Første stykke
Andre stykke
Tredje stykke
 | | Skikk følgje - men korleis? |
Det finst mange hundre velkomne språkformingsstandardar som kan vere gode å
kunne, kvar til si tid. Nedafor står nokre, men sjølv dei beste kan falme under
slitte terparar med makt, drivne som talar hardt imot dei eller som ikkje veit
betre.
Det høver vel å sondere grundig kva
"terrenget" toler før ein gir seg i kast med noko godt og vel. Er ikkje omgivnadene førsteklasses, tillet dei sjeldan førsteklasses utputt - Ein lyt ofte passe måten. Endatil hippiar passar hippiemåten.
Standardrådet herifrå er å avpasse så alt kan kallast rett og bra nok iallfall.
Kunsten å skrive danna er det elles mogeleg å lære bit for bit.

Fyndig og sirleg går oftast godt, trur eg.
Normen
nærmar seg "så lite som mogeleg" på ein av to måtar
Der forholda tillet det, høver tydeleg bodskap ved klart og gjerne enkelt
språk. [A B]
"Greitt språk"-tekstar har logisk oppbygging, layout som er lesevennleg, og
bruker korte setningar.
Ver så personleg som samanhengen tillet.
Gjer deg klar til bruk aller først. Jamt over
er det slik at dei som har noko å seie, blir brukte, kanskje oppbrukte (nedslitne og
utslitne) som følgje.
Kanskje er psykoanalytiske overlegg nyttige til å skjøne kva som kan liggje attom kansellistil og småborgarfortrengingar og -draumar i spann på ein eller annan måte: Skal klart og godt språk vinne
fram, lyt ein kanskje førebyggje nevrotisk tilgjersle og halde den vekke frå seg i den grad
det er råd, før klarspråket kan skine fram som sola. [N]
Når ein skal skrive om eit emne er det dessutan viktig å skilje mellom
den utviklinga ein ser som den mest ønskelege og den ein held for å vere den
mest sannsynlege, skriv Arne Torp. [J] ◊

Innfløkt og dårleg språk vitnar berre sjeldan om gode
organiseringevner
Det legalt korrekte kan
og bør uttrykkast klart - viser forsking.
Opplagt engelsk (plain English) er klart og likefram uttrykt og bruker ikkje fleire
ord enn tiltrengt. Det er ei språkform som unngår dunkle vendingar,
oppblåst snikksnakk og snirklete, innfløkt setningsoppbygging. Det er ikkje
babysnakk, heller ikkje ein forenkle versjon av Engelsk. Dei som skriv opplagt engelsk, lèt
publikum samle seg om bodskapen og ikkje forstyrra av innfløkt
språk. Dei forvissar seg om at publikum forstår bodskapen lett. Alt dette går fram av den australske professor Robert Eaglesons definisjon av 'Plain English'. [N L M]
Kva med å tale som ein sprintar kloss etter løpet? Det blir jo helst i mindre bitar og korte setningar.
Klar tekst, effektivt organisert og tiltalande presentasjon er nøklar
til å skape leselege, informative tekstar. I fall du lyt bruke eit fagord, så definer det eller gi eit døme. [C I]
Gå inn for å få vennleg feedback, for å få merknader og
gratis feedback til tekstar som lèt til å komme til kort og kanskje mislykkast -
Betre er nok å skrive godt nok ifrå starten av. [Jf. E H C]
Skikka layout gjer tekstar lettare å lese, slik at lesande lettare kan
finne informasjonen dei leitar etter. Gå dermed inn for probat innhald, tydeleg struktur, tydleg samanheng, tiltalande utforming og nok hjelp til lesande så dei finn det vesentlege, rår Barbro Ehrenberg-Sundin. [Cf. L and M]
"Tigg" minst råd om merksemd dersom du klarer det. Markskrikarsk skriving er neppe godt nok. Hald deg heller til det vesentlege innhaldet utan å overdrive. [B N]
Sett samandratte ord (akronym) i parentes første gongen du bruker heile ordet
som akronymet er forma ifrå. Derifrå kan du bruke akronymet i resten av teksten
din. Og når du er i tvil, skriv heile ordet, ikkje samandraginga. [N, F]
La iallfall hovudorda gli vel og stå godt i lag til kvarandre - lytt velvald
gjennom verket etterpå. [N]
Forkortingar - det er ikkje alle som er stø i dei, og vis omsyn nok til slike lesarar. Brukt gjerne ord og vendingar som du veit velvillige lesarar forstår, og bruk flittig det som dansken kallar snilde; det er "førleik", dugleik, skill. [N B]
La dei som
teksten er mynta på, fortelje deg korleis dei tek den om dei bryr seg om å gagne
deg
UNNGÅ lange strenger av samanklumpa substantiv og innfløkte vendingar i fall du kan tenkje deg dei gjer det ekstra vanskeleg for lesaren. Ordstrenger og ordklumpar manglar bindeord som av, for, om, i og genitivs-s. Ved det mister ein signal om korleis orda i "ordklynger" står i forhold til kvarandre.
Ein kan godt teste kor godt ein skriv: Finn nokon av dei som teksten din er mynta
på, og la dei sjå gjennom den så formelt som du eller forholda tillet og du har
råd til. (1) Liker dei å lese teksten, og kor godt i så fall? (2)
Skjønar dei det du skriv? (3) Framfor alt, kan dei dra nytte av det? [Jf. F
G] ◊
Så
- Innfløkt og dårleg språk vitnar berre sjeldan om gode
organiseringevner.
- La dei som teksten er mynta på, få sleppe til og fortelje deg korleis dei tek den om dei bryr seg om å gagne deg.
Dårleg språk og knot kan kanskje fortelje eitkvart om deg og forholda du er midt i.

