom inn til systera si, fekk ho eit så kvasst blikk imot seg at ho blei fælen. No såg ho snart grunnen; guten sat lys levande inne i stua.
      Kjerringane ville no vere aleine saman, og bad barna gå ut og fjerne snublesteinar frå vegen, så Moder Fisken kunne kome fram lettare. Men Anna skjøna dei pønska på vondt, og tok eit garnnøste og knytte mange tusen knutar på tråden. Kvar knute skulle svare, "Her er eg" for barna.
      Så rulla Anna ut tråden på vegen nær huset. Men kvar knut kunne ikkje svare meir enn ein gong. Så etter at kjerringane hadde sete og bada saman vel og lenge og ropt "Max og Anna" ut gjennom gluggen mange, mange gonger og alle knutane hadde svara "her er eg", blei det stilt der ute. Dei to trollkjerringane tok straks til å få mistanke om at barna hadde narra dei og rend sin veg.
      Moder Krafsudd som hadde friske føter, gjekk ut av stua for å sjå etter barna. Då ho ikkje såg dei, gjekk ho sint til systera si stue. Heller ikkje der var dei to barna. Då skunda ho seg heim og fortalde at barna hadde rømt frå dei, og så sette ho av stad for å forfølgje dei i villt trollsprang.
      Barna flydde føre, men kjende seg snart nedtyngd av ei trollkraft. Dei såg seg om for å finne ut kor den kunne kome ifrå. Då såg dei Moder Krafsudd som kom settande i full fart. Max hadde lært eitkvart han også, og sa til Anna:
      "No skal vi skape oss om: eg til ein tornebusk og du til ei fager rose midt inni tornebusken."
      Då no kona kom og såg den uvanlige tornebusken med den vene rosa, fekk ho mistanke til at det kunne vere barna, og angreip busken for å nå rosa. Men tornebusken stakk og kvesta henne så ho ikkje nådde til. Då gjekk ho blødande heim og bad systera om å gripe inn i staden for seg.
      Moder Fisken tok staven sin og hoppa frametter vegen i stor fart. Max Emior og Anna Samklam hadde no komme eit godt stykke vidare langs vegen, men så tok dei til å kjenne seg tynga av ei trollkraft. Dei stogga og fekk sjå Moder Fisken kome springande og hoppande, og tenkte dei fekk prøve å kamuflere [gøyme] seg igjen. Guten skapte seg om til ei steinkyrkje langs vegen, og Anna skapte han om til ei due høgst på kyrkjetårnet.
      Då Moder Fisken nådde fram til kyrkja, ropte ho til dua og lokka "Kome dua, dua, kome dua", men dua sat der og lea seg ikkje, same kor mye trollkjerringa lokka.
      Då tok trollkjerringa til å rive laus på kyrkjesteinane for å sjå om kyrkja var ei fortrolling, men dei sat fast. Då kunne ho ikkje finne ut av det. Dermed halta og hoppa ho forbi kyrkja. Lenger nedi vegen låg den store staden, og der hadde ho ikkje noen makt. Ho gjetta at barna hadde narra henne i skapnad av kyrkja og dua, og ville attande til kyrkja og prøve kreftene sine enda meir der. Men Max og Anna hadde då gått eit stykke vekk og skapt seg om til ei mølle og ei gammal møllarkone som stod midt i mølla.
     
Detalj frå måleri av John Constable
Møllehjul


Trollkjerringa gissa at mølla og kona var guten og jenta. Ho skunda seg til mølla og spurde møllarkona: "Har de sett noen barn gå forbi her?"
      Men møllarkona let ikkje til å høre noe i bråket frå mølla. Ho ropte berre: "Fort, min møllar, mal omkring!"
      Moder Fisken blei harm over ikkje å få svar. Ho reiv i kvernveggen for få laus ein stein og dermed oppheve omskapinga, med då kom kvernvengen susande og brakk eine armen hennar. Då laut ho gå furten heim utan resultat.
      No gjekk Max og Anna inn til staden for å søkje seg teneste. Der hadde trollkjerringane ikkje noen makt over dei.
      "No har eg trufast hjelpt deg, Anna. Ikkje gløym meg, du," sa Max.
      "Nei, aldri," svara Anna.
      Max gjekk inn i eit stort hus og søkte plass som betjent hos ein general. Anna Samklam fekk plass som kammerjente hos systera til generalen i ein annan del av det store huset.
