NORSK DEL, GULLVEKTA  

Stevia med naturlig nok søtsmak

 15 › 2 › 5

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Ulike sukkertypar

Sukker er organisk karbohydrat. Det finst ulike sukkertyper, som sukrose, fruktose (fruktsukker), glukose (druesukker), laktose (mjølkesukker), maltose og mannose. Seier ein 'sukker' i dagligtalen, er det sukrose ein meiner. Sukrose kjem frå sukkerrør og sukkerroer.
      Før var sukker rekna som medisin og sunt og storveges. I vår tid har pendelen snudd. Problement er at mye sukker i kosten er med å framkalle sjukdommar. Ikkje berre mangelsjukdommar som kjem av at sukker krev mineralar og vitaminar i forbrenninga av seg, men tilleggssjukdommar, livsstilsjukdommar, som kroppsfeite. Eit godt kosthaldsråd er mindre sukker i kosten. Maktar ein ikkje å sukre mindre, får ein søtsmaken på andre måtar. Noen er mindre risikofylte enn andre.

OPP


Sukkererstatningar

Det finst økologiske sukkerprodukt. Dei har meir mineralar i seg. Dessutan finst ulike sukkererstatningar. Mellom dei er Stevia rebaudiana (Ca-he-he), eit naturlig søtt planteekstrakt nesten utan kaloriar.

Det naturlige søtningsmiddelet stevia

KVA STEVIA ER. I vår tid har det dukka opp sukkererstatningar. Noen er naturlige søtstoff, som planteekstraktet frå Stevia rebaudiana bertoni. Stevia tilhører solsikkefamilien, Asteraceae. Den femner over 150 stevia-planteslag.
      Stevia rebaudiana er ein tropisk, ettårig plante med svært søte blad. Planten blir også kalla sweetleaf, sweet leaf, sugarleaf, og stevia. Blada skil ut stoffet steviosid. Dette kvite, krystalliserte pulveret kan vere om lag 300 gonger så søtt som rørsukker (sukrose). Ein kan også få dei i hendig dropeflaske. Steviaekstrakt kan både varmast og kokast utan å ta skade, og held seg svært godt over tid i tillegg.
      Stevia ein søtsmak som varer lenger enn vanlig sukkersmak. I (for) sterk konsentrasjon blir smaken beisk og lakrisaktig, men ikkje vond.

RUNDT OM. Stevia har blitt omfattande brukt i Japan i over tretti år, utan noen merknader om å vere skadelig. "Omfattande" vil seie at stevia har 40 prosent av heile søtstoffmarknaden der, medrekna vanlig raffinert sukker. Og japanarar lever lengst i verda i dag.
      I utlandet elles arbeider Coca Cola-selskapet med å utvikle og få godkjent stevia-søtsmak i lettbrusen og lett-cola. Rebiana er merkenamnet på eit steviabasert søtstoff som Coca-Cola Company og Cargill har fått fram for å marknadsføre det i ymse land og få USA- og EU-godkjenning også. I mai 2007 kunngjorde Coca-Cola-selskapet planene sine om å få rebiana godkjent som kosttilskott i USA innan 2009. Konsernet har også kunngjort planer om å marknadsføre rebiana-søta produkt i tolv land der stevia er tillatt som kosttilskott. Dei to selskapa held på med eigne steviastudier for promoteringane sine.
      I EU og Noreg er stevia for tida sett til side til fordel for ymse syntetiske søtstoff, som har kjente og skadelige biverknader. Dette verkar ikkje rett. Det er håp om om endringar i dette, for i 2006 kom Verdshelseorganisasjonen, WHO, med ein rapport om Stevia. Etter å ha undersøkt eksperimenta som er gjort på steviosid og rebaudiosid ifrå Stevia i det siste, fann WHO-granskarane ingen ting som tyda på at desse søte steviadestillata framkallar kreft. Derimot står det ein merknad om at steviosid har vist seg å ha ein viss farmakologisk gagnlig effekt på pasienter med for høgt blodtrykk eller med diabetes 2. Vidare granskingar må til for å klarlegge trygge dosar i slike høve, seier WHO-rapporten.
      I rundt tretti år har japanske og også brasilianske konsumentar i milliontal brukt stevia-ekstraktar som trygge, naturlige og kaloritomme søtningsmiddel der dei er godkjent som kosttilskott. Japan er den største konsumenten av Steviablad og -ekstrakt i verda. Der blir det brukt til å søte alt mogelig frå soyasaus, agurkar, konfekt og til mineralvatn (brus). Jamvel multinasjonale kjemper som Coca Cola og Beatrice Foods bruker Stevia-ekstraktar for å søte matvarer (i staden for Nutra Sweet og sakkarin) som skal seljast i Japan, Brasil og andre land der det er godkjent som kosttilskott. [Stevia-informasjon]
      I Aust-Europa blir Stevia dyrka til dyrefor. I Noreg og EU-land er det ikkje lov å selje Stevia som kosttilskott over disk lenger, for di langtidsverknader av steviosid ikkje er godt nok klarlagt etter EU si oppfatning. EU går her ut frå ei vurdering frå EUs vitskapelige komité for næringsmiddel. Komiteen fortel at at stoffet steviosid i Stevia kanskje kan gjøre mannen mindre fruktbar og kanskje gi uheldige nedbrytningsprodukt i kroppen. To "kanskje" blir ikkje eit heilt "sikkert", men det kan nytte å spele safe. No meiner likevel fleire leiande norske fagfolk i kosthald at Stevia er kjekt å bruke, og har sagt det i TV-sendingar. [Lenkje (søk 'stevia' der)]

