NORSK DEL, GULLVEKTA  

Svenske eventyr og segner

 13 › 1 › 3

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Den fine og den fæle bruda

François-Hubert Drouais. Princess Elizabeth of France. 1770. Section.

EIN KONGE var gift for andre gong. Med første kona si hadde han ei pen dotter. Ho skulle til å gifte seg med ein ung og gåverik kongsson som var på vitjing ved hoffet. Med den andre dronninga si hadde han også ei dotter. Ho var ikkje så pen, men hadde ømt og godt hjertelag.

Dronninga misunnte stedottera lykka hennar og leita etter ein måte å få si eiga dotter gift med kongssonen på. Ho kjende til ei gammal trollkjerring i nærleiken, og talte med henne om kva ho ønskte. Dei blei samde om att når kongen og kongssonen drog i krig, skulle trollkjerringa fortrolle kongsdøtrene så den vakre blei stygg og den stygge blei pen.

Snart reiste kongen og kongssonen ut i krig saman, og kongssonen tok varmt farvel med kjærasten.

Så, tidleg ein morgon vekte dronninga dei to kongsdøtrene og bad dei gå til trollkjerringa i skogen. Dei fekk ikkje ein matbit å ete før dei gjekk, for dei laut vere fastande for at trolldommen skulle verke. På vegen sa den pene til den stygge:

"Veit du, syster, eg er så svolten att det svir i tarmane, og eg trur knapt nok at eg orkar å gå til den gamle kona."

"Sjå her, kjære syster, eg har litt søtsaker i lomma. Ta og et dei, så kanskje det hjelper."

Den eldste tok takksam imot søtsakene og åt.

Då dei kom fram, gjekk dei inn i stua til trollkjerringa. Der såg dei ein stor kjele stå på elden.

"Velkommen, kongsdøtrer!" sa kona. "Sit ned ei stund og vent, for eg held på å koke noko til dykk i kjelen der borte." Etter litt sa ho til den eldste kongsdottera: "Ver god og sjå etter om suppa koker no!"

Kongsdottera sprang fram og såg ned i kjelen. Men i staden for å bli stygg var ho like vakker, for ho hadde jo ete, og trolldommen verka ikkje slik det var tenkt.

Kona blei arg over dette, men lét som ingenting. I staden baud ho kongsdøtrene på det beste ho hadde, og lét dei gå. Sia fortalde ho dronninga korleis det hadde gått og la til at dei måtte ha hadde ete noko før dei kom fram.

Neste morgon skulle dei gå til trollkjerringa att, og dronninga var nøye med at kongsdøtrene ikkje skulle få det minste å ete. Men på vegen bles det ned eit lauv som festa seg på lippene til den vakre kongsdottera. Ho tok til å suge på det, og dermed kunne ikkje trolldommen verkje den dagen heller.

Men tredje morgonen kika ho ned i kjelen til den gamle kona utan å ha fått det minste i munnen, og med det same blei ho fæl og stygg mens den andre kongsdottera blei venare. Så hadde dronninga fått det som ho ville. No måtte ho likevel få den stygge kongsdottera ut av huset før kongen og kongssonen kom heim. Dermed hånte ho jenta hardt fordi ho såg stygg ut.

"Som du ser ut!" sa dronninga. "Du blir nok ikkje brud for kongssonen. I staden for å kyste deg, kjem han nok heller til å spytte deg i fjeset."

Kongsdottera gret og blei etter kvart nesten frå seg av fortviling. Ho bestemte seg for å rømme for å søkje døden langt vekke heimafrå, og ei mørk natt gav ho seg i veg. Lenge vandra ho rundt i ein stor skog og undra seg korleis ho best kunne sleppe frå den fæle verda, for ho ville ikkje ta livet sitt sjølv.

Best som ho gjekk der, fekk ho sjå ein stort dyr, ein bjørn i skogen. "Takk og lov," sa ho, "Der er utfriaren min."

Men bjørnen gjorde henne ikkje det minste vondt. I staden gjekk han stille og fredeleg framfor henne. Ho følgde etter, og då den gjekk inn i eit hi, følgde ho med. Der inne var det andre bjørnar. Ingen av dei gjorde henne noko vondt, men var heller svært vennlege mot henne. Ho blei i hola, og dyra skaffa mat til henne, så mykje ho trong til.