      Men Max glømde snart Anna blant alle dei vene jentene, og jamvel om dei ofte møtte kvarandre, kika han ikkje ein gong bort på henne. Dei andre betjentane var i fyr og flamme over Anna og prøvde å treffe henne og snakke med henne så ofte dei kunne. Og ho var vennlig mot dei når dei kom for å oppvarte henne. Ho tenkte at ho på det viset kanskje kunne få tale med Max om senn.
      Ein kveld kom førstetenaren inn i rommet hennar og blei tatt vel imot. Men då han hadde sete ei stund, sa Anna:
      "Å, no kjem eg i hug at eg at eg glømde å stengje kammerdørene til frøkna. Eg må straks gå og låse til dei."
      Den høflige tenaren tilbydde seg med det same å gjøre det for henne. Men nettopp som han tok tak i døra, sa Anna stilt ut i lufta: "Dør, hald fast til lyse dagen!"
      Og der laut tenaren stå og halde i døra like til neste dag. Då smaug han seg skamflat til sitt eige rom. Men han tala ikkje med kameratane om det som hadde hendt, han berre skrytte over kor vennlig Anna hadde vore mot han.
      Neste kveld kom andretenaren til Anna. Ho var like vennlig mot han som mot den førre. Men då han hadde sete ei stund, sa ho: "Eg glømte å leggje teppe på den venaste hesten til frøkna. Det lyt eg gå og gjøre med det same."
      Tenaren tilbydde seg straks å gjøre det for henne. Men nettopp i det han skulle leggje teppet på hesten, sa Anna Samklam stilt: "Teppe, hald fast til lyse dagen!"
      Då laut tenaren stå slik til dagen grydde. Då smaug han seg forarga tilbake til rommet sitt. Men til kameratane snakka han berre om kor kjekt han hadde hatt det og kor vennlig Anna hadde vore.
      Max sat og hørte dei andre fortelje så mye vakkert om Anna at han ville gjeste henne, han også. I den tida som gått, hadde han heilt glømt henne. Han kledde seg i dei finaste kleda sine og gjekk inn til Anna. Då han hadde sete der ei stund, kom ho med eitt i hug at ho hadde glømt å ta den beste kua til frøkna inn i løa. Den var så strevsam, ein laut ri den på bås.
      Max tilbydde seg høflig å hjelpe henne, og gjekk ut. Men nettopp som han sette seg opp på kuryggen, sa Anna Samklam stilt ut i lufta: "Ku, spring garden rundt til det blir lys dag!"
      Kua sprang garden rundt heile natta, og kor mye Max streva, klarte han ikkje hoppe av. Då det blei morgon, smaug han seg skamfull og frosen inn på rommet sitt.
      Då dei andre betjentane fekk sjå kor skipla han såg ut, spurde dei korleis han hadde hatt det og om jomfrua hadde vore vennlig mot han.
      "Nei," svara han ærlig og fortalde kva som hadde hendt. Då vedgjekk dei andre at dei også hadde hatt ulykke hos Anna Samklam, men ingen av dei hadde trudd at det var ho som var grunnen til det.
      Max var blitt kjær i Inga, ei anna kammerjomfru, og bryllaupsdagen blei fastlagt. Då han og brura skulle kjøre til kyrkja for å vigslast, måtte dei over ei bru.
      Nedafor brua sat Anna på elvebreidda og mata to ender, ein andrik og ei ho-and. Då vogna med brureparet kom på brua, fekk ho vogna til å stogge. Den kom ikkje av flekken. Alle kunne derfor høre kva ho sa til endene.
      "Sjå korleis andriken svik anda slik som Max sveik Anna!" ropte ho då andriken reiv til seg alt brødet som ho kasta ut. Dette gjentok seg fleire gonger, og då brudgommen høyrde det, kom han med eitt i hug Anna Samklam som han før halde så mye av. Brått kom kjærleiken til henne over han igjen som ein flaum.
      "Anna, Anna, stig opp i vogna! Deg vil eg ha og inga anna," ropte han til henne.
      Brura flydde forskrekka derifrå, men Anna Samklam som hadde krone og krans klar i tilfelle, svinga seg opp ved sida av Max, og så bar det av stad til kyrkja. Der blei dei gift dei og levde sia lenge i lykke og trivsel.

