![]() |
Tilnærmingar til undereventyr
| ||||||||||||||||||||||
|
Tilnærmingar til undereventyr
I bibelen har det talande eselet til profeten Balaam ei nøkkelrolle [4. Mosebok 22]. Forteljinga om eselet og profeten er over same lest som eventyret om Horda-Knut og hesten her: Horda-Knut og hesten
Eventyr som inneheld mykje det same finn ein att både her og der. Det her under er nylaga. Ein gong han hadde fare til England, som han hadde fått av far sin, stod Horda-Knut opp grytidleg ein morgon og sala ponnien sin. Men han la att vikingsverdet han elles brukte å ha ved sida. Tors valkyrje gådde det, og stelte seg midt framfor han med eit kvast sverd i handa på den grasgrodde vegen for å lære Knut å ikkje fare av stad utan våpen, same kva. Då ponnien til Knut ansa valkyrja framfor dei, skvatt han vekk frå vegen og inn på ei eng nær ved. Horda-Knut blei vreid og slo ponnien sin for å få den tilbake til vegen. Då dei kom seg i veg att, stelte valkyrja seg opp mellom to steingjerder som vegen gjekk mellom. Då hesten fekk auge på valkyrja, pressa han seg så tett til eine steingjerdet at steinar skrapa Knut til skinnet. Då slo han hesten igjen. Valkyrja forsvann då dette hende, men dukka opp att i eit trongt pass der det ikkje var plass til å snu. Då hesten såg korleis det låg til, la han seg ned under ryttaren sin. Horda-Knut blei rasande og slo hesten på nytt. Då var det Tor gjorde seg eit ærend til staden. Han opna hestekjeften og lèt hesten tale for seg sjølv. "Sei kva gale eg har gjort som får deg til å slå meg tre gonger, sa hesten. Horda-Knut svara, "Du har gjort meg til narr. Det er grunnen." Hesten sa til Horda-Knut, "Er eg ikkje din eigen vikinghest, som du har ridd på til i dag? Har eg hatt for vane å gjere dumme ting for og mot deg?" "Tja - nei," sa han. Då opna Tor auga til Horda-Knut så han såg valkyrja som stod framfor dei med skinnande, kvast sverd i neven. Horda-Knut blei still eit tak. Valkyrja spurde han, "Korfor har du slått hesten din tre gonger? Eg stelte meg framfor deg på vegen tre gonger for å lære deg å ikkje fare nokon stad våpenlaus. Hadde ikkje hesten din gådd meg og villa vekk desse tre gongene, hadde eg kappa av deg hovudet med sverdet, men spart hesten." [Jf. 4. Mosebok 22; 20-33] Det er frå Bibelen -
Ei god soge som ikkje gjer krav på å vere sann, kallar vi eventyr. Horda-Knut, son til Knut den gamle, kan ein finne litegrann om i Soga om Olav Tryggvason, og meir i Soga om Olav den Heilage (148, 171) og Soga om Magnus den gode (4-6, 17-18). Detaljar frå forteljeteknikkenForteljeteknikken i den nesten tre tusen år gamle bibelforteljinga kviler mykje på at ting blir gjentekne med opptrappingar. Sendemenn kjem to gonger, engelen står der med sverd tre gonger (kan kanskje alvar svinge sverd også?). Eselet nektar å gå i døden tre gonger, profeten, som venteleg budde nær Eufrat, etter det Bibelskjønarar meiner - slo det stakkars dyret tre gonger. Heldigvis har vi lover mot dyremishandling no til dags, men slik var det ikkje før. Ikkje alle var så vennlege som egyptarane heller. At hendingssegment (ledd) blir gjentekne tre gonger, kallar ein triperling. Dei bygger opp spenning fram mot eit eller anna klimaks. I dette høvet er det at eit esel med eitt kan snakke, og ikkje vas, og at ein engel som var usynleg for Guds profet, kjem til syne og snakkar, og det klarer ikkje ungar utan nokre års modning og trening, berre så det er sagt. Ja, ja, berre så det er sagt: Utan nemneverdig opplæring kan eselet tale, ser betre enn herren sin, og står på god fot med engelen, i motsetnad til eigaren sin, Guds profet. Så: "For ein bibeltruande kan eit esel vite og handle betre enn ein Guds profet." Mangt i Bibelen er då feil likevel - Nissar og trollDet syner seg at mange i vår tid kan få vanskar av å sjå nissar og andre underjordiske og overjordiske. Dei fleste som seier dei har sett slike vesen, blir ikkje trudd, og blir kanskje til latter. Dr. W. Y. Evans-Wentz