DEN NORSKE DELEN
 

Språkvett og tekstarbeid 6

ARKIV16 SEKSJONSIDE (VERK)5  NESTE

SEKSJONEN
SP&oSLASH;RSMÅL
SØK

STOLPEBREIDDE
 
SAMLA RESERVASJONAR   FØRRE INNHALD NESTE



Vegen

Vinn meir: Prestasjonar og fuglesong

Konsulenttjenester og rådgivning fra mediekonsulent T. Kinnes
Vinn å høre fuglesong
Teksten under viser korleis ein (og annan) kan finne ein god Veg (Tao) for seg under eitt. Avsnitta er for det meste forma som aforismar. Det er meininga at ein gjør kunnige utval for å byggje slik ein Veg utan farer for seg og andre. God les.


EinararOm verktøy, forhold, konflikter og murar

KANSKJE vi kan løyse konfliktar i samarbeid og dermed betre samarbeidsforholda: Du bør finne ut kva for motstand du står overfor, og prøve å mekle før forholda fell og noen vil ha tvist eller gå til retten. Sann kjenslene du har etter som du har dei.
      Tenk nøye gjennom kva for følgjer dei og ulike ting får.
      Det går å lære seg å løyse somme konfliktar, men også lære korleis du kan bruke konfliktar som eit verktøy for å betre forholda dine under eitt. ¤
      Lær av vinnaråtferd, og av og til av andre si vanskelige åtferd. Den kan vere til "skrekk og åtvaring" mang ein gong.
      Finn ut av kva du likar (dine personlige preferansar) og stilar, så det kan høve å bruke dei som verktøy for å betre forholda dine under eitt, så også på jobben.
      Somme konfliktar kan løysast. Har du taket på å presentere trivelig? Om ikkje, kan du vel lære mye i den gata.
      Noen viser rett veg, dei fleste neppe. Noen kan enda til gå medvite inn for mistyde bodskapen din.
      Slå til best mogelig når sjansen er der. Det gjeld å fram eigne, sterke sider ved forhandlingsbordet og ofte elles også.
      Det som gav suksess i går, gir kanskje ikkje suksess i morgon; ein kan vinne fint ved å stå klar til kommande utfordringar gjennom ny teknologi ein har godt tak på.


