|
|
Her kjem ein enkel gjennomgang av språkvettreglane, fritt etter
professor Finn-Erik Vinje.
 | |
Høflig omtanke kan gagne ein sjølv også til tider.
|
Tekstar som er vanskelige å skjøne, fører til mistydingar,
misnøye, klagerop, spørsmål, gale oppfatningar, og tap av tid. Å
skrive tydelig og greitt kan derimot spare tid og betre samkvem under eitt.
Den norske professoren Finn-Erik Vinje forma for noen tiår sia ti
språkvettreglar. Dei har mellom anna ein forgjengar i dei ni fjellvettreglane sitt
"Det er ingen skam å . . ." Han har også skrive fleire bøker om korrekt
behandling av språket og orda, og dei bøkene kan vi tilrå.
I andre land finst både offentlige organ og organisasjonar som kjempar for
klarspråk, som det sikkert heiter på svensk. På engelsk finst omgrep som "plain
English" og "plain language". "Godt norsk" er elles lansert som boktittel av Vinje. Kva med
"greielig norsk"? Den er klar og grei.
Språkvettreglane kan hjelpe oss å forme enklare og greiare og klarare
ord og setningar. Dei er altså mynta på ord- og setningsnivå. Det finst
andre reglar og normer for å byggje opp tekstar på høgare nivå i
tillegg.
FINN-ERIK VINJE er professor i moderne nordiske språk ved Universitetet i Oslo. Han
har vore språkkonsulent i NRK i 22 år, og har gitt ut fleire bøker om
språk, språkforming og språkrøkt.
Nedover har vi utvida og utfylt formingsråd frå han, og sett orda hans i
bueparentesar. Boka The Plain English Guide av Martin Cutts hjelper også. [SKRIVERÅDA HANS]
- Det er kjekt å setje punktum før det er på høg tid.
(Det er ingen skam å sette punktum).
Ein lesarvennleg periode har sjeldan meir enn 22-25 ord. (En lesevennlig periode har
sjelden mer enn 22-25 ord.)
- Å servere momenta eitt i senn - ein ting om gongen - går ofte bra.
(Har du flere ting på hjertet, så si én ting om gangen.)
Prøv ikkje å seie to ting samtidig. Server momenta porsjonsvis, og avslutt
gjerne setninga før du tek til med ei ny. (Prøv ikke å si to ting
samtidig. Server momentene porsjonsvis, og avslutt gjerne setningen før du begynner
på en ny.)
- Ver vennlig og kanskje rund mot allmenn-lesaren, verken for uhøflig eller
høflig. (Vær høflig mot leseren)
Tenk [godt] på lesaren når du skriv, og vel ord som du veit han forstår
viss du kan. Må du bruke eit vanskeleg ord, kan du godt forklare det. Og kan du finne
og nytte eit likande ord, høver det ofte godt å setje til det gilde fagordet i
parentes og slikt. (Tenk på leseren når du skriver, og velg ord som du vet han
forstår. Må du bruke et vanskelig ord, skal du huske på at det ikke er
forbudt å forklare det.)
- Bli ikkje smitta av substantivjåling og lei frasesprading. (Bli ikke
smittet av substantivsjuken.)
Skriv ikkje: Dei tilsette må utvise varsemd med
apparatet - når du like gjerne kan skrive: Dei tilsette må vere varsame med
apparatet. (Og skriv ikke: Kari foretar innhøsting av epler når du like
gjerne kan skrive: Kari høster (inn) epler.)
- Ver gjerne høgrevridd ... (Vær gjerne høyrevridd
når du skriver.)
Tommelregel: "(Hovud)verbet til venstre, resten ut til høgre." (Sørg for at
(hoved)verbet kommer langt ut til venstre i setningen, og spre resten av setningsinnholdet
ut til høyre.)
- Ikkje bli jålesjuk - fælande pranging med ord er ikkje danna. Du
skal vel nå betre enn å bli verbal pyntedokke.
Kan hende gold jåling ved oppfeitande ord er nest etter påfugl-lokking.
(Motstå fristelsen til å bruke fremmedord, moteord eller vitenskapelig klingende
"påfugl-ord".)
- Stå på for den grepa, helst konkrete nok uttrykksmåten,
så blir du oftare (og oftare) forstått. La det gå sport i det.
(Vær ikke redd for den konkrete uttrykksmåten.)
Kall ein trast (fugl) det den er, slik det høver. (Mener du spade, så skriv
spade - ikke arbeidsredskap.)
- Sløs ikkje [vekk] ord og bokstavar ... (Sløs ikke med ord og
bokstaver.)
Kort og fyndig uttrykksmåte kan fremje trivsel for somme. (En kort
uttrykksmåte er i regelen bedre enn en lang. Skriv ikke: "... er en trivselsfremmende
faktor i relasjon til lokalmiljøet" når du like gjerne kan skrive: "...
skaper trivsel i bygda".)
- Personleg tonefall kan komme godt med ein og annan gong. (Vær ikke
redd for det personlige tonefallet.)
Personlig tonefall høver for folk flest - der dei snakkar i fridom. (Personord som
du, De, dere, jeg, vi er tillatt i skrift også.)
- Lytt gjennom det etterpå. (Bruk ørekontrollen.)
Les høgt for å "lydsmake på" det skrivne så orda glir vel og
står godt i lag til kvarandre. Ven deg til å lese høgt for deg
sjølv det du har skrive. (Venn deg til å lese høyt for deg selv det du
har skrevet. Det kan hjelpe deg til å sile bort de mest papirknitrende
uttrykkene.)
Kan hende treng du å maskere deg i ordvegen også. Då kjem nye reglar inn.
Cutts, Martin. The
Plain English Guide. Oxford: Oxford University Press, 1996.
Vinje, Finn-Erik. Skrivereglar. Nynorsk. 4. utg. Oslo: Aschehoug, 1991. [Nyare utgåver på bokmål og nynorsk finst også.]
KLIKK på 'Litteratur' og finn referansane til
rundt 2000 verk.
TILVISINGAR: Initialord [i skarpe klammer] i teksten er kodar for bøker o.l..
Klikk på 'Litteratur' ovafor for å sjå det. Bak somme initialord
står det sidetilvisingar. Og jf og cf. i tilvisingar og fri tekst vil seie 'jamfør'. [MEIR]
SØK på sidene: Klikk på 'SØK' høgt oppe til
venstre. Ein kan også finne lenkjer til ordbøker og anna hjelp slik.
DET som står bak "Adresse" ("Location") øvst, er
tilvisingsadresse for sida.
LOSING: Noen bilete og tekstar øvst på sidene er klikkbare. [MEIR]
ANSVAR VEKK: Generelle ansvarsfråskrivingar: [LES]
© 1999-2006, Tormod Kinnes Gjennomsett i august 2006
|