DEN NORSKE DELEN
 

Språkvett og tekstarbeid 7

ARKIV16 SEKSJONSIDE (VERK)5  NESTE

SEKSJONEN
SP&oSLASH;RSMÅL
SØK

STOLPEBREIDDE
 
SAMLA RESERVASJONAR   FØRRE INNHALD NESTE



Fjellvettreglar for skriving

skriveråd frå mediekonsulentens hjørne
Ha alltid fjellvettreglane med i normgrunnlaget for skrivinga di.
Reglar er oftast "breie saker", "breie ting", og det kan finnast situasjonar der unnatak er påkravd, ikkje berre fint.
      Dei fleste kan sjå likskapen mellom å gå ein fjelltur og skrive ein tekst sakprosa. Noen kan også finne nyting i ei slik samanlikning. Godt forfatta tekst har altså start og slutt og noe imellom. Men enda viktigare er det å ha rett fokus med seg: Det er jo skriveprosessen (turgåinga) som er hovudsaka, ikkje alt som kjem ut av den og alle forholda som heng saman med den.
      Øving gjør meister. Noenlunde likeins er det også med fotturar i fjellet. Ein kan berike livet sitt titt og ofte for di ein er fjellvant og kan å gå korte og lange turar under ganske gode forhold. Er forholda dårlige, held ein seg heller heime. Det som kjem er elles tommelreglar.


1. Legg ikkje ut på lange turar utan trening.
      Skriv ikkje lange dokument utan trening til det arbeidet.

2. Sei først ifrå kor du har tenkt deg hen.
      Freist å orientere på førehand om kor du vil med det du skriv. Ei lita briefing i starten kan vere godt. Då kan vonelig ei vennepatrulje og andre finne sporet til deg i tilfelle eitkvart går gale - og det kan ein jamt halde seg budd på, fortel kaptein Edward Murphy i "Dersom noe kan gå gale, vil det før eller sia gjøre det." Murphys lov kan ein i lang tid hindre i å bli fullbyrda ved kloke nok tiltak, som å "bitte dyret (frimodig id) hardt" og tone ned ting: Det vi skriv høflig og distingvert utan å braute og sverje, kan mange fatte.

3. Vis respekt for veret og vermeldinga.
      Vis omsyn til forholda og skaff deg lødig orientering om dei, så du ikkje gir deg i kast med noe på måtar som kan bli kalla uforsvarlige og uforsiktige. Følg derfor med i utviklinga på feltet ditt, og generell utviklingsgang generelt. Det kan jo vere kjekt å bli så skrivegod at ein ikkje treng å bli redda av andre.

4. Lytt til erfarne fjellfolk.
      Lytt til og lær av dei fjellvante; det er dei som har vore i terrenget og kjenner det, også i hardt vêr. Dei kan gjøre deg delaktig i forholda og lønsame ruter og enda meir.
      In noen høve lønnar det seg å stogge opp og spørje: "Erfarne fjellfolk, er det filologane eller diktarane?" Det kan vere begge deler, jamvel om noen diktarar har skrive mangt fælt mot filologar og andre kritikarar. "Critics are like eunuchs in a harem; they know how it's done, they've seen it done every day, but they're unable to do it themselves" [Brendan Behan (1923-64)]. Alexander Kielland sa nokså nær det same i si tid.
      Skaff deg i tillegg det utstyret som hjelper dei erfarne. Noe mindre er kanskje ikkje høflig.

5. Ver rusta mot uver og kulde sjølv på korte turar. Ta alltid med ryggsekk og det utstyret som fjellet krev. På lengre turar: Ha alltid med spade.

Når stormen kviler
og di lykke smiler,
og du tykkjer allting går som best.
Nettopp då du, nettopp då du,
skal du vare deg mest.
- Ivar Aasen, i "Når du mest må strida"
"Alltid budd" er elles speidarmottoet. Spørsmålet er berre kva ein er budd til eller mot. Ver budd på litt av kvart - og ved å spørje andre til råds kan ein bu seg på somt ein ikkje føresåg aleine. For di forhold fort kan forverrast kan ein like godt programmere seg til å stå vel budd sjølv om forholda ser fine ut. Det er betre å gjøre slik enn å bli dumma ut om noe uventa skulle inntreffe. Det er ein slags "kløktig pessimisme" som er ute og går. Den får bonden til å lage låve og hus som toler meir enn sommarver.
      Kulde skal ein her tolke som dårlig mottaking. Uver kan vere fiendskap frå uventa kant, eller kanskje den vante kanten. I "ryggsekken" legg ein kanskje to-tre bøker om korleis ein forfattar, ordliste, og dikt. Mangt kan få plass i ein ryggsekk. Det er også kjekt å ordne til så ein kan kose seg midt i prosjektet.
      Fjellet kan vere det monumentale som skal skrivast - Ein lyt ofte stramme seg opp for å komme opp i høgda og få det friare slik at orda flyt (being in the flow, som det heiter) og otten svinn inn litt.
      Spada kan vere granskingsmiddel. Program (med automatisk ord- og setningsgransking i seg) kan for eksempel hjelpe framifrå.