OPP


Guten som ikkje var mye redd av seg

EIN KLOKKAR hadde to søner, Markus og Ola. Faren hadde ikkje råd at føde dei heime, så ein dag bad han dei søkje seg teneste. Dei to brørne gjekk straks og tok kvar sin veg.
      Ved kveldstid første dagen sette Ola seg ved eit tre i vegkanten. Då fekk han eit hardt slag i hovudet, så hardt at hatten hans fall av. Ola reiste seg opp og spurde korfor han ikkje kunne få sove i fred. Då stod ein ung gut framfor han og fortalte at han hadde tent på ein herregard nær ved. Der hadde kjellarmeisteren stole eit vinfat og gjømt det under golvet. Guten var uskuldig avretta for det, og fekk ikkje ro i døden før det heile var avslørt, sa han. Kanskje Ola ville hjelpe til? Med den bøna forsvann han.
      Ola gjekk til herregarden og fortalde kva han hadde hørt, og søkte rett på vinfatet under golvet. Kjellarmeisteren stakk då ein lang kniv i brystet og døydde.
      Ola fekk både pengar og klede for hjelpa. Han kledde seg opp, skaffa seg vogn og hest, og køyrde til eit slott. Der var det eit rom der ingen kunne bu, for der spøkte det. Der stod også skrive på veggen utafor rommet, at den som ville sove der ei natt, skulle få ei av kongsdøtrene til kone. Ola sa ja til å sove der, han trudde ikkje det skulle bli så vanskelig.
      Han gjekk inn i rommet og sette ei stor gryte tjøre på omnen og gav seg til å koke den. Så la han seg. Då var den noen som opna døra, og eit stort hovud kom inn. Ola tok ein sleiv tjøre og kasta etter gjenferdet så det forsvann ned i ei stor luke på golvet. Ola sprang etter. Dei kom til ein stor kjellar. Der var skuffer fulle av sølv- og gullmyntar. Attergangaren snakka til Ola:
      "Eg var konge her for fleire hundre år sia og gjømte desse pengane. Men ingen visste om dei og ingen fann dei. Dermed fekk eg ikkje fred, ikkje før du kom. No er pengane dine."
      Så forsvann gjenferdet.
      Om morgonen skulle Ola velja seg ei av kongsdøtrene, sia han no hadde vist han kunne overlevde sterke saker. Dei var tre, og han tok den yngste. Men ho svima straks av, berre ved tanken på å gifte seg fattig. Då gjekk Ola ned i kjellaren og fylde ein sekk med gullmynt, og så kom ho seg.
      Ola reiste snart etter med kona si til herregarden der han hadde funne vintønna. Der kledde han seg i gamlekleda sine som låg der, og så gjekk han heim for å helse på foreldra og broren, for han hadde slik heimlengsel. I gamlekleda såg han ut som ein uteliggar. No hadde han har vore vekke i tre år. Det var julekvelden. Heime kjende ikkje den nye gardsdrengen han, og sa det var ikkje rom for han, for den eine sonen på garden hadde komme heim same kvelden. Ola bad då om å få liggje på kjøkenet eller golvet. Han fekk ein halmsekk under hovudet og sovna.
      Mens han låg der, kom broren Markus bort og såg ned over gjesten. "Det er visst Ola, stakkars," sa han.
      Mora sukka tungt. "Er Ola blitt uteliggar? Det trudde eg nesten han blei. Om eg berre slapp å sjå han!"
      Ola låg vaken med auga att mens dei snakka om han, han tagde og tenkte: "Om de visste det eg veit, gav de meg i det minste ei god seng og ein matbit."
      Då Ola hadde kvilt seg på golvet, gjekk han til kona si og kledde seg opp som ein prins. Med det same foreldra og bror hans fekk sjå at Ola hadde blitt ein rik mann med staselig kone, streva dei etter å glatte ut og gjøre stas på han.
      Ola tilgav dei og gav dei gåver før han og kona vende tilbake til slottet. Der levde dei i lykke og harmoni sia.
  • Før i tida nådde somme langt for di dei ikkje var mykje redde av seg.
OPP


Numle med dei tre sverda

Eventyrikon DET VAR ein gong ein smed. Ein gong på våren då han hadde sått åkeren sin, skulle han til skogs og hogge ved og lage i stand ei kolmile. Då han hadde ete frukost og var klar til å gå, sa han til kona:
      "Du får kome med mat til meg ved den runde dungen i ni-tida, då."