ToararAv og til må ein nøye seg med den taletida ein får

DET STORE er naturlig nok ikkje å takle vanskelige spørsmål og problem, men å løyse dei før dei blir tunge å handtere. "Den verkelig kloke løyser ingen store problem, han tok hand om dei då dei var små," skriv Lao Tzu frå oldtids-Kina. Å førebyggje var altså betre enn å prøve å lækje i gamle Kina også.
      Ein gjør sikkert vel i å førebu seg på noe som verkar ille, om ikkje verst, og så gjøre slikt som skal til for at det neppe eller ikkje hender. Det er klokt. Ein kan ikkje drive gard utan. Bygg ein huset for svakt, utan å førebu det på stormar, snøfall og mye væte, til dømes, kan det går fælt for seg før eller sia. Men om ein ikkje skit i klok nok omtanke og trygging, kan huset godt stå i fem hundre år. Det kan vere lagelig.
      Ein kan også handtere uventa endringar ved å byggje inn ekstra tid og ekstra rom for slikt. Det er godt å ta med, å ha rom for noe uventa også.
      Du må noen gongar legge vekt på meir enn fornufta, og ord som verkar - men finn først og fremst ut kva og kven det er som hindrar deg i å styre tida di til eigen føremonn vidt og breitt, og sjå om du kan gjøre noe med det. La deg ikkje hefte med ganske små og uvesentlige saker dersom du har betre ting å gjøre heller. Å høre fager fuglesong og lukte blomar hører med til fine opplevingar, og er altså viktig. Gå inn for livskvalitet, med andre ord. Ha det ikkje berre som eit mål i framtida, men lev i det mens du er under vegs i tillegg. Det er fin livskunst.
      Mange som sel hjelpemiddel for folk lærer å skreddarsy presentasjonane sine, la framstellingane verke imponerande (ved status o.a.), overflatisk morosame og ein tanke spennande (ny teknologi, med meir). La oss seie noen prøver å manipulere deg til å bli meir og meir konsument, og dermed avhengig, lite sjølvhjelpt. Det kan gjøre godt å vere obs på det. ¤
      Der dei seier "Ver grei mot medarbeidarane dine. Du må vinne hjerta deira", har ein diktat over seg: "Du må". Det er betre å ha fridom til "bør" heller enn "må", og betre enn "bør" er "får" - i så fall har ein løyve og fridom. Det er altså meir fridom der ein ikkje "må og skal" ting, og forholda er gjævare der av den grunn. Det kan også vere verdt å merke seg. Ein annan ting er at der ein er grei mot andre med diverse motiv under det, kan forholda kallast manipulerande og manipulerte. I slike forhold finst det dei som utbyttar og andre som blir utbytta. Dei utbytta kjem seg kanskje ikkje ut i sola og får nyte godt av naturen, golfbana og - kan ha blitt delvis narra til det dei gjør for sjefane og bedrifta under eitt.
      Ein skal såleis ikkje selje arbeidskraft, tid og innsatsvilje til kven som helst, men heller lære å vurdere forhold under overflatene også. La oss ta eit nytt døme: Når ein eller annan offentlig etat går inn for haldningskampanje med stivt kommersielt utforma plakatar som "Vi trivast forferdelig på arbeidsplassen / i utkanten" eller "Politiet hjelpe deg!" viser det til eit temmelig stort behov for at forholda blir likare. Var alt i orden, trong ein ikkje ganske lausrivne eller sjukelige fasadeåtgjerder i grunnen.
      Positive forhold og positive resultat er ikkje alltid det som utbyttarkongane kallar positive. Det skulle ein lære seg og ha hjertet med.