ved Oxford University intervjua sneisevis av kjende og hemmelege informantar i keltiske områder på byrjinga av 1900-talet, og laga doktorgradsverk av funna sine, seinare utgitt som boka The Fairy-Faith in Celtic Countries. Det er eit grundig arbeid. Psykoanalytisk tilnærming hadde ikkje blitt ein maktfaktor då boka kom (1911). Andre melodiar (teoriar) "bles i den akta, akademiske vinden" i staden. Mest alle historiene ligg føre på engelsk på nettstaden her. Det er til dels artig lesnad. [LENKJE] Men for det meste trur knapt godtfolk at slike vesen ikkje finst, jamvel om dei kan vere litt redd for skrømt og tussar i møkret likevel. Eventyr blir klassifisert etter korleis handlinga går (eventyrtype)
Ørnulf Hodnes bok Types of the Norwegian Folktale [Tyno] og D. Ashlimans internasjonale eventyrkatalog [Agha] lèt ikkje til å ha med denne soga frå Bibelen, men hovudgangen i ei forteljing frå apokryfe Tobias' bok er med i eventyr som "Følgjesveinen" som finst i norsk og dansk. Og "Følgjesveinen" har ein materialisert engel eller ånd med som viktig aktør. "Følgjesveinen" har klassifikasjonsnummer, altså AT-nummer. Men "Guds esel" ovafor har nok ikkje det, og heller ikkje bautastein reist over seg. Ved å ta det sentrale i den teksten og gjere om til reinhekla eventyr, kan ei gå til katalogen og sjå om ein finn eit AT-nummer som høver. Kva som er undereventyr går fram både av oppbygginga (morfologien); kva eventyret handlar om; og kva for typar (aktantar) som er med i det heile. Det er brei semje mellom folkloristane i dette. Det sentrale er innhaldet. Professor Knut Liestøl (1881-1952) skriv at undereventyr er slike eventyr som opnar i det kvardagslege, svingar seg over i det fantastiske på visse måtar, og fortel om fattige gutar som kom til velmakt før, røva kongsdøtrer, styrkedrikk, bergtaking, skumle troll og lærlingar, og så vider. Han blir kort gitt att i dette av Irene Engelstad i Fortellingens mønstre [Fmf 9, 11]. Surrealistisk uhygge koste folk seg med og ein kommentar av Oscar WildeUndereventyr er ein sjanger som står attåt episke verk ifrå historia lang tid baketter. Det fantastiske, uhyggelege, groteske og mildast talt rabiate blei kort og godt underhaldning som interesserte og hygga før i tida. Korfor er det vel ulike meiningar om. Eventyret sitt innhald opnar for alt det surrealismen tok mål av seg til, når den ville blande bevisst og underbevisst røyndforståing som ved å slå på to strengar samtidig, og ved det nå opp til éin surrealitet: Dette er hovudsaka i det surrealistiske manifestet. Oscar Wilde (1854-1900) sa ein gong: "Det er berre grunne menneske som ikkje dømer ut frå utsjånad og framferd (by appearances)." [Dq 456] Eit danna menneske godtek det overflatiske som overflatisk. Omsett til undereventyr får vi enda ei strategisk tilnærming å skikke oss ved: På overflata er undereventyr god underhaldning. Det veit vel "alle". Nøyer ein seg med denne avkorta tilnærminga, kan ein verke mindre udanna enn psykoanalytikarar som roper høgt, men utan godt prov på det dei vil ha sagt. Viss ikkje ein kan godta overflate-underhaldning som lødig tidtrøyte, men i staden får for seg ein må fundere og spekulere, postulere og neppe kler å prove noko særleg ved hjelp av midla sine likevel, har ein det ikkje berre kjekt. Det er eit poeng. Vi postulerer like ut: Dess meir ein fjernar seg frå overflatene, dess tyngre blir det truleg. Den tesen kan vi debattere. Men først vil vi ha den utlagt betre: Den som dykkar langt ned i havet, lyt passe trommehinnene sine for trykket. Den som flyg høgare enn vengene vil bere, eller lufta, har det ikkje godt. Gode teknikkar, noko trening og patent utstyr kan hjelpe i begge tilfella, men det lurer farar langt vekke frå overflata, der vi synest tilpassa og kan halde fram i lag eller mykje aleine. Dei gamle grekarane kom til nett det same, om enn på andre felt. Det høgaste å ha og bere fram, kalla dei måtehald eller