      Klokka ni kom kona med mat. Mens han åt, sette ho seg som vanlig til å kvile. Sia skulle ho ta matkrukka heim og bere middagsmaten i den til han, for dei var fattige, nygifte og hadde ikkje nådd å skaffe seg så mye utstyr som dei trengte.
      Etter måltidet kvilte dei i lag ei stund, slik skikken var. Då dei hadde lege og sove saman ein blund, steig kona opp og gjekk sin veg, men tok øksa til smeden med seg.
      "Kva skal du med øksa?" spurde smeden. "Det heng jo fire økser heime på øksehenget!"
      Kvinna svara ikkje, men gjekk derifrå. Mannen undra seg storlig, men tenkte: "Ho setter vel øksa ved eit tre eller ei buske, så eg finn den nok når eg går heim i kveld."
      Han tok til å stable i hop ved til kolmila. Ei lita stund etter kom kona til smeden til mannen sin med middagsmat.
      Ho spurde: "Her er middagsmat. Det er blitt langt på dag, eg veit det, men så har eg hatt mye å gjøre: eg har baka og kinna så du skulle få ferskt brød og smør, ser du."
      No undra smeden seg enda meir, men tagde stilt og åt så mye han orka. På heimvegen fann han inga øks, og det mangla ei på øksehenget også, såg han der heime.
      Sju år etter stod smeden om kvelden og hogg kveldsved. Då kom det ein stor gut som bar på ei øks. Smeden spurde: "Vil du ha slipt øksa, er det sånn å forstå?"
      Guten svara ikkje. No tok smeden øksa og såg nøye over den. Han sa: "Det er ikkje noe i vegen med øksa. Men er det ikkje mi øks?"
      Guten svara: "Er øksa di, så er du far min. God dag, far, eg heiter Numle. Mor helser og seier du vil ta deg vel av meg."
      Smeden måtte no kjennast ved sonen sin. Han gjekk med bekymra mine inn til kona si, og sa at der var kommen einkvan som han ville ha til hjelpar i arbeidet. Kona meinte dei hadde mange nok å brødfø som det var, men det enda med at han overtalte henne. No kom Numle inn i stova og fekk mat og klede, og sia følgde han faren i smia kvar dag.
      Så gjekk det ei tid. Guten var kvikk, villig og ekstra sterk, men han var også uhorvelig glad i mat og drikke. Faren såg til sist at han ikkje hadde råd til å fø han lenger. Derfor gjekk han ein dag til kongsgarden og spurde kokken der om han ville ha ein kar til hjelp i kjøkkenet.
      "Ja," sa kokken, "eg treng noen til å hjelpe meg. La han kome straks!"
      No blei smeden glad og letta, for han tenkte, "Kjem sonen min til kongsgarden, får han vel ete seg mett."
      Då Numle høyrde at han hadde blitt tilsett hos kongen, sa han:
      "Kjære far, smi tre sverd til meg: eit som veg femten kilo, eit som veg førti kilo, og eit som veg to hundre kilo! Så kan eg vinne så mye gods og gull at du aldri meir skal trenge å smi."
      Faren undra seg på korleis han på skulle kunne samle så mye jern og stål. Men han sette i gong og jobba dag og natt ei tid. Då han var ferdig, viste det seg at det tredje sverdet vog ti kilo for lite, for dei kiloa hadde blitt brent vekk under herdinga. Då blei Numle nesten sint på far sin og sa:
      "Akk, no spørs det om eg klarer det eg var nøydt til for å bli fri."
      Meir sa han ikkje. Han tok dei tre sverda sine og gøymde dei under ein stein. Så følgde han far til kongsgarden og begynte i lære hos kokken, slik det var lova.
      Kongen der i landet var i krig mot ein annan kongen. Då han sigla heimetter med flåten sin, bles det opp til storm og høge bølgjer, så alle trudde dei skulle forlise og drukne. Men stormen hadde blitt laga av tre havtroll. Dei tok over båtane til kongen og ville ikkje sleppe kongen og noen levande ifrå seg før kongen lova dei tre døtrene sine til dei.