Bjørnen ho hadde møtt i skogen, lét til å vere leiaren for dei. Kvar dag gjekk den til kongsslottet med ei krukke for å hente mat. Ingen torde nekta den det. Men ein dag baud dronninga at bjørnen skulle fakkast når den kom med krukka si. Den kom seg unna, men såra. Då den kom att til hola, pleidde kongsdottera såra. Slik synte ho at ho var takksam for hjelpa ho hadde fått.

Krigen tok slutt, og kongen og kongssonen vende heim. Men planane til dronninga om å få kongssonen til å gifte seg med dottera si, fall i fisk. Kongssonen sørgde slik over kjærasten som var vekk at han ikkje ville sjå til andre.

Ein vakker dag kom bjørnen til slottet att. Den ville ha vogn og hestar. Det fekk den, og så sette bjørnen seg i kuskesetet. Hestane var først ville av redsel for den uvanlege kusken, men bjørnen helt fast i taumane, og så bar det av.

Då herskapsvogna nådde fram til bjørnehiet, steig bamsen ut og lyfta kongsdottera varsamt opp i vogna. I den tida ho hadde vore i bjørnehiet, hadde ho blitt like pen som ho hadde vore før. Bjørnen køyrde henne til slottet, og då dei kom til slottsgarden og kongsdottera skjøna kor ho var, blei ho så glad at ho slo armane om bjørnen og kyste den. Og best som det var stod den beste kongsson som ein kunne tenkje seg framfor henne. Han hadde blitt omskapt av ei lei trollkjerring og kunne ikkje bli fri før ei jomfru kyste han, og no var det gjort.

Oppe i slottsvindauga hadde kongssonen og det yngste kongsdottera sett det då vogna køyrde til slottet. Dei blei inderleg glade då dei kjende att syster og trulova. Kongssonen som hadde vore bjørn, forelska seg straks i den yngste kongsdottera som var kjekk og god, enda om ho ikkje var så pen som den eldste. Alt var fryd og glede og fryd, og snart blei det dobbeltbryllaup for dei to kongssønene og kongsdøtrene.

Men same dagen som bryllaupet stod, sette kongen den trollete dronninga si i fengsel, og trollkjerringa miste livet for det vonde ho hadde gjort.

När vreden är forbi, kommer ångern efter.

OPP

Flygedraken Mikti

I GAMLE dagar fanst det allslags jarlar og adelsfolk i landet. I Sogn levde det ein jarl som heitte Vilmund av Sognefjorden. Han var vis og lærd. Ved å lese i runer og stjernene kunne han føreseie mykje som skulle komme, sa folk.

Ikkje langt frå han budde jarlen av Førde. Han hadde mange barn, men var nokså fattig. Fordi han var klok og sparsam, fekk han likevel pengane til å rekkje. Dei to jarlane var i slekt langt ute, og hadde same våpenskjold.

Drapet på ein stor og vill galte

Vilmund jarl gjorde alt for å hjelpe den fattige grannejarlen. Ein gong baud han Førdejarlen og to av sønene hans på eit stort gjestebod. Ungdommane var uvanleg vene og vel fostra. Vilmund likte i sær sonen som heitte Petulv, og bad om å få fostre han som sin eigen son. Jarlen av Førde visste at guten skulle komme i gode hender og var glad for ein munn mindre å mette. Dermed lét han Petulv bli hos den rike frenden sin.

Etter ei tid rei Vilmund Jarl til skogs for å jakte. Petulv fekk vere med, saman med tjue jegerar. Under jakta råka dei på ein stor galte som beit i hel fleire av hundane. Dei forfølgde galten heile dagen. Det store jaktlaget blei spreidd til alle hald, og til sist var berre Petulv att hos jarlen.

Natta fall på mens dei rei saman uti skogen. Jarlen såg opp mot stjernene og sa: "Det rare er at ein illgjerningsmann kan vinne ære ved brotet sitt."

Petulv spurde korleis jarlen kunne komme på slike tankar.

Vilmund svara stutt: "I natt kjem ein tenar til å drepe herren sin. Ved det kjem han til stor makt og blir den fremste i heile slekta si."

