NORSK DEL, GULLVEKTA  

Sukkererstatningar

 15 › 2 › 5

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Sukkererstatningar

No er det blitt heller vanlig å bruke energifrie eller energifattige sukker-erstatningar i bitar, strø, i flytande form. Slikt kan vere gunstig for blodsukkerkontroll hos diabetikarar og andre, til dømes overvektige.
      Vi finn aspartam (E951), cyklamat (E952), acesulfam K (E 950), sakkarin (E954) og det nylig frigitte søtningsmidlet sukralase (sukralose) mellom dei energifri/energifattige søtningsstoffa.

Aspartam

If an approved drug had as many complaints as aspartame, it would have been removed from the market long ago. - Michael Schachter MD.
Aspartam er eit stoff som forskaren James Schlatter slumpa til å oppdage då han slikka på fingeren for å plukke opp eit papir i 1965. Han kunne latt det vere. Ein kan seie det slik! Eller slik: "Forskarar har stelt spørsmål ved i kva grad aspartam verkelig er ufarlig.". Aspartam er 180-200 gongar søtare enn sukker og består av to aminosyrer: asparaginsyre och fenylalanin. Dei finnast i all mat som inneheld protein, til dømes kjøt, fisk, grønsaker, mjølk og gryn. Aspartam brytast ned i magen på same vis som vår dagliga kost. Aminosyrene er ikkje søte kvar for seg, men sameina gir dei den kraftige søtsmaken. [Lenkje].
      Det viser seg at det blir lagt inn mange klagemål mot aspartam, og at "Aspartams korte historie er preget av ufullstendig forhåndstesting." Aspartam inneheld 50% fenylalanin, som kan gi skadeverknader i store dosar, utan at vi kjem noe vidare inn på dei. [Lenkje A - Lenkje B]
      Meir om aspartam: "En rekke sider ved aspartam (ble) aldri undersøkt før det kom på markedet i 1981. Dette gjelder særlig betenkelighetene forbundet med å tilføre organismen stoffer som kan endre nervesystemets biokjemi . . . Ved omsetning i organismen brytes aspartam ned i sine enkelte faktorer og omdannes til minst 20 kjemiske forbindelser, inkludert formaldehyd [et kjent allergen], aminosyrene tyrosin [som utløser hodepine], L-dopa og dopamin, samt nor-adrenalin og adrenalin." [Lenkje A - Lenkje B]
      Aspartam kan vere i syltetøy, yoghurt, is og dessertar som er kunstig søta. Aspartam og Acesulfam K finnast i lettbrus, lettsaft, pastiller, drops og tyggegummi.

Cyclamat og sakkarin

Cyclamat og sakkarin finn ein som bordsøtingingstoff, og ofte i lettbrus og lettsaft også. "Syntetiske søtningsmidler som cyklamat og sakkarin er også tillatt brukt i Noreg, til tross for faglig skepsis. USA forbød cyklamat i 1979 fordi det i dyreforsøk kunne gi blærekreft; sakkarin har i dyreforsøk også gitt kreft eller forstadier til kreft." [Lenkje]

Sukralose (sukralase)

Sukralose blei patentert i 1976 av det amerikanske McNeil Specialty Products. Søtstoffet er kjent under merkenavnet Splenda og er 400-800 gonger søtare enn sukrose (sukker). Sukralose blir utvunne av vanlig sukker (sukrose) som går gjennom ein kjemisk prosess. Som resultat har sukralase 0 proteiner, 0 karbohydrater og 0 fett. Søtsmaken er rein og middelet toler oppvarming. Nylig blei det tillatt i EU, og i Noreg blei det lovlig i bruk i juni 2005.
      Noreg har gitt midlertidig godkjenning til ein handfull norske produsentar.
      Cola Light er i dag søta med sukralase (Splenda), og ein variant av O Boy sjokoladepulver likeins, og så er Splenda til sals, til dømes i større Coop-butikkar.
      Søtingstilsetninga er ikkje for barn under tre år. No meiner svenske forskarar at stoffet kan vere helseskadelig. Noe kjem trulig an på doseringa, noe på alderen vår. Kva sikre dosar kan vere, veit eg ikkje. [Kjelder her: Wikipedia og Ebu, "Sucralose"]