      Då kongen kom heim, kunngjorde han på alle kyrkjebakkane i landet at om noen kunne berge dei tre kongsdøtrene, skulle han først få ei av dei og halve riket, og så heile riket når kongen var død. Men ingen våga å gi seg i kast med dei fælslige havtrolla unntatt ein overmodig skreddar som sa han ville gjøre sitt beste.
      Då det var gått ei tid, og kongen skulle levere kongsdøtrene havtrolla, blei det sorg og jammer over heile riket. Aller mest sørgde kongen og dronninga.
      Den eldste kongsdottera blei ført ned til havstranda, og heile folket følgde henne på vegen. Kongsdottera sette seg i sanden og gret stritt. Men skreddaren glømde å hjelpe henne og kraup i stor fart opp i eit tre som stod eit lite stykke unna.
      Numle gjekk no til kjøkemeisteren og bad om å få fri litt, og det fekk han. Han sprang straks heim, tok sverdet som vog femten kilo, lokka på ein kvit, liten hund han hadde hos faren, og gjekk til stranda. Der sat kongsdottera og gret. Han gjekk bort til henne og helsa vennlig på beste vis, og spurde korfor ho sat og var lei seg. Kongsdottera svara: "Far var i havsnaud og lova meg bort til eit fælt havtroll, og eg er redd det snart kjem og tar meg."
      Numle spurde: "Men er det ingen som vil slåss for deg?"
      "Jo," svara kongsdottera, "Det sit ein skreddar i det høge treet der borte. Han lova å gjøre sitt beste."
      Då guten såg skreddaren sitje og skjelve i det høge treet, smålo han og sa, "Å stakkar! Men lysk meg litt mens eg kviler, så skal eg berge deg!"
      Så sa Numle til hunden sin: "Vesle Trufast, sitt vakt!"
      Deretter la han hovudet i fanget til kongsdottera, og ho lyska han mens skreddaren sat i treet og såg på. Mens Numle sov, fletta kongsdottera ein raud silketråd ifrå trøya si inn i håret hans.
      Brått blei det brott og buldring frå sjøen. Bølgjene gjekk høgt opp på land, og fram ifrå vatne kom eit stort havtroll med tre hovud. Trollet var i følgje med ein hund. Den var like stor som ein årsgammal oksekalv. No spurde trollet: "Kor er kongsdottera som blei lova meg?"
      Numle svara: "Ho sit her. Men du får henne ikkje utan at du vinn over meg!"
      Trollet sa: "Held du meg for narr?"
      "Nei," svara Numle, "eg har kome for å kjempe med deg om kongsdottera."
      "La gå. Men då skal vi la hundane våre slåss først."
      "Det er greitt," sa Numle. Han og havtrollet lokka no hundane sine til strid. Den enda med at vesle Trufast beit trollhunden i halsen så blodet spruta og trollhunden låg død i sanden.
      Då sa Numle: "Det skal gå likeins med deg, havtroll."
      Dermed gjekk fram mot trollet, drog sverdet sitt som vog femten kilo og hogg til så dei tre trollhovuda fall i sjøen.
      Kongsdottera ropte høgt av glede: "No er eg fridd!"
      Ho bad Numle om å følgje henne heim til kongsgarden for å gi han heider og løn etter forteneste, men Numle meinte det han hadde gjort, var ein ring og nokså lumpen ting, og nekta. Han nøyde seg med å ta med seg noen perler og smykke som havtrollet hadde hatt på seg, tok hjertelig farvel med kongsdottera, og gjekk derifrå i stor fart.
      Då kraup skreddaren ned frå i treet, drog sverdet og tvinga kongsdottera til å sverje at han og ingen annan hadde berga henne. Så gjekk dei saman til kongsgarden.
      Der blei det stor glede over at kongsdottera kom velberga heim. Kongen let straks stelle til gjestebod for å feire bragda, og skreddaren fekk sitje ved sida av kongen og blei rekna for den beste kjempa ved hoffet.
      Andre dagen skulle den andre kongsdottera setjast ut på stranda, og no blei det sorg som før. Men sia skreddaren hadde berga den eldste kongsdottera, håpte folk at han kanskje kunne berge søstera også.
      Kongsdottera blei ført ned til havet, og alt folket følgde henne på vegen. Då dei kom fram, sette kongsdottera seg ned på stranda og gret bittert så tårene hennar fall på den lyse sanden mens dei hine gjekk derifrå, sia dei ikkje torde møte havtrollet. Berre skreddaren blei att. Men det gjekk ikkje lang tid før han sat i treet og gøymde seg mellom greiene som før.