Petulv sa ikkje noko til det. Dei rei vidare til dei fann eit bål som nokre gjetarar hadde tent opp om kvelden og sia gått ifrå. Sia det var kaldt, steig dei av hestane og varma seg ved elden.

Med eitt hørte dei galten komme farande i skogen. Han hakka tenner, og froda stod om munnen på han. Jarlen stakk etter han med jaktspydet sitt, men trefte ikkje. Galten skubba spydet til side og kasta jarlen til marka.

Petulv greip kjapt spydet til jarlen for å drepe galten. Men han bomma og trefte Vilmund Jarl i hjertet i staden. Med eit raskt øksehogg felte Petulv likevel galten. Men då han blei vâr at han hadde drepe fosterfaren, blei han reint utrøysteleg og sanna:

"Om eg enda var død og fekk kvile ved sida hans. No får eg inga glede meir i livet, berre skam og vanære, for alle kjem til å tru at eg drap Vilmund Jarl med vilje."

Gjetord og kone kunne Petulv få etter drapet

Lenge sat han og sørgde. Til slutt steig han opp på hesten sin att og lét den gå dit den ville. Omsider kom han til ei kjelde som blei kalla Tørstekjelda på Tillestrand. Der stod tre jomfruer som alle var overlag fagre. Men den unge mannen var så oppteken av dei bitre tankane sine at han ikkje såg dei.

Då gjekk den yngste fram til han og sa: "Eg har aldri sett ein adelsmann som er så uhøfleg at han ikkje helsar når han møter løfterike jomfruer på sin veg."

Men Petulv hørte ikkje ein gong at nokon talte til han.

Då greip jenta hesten i grima og sa: "Ein verkeleg herre er heller ikkje blyg og tafatt."

Då lyfta han auga og la merke til henne. Han blei så forbløffa at han ikkje visste om han var død eller levande, og kunne først ikkje få fram eit ord. Men så steig han ned av hesten og bad om orsaking. "Det har hendt meg ei så stor ulykke at eg er heilt frå vett og sans," sa han.

"Det gjer meg vondt å høre, Petulv," svara ho.

"Korleis veit De kva eg heiter?" spurde Petulv. "Eg kan ikkje hugse at eg nokon gong har sett dykk før."

Ho svara ikkje, men sa: "Kjære Petulv, eg veit korfor du sørgjer. Men følgjer du råda mine, skal alt gå deg vel. For det er det stjernene vil."

Då hugsa Petulv kva for noko Vilmund jarl hadde sagt under stjernene mens dei rei, og ville følgje råda hennar.

"Men korleis veit De kva eg heiter og kva som har hendt meg?" la til han. "Ingen andre var der då ulykka hendte."

Ho svara: "Stol på dette. Tek du meg til kone, skal du bli rikare og meir berømt enn alle slektingane dine. Men du må love å la meg vere for meg sjølv kvar laurdagskveld og ikkje spørje kor eg er og kor eg dreg. Du kan vere viss på at eg verken gjer noko skadeleg eller skammeleg. Om du ikkje held løftet ditt, kjem du til å miste meg for alltid, og det vil slutte å gå vel for deg og slekta du får."

Glad i hugen svor Petulv som ho ville.

Deretter sa ho: "No skal du ri attende til jarlesetet på Lynanger. Om nokon spør deg kor Vilmund Jarl er, skal du svare at de blei skilde frå kvarandre uti skogen. Då kjem tenarane hans til å leite etter han og finne han der han ligg. Så snart han er gravlagd og ein tek til å skifte arven etter han, skal du som takk for trufast teneste berre be om så mykje jord rundt denne kjelda som ein kan måle med eit hjorteskinn. Det kjem du til å få. Be om skøyte på jordbiten. Og rett etter du får det, kjem du til å treffe ein kar som ber på eit hjorteskinn. Det skinnet skal du kjøpe. Skjer det i smale remser og mål opp så mykje jord du kan."

Sia bad den unge jomfrua Petulv om å komme attende til Tørstekjelda om nokre dagar. Så skildest dei, og Petulv rei heim att.

