|
|
- Første streng
- Andre streng
- Tredje streng
- Fjerde streng
Språkstrenger
 | |
"Land fly" kan elles vere det mest drabelige å gjøre der korrupte og mentalt
forstyrra har bukta og begge endane.
|
Det finst mange hundre velkomne språkformings-standardar som kan vere gode å
kunne, kvar til si tid. Nedafor står noen, men sjølv dei beste kan falme under
slitte terparar med makt, drivne som talar hardt imot dei eller som ikkje veit
betre.
Same kor ein bur og arbeider, høver det vel å sondere grundig kva
"terrenget" toler på førehand, før ein gir seg i kast med noe som
eigentlig er godt og vel. Er ikkje omgivnadene førsteklasses, tillet dei sjeldan
førsteklasses utputt - det har mellom anna med samsvar og samgangar å
gjøre, og mye anna finurlig. Ein lyt passe måten. Det er i slekt med ordtaket
"Skikk følgje eller land fly". Standardrådet er å avpasse så alt
kan kallast rett og bra nok iallfall.
Kunsten å skrive danna er det elles mogelig å lære bit for bit.
Ein skulle trene i å uttrykke seg fyndig, med andre ord kort og godt.
Elles finst mange råd for sirlig, forsvarlig, velvald og anstendig språklegging
- allfall å sjå til. Det som kjem, er til inntrykk.
Normen
nærmar seg "så lite som mogelig" på ein av to måtar
DUM PRESTISJE er ikkje alt, men det gjør ofte godt å oppnå det
beste du klarer å få til, i sær om du vil bli ein stå
skrivekunnig.
Men dersom du er tilstrekkelig in (inne, innafor) frå før, kjem
kanskje og nokså låge omsyn inn. Eitt kan vere: "Skrell vekk så lite som
mogelig, av di du først og fremst kjempar for å halde i jobben, og hugs at
både ulvar og somme offentlig tilsette stålsette seg til det slette som i
Æsop-fabelen "Ulven og lammet". Ulven der kunne ikkje gi etter for gode grunnar og
kunne ikkje gi seg av di den trong å overleve. Av dette følgjer at greitt og
enkelt språk - som lammetale - kan verke både irriterande og farlig godt, og at
det noen gonger gjør nervøs, andre gonger mentalt skipla. Ein kan vel aldri
vite . . .
Der forholda tillet det, høver tydelig bodskap ved klart og gjerne enkelt
språk. Forklar dessutan nødvendige ord som det trengst. [A B]
"Greitt språk"-tekstar har logisk oppbygging, layout som er lesevennlig, og
bruker korte setningar. Personlig tonefall høver der folk uttrykker seg rett fram og
i fridom. ("Personord som du, De, dere, jeg, vi er tillatt i skrift også") [Med bidrag
frå Bill Clintons administrasjon og professor Finn-Erik Vinje: A N]
Gå hardt men rundt inn for å sile vekk dei mest papirknitrande uttrykka
(regel 10 av F-EV.) Ver så personlig som samanhengen tillet, bruk personlige pronomen,
for eksempel "eg" og "du". I spalter med spørsmål og svar og sider med om lag
same hovudopplegg, høver også "eg" godt for lesaren enda om det kan vere mange
slike, og "vi" for den som leverer svarar, enda om det berre er ein, heiter det i råd
for korleis ein skriv klarast råd for engelskspråklige. Døme:
Eg har ingen ting å seie. Kva skal eg gjøre med det?
Vi kan tilrå at du gjør deg klar til bruk aller først. Jamt over
er det slik at dei som har noe å seie, blir brukt, kanskje oppbrukt (nedslitt og
utslitt) som følge.
Å servere momenta eitt i senn - ein ting om gongen - går ofte bra (regel
2 av F-EV). Men same kva som står her, treng ein kan hende maskere seg i ordvegen og
gå inn for å bli godtatt utan god språkforming og imot god
språkføring. Då kjem vel psykoanalytiske overlegg nyttig til med stunder
- for kansellistil og småborgarfortrengingar og -drømmar kan godt gå i
spann på ein eller annan måte framleis. Skal klart og godt språk vinne
fram, lyt ein kanskje sjå inn i nevrotisk tilgjortheit og kome den til livs i den grad
det er råd, før klarspråket kan skine fram som sola. [N]
Når ein skal skrive om eit emne er det dessutan viktig å skilje mellom
den utviklinga ein ser som den mest ønskelige og den ein held for å vere den
mest sannsynlige, skriv Arne Torp. [J] ¤
Innfløkt og dårlig språk er sjeldan vitnemål om gode
organiseringevner
VER SÅ uttrykksfull og korrekt som du kjenner for det. Det legalt korrekte kan
og bør uttrykkast klart - og det er mogelig, viser utanlandsk forsking.