      Mens dette hende gjekk Numle til kjøkemeisteren og sa: "Kjære meister, gi meg fri til å gå ut og hyggje meg litt. I går rakk eg ikkje å sjå meg så mye omkring."
      Kokken svara: "Dersom skreddaren vinn over havtrollet i dag, blir det enda større gjestebod her enn i går, og eg er aleine om å stelle til maten. Der borte står eit kar som det går to hundre liter vatn i. Men eg har ingen som hjelper meg å få inn så mye som ei bøtte.
      Numle spurde om han fekk fri etter å ha fylt vasskaret. Kokken sa ja, han trudde det ville bl kvelden før karet var fylt. Men Numle tok det store karet mellom hendene, sprang til brønnen, og drog opp vatn direkte i karet til det rann over. Så gjekk han med karet inn til kokken og sette det på plassen der det skulle stå.
      Kokken forstod no at Numle måtte vere fælt sterk, takka og sa: "No kan du gå ut ei tid, men bli ikkje lenge."
      Numle sprang heim etter sverdet som vog førti kilo, lokka på den kvite hunden sin og gjekk ned til sjøen. Då han kom dit kongsdottera sat på stranda og gret, blei skreddaren i trekrona glad. Men Numle let som han ikkje merka han. Han helsa kongsdottera på beste vis:
      "Hallo, korfor sitje her og sture på slik ein fin dag?"
      Kongsdottera svara: "Far kom i havsnaud og lova meg då bort til eit havtroll for å kome levande ifrå det. Eg er redd havtrollet snar kjem og tar meg. Derfor græt eg."
      Numle spurde: "Er det ingen som vil berge deg frå trollet, då?"
      "Jo," svara kongsdottera, "der sit ein skreddar i trekrona der borte. Han har lova å gjøre det beste han kan."
      Då Numle såg skreddaren i treet, lo han godt og sa: "Han? Neppe. Men om du vil lyske meg litt mens eg kviler og samlar styrke, skal eg berge deg."
      Så ropte Numle til hunden sin: "Vesle Trufast, hald vakt!"
      Dermed la han hovudet i fanget til kongsdottera. Mens ho lyska han, drog ho ut ein svart silketråd frå kappa si og fletta den inn h håret til Numle. Og heile tida sat skreddaren stilt i trekrona og såg på.
      I det same tok Trufast til å gøy. Det bura og dura frå sjøen, og bølgjene velta høgt opp på land. No kom eit stort og fælt havtroll med seks hovud, og trollhunden som var med, var like stor som ein to års gammal stut.
      Trollet spurde Numle: "Kor er kongsdottera som eg har blitt lova?"
      "Ho sit her," svara Numle, "men eg har komme i vegen."
      Trollet sa: "Kanskje du vil kjempe med meg om henne?"
      Numle svara: "Det er eigentlig derfor eg har komme hit."
      Trollet sa igjen: "I går slo du i hel bror min, i dag skal eg hemne det. Men først skal vi la hundane våre slåss."
      "La gå," sa Numle.
      Dei lokka hundane til strid, og den enda då vesle Trufast beit trollhunden i halsen så blodet spruta, og trollhunden låg død ved sjøen.
      Numle gjekk så fram mot trollet og hogg til med sverdet på førti kilo, så alle dei seks trollhovuda trilla i sjøen.
      Kongsdottera blei hjerteglad og bad Numle om å følgje henne til kongsgarden og få heider og løn for bragda sin. Men Numle takka høflig nei og gjekk sin veg som sist.
      Skreddaren var halvdød av angst, men han kraup kjapt ned av treet når all fare var over. Han drog sverdet og tvinga kongsdottera til å sverje at det var han som hadde fridd henne. Ho lova det ugjerne: for å berge livet torde ho ikkje nekte.
      Så følgde skreddaren henne til kongsgarden.
      Der dei blei helsa med stor glede, og det blei steilt i stand eit enda større gjestebod enn dagen før. I gjestebodet sat skreddaren i midten ved sia av kongen, og alle heldt han i høgste ære.