Arven frå eit hjorteskinn

Då Petulv kom att aleine, spurde alle kor jarlen var. Petulv svara: "Vi skildest i skogen. Sist eg såg han var i går kveld."

Ingen kunne ane at Petulv hadde skuld i saka, og han fekk ikkje fleire spørsmål. I staden sende dei ut tenarar for å leite etter jarlen.

Neste dag kom dei attende med liket av jarlen. Dei fann det saman med den drepne galten. Det blei stor sorg i landet. Men ingen sørgde så mykje over jarlen som Petulv.

"Ein kan sjå kor høgt han elska fosterfar sin," sa alle som såg han.

Då Vilmund Jarl var lagt i grava og ein skulle skifte arven etter han, hugsa Petulv kva festarmøya hans hadde sagt, og sa til sonen til jarlen, Briolv: "Eg bed berre om så mykje jord omkring Tørstekjelda i Tillestrand som eg kan måle opp med eit hjorteskinn."

"Det skal du få," svara Briolv og gav han ei gåvebrev og skøyte på jordstykket.

Neste morgon kom ein kar og ville selje eit hjorteskinn. Petulv kjøpte det og skar det i smale reimar. Sia bad han den unge jarlen om å få måle opp jordstykket sitt. Briolv sende nokre menn til Tørstekjelda for å sjå til at målinga gjekk rett for seg. Då mennene såg at huda var skoren i smale remser, sanna dei at Petulv kom til å få eit stort stykke skog. Dei visste ikkje heilt korleis dei skulle te seg i forhold til det, så dei tok seg heim til jarlen og fortalde kva dei hadde sett.

Jarlen ville ikkje bryte løftet sitt. Han baud mennene att ri attende og sa: "Folk seier at Tørstekjelda ikkje er noka vanleg kjelde. Kanskje har Petulv funne noko merkverdig der, sia han så gjerne vil ha den skogbiten. Same kva, eg håper han får glede av jorda si."

Bryllaupet til Petulv var annleis

Petulv takka jarlen hjerteleg for gåva, og rei til bruda si som venta ved kjelda. Ho takka for at han hadde følgt råda hennar, og sa: "By no venner og frendar til bryllaup, for alt er klart."

Petulv bad Briolv Jarl og mor hans til Tørstekjelda neste måndag til bryllaupet sitt. Jarlen blei overraska, for han hadde aldri hørt noko om at Petulv gjekk i giftetankar. Derfor spurde han: "Kva heiter bruda, og kva for slekt hører ho til?"

Petulv svara ikkje, men tok om att innbydinga.

Då sa Briolv: "Det er merkeleg at du tek deg ei kone som verken du eller nokon annan kjenner, ei som du ikkje veit namnet på ein gong."

"Ho er den finaste eg nokon gong har sett," svara Petulv. "Eg elskar henne og vil ha henne til kone."

Jarlen tagde, for han forstod det var til inga nytte å snakke meir om saka.

Då bryllaupsdagen kom, rei Petulv saman med Briolv og dei andre bryllaupsgjestane til Tørstekjelda. Alle undra seg i sitt stille sinn over korleis feiringa ville bli. Kjelda låg jo lang uti skogen, og der fanst ikkje ein gong det minste skjul å huse gjestar i.

Men då dei kom nærare, såg dei at store, vene telt stod oppslått under trea. Det steig opp røyk frå dei som om gjestebod var undervegs. Førti vel væpna menn kom imot dei og helsa velkommen.

"Nådige fru Mikti har bede oss om å ta imot gjestane og sjå til at alle har det bra," sa dei.

Gjestane fekk benka seg ved bord som bøygde seg under all maten som den herlegaste sognemorr. Eplesaft frå Flerum blei helt i beger av sølv, og den eine saftige steika blei bore inn etter den andre. Under heile måltidet blei dei spela musikk på mange instrument. Det var det prektigaste bryllaupet i manns minne.

Bruda sjølv var så fager at ho likna ein engel meir enn eit døyeleg menneske, og kleda hennar strålte av perler og diamantar. Alle priste Petulv for kor heldig han hadde vore.

Festen varte i tre dagar, og først på den fjerde tok gjestane farvel og drog sin veg.