balanse (metron). Overmot imot dette, kalla dei hybris, og slikt overmot gjekk høgare makter inn for å straffe, heiter det. Forteljinga om unge Ikaros som prøvde vengene og kom for høgt, høver til å illustrere eine halvdelen av tesen i førre avsnitt. Men faren hans kom vel ifrå flyginga si, fordi han avpassa den betre. Det er altså lov å prøve vengene, men ikkje å falle ifrå forsvarleg balansegang, stø og viss - Dette har vore ein aldri så liten metafor. - Litt undersøking skulle likevel ikkje skade. Kva "litt" er, kan ein elles meine nokså mykje med. Sonen som kom til verda, søla vekk ressursane, hadde det fælt ei tid, men nådde opp attNokså mange undereventyr kan tolkast i tråd med gangen i denne likninga. [Lukas 15:11-32] Bibelgrunnlaget syner eigentleg at undereventyr ikkje er nokon lett sjanger. Dei har ikkje altfor mykje eigenart og eige vesen i forhold til bibelsoge og litt av kvart sterkt mystisk som gjer krav på å vere sant. Lat oss utvide litt her: Det finst indiske "oppskriftsbøker" på korleis ein kan skaffe seg overnaturlege evner i yoga. Sjå Patanjalis gamle Yoga Sutras [LENKJE] Og overnaturlege evner vrimlar av det av i undereventyr. Ikkje alle med slik makt er snille. Viss ein ser bort frå desse røtene og parallellføringar til bibellærdom og trollmannslære i hovudkulturar, ser ein undereventyr ganske som bløffar, og kan smålåtent klassifisere dei som munnlege/litterære verk med eigenart og eige vesen etter kvart. Dessutan kan svært mange undereventyr godt reknast som stordikt. Også vi herifrå gjer då det. Men det er ikkje heilt sikkert denne måten å stelle seg på overfor dei er heilgod heller. Vi skulle såleis ikkje gløyme at fleire av dei rundt førti likningar frå Jesus også går inn i det figurativt lærande. Forteljinga om den fortapte sonen eller sauen er slik. Kapittel 13 i Matteus gir grunnlag for figurative læretekstar. Ein finn både figurative ord og triplering-elementet i den (noko då blir teke opp att tre gonger). Det som blir kalla agrariske bilete (bilete frå bondekultur) kjem også til, som i ei horg eventyr elles. Kongeriket hans er også mykje som i eventyret, ikkje mykje å sjå i denne verda eller med kjennemerke som vanskeleg høver i det jordiske, eller slett ikkje. Somme eventyrheltar kan likne idiotar og ha finnelykke. Også kristne kan verke fulle og gale i auga til verdslege, men får hjelparar (samaritanar) og løynde skattar (Matthew 13:44-46) langs vegen. Slik er det i grove trekk. Det finst parallellar nok. Carl G. Jung braut med Sigmund FreudGrunnane til at mange så gjerne vil tolke eventyr så dei seier noko anna eller meir enn dei strengt teke gjer, er ganske mange og aldri så lite innfløkte. Det er ofte noko gåtefullt over forteljingar som "tek av" og lèt dyr snakke, som inneheld bisarre skildringar om eit anna rike "der alle vegar er beine" og så bortetter. Ikkje nok med det, det er kler likskapar mellom symbol som dukkar fram i drømmar; mellom innsette på enkle asyl; og symbol i eventyr. Iallfall eit stykke på veg er det tale om innsidararv - dels med røter i Kabbala, dels pytagoreisk kosmologi. Carl Jung blei tydeleg inspirert av slik gnostisk arv, av overleverte alkymiess med symbol og dryge poeng. Også astrologiske hovudsaker såg Jung ned i, og gjekk ikkje skremt vekk frå det.
I ei bok av Anthony Stevens, Jung heiter den, blir det synt korleis Jung
vann fram til ståstad ved å lære av asyl-innsette og eigne samanbrot. Nokre
gonger er visdommen hard å fange. Jung slutta seg først til Sigmund Freud som
blei som ein far for han; begge to sanna at den uheldige bindinga var til stades. Så
orka ikkje Jung å smiske for gamle, dogmatiske og nevrotiske Freud og braut ut. Han
skipa eiga retning, og den analytiske psykologien, som retninga stort sett blir kalla, er
ein av arvtakarane av freudianismen etter Freud -
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 19992009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||