Opplagt engelsk (plain English) er klart og likefram uttrykk og brukar ikkje fleire
ord enn tiltrengt. Det er ei språkform som unngår dunkle vendingar,
oppblåst snikksnakk og snirklete, innfløkt setningsoppbygging. Det er ikkje
babysnakk, heller ikkje ein forenkle versjon av Engelsk. Dei som skriv opplagt engelsk lar
publikum samle seg om bodskapen i staden for å bli distrahert av innfløkt
språk. Dei forvissar seg om at publikum forstår bodskapen lett.
Alt dette går fram av den australske professor Robert Eaglesons definisjon av
'Plain English'. [N L M]
Ver vennlig og kanskje litt rund overfor allmenn-lesaren, verken for uhøflig
eller høflig. Eller tal som ein sprintar kloss etter løpet for å
oppnå fred. Det kan enno gå. - Elles heiter det at ein lesarvennleg periode har
sjeldan meir enn 22-25 ord. [N]
Klar tekst, effektivt organisert og tiltalande presentasjon er alle nøklar
til å skape leselige, informative tekstar. Vanskelige tekstar gir opphav til fleire
mistydingar, feil, klager, spørsmål og tap av tid til å løyse
ekstra-problema - I fall du lyt bruke eit fagord, så definer det - anten ved å
definere det eller ved å gi eit døme. [C I]
Gå inn for å få vennlig feedback, eller test tekstane dine
på eit utval av folka dei er mynta på - Kjemp for å få merknader og
gratis feedback til tekstar som let til å kome til kort og kanskje mislykkast -
Opplagt engelsk kan spare og vinne tid der det gjør kommunikasjonsjobben godt
ifrå starten av. [Jf. E H C]
Skikka layout gjør tekstar lettare å lese, slik at lesande lettare kan
finne informasjonen dei leitar etter. - Ha rett innhald, tydelig struktur, tydlig samanheng,
tiltalande utforming og nok hjelp til lesande så dei finn det vesentlige, råder
Barbro Ehrenberg-Sundin. [Cf. L and M]
Kall ei spade ei spade om du må, men bli ikkje for firkanta, og "tigg" minst
råd om merksemd dersom du klarer det. [N]
Bli ikkje smitta av hang til tekstjåling og -sprading. Hald deg i staden til
det vesentlige innhaldet. [B N]
Sett samandratte ord (akronym) i parentes første gongen du bruker heile ordet
som akronymet er forma ifrå. Derifrå kan du bruke akronymet i resten av teksten
din. Og når du er i tvil, skriv heile ordet, ikkje samandraginga. [N, F]
La iallfall hovudorda gli vel og stå godt i lag til kvarandre - lytt velvald
gjennom verket etterpå. Ven deg til å lese høgt for deg sjølv det
du har skrive. Les høgt slik for å "smake på klangen". "Bruk
øyrekontrollen," skriv Finn-Erik Vinje. [N]
La det vere kjekt å setje punktum før det er på høg tid,
og hald deg til saka. Unngå dessutan forkortingar i vanlig tekst; det er ikkje alle
som er stø i dei. Nytt ord og vendingar som du veit velvillige lesarar forstår
når du kan, og bruk flittig det som dansken kallar snilde; det er
"førleik", dugleik, skill. [N B]
La dei som
teksten er mynta på, fortelle deg korleis dei tar den om dei bryr seg om å gagne
deg
UNNGÅ lange strenger av samanklumpa substantiv. Substantiv som står
"klumpa" saman er vanlige i engelsk ordlaging, men også der gjør dei det ofte
vanskelig for lesaren å finne meininga i god tid for di et ofte tar tid å lirke
den fram.
Ordstrenger og ordklumpar manglar bindeord som av, for, om, i og genitivs-s.
Ved det mister ein signal om korleis orda i "ordklynger" står i forhold til kvarandre.