Bitar, strø og væske

Bitar eignar seg til å gi kunstig søtsmak til varme og kalde drikker. Strø ser ut som sukker og smakar som sukker, men inneheld berre ein tidel av karbohydrata og energien i sukkeret.
      Strø kan erstatte sukker heilt i dei fleste dessertar og delvis i bakverk. Ei spiseskei strø søter som ei spiseskei sukker.
      Flytande søtningsstoff eignar seg til saft og syltetøy, dessertar, gjærbakst og vafler. Ei teskei søter som 50 gram sukker. [Lenkje]

Tre merke

Kjennskap til dei tre søtningsmerka Canderel, Suketter og Natrena er bra å ha:
  • Canderel inneheld stoffet Aspartam, "som ikkje kan kokast", som inneheld ei fenylalanin-kjelde - og det skal ein merke seg. Canderel kan fungere best i desserter, på frukt og bær, til kefir og mussli og til cornflakes. Den norske leverandøren, Haugen-gruppen, opplyser likevel at Canderel "kan brukast til baking som krev låg varme og kort tillaging". Dette vil helst seie at Canderel ikkje toler høge temperaturer i lang tid, for då blir det brote ned og smakar ikkje søtt lenger, i likskap med dei andre kunstige søtstoffa. Men Canderel toler frysning; det er eit gode, og Canderel løyser seg lett i væske (ikkje feitt og olje). Canderel tabletter brukast i drikker som te og kaffe. Eg ville la tvilen min komme helsa til gode, og konkludere som ein lege frå Diabetesforbundet at Canderel, som finst som bitar og strø, eignar seg best til retter som ikke skal varmast opp ("Play safe," kan vel norma attom kallast). [Lenkje]
  • Suketter og Natrena inneheld stoffa Sakkarin og Cyklamat. Begge toler koking, og kan brukast til bakverk. Begge finnast som bitar, strø og i flytande form. Det let til at Cyclamat er det kunstige søtningsstoffet som folk lettast får høgt inntak av.
Ein kan med fordel vente med å tilsetje søtstoffet (same kva det er) til slutt i kokinga/tillaginga. Det er eit råd frå utlandet: "Whenever possible add sweeteners after cooking."

Her kjem legeråd:

Jeg vil derfor anbefale at man begrenser bruken av tabletter som inneholder cyklamat (Suketter og Natreen), for å unngå å få et for høyt inntak. Derimot inneholder Canderel tabletter kun aspartam . . . [Lenkje] [Ein får ta det med ei klype salt.]
Følgjer ein lenkja, får ein også sjå kor mye som ein kan ha i seg av kunstige søtstoff daglig. Og korfor satse i denne gata?
      Søtningsstoffa skulle hjelpe til å forebygge fleire vanlige folkesjukdommar, som hjerte- og karsjukdommer, overvekt, fordøyingsplager og tannråte.


Atterhald

Kan desse kunstige søtstøffa vere farlige? Det er eit "godt spørsmål". Svaret blir kanskje "tja" eller "det kjem an på -".
      I vel-regulerte doser skulle dei ikkje skade, i og med at alle desse kunstige søtstoffa har ein ADI-verdi som kan vere streng nok (ein veit det ikkje så sikkert). Det viser seg at ikkje alt er strålande for di om stoffa er klarert og kallast testa. Jamfør aspartam-problema. ADI står elles for Akseptabelt Daglig Inntak, og er den mengda av eit tilsetningsstoff som ein person kan innta daglig livet gjennom utan fare for helserisiko. ADI blir uttrykt som "mengde tilsetningsstoff per kg kroppsvekt per dag", og har komme fram slik:
De kunstige søtstoffene cyklamat, acesulfam K, aspartam og sakkarin er blitt testet i mange dyreforsøk. Resultatene fra disse dyreforsøkene blir vurdert av ekspertkomitéer. Ut i fra den mengden kunstige søtstoffer som ikke viser seg å gi noen skadelig effekt på dyr, blir det satt en ADI-verdi.
      [Slike verdiar må likevel justerast no og då, same kor godkjent det har vore før. Det er mye sameleis med legemiddel; somme blir trekt vekk frå marknaden når det syner seg at dei forgiftar vel mye.] I EU heter ekspertkomitéen Scientific Committee on Food (SCF). I og med at Noreg er medlem av EØS, er det ADI-verdiene som denne komitéen fastsetter som Noreg må forholde seg til. [Lenkje]
Det finst ein tabell for slikt (følg lenkja over). Elles, om ein har eit inntak som overskrid ADI ein gong i blant, er det ikkje noen helserisiko i det: Det er berre på forsøksdyr som har fått svært høge dosar kunstige søtstoff, at ein har sett skadelige verknader av kunstige søtstoff. Desse skadelige verknadene har omfatta visse organendringer og større framvekst av kreftsvulstar. lat oss no ikkje bli for usikre:
      "En har ikke sett noen skadelige effekter hos mennesker som kan tilskrives et høyt inntak av kunstige søtstoffer. For eksempel har man ikke sett at en økt kreftforekomst skyldes inntak av kunstige søtstoffer." [Lenkje] Uten å overstige ADI for aspartam kan et barn på 20 kg spise/drikke per dag: 1,9 l brus, eller 2,9 l saft, eller 2 kg syltetøy, eller 0,7 kg drops, eller 53 tabletter (bordsøtningsmiddel, Canderel) Ein vaksen kan godt få 3-4 gongar meir - det kjem an på vekta.