6. Hugs kart og kompass.
      Kart er oversyn. Disposisjonen kan fungere som kart. Mentale kart hjelper orientering og at vi finn vegen. Tankekart hjelper oversyn framifrå.
      Kompasset er mye som framdriftsplanen. Den som skriv avhandlingar i studiet, blir oftast avkravd framdriftsplan no om stunder.
      Oversyn og framdriftsplan kan hjelpe deg som kart og kompass om halsen, så du finn fram steg for steg i skriveprosessen og ikkje overser detaljar som leier deg i retning av målet - vellykka skriving (vellykka skriveprosess), ikkje berre eitt vellykka skriveresultat.

7. Gå ikkje aleine.
      Gå helst ikkje aleine. Gå ikkje aleine om du ikkje må. Noen diktarer har kjent på seg dei måtte, som Knut Hamsun og andre nobelprisvinnarar som leid fælt og svalt for kunsten sin. Hjelp frå venner er ofte kjærkommen for den som skriv og kan trenge høflig og vennligsinna tilbakemeldingar. Det er jo også langt meir behagelig å få kjekke korrektiv undervegs i staden for å få dei etter å ha gått feil veg i lang tid.
      Samtidig heiter det at du også bør unngå store følge der dei som er med har ulike føresetnader. Det er ikkje sikkert det blir tiltrengt framdrift i slikt følge.

8. Vend i tide. Det er ingen skam å snu.
      Når veret uventa endrar seg, kan ein altså justere opplegget sitt. Det er normalt ikkje lurt å prøve å trasse skriveveret. Legg du ut på skriving i uvisst ver, så gå helst mot vinden (tøff deg fram). Då blir det lettare å gå tilbake etterpå . . .

9. Spar krefter og grav deg ned i snøen om nødvendig.
      Sterk vind gjør påkjenningane verre. Unngå å bli sveitt; unngå å leggje fram det du skriv for mange som blir sveitte av deg. I sær om dei tar til å rope opp i lag over deg, kan det bli vanskelig.
      Et og drikk ganske ofte under vanskelige forhold; det kan tenkjast å vere til hjelp (for idsystemet inni oss, til dømes). For lite drikke og mat gjør deg slapp, og du kan miste motet. Ein skal jo ha det godt . . . .
      Når fiendtlig omtale frå folk som før tok seg saman og tok seg saman med eitt haglar og piskar omkring deg som blindande snødrev, kan det vere overlag viktig å gå i dekning for å berge livet. Vent i så fall ikkje med å grave deg ned. Det kan skje på mange og ulike måtar, men vent ikkje med å grave deg inn i snøen til du er utsliten. Noen vel å sitere autoritetar, andre tar til forslitne vendingar og opplegg, og så bortetter. Slikt skulle du lære deg; lær prima akademiske verkemiddel når du har overskott, så har du skaffa deg velprøvd erfaring til det brakar laus: Det er ikkje greitt å vere frimodig diktar, kunstnar og rettlige vitskapsmann til alle tider. Det er det mange vitnemål på.


Diktarar og filosofar unnatatt

Når du kan og lever etter fjellvettreglane som står over, kan du gå tryggast råd i fjella, heiter det. Diktarar og filosofar er elles som fjellklatrarar - for slike gjeld også andre tommelfingerreglar.

OPP SETTET SEKSJONEN EIT INNHALD NESTE


 

Litteratur Gullvekta Startside E-post

SOL       KLIKK på 'Litteratur' og finn referansane til rundt 2000 verk.
      TILVISINGAR: Initialord [i skarpe klammer] i teksten er kodar for bøker o.l.. Klikk på 'Litteratur' ovafor for å sjå det. Bak somme initialord står det sidetilvisingar. Og jf og cf. i tilvisingar og fri tekst vil seie 'jamfør'. [MEIR]
      SØK på sidene: Klikk på 'SØK' høgt oppe til venstre. Ein kan også finne lenkjer til ordbøker og anna hjelp slik.
      DET som står bak "Adresse" ("Location") øvst, er tilvisingsadresse for sida.
      LOSING: Noen bilete og tekstar øvst på sidene er klikkbare. [MEIR]
      ANSVAR VEKK: Generelle ansvarsfråskrivingar: [LES]
      © 2001-2006, Tormod Kinnes — Revidert i august 2006