Slottet tek form

Då dei nygifte hadde vore for seg sjølve ei veke, kom store skarar arbeidarar til kjelda og tok til å felle skog på det området som Petulv hadde fått av frenden sin. Dei valde ut dei beste stammane til treverk, sprengde vekk berg og fanteskap og grov djupe vollgraver. Så reiste dei opp ein sterk grunnmur, og snart stod det eit stort og kosteleg slott ved kjelda. Folket i trakta undra seg over at arbeidet gjekk såg raskt.

Då slottet var ferdig både utvendig og innvendig, flytta Petulv og Mikti inn.

Avkommet

Året etter fødde Mikti ein son som blei kalla Lars. Han hadde eit rart fjes; det var meir breitt enn langt, og det eine auget var raudt og det andre grønt. Men elles var han sterk og velskapt.

Neste år fødde Mikti enda ein son som ho gav namnet Hjalte. Han var så raud i ansiktet at det skein mest som eld.

Den tredje sonen blei kalla Blod-Olav. Det eine auget hans sat litt høgare oppe enn det andre.

Den fjerde sonen, Reidvald Bjode, hadde eit fødselsmerke som likna ei klo over kinnbeinet. Han var så hårete at alle skalv for han.

Den femte, Åke, hadde berre eitt auge, og det sat midt i panna.

Den sjette blei kalla Grim med tanna, for ei av tennene stod ut slik. Han blei ein stor krigshelt.

Den einaste feilen med den sjuande sonen, Ørund, var at nasen var så hårete som om den var trekt med ulveskinn.

Den åttande, Åsolv Utrygge, hadde tre auge. Han lo berre når det gjekk ille for nokon.

Dei to yngste sønene, Gudleik og Fiffige Aslak, var begge vene og velskapte. Fiffige Aslak som var aller yngst, blei til sist Førdejarl etter far og farfar sin.

Mikti fostra sønene sine vel.

Den øydeleggjande vitjinga

Alle sønene utom Ørund blei vikingar. Men Ørund lengta etter stille ro og ville bli klosterbror på Ulsteinhovudøya. Faren var ikkje glad for det, men til sist fekk Ørund gå i kloster på Ulsteinhovudøya slik han ville.

Petulv og Mikti blei jamt rikare og mektigare. Dei var lykkelege saman, og Petulv tenkte aldri å bryte løftet han hadde har gitt kona; om laurdagane lét han henne skjøtte seg sjølv.

Men ein laurdag kom eldste bror til Petulv på besøk. Etter at faren døydde, hadde han blitt jarlen av Førde. No spurde han etter Mikti:

"Korfor tek ikkje Mikti imot i dag som ho plar?"

Petulv bad broren gi seg til tols. Søndag morgon skulle han få treffe Mikti.

Men broren var ikkje fornøgd med svaret, og ville vite kva Mikti gjorde. Då sa Petulv at han hadde lova kona å la henne vere for seg sjølv kvar laurdag.

"Då er det visst sant, det ryktet seier," sa broren. "Folk meiner at kona din driv med trolldom når ho er aleine. Eg er broren din og vil ikkje at folk skal flire av deg. Derfor ber eg deg om å få greie på kva Mikti har for seg i dag."

Petulv blei kvit i ansiktet av vreide. Han greip sverdet sitt og styrta til Miktis rom. Døra var låst. Han la auget til nøkkelholet og kika inn. Mikti sat i eit stort badekar og var like vakker som då han møtte henne første gongen. Men rundt omkring henne i karet var det ein fæl orm som kveila seg.

DRAKE, FANTASITEIKNING
"Men fjeset hennar var reint og uskuldig."
Snart oppfatta Petulv at ormen var kroppen hennar frå midja og nedetter. Men ansiktet hennar var reint og uskuldig.

Petulv blei forskrekka, men enno meir sorgtung. Han smaug seg stilt derifrå og vona at Mikti ikkje hadde enst han.

Då no broren såg Petulv så spak og still, spurde han:

"Kva hadde Mikti for seg?"

Petulv svara: "Du har loge på henne, og det var ei ulykke at du kom i huset vårt."

Då jarlen såg kor trist Petulv var, angra han at han hadde gitt uråd, og rei straks frå slottet. Dei to brørne såg kvarandre aldri meir.