OPP


Sukra lykke

75 prosent av verknaden av lykkepillen kjem av trua, står det

Ein sukkerpille kvar morgon kan lindre depresjon om berre trua er sterk. Sukkerpiller hjelper nesten like godt mot depresjon som lykkepiller. Det syner ein ny amerikansk studie, der forskarane har funne ut at verknaden av lykkepillen mest av alt kjem av pasientane si tru på pillen, ikkje sjølve pillen.
       Analysen deira femner over 2300 pasientar og syner at heile 75 prosent av verknaden av lykkepillen kjem av trua på medikamentet. Berre 25 prosent kjem av innhaldet i pillen. I kroppen setter trua på pillen i gang ein kjemisk prosess som dempar depresjon, same om pasienten får lykkepiller eller ei.
       Even Lærum er professor i allmennmedisin og ein av Noregs fremste ekspertar på området. Han trur overfor TV 2-Nyheitene at resultatet av undersøkinga er nyttig; og han synest lykkepillen er litt vel brukt - Nesten 100 000 norske kvinner og menn tek antidepressive medikament daglig.
Basert på tekst av Olav Sundvor. Den blei første gong publisert i TV 2 den 24. september 1999. [Sjekkar]

Like effektivt som lykkepiller også

- og så har ikkje sukker mange vonde kjemiske biverknader å snakke om.
Etter fleire tusen studier av piller mot depresjon, etter hundrevis av millionar reseptar i Amerika og tiltalls millardar dollar frå sal, står dette klart: Antidepressiva (medisin mot depresjonar), som Prozac, verker. Det samme gjør sukkerpiller.
      Forskarar har analysert testar som medisinprodusentane har gjort de siste par tiåra. Undersøkingane deira har vist at placebo - også kalla "dud pills", altså narremedisin, og i dei fleste tilfella sukkerpiller - som blir gitt ei kontrollgruppe under testane kan verke like bra og mange gonger betre enn "kjemikaliedopet" i behandling av depresjon.
      Placebo-effekta er velkjent i medisinsk forskning. Pasientar kjenner seg betre enda om dei berre får medisin som er heilt utan noen fysiologisk verksam effekt. Pasienten veit då ikkje at dei får placebo. Det som dei nye undersøkingane viser er at placebo-effekten er sterkare i behandling av depresjonar enn annan sykdom.
      Seattle-psykiateren Arif Khan har undersøkt 96 tester av antidepressiva i perioden 1979-1996. I over halvparten av testane verka sukkerpillene minst like godt som dei ekte pillene, refererer Aftenpost-journalisten Kurt Haugli.
      Det forundra ekspertane i tillegg at sukkerpillene førte til endringar i same del av hjernen som dei kjemi-baserte pillene. Professor Andrew Leuchter publiserte i januar ein studie i American Journal of Psychiatry, og der spora han noen av endringane i hjernen som kjem saman med drugs som Prozak - ein av dei "selektive serotonin-gjenopptak-hindrarane". Då Leuchter samanlikna med hjerneendringane i pasientar som fekk placeboar, fann han at mange av dei viste endringar i dei delane av hjernen som ein trur kontrollerer viktige deler av stemningane våre.
      I studien sin fann han at dei som blei betre av placeboar, hadde meir aktivitet i "fremste pannelappen" (the prefrontal lobe), og den aktiviteten heldt fram å auke gjennom dei åtte vekene studien varte. Hos dei som reagerte positivt på kjemisk medisin frå starten av, var aktiviteten i fremste pannelapp (prefrontal lobe) svakare - så auka aktiviteten der før den dabba av (dalte).
      Framleis verker dei kjemiske sakene best for ein del personer, men funna tyder på at effekten av lykkepiller er overdriven både av legar og legemiddelfirma, skriv Kurt Haugli i Aftenposten, når han summerer frå ein artikkel i Washington Post

