|
Innleiing![]() Inspirert hoff-historikar bakom? Teksten verkar som ei samling maksimar med felles tema. Dette korte arbeidet er eit av dei viktigaste i kinesisk filosofi og religion, spesielle i taoismen. Verket er også viktig i buddhismen, som delte mange ord og konsept med taoismen før kinesisk buddhisme stod fram som eiga grein. Den tradisjonelle historia er at boka blei skriven rundt 600 f.Kr. av ein vismann kalt Laozi (også skrive Lao Tse, Lao Tsu). Han var historikar ved keisarhoffet i Zhou-dynastiet, seiest det. Han er nemnd i Kina så langt tilbake som år 400 f.Kr., men detaljar om livet hans er ikkje nedteikna. I ein biografi om han frå ca. 100 år f.Kr. står det at fødenamnet hans var Li Er. Språk og rimforming boka peikar i retning av at ho blei skriven før Chuang Tzu (Zhuangzi) ein gong i slutten av det fjerde eller i starten av det tredje hundreår. Kinesiske kunstnarar, både poetar, målarar, kaligrafikarar, gartnarar og arkitektar, har brukt boka som inspirasjonskjelde. Eit vell av omsettingar. Boka finst i mange omsettingar. Det er mange måtar å omsetje tittelen på, for dei kinesiske teikna i verket kan tolkast mykje ulikt. Tao - Dao, Vegen - har ei særskilt tyding i taoismen, og er i grunnen vesensarta og bortanfor nemningar. Men Tao står nært "det rett ærbare", "kraft" og "rette makta". Jing kan ein blant anna forstå som "læresetning, doktrine". Dermed får ein omsettingar som blant andre "Læra om Vegen og makta i han". To hovuddelar og nyss funne materiale attåt. Det er mogeleg at boka opphavleg var to bøker som blei ført saman til ei. Slik som boka er i dag, har ho iallfall to hovuddelar. Første del er kapitla 1-37; og andre del er kapitla 38-81. Kvart kapittel er ganske korte, og bruker få biletteikn for å gi heller innfløkte idear eit snev av poesi. Skriftlærde er ikkje samde om kven som skreiv den noverande versjonen. I 1993 blei den eldste kjende versjonen av teksten oppdaga, skriven med blekk på bambusstrimlar og datert til år 300 f.Kr. Dette funnet bringa for dagen 14 tidlegare ukjente versjonar. dei såkalla Guodian-tekstane, med namn etter funnstaden. Mange nyare omsetjingar innlemmar desse tekstane, og rekkjefølga på versa i boka blir ofte stokka om på for å få innlemma det nye materialet i teksten. Scenario: Guodian-tekstane er opphav til mange spørsmål, for dei har trettiein og ikkje åttiein kapittel, og mange av versa der innheld linjer som ikkje står i dei seinare, overleverte versjonane. Og dessutan skil somme linjer i gamleteksten seg mykje frå teksten i andre, seinare versjonar. Kopieringsfeil og seinare redigeringar kan vere to hovudårsaker. Inntil vidare kan det vel gagne å sjå inn i omsettingar som har kryssa Guodian-tekstane med dei tradisjonelt overleverte - til dømes fine omsettingar av kjende amerikanske professorar. Dei kan utfylle kvarandre. Moss Roberts har laga ei, og Robert G. Henricks ei anna, til dømes Sjå boktilvisingar nedst på sida. Ulike tydingar frå gammalt. Elles heiter det at alle moderne tolkingar av tittel og tekstdelar skil seg frå kvarandre, somtid i detaljar, somtid i hovudinnhald. Avhengig av korleis ein les kapitla, kan somme ha tre eller fleire tydingar. I boka står: "Orda mine er svært enkle å fatte . . . likevel er det ingen under himmelen som fattar dei." (Kap. 70). Det er eit gammalt paradoks. Og verkeleg vise kan ikkje fattast av andre, så skildringar av dei må bli ganske vilkårlege (kap. 15, jf. kap. 17). Like fullt gir forfattaren eller forfattarane seg til å ymte om somt som vel kan passe ved dei vise, enda om det får vere vilkårleg . . . Det er ikkje alle som ser kor spinkelt grunnlag somt av teksten har. Nokre vanskar har ein altså attåt ofte fleirtydig gammalkinesisk. |
|
Ein engelsk versjon ut frå omsettingane til bl.a. Arthur Waley og Wing-tsit Chan, er her: [Lenke]
Hovudkjelda til artikkeloversynet er Wikipedia, s.v. "Daodejing". Henricks, Robert G., oms. Lao Tzu. Te-Tao Ching - A New Translation Based on the Recently Discovered Ma-wang-tui Texts. Reprint ed. New York: Ballantine Books, 1989. Holth, Sverre, oms. Taoismens klassikere: Tao Te Ching – Chuang Tzu – Lieh Tzu. Oslo: Aschehoug/Det norske akademi for sprog og litteratur, 1989. Legge, James, oms. The Texts of Taoism. Part I. Oxford: Clarendon Press, i serien Sacred Books of the East Vol. 39. [Lenke] Roberts, Moss, tr. Dao De Jing: The Book of the Way. Laozi. Berkeley, CA: University of California Press, 2001. Welch, Holmes. Taoism: The Parting of the Way. Rev. ed. Boston: Beacon, 1966.
Yutang, Lin, red. The Wisdom of China. London: New English Library, 1963. ⍽▢⍽ Ei omsetting av Tao Te Ching er med i boka.
|
![]() |
BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link] © 2005–2016, Tormod Kinnes, cand.philol. [Email] ᴥ Disclaimer: [Lenke] |