Ein kan godt teste kor godt ein skriv: Finn noen av dei som teksten din er mynta
på, og la dei sjå gjennom den så formelt som du forholda tillet og du har
råd til. (1) Likar dei å lese teksten, og kor godt i så fall? (2)
Skjønar dei det du skriv? (3) Framfor alt, kan dei dra nytte av det? [Jf. F
G]
Greielig språk går inn for å unngå mistydingar og
innfløkte vendingar, og dessutan tungt forståelige ordklumpar - ikkje berre
klare feil. [C D] ¤
Taktfulle har slike
standardar - og å halde standardar krev at ein er sterk nok til det
PERSONLEG tonefall kan komme godt med der det høver, og fyllord eller
oppsvulmande tekst skal den sterke (og språksterke) stå imot og liggje unna.
[Cf. C. N]
Ein skal kommunisere med omhug, og dernest får ein kanskje våge å
kommunisere tydeligare ved sånt som å (1) fjerne lita skrift; (2) skrive om noe
så det blir lettare forstått; (3) nå opp til ein eller annan godkjent
standard. [Cf. L] ¤
Når ein rettar og pussar på ein tekst, skal ein halde utkik etter mange
ting, så som at ei god setning (ein god periode):
- har i gjennomsnitt rundt 15-20 ord;
- har mange aktive verb framfor passive verb;
- nyttar kvardagsspråk;
- nyttar ord som "du" og "vi" framfor meir tungvinte, bombastiske og veldig
upersonlige;
- er konsis, stringent;
- er klar og oversiktlig, har hjelpande overskrifter med eit eller anna høvelig,
konsekvent system bak;
- har god skriftstorleik (prøv fontstorleik 12, til dømes) og tydelig
skrift (skrifta "Times New Roman" er mye brukt);
- har ei eigna linjebreidde, f.eks. rundt 7 - 12 ord;
- har logisk framdrift. [H]
Eit eller anna språksertifikat kan vere bra å få med seg, eller noe
tilsvarande, som god språkfagutdanning. [Cf. I]
Unngå byråkratisk og gammalmodig juridisk snikksnakk, uvanlige fremmendord og
bråmodne sjargonguttrykk. Forviss deg mange gonger om at folk forstår og handlar
adekvat ut frå informasjonen du gir dei. Det kan vere avgjørande å
få tilbakemelding frå dei som kan ventast å bruke det du skriv.
¤ Prøv ut teksten på kunnige personar: Godt norsk skal
nå folk som ikkje kan lese veldig godt og ikkje har tid til å lese godt. [Cf. A.
B and L and G and C]
Greielig språk skal kunne spare tid, strev og pengar. Kva som blir kravd, og
kva nivå ein skriv på, skil seg frå den eine teksten til den andre, for
det kjem an på dei som teksten skal fram til. Det trengst normalt ein som er kunnig
til å dra kjensel på kunnig språkforming. Grei
språkføring omfattar meir enn å skifte ut sjargong og tungt språk
med kortare setningar (periodar) og kjente ord. Greitt språk tar omsyn til heile
bodskapen frå lesaren sin ståstad. [Cf. A. C]
Har du fleire ting på hjartet, så sei ein ting om gongen i den beste
rekkefølgja du klarer. Ein god tekst overfører informasjon på enkelt vis
og slik at det verkar naturlig eller tilmed sjølvsagt, nemner Marika Tandefelt, som
er professor i svensk. Det kan hjelpe å dele inn teksten i stykke for å ordne
poenga - det er, samle tankar som hører saman og finne ei grei rekkefølgje for
dei. [N Cf. B. K N]
Når du kommenterer, så gjør det velfundert og helst programmatisk
der det er råd. [N og N]
Nytt velvald, kort og fyndig uttrykksmåte eller programmatisk
uttrykksmåte som ikkje kjem til kort; begge deler kan tenkjast å fremje trivsel.
Skriv kort når det går. Klart og enkelt språk handlar altså om
å bli forstått, meiner Barbro Ehrenberg-Sundin, språkekspert i det svenske
Regeringskansliet. [N M]
Det
gjør ofte godt å tenkje og organisere poenga i forkant av skrivinga
EIN FÅR stå på for den grepa, helst konkrete nok uttrykksmåten. Og
dersom kladden din eller den ferdige teksten ikkje held mål, kan både
skriveprosessen din og det som har komme ut av den, gi verdifull feedback til deg. Ut
frå noe av dette kan det kanskje høve å skrive om att deler av teksten
eller heile teksten. [N G]
Tenk godt på kva for lesar du skriv for som venn. [N] ¤
God orden,
god rekkefølgje og heilt bein mentalt kan hjelpe
EIN GJØR ikkje godt når ein tar til å bli jålesjuk eller herskesjuk
- og fælande pranging med ord er ikkje rett danna, og heilt beint er det neppe
heller.