Ikkje betre enn narrepiller

Dagbladet og NRK fortel 26 februar 2008 at ein fersk studie, publisert i legetidsskriftet PloS Medicine viser at berre eit fåtal alvorleg deprimerte har nytte av å stå på antidepressiva.
      Millionar av menneske som tek vanlege antidepressiva som Seroxat eller Prozac (i Noreg marknadsførd under namna Fontex og Fluoxetin), kunne like gjerne hatt i seg sukkerpiller, ifølge studien.
      Ifølge Reseptregisteret bruker nærmare 280 000 personar i Noreg slike antidepressiva. Bruken har auka jamt sia dei såkalla "lykkepillene" kom til Noreg først på 90-talet, men har stabilisert seg dei siste par åra.
      Professor Irving Kirsch og kollegenar ved Universitetet i Hull har funne at den nye generasjonen antidepressive medikament (SSRI) ikkje virkar betre enn placebo (narremedisin) for dei fleste pasientar med milde sjukdommar, men også alvorlegare depresjonar. Det same gjaldt for brorparten av pasientane med svært alvorlege depresjonar. Berre ei lita gruppe pasientar med ekstreme depresjonaar, synest antidepressiva å ha betrande verknad på, konkluderer den ferske studien.
      Pasientar blir betre av å ta antidepressiva, men dei blir også betre av placebo. Forskjellen i betring er ikkje særleg stor, seier Kirsch og kollegaene hans etter å ha saumfare arkiva til amerikanske styresmakter (US Food and Drug Administration) og summert data frå alle studier og undersøkingar som handlar om klinisk effekt av marknadsleiande antidepressive medikament, mellom dei Seroxat og Prozac.
      Forskarane tok også med upublisert forskingsmateriale i studien for å unngå feilkjelder knytt til studier som ikkje er blitt publisert fordi funna har vore "skuffande" for oppdragsgivar.
      Forskarane konkluderer med at det er liten grunn til å skrive ut antidepressive medikament som Seroxat eller Prozac til andre enn pasientar med svært alvorlege depresjonar, med mindre alternative behandlingsopplegg har vore mislukka. Professor i sosialmedisin ved NTNU, Steinar Westin, meiner undersøkinga bør bidra til å nedjustere trua på kva slike medikament kan utrette for deprimerte menneske. Og "Vi bruker heilt sikkert for mykje av dei i helsestellet," seier Westin.
      Farmakologi-professor Ivar Aursnes ved Universitetet i Oslo meiner at dei nemndeantidepressiva (SSRIane) har liten antidepressiv effekt og er knytte til alvorlege biverknader hos somme pasientar.
      Legemiddelindustrien går derimot til frontåtak på den ferske studien.

Asle Hansen og Aud Dalsegg. "Lykkepiller virker ikke. Bare til hjelp for alvorlig deprimerte." Dagbladet 26 feb 2008. [www.dagbladet.no/dinside/2008/02/26/528053.html]


BØLGJE

Litteratur  
      Ebu: Encyclopaedia Britannica. Encyclopaedia Britannica 2007 Ultimate Reference Suite DVD. London: Encyclopaedia Britannica, 2007 (Last Edition).
      Nac: Kirschmann, Gayla J., and John D. Kirschmann. Nutrition Almanac. 4th ed. New York: McGraw-Hill, 1996.
      Vib: Ulltveit, Gudrun. Ville bær. 4. opplag. Oslo: Damm, 2001.
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]