Grim med tanna drep broren med hår på nasen

Då Petulv hadde blitt einsam, gjekk han inn på rommet sitt og kasta seg på senga. Han mintest at han skulle miste Mikti for alltid den dagen han braut løftet sitt, og gret av fortviling natta til ende.

Om morgonen kom Mikti til han og var like glad og vennleg som alltid. Men ho visste alt. Ho hadde berre ikkje hjerte til å seie noko til Petulv.

Mens dette hende, hadde den sjette sonen, Grim med tanna, vore borte i fremmende land og drepe eit digert troll. På heimvegen fekk han høre at Ørund hadde gått i kloster på Ulsteinhovudøya, og blei rasande. Han kunne ikkje fatta at ein bror ville bli munk i staden for rå viking. Han trudde at munkane hadde lokka til seg Ørund på urett vis og rei derfor straks til klosteret på Ulsteinhovudøya for å hemne seg på dei.

Abbeden og munkane skunda han glade til møtest, for dei kjende att sonen til den gode Mikti. Grim skulda dei heftig for å ha narra Ørund, og ville ikkje tru dei eller broren når dei sa noko anna. Grim ropte:

"Eg vil ikkje ha ein feig munk til bror," og jaga alle munkane inn i klosteret og sette eld på det så alle brann inne, og broren også.

Han hadde ikkje før gjort ugjerninga før han angra den, rei til næraste hamn, steig om bord i eit skip og seglde ut på havet. Han ville ikkje heim att.

Flygedraken Mikti tar farvel

Nokre dagar etter at broren frå Førde hadde gjesta han, sat Petulv som vanleg til bords med Mikti. Då kom eit ilbod frå klosteret på Ulsteinhovudøya og fortalde om mordbrannen.

Petulv blei så harm over tapet av sonen at han ropte over seg: "Eg drap fosterfaren min, og min eigen bror har eg blitt fiende med. Til kone har eg fått eit troll. Ho har født vanskapte barn, og no myrdar dei kvarandre."

Mikti blei bleik.

"Vik frå meg, ekle orm," ropte han. "Avkommet ditt gjer ikkje anna enn ugjerningar. Barna liknar deg."

Mikti sa: "Fortener eg slike ord? Hugsar du ikkje kva eg sa til deg ein gong: "Så snart du bryt løftet ditt, skal du miste meg og bli ulykkeleg"? No har du brote eiden du svor meg. Om du hadde halde den, skulle eg ha blitt hos deg heile livet som maken din. Eg hadde då fått døy som eit menneske og sjela mi hadde komme til himmelen. No lytt eg irre fredlaus rundt, men aldri døy.

Godset og eigedelane dine vil bli spreidde. Slekta di skal bli mektig, men aldri få fred. Legg no merke til kva eg seier. Du skal ikkje hemne deg på Grim fordi han drap broren sin, men la han sjølv få sone brotet sitt. Pass godt på dei yngste sønene vår, Bindik og Aslak. Aslak skal bli Førdejarl etter bror din. Slottet vår skal stå i mange hundre år, men kvar gong ein hører meg rope i lufta, skal det skifte eigar. No lyt eg ta farvel."

Då folka på slottet hørte at dei skulle miste den kjære matmora, tok dei til å gråte, både fruer og jomfruer, riddarar og sveinar, tenarar og tenestekvinner. Petulv fall på kne framfor kona si og bad om tilgiving.

Mikti svara: "Eg tilgir deg, men må forlate deg for alltid." Med desse orda sprang ho opp i eit vindauge, opna det og sa stilt til mannen sin: "Du er den einaste eg har elska."

Så kaste ho seg ut gjennom vindauget og blei omskapt til ein vengeorm som flaug tre gonger fram og tilbake over slottet før den forsvann over tretoppane med eit smerteskrik.

Når ein er uglad er ammer gode å ha

Sia den dagen såg ingen Milbert glad. Men han mintest nøye kva Mikti hadde sagt før ho flaug av garde, og skaffa ammer til dei to minste barna som enno låg i vogga.