Taktfulle har slike
standardar - og å halde standardar krev at ein er sterk nok til det
Det gjeld å kommunisere med omhug, og i den gata kan ein vurdere å (1) fjerne lita skrift; (2) skrive om noko så det blir lettare å skjøne; (3) nå opp til ein eller annan godkjent
standard. Mange slike finn ein i stilguidar, style guides, som Chicago Manual of Style, CMS. Det finst fleire andre. [Cf. L] ◊
Ha "innebygd" å forme probate, enkle setningar (høvelege periodar) frå starten, i tråd med råda for mellom annan plain English av Martin Cutts. Juster så setningane dine,
- i gjennomsnitt har kanskje 15-20 ord;
- har mange aktive verb framfor passive verb;
- nyttar kvardagsspråk;
- nyttar ord som "du" og "vi" framfor meir tungvinte, bombastiske og veldig
upersonlege;
- er konsis, stringent;
- er klar og oversiktleg, har hjelpande overskrifter med eit eller anna høveleg,
konsekvent system bak;
- har god skriftstorleik (fontstorleik 12 er heller vanleg) og tydeleg
skrift;
- har ei hjelpande linjebreidde, f.eks. rundt 7 - 12 ord;
- har logisk framdrift om det skal vere slikt i saka di. [H]
Eit eller anna språksertifikat kan vere bra å få med seg, eller noko
tilsvarande, som god språkfagutdanning. [Cf. I]
Unngå bråmodne sjargonguttrykk og kjepphestar. Vurder i kva grad det du skriv, skal nå folk som ikkje lese så mykje og ikkje tek seg tid til å lese fagkunning heller. (Slike dugleikar kan godt trenast opp; det finst bøker og kurs om slikt også.) [Cf. A. B and L and G and C]
Greieleg språk skal kunne spare tid, strev og pengar. Skriv på, nivåa som er jamt godtekne av målgrupper du vender deg til frå den eine teksten til den andre, og vurder i kva grad det er rett at "Det trengst ein som er kunnig til å dra kjensel på kunnig språkforming hos hine."
Har du fleire ting på hjartet, så sei ein ting om gongen i den beste
rekkefølgja du klarer. Ein god tekst verkar naturleg og inntil sjølvsagt, nemner Marika Tandefelt. Ho er professor i svensk. Det kan hjelpe å dele inn teksten i stykke for å ordne poenga - det er, samle tankar som hører saman og finne ei grei rekkefølgje for dei. [N Cf. B. K N]
Kommenter velfundert og skikka der det er råd, i fall du blir bedt om det. [N og N]
Klart og enkelt språk handlar altså om
å bli forstått, meiner Barbro Ehrenberg-Sundin, språkekspert i det svenske
Regeringskansliet. [N M]
Det
gjer ofte godt å tenkje og organisere poenga i forkant av skrivinga
Stå på for den grepa, helst konkrete nok uttrykksmåten. Sov gjerne på materialet eit par dagar for å få klokast mogelege tankar; slikt gjer forskarar også. Tenk godt på kva for lesar du skriv for som venn. Det høver å skrive om att deler av ein tekst som ikkje er lødige. [N G]
God orden,
god rekkefølgje og heilt bein mentalt kan hjelpe
Der det du skal skrive krev meir av deg enn hallo og det der, kan du først skrive notatar med fakta i notisblokk eller på kort, med meir, og planlegg kva du treng å seie og i kva for rekkefølgje. Med PC kan ein elles omorganisere stykka sine og setningane sine - det er eit grepa hjelpemiddel.
Her skal eg nemne noko meir om "stykke". Det tilsvarar det engelske ordet section, og er eininga midt mellom avsnitt og kapittel, grovt sagt. Eit kapittel har fleire stykke i seg, og stykke kan ha understykke, og avsnitt og setningar går gjennom alle. Det finst bøker om akademisk skriving for slikt også . . . kokebokoppskrifter om korleis ein legg fram poenga sine i avsnitt og organiserer i stykke, introduserer og underbygg tankar og oppsummerer for kvart avsnitt. Det er éin måte å skrive på. [N B]
Det saka gjeld, jamt over, er å te seg rimeleg og høveleg i kontaktfeltet sitt.

Tilvisingar
Fleire av lenkjene som var, er dessverre gått ut,. Men somme av dei har eg funne igjen via Internet Archives Way Back Machine, så ei kan sjå kva som står i dei tilvisingane likevel. Dei andre lenkjene har eg oppdatert i juni 2009.
- White House Memorandum on Plain English
- Den svenske regjeringa rundt "klarspråk"
-
Introducing Plain Language
- Om adekvat språk (svensk)
- Plain English (English)
- Plain
Train: Appropriate words
- Plain Train: Testing
- Plain Train: Crystal clear - an
avenue
- Plain
Train: Using appropriate words
- Torp, Arne 1997: "Hvor går bokmålet i framtida?" - i Språknytt nr. 1, 1997
- Skrivkonsten (svensk)
- Plain English: Editing
- Svensk
kamp mot "gobbledygook" og sånt
Lagt til
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
© 19992009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE]
|