      Tredje dag skulle den yngste kongsdottera ut til havtrollet. Då gret mange i kongsgarden og over heile riket, for kongsdottera var både mild og god, og ikkje berre ei pyntedokke. Mange sette lit til skreddaren, men kongsdottera gret bittert. Ho blei ført til stranda. Der glømte skreddaren kva som skulle til, og kraup opp i det høge treet slik han hadde gjort to gonger før.
      Imens gjekk Numle til husbonden sin, kjøkemeisteren, og sa: "Kjære meister, gi meg litt fri i dag også, så kjem eg nok ikkje så lett til å be om å få fri sia."
      Kokken ville ikkje nekte. Numle takka og gjekk ut. Straks sprang han og henta det tredje sverdet som vog eitt hundre og nitti kilo, sia ti kilo mangla. Han svinga det i handa og merka kor lett det var, blei harm og sa til seg sjølv, "No spørs det om eg kjem heil attende, eller om dette blir min død." Han var ikkje sikker på det, men festa like fullt sverdet ved sia, kalla på hunden sin, og gjekk til stranda, den same plassen som før.
      Då han kom dit, sat kongsdottera og gret stilt, mens skreddaren sat høgt i eit tre like ved. Numle let som han ikkje merka skreddaren, og gjekk bort til kongsdottera og helsa høvisk: "Ver helsa. Skulle noen vere trist og lei på slik ein vakker dag?"
      Kongsdottera svara: "Far har lova meg bort til eit havtroll. Eg er redd det kjem og tar meg snart."
      Numle spurde: "Men finst det ingen som kan kjempe mot det trollet for deg?"
      "Jo," sa kongsdottera, "ein skreddar oppi det treet her."
      Numle såg opp på skreddaren som sat og rista i treet og lo godt: "Kva er han verd? Men om du vil lyske meg ei stund, skal eg våge livet for di skuld."
      "Det vil eg gjerne," svara kongsdottera, for ho hadde blitt kjær i guten. Han var så inderlig ven og kvikk.
      Då kalla Numle på hunden sin og sa: "Vesle Trufast, hald vakt!"
      Dermed han la hovudet i fanget til kongsdottera og sov godt alt mens ho lyska han. Men då kongsdottera såg dei fine trådane som var fletta i håret hans, drog ho ein silketråd utur ut av kappa si og batt den i håret hans som dei to andre mens ho undra seg.
      Trufast tok til å gøy, og det blei ein kraftig dur frå havet. Då sa Numle til kongsdottera:
      "Det er på tide å stå opp til strid. Kjære deg, gi meg forkledet ditt, for vi kan få nytte av det i dag."
      Kongsdottera gjorde som han bad, og Numle skar forkledet i tolv stykke med sverdet sitt.
      No blei det duren i sjøen kraftigare, og bølgjene slo langt opp på land. Eit abnormt stort havtroll kom til syne. Det hadde tolv stygge hovud. Hunden som følgde det, var så stor som ein fullvaksen okse.
      "Kor er kongsdottera som eg har blitt lova?" spurde trollet.
      Numle svara: "Ho er her. Men først må du helse på meg."
      Trollet spurde: "Kanskje du vil drepe meg i dag slik du drap brørne mine før?"
      "Det er derfor eg er her," svara Numle.
      Trollet sa: "Lat først hundane våre slåss!"
      "La gå," svara Numle.
      Det blei eit argt bikkjeslagsmål, like til trollhunden greip hunden til Numle mellom tennene og slukte han i ein einaste bit. "Slikt lovar ikkje godt for meg," tenkte Numle, som gjekk fram og hogg til med sverdet i største hast, så alle dei tolv hovuda fall i sjøen. Men korleis det var og ikkje var, når eit hovud var hogd av og kom i vatnet, freste og kvikna det til att, mens trollet sette det på som før. Då Numle merka dette ropte han til kongsdottera og sa:
      "Legg ein bit av forkledet på halsenden så fort eg høgg av hovudet, elles blir eg ikkje ferdig med dette!"
      Numle hogg no av fleire hovud mens kongsdottera hjelpte han med å dekkje halsane. Då sju hovud var hogd vekk, tok trollet til å be for seg og sa:
      "Slutt å hogge, for eg vil gjerne dra min veg og la kongsdottera i fred, berre eg får dra herifrå!"
      Men Numle var harm og svara: "Nei. Det passar ikkje!"