TreararOm tango og søkte skussmål

NO HAR du fått to-tre vink om "Søk under overflata etter løynde meiningar før du bitt deg og kjem under forholda" gjennom å bli tilsett, for eksempel.
      Hald deg sikkert til timeplanen utan å miste fleksibiliteten, og lær om råd av erfarne konfliktløysarar. Kven er erfarne? Noen har lest seg til kompetanse, andre har opplevd og blitt erfarne, røynde - ikkje minst ut frå "Av skade blir ein klok". Det finst også eit anna vink: "Den som kan, gjør. Den som ikkje kan, underviser." Med andre ord er det mangt å vege og kontemplere for den som ikkje fell saman og blir nasegrus dupert av fine titlar, statusting og staffasje.
      Ta straks tak i konfliktane dine når du får dei. Dei kjem neppe alle frå di side dersom "Det skal to til ein tango (engelsk ordtak)" har noe for seg, eller "Ein har ikkje fred lenger enn grannen vil (norsk ordtak)". Det første legg skuld på begge partar, det siste på hin parten.
      Lær å vakte omdømmet ditt, for ofte kan ein få prakka på seg uheldig omdømme (rykte) utan at det treng å vere rett, utan å fortene det. "Gi ein hund et fælt namn og heng den," viser til det leie som kan skje i framhaldet av å ha fått eit dårlig skussmål.
      Leie saker og ting og konfliktar kan lett redusere produktiviteten og kulminere i rettstvistar om dei ikkje blir løyst i god tid og med god orden. Rettstvistar og leie arbeidsforhold skaper gjerne dårlig arbeidsmoral i tillegg, og kan vere med å splitte organisasjonen og gruppa og hindre at folk lærer noe særlig og kjem seg vidare.
      Å ha tryggleik til å kommunisere ganske uhøgtidelig når det høver, kan gagne ein mann. Kanskje føresett det at forholda er rimelig minnelige, og det er ikkje alltid forholda i bedrifter i nedgangstider og i dårlig leidde bedrifter i det store og heile. Bedrifter kan dessutan ha vore altfor opptatt av å utnytte og utbytte i lange tider, i staden for å tenke berekraftig kultivering, som i økologisk landbruk og i framgangsrike bedrifter og kulturar som finst.
      Det kan vere fleire sjansar til forbetringar enn den urøynde trur. Få gjennomslag for noen av dei flotte ideane dine, kan du enda til få ein meir morosam jobb om du er flink å manøvrere og har kjente til hjelp for deg. Det kan vere bra å ha.
      I dag legg elles teknologi mange av premissane for arbeidet, og i tillegg kjem ulike praktisk guidar for enkle tilfelle - som denne.
      "Du må tolke det andre seier" kan være eit slikt overflatisk råd, men sjølv om formuleringa er lite verdt når den står aleine som her, kan tydingskunst hjelpe meng ein/ei. Vi har heuristikk og hermeneutikk og nokså overflatiske utlegningar omkring kroppsspråk med meir til hjelp for å tyde og kode meiningar i dunkle tekstar og situasjonar.
      Det kan også hjelpe å utnytte stemmen best råd. Å tale distinkt kan gjøre stor forskjell, like eins å lære å puste djupt og behagelig før ein taler. Trening i dramatiske framføringar med deklamasjonar og dikt har hjelpt somme. Ein skal ikkje vere for redd av seg når ein vil gjøre seg meir talefør.
Finn vegar       Det er neppe pent å spele på konform idioti og statusdriv eller demagogi for å vekkje entusiasme hos medarbeidarane, men sjå om ikkje somme gjør slikt. Du har både hjerte og hjerne. Lytt til hjertet, det indre i deg. Det er derfor du har det, og ha hjernen med i praktiske, konkrete utformingar av "det hjertet velsignar".¤
      Finn løysingar på ein overtydande måte og hent inspirasjon i tillegg til å fokusere på greie interesser.
      Snakkar ein for å gjøre seg forstått, kan ein tilmed finne seg til rette i ein forhandlingsposisjon, men det er ikkje sikkert det er heilt lett.
      Steg for steg kan ein bli flinkare til å bruke dette "gjør-det-sjølv-opplegget" som ligg underforstått i botnen av teksten her. Å prøve å skape ein "begge-vinn-situasjon" best råd og lengst råd, kan komme godt med.
      Å våge å gjøre feil er elles ikkje alt som skal til. Det lønner seg å ha så god opplæring og trening at ein ikkje gjør dyre og flaue feil. Noen må også rette opp feil frå andre, og slike kan det vere synd på.
      Ein skal våge å vere så konkret i det store og heile at mottakarane blir inspirert av fakta og lødige kalkylar først og fremst.
      Det gjeld å skrive og snakke for å gjøre seg forstått, same kva kva slags jobb du har. (7)
      Ein må også gå inn for å ha kontroll over tida. "Ikkje over evne" er eit anna nyttig leiarprinsipp. Ein gjør vel i å sjå det i lys av Peter-prinsippet, "I eitkvart hierarki tenderer kvart individ mot å stige til sitt inkompetansenivå" (In any hierarchy, every individual tends to rise to his level of incompetence) - Lawrence J. Peter (1919 -). (8)

OPP SETTET SEKSJONEN EIT INNHALD NESTE


 

Litteratur Gullvekta Startside E-post

SOL       KLIKK på 'Litteratur' og finn referansane til rundt 2000 verk.
      TILVISINGAR: Initialord [i skarpe klammer] i teksten er kodar for bøker o.l.. Klikk på 'Litteratur' ovafor for å sjå det. Bak somme initialord står det sidetilvisingar. Og jf og cf. i tilvisingar og fri tekst vil seie 'jamfør'. [MEIR]
      SØK på sidene: Klikk på 'SØK' høgt oppe til venstre. Ein kan også finne lenkjer til ordbøker og anna hjelp slik.
      DET som står bak "Adresse" ("Location") øvst, er tilvisingsadresse for sida.
      LOSING: Noen bilete og tekstar øvst på sidene er klikkbare. [MEIR]
      ANSVAR VEKK: Generelle ansvarsfråskrivingar: [LES]
      © 2003-2006, Tormod Kinnes — Gjennomsett i august 2006