Men skriv vettig slik det høver, og planlegg kva du treng å seie og i
kva for rekkefølgje. [N B]
Sløs ikkje vekk ord og bokstavar og sløs ikkje med slikt heller. [N
G]
Unngå å endre verb til substantiv, så held stilen seg ventelig
friskare. [Cf. J] ¤
Det saka
gjeld, er eigenlig å te seg rimelig og høvelig i kontaktfeltet sitt
NÅR VI ikkje kan forme bodskapen vår i ord, kan det vere at vi enno
ikkje har fatta godt nok alt som hører med i saka, eller kva saka gjeld, og kanskje
vi ikkje har bestemt oss for kva vi eigenlig vil ha fram og kor vi vil, kjem det frå
Marika Tandefelt, som iallfall for noen få år sia var professor i svensk og
leiar for Svenska språknämnden" i Finland. [K]
Skriv ikkje så du kjem til kort på noe vis, heller ikkje sosialt.
Få til å skrive høvelig enkelt når du har (meta-)sondert
slik først. Høvelig er rimelig og slik ein har råd til, mellom anna -
Kanskje tabellar eller rubrikkar hjelper sia - eller etter kvart. [Cf. B]
Aller
første gongen ein prøver noe, kan ein godt leggje seg "nær midten" om
det hjelper ein sjølv
SKRIV høvelig lange setningar, lagom långa meningar, som svensken skriv
det. Og må du bruke eit vanskeleg ord, kan du godt forklare det første gongen
du brukar det. Eit likande og uvanlig ord (fagord, til dømes) kan det no og då
høve å setje i parentes. [B N]
Dei fleste lenkjene som var, har forsvunne. Nedafor står dei enno verksame, mest
for ordens skuld. Og nedafor dei igjen står dei som var for dei som vil
leite.
Introducing plain language
Plain Enlish (English)
Plain
Train: Appropriate words
Plain Train: Testing
Plain Train: Crystal clear - an
avenue
Plain
Train: Using appropriate words
Arne Torp: "Hvor går
bokmålet i framtida?"
Ekstra: Språkvård hos Tidningarnas
Telegrambyrå
Ekstra: Svensk klarspråk
Ekstra:
Myndigheternas skrivregler
Lekkjene under er frå Norsk språkråd og den svenske regjeringa sine
språkeksperter.
White House memorandum
on plain English
Den
svenske regjeringas syn ved "klarspråk"
Introducing plain language
Om adekvat
språk (svensk)
Plain Enlish (English)
Plain
Train: Appropriate words
Plain Train: Testing
Plain Train: Crystal clear - an
avenue
Plain
Train: Using appropriate words
Arne Torp: "Hvor går
bokmålet i framtida?"
Skrivkonsten (svensk)
Plain English: Editing
Svensk
kamp mot "gobbledygook" og sånt
Ekstra: Språkvård hos Tidningarnas
Telegrambyrå
Ekstra: Svensk klarspråk
Ekstra:
Myndigheternas skrivregler
KLIKK på 'Litteratur' og finn referansane til
rundt 2000 verk.
TILVISINGAR: Initialord [i skarpe klammer] i teksten er kodar for bøker o.l..
Klikk på 'Litteratur' ovafor for å sjå det. Bak somme initialord
står det sidetilvisingar. Og jf og cf. i tilvisingar og fri tekst vil seie 'jamfør'. [MEIR]
SØK på sidene: Klikk på 'SØK' høgt oppe til
venstre. Ein kan også finne lenkjer til ordbøker og anna hjelp slik.
DET som står bak "Adresse" ("Location") øvst, er
tilvisingsadresse for sida.
LOSING: Noen bilete og tekstar øvst på sidene er klikkbare. [MEIR]
ANSVAR VEKK: Generelle ansvarsfråskrivingar: [LES]
© 1999-2006, Tormod Kinnes Gjennomsett i august 2006
|