      Så svinga han sverdet på ny og hogg så det eine hovudet etter det andre fall til marka, og kongsdottera hadde forklebitar klar kvar gong, og la på halsendane. Då Numle hadde hogd av alle dei tolv hovuda, døde havtrollet. Og skreddaren sat oppi trekrona og torde ikkje røre seg av otte.
      Då kampen var over, jubla kongsdottera: "No er eg fri! Takk skal du ha!"
      Så bad ho Numle følgje med til kongsgarden for å bli heidra og lønna. Men Numle takka nei, han syntest ikkje at stygge ting som han hadde gjort, skulle lønast og heidrast. Han tok ømt farvel med kongsdottera og gjekk sin veg.
      Då Numle hadde gått, klatra skreddaren ned, drog sverdet sitt og truga kongsdottera med døden om ho ikkje ville sverje på at han hadde berga henne frå havtrollet. Kongsdottera syntest ganske ille om dette tilbod, for ho hadde blitt glad i Numle. Ho torde likevel ikkje nekte, og i nøda lova ho å lye skreddaren. [1] Så gjekk dei i lag mot kongsgarden. Kongsdottera var sorgsam og tagde helst, mens skreddaren gjekk ved sida av henne med stolte steg og store fakter.
      Då kongen såg dei kome, blei han veldig lykkelig, for han trudde knapt han ville få sjå att dotter si i livet. Han kom dei i møtes med heile hoffet og heidra skreddaren. Gjetord om kor modig skreddaren hadde vore, gjekk utover land og rike.
      No var alle døtrene til kongen frelst, og det skulle feirast bryllaup. Men då festen skulle starte, kom det ingen mat på borda. Kongen blei forarga over dette, og sendte den yngste dottera inn på kjøkenet for å spørje korfor maten ikkje var ferdig. Kokken svara att tenarane hans hadde vore borte, slik at han hadde blitt nøydt til å stelle til maten aleine. Derfor tok det så lang tid.
      Kongsdottera ville no tilbake til far sin med forklaringa frå kokken. Då ho gjekk forbi kjøkenguten, syntest ho det var rart at han vende seg vekk frå henne. Og då ho studerte han nærare, kjende ho att Numle som nettopp hadde kjempa for henne. No blei kongsdottera glad og sprang som ein vind inn til søstrene sine, og fortalde kva ho hadde hørt og sett.
      Mens kongsdøtrene tala saman om dette kom kongen, far deira, og fekk høre kva dei sa. Han laut undre seg over det dei fortalde om korleis dei hadde blitt frelst, og kven som hadde gjort det. Den yngste kongsdottera fortalde alt som det var ifrå start til slutt, og dei eldste døtrene hennar måtte seie ja og amen til det: slik var det.
      Kongen harma seg over skreddaren som hadde plaga døtrene hans og fare med svik og falsk, samstundes som han gledde seg til å løne rette hjelparen. Han sendte straks bod etter kjøkenguten. Men kjøkenguten ville ikkje gå, heilt til bodet sa: "Ein gjør best i å ly kongens vilje. Det veit eg."
      Så gjekk Numle inn i festsalen der kongen sat til bords med alle gjestane og skreddaren ved sia av seg. Då skreddaren fekk sjå Numle som hadde fridd kongsdøtrene, blei han bleik og raud om kvarandre. Men kongen vende seg til kjøkenguten og spurde høgt:
      "Var det du som berga dei tre døtrene mine?"
      Numle ville helst vri seg unna, men då ropte dei tre kongsdøtrene: "Det var du som frelste oss, og her sit dei tre silketrådane vi fletta inn i håret ditt dei dagane du låg og sov i fanga våre."
      Dei sprang fram og omfamna kjøkenguten, og fann kvar sin silketråd i håret hans. Då skjøna alle at det var sant, det som kongsdøtrene hadde fortalt.
      Kongen sa: "Var det du som frelste døtrene mine, skal du også ha løn. Du får yngste dottera mi, og dessutan halve riket."
      No blei det stor glede i kongsgarden, og straks blei det feire bryllaup mellom Numle og kongsdottera hans. Men skreddaren smaug seg vekk frå gjestebodet, og det er verken hørt eller spurt kva bragder han gjorde sia, utan at han skifta tittel til motedesignar eller noe slikt.

Ord

  1. Lye skreddaren (gjennom moten): Det gjør mange kvinner enno -

BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]