Det hende fleire gonger at Mikti kom inn i barnerommet om natta, tok opp dei opp av senga, varma dei framfor peisen og gav dei mat. Då ammene fortalde dette til Milbert, greip håpet om å få sjå kona han. Han vaka netter igjennom ved voggene til barna, men så lenge han var i rommet, synte ikkje Mikti seg.

Bragdene til Grim

Mens alt dette hendte, hadde Grim med tanna landa ein stad på svenskekysten. Han fekk høre om eit troll som skremde heile trakta, og bestemte seg for å oppsøkje den. Men det var vanskeleg å få vegvisar; alle blei bleike berre han nemnde trollet. Til slutt fann han likevel ein kar som ville følgje han til trollberget.

Då dei kom nær berget, tok Uvegvisaren til å skjelve i heile kroppen. Han kunne ikkje få fram eit ord, men berre peikte mot toppen av berget. Der sat trollet og sola seg. Då det fekk auge på Grim, gjekk det mot han og ropte: "Kva vil du her?"

Grim svara: "Eg er ein som har komme hit for å hogge av deg hovudet."

Så gjekk han til angrep med ein stokk, og trollet fekk ein støyt såg det fallet i bakken. Det greip ein tømmerstokk som låg der og slo etter Grim, men han dukka hagt mens han passa på å støyte til trollet fleire gonger med stokken sin. Til sist tapte trollet tolmodet, slengde unna den store stokken sin, og treiv Grim om livet. Då gjaldt det livet. Men Grim var usåra og kunne kjempe med tanna også. Den kom til nytte til sist. Til slutt låg trollet sanselaust. Grim skunda seg etter sverdet sitt for å gi det dødshogget. Men før han fann sverdet, kvikna trollet til og sprang inn i berget.

Grim ville ikkje gi seg. Han leita opp holet der trollet forsvann, batt sverdet ved sida, og steig inn. Gjennom ein lang, mørk gang kom han til ei dør med slå. Den opna han og kom inn i ein stor sal der veggane lyste av gull og diamantar. I golvet var det ein gravstein med innskrifta: "Her kviler kloke kong Jakkias av Blekinge." Det stod også om viktige hendingar for jarlen og etterkomarane hans. Grim festa seg mest ved desse orda:

"Konge Jakkias Bleike hadde ei dotter som heitte Mikti. Ho var ein gong ulydig mot mor si, som var trollkunnig. Mora gav henne då den straffa at halve kroppen til Mikti skulle bli til ein orm kvar laurdagskveld. Ho kunne berre bli fri plagene sine om ho fann nokon som ville gifte seg med henne på det vilkåret at han lét henne vere for seg sjølv kvar laurdag, utan å gå etter kor ho var eller kva ho gjorde. Om han lova dette og heldt det, skulle trolldommen bli opphevd når Mikti hadde født det tolvte barnet sitt."

Grim sanna at det som stod på steintavla gjaldt hans eiga mor. Han skunda seg etter trollet, drap det og fridde ut ei mengd fangar ifrå berget.

Folk i Sverige ville no gjere Grim til storkonge som takk for å ha drepe trollet. Men Grim ville berre heim så han kunne fortelje far sin om innskrifta i Blekinge-berget, og fór sin veg.

Etter ein kjapp seilas kom han til heimstaden. Milbert rei han til møtest. Han hadde hørt tale kva sonen hadde gjort i Sverige, og var glad for å sjå han att - og fortalde han med tårer i auga korleis han hadde mista kona si.

Grim blei fortvila. "Då kom eg for seint til å avverje ei stor ulykke for oss alle," sa han til faren og gret med han.

Milbert overlét no familieslottet til Grim. Sjølv vandra han til Narjan-Mar for å li fælt i sprengkulda der og få syndsforlating ved å utmatte seg i staden for å ta det med ro.

Då Grim hadde budd på slottet i nokre år, hørte han ein dag jammer i lufta. Han såg mora Mikti sveve høgt over slottstårnet, halvt kvinne og halvt flygedrake. Då forstod han at far hans var død. Grim reiste straks til Narjan-Mar og henta det frosne liket etter Milbert og gravla det i slottskapellet.

Bryllaup treng ikkje vere enden på eventyret.



SVENSKE EVENTYR OG SEGNER  

BØLGJE

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 1999–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]   —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]