STEVIA ER WHO-GRANSKA OG IKKJE FUNNE SKADELIG. Skal ein få godkjent steviosid som næringsmiddel, lyt noen skaffe haldbar vitskapelig dokumentasjon for at produktet ikkje gir helseskadelige effektar. Og sia eventuelle langtidseffektar tar lang tid å finne ut av og slik forsking normalt er svært kostbar å gjennomføre, kjem neppe Stevia fram i butikkhyllene med det første, i motsetnad til kunstige søtstoff med kjente sideverknader - akk ja sann. Men det er då håp, for i mange dusin testar rundt om har ein sett at Stevia er heilt ugiftig, og heilt nylig har også WHO, Verdshelseorganisasjonen, laga ei plausibel utgreiing der stevia ikkje står fram som skadelig heller. [Lenkje]

Stevia-statusen dei siste fire-fem åra

  • Stevia er godkjent som kosttilskott i USA, Canada og Australia.
  • Stevia blir forhandla fritt i Japan, Korea, Kina, Taiwan og Sør-Amerika.
  • Ikkje godkjent i EU med EØS-halehenget Noreg.
  • Elles har Stevia blitt nytta i folkemedisinen i Sør-Amerika i over 500 år utan kjente skadeverknader.
  • Somme danskar [Lenkje] er harme over forbodet som kviler på noen "kanskje" imot mye og lang bruk rundt om utan kjente skadeverknader - og for di det osar forskjellsbehandling som kan favorisere sukkerprodusentar rundt om - kven veit kva som styrer? Les også mange andre interessante danske artiklar om [Stevia (bruk søk-funksjonen på sida du kjem til)]
  • Etter 2006 endra trulig stevia-statusen seg til det langt betre som følge av WHO-rapporten.
OPP


Sukker er ikkje berre leitt

I vår tid vil ein gjerne redusere sukkerkonsumet og helst erstatte noe av det med anna søtt. For søt smak vil folk ha. Kunstige søtstoff, mellom anna aspartam (Nutra-Sweet) har blitt klinisk testa og det er funne at dei har mange uønska sideverknader, i sær i store mengder og oppvarma. Sakkarin kan forårsaka kreft i forsøksdyr.
      Her kjem alternativ inn. Ein kan somtid variere om ein ikkje har stevia for handa av di ein ikkje har bestilt over Internett eller slikt. I slike høve ville eg favorisere sukralose (sukralase), iallfall inntil vidare. Sukralase er "søtsmaken av sukker utan nemneverdige kaloriar". Større Coop-butikkar og ventelig andre også sel det som strø under namnet Splenda. Sukralose er altså godkjent i landet.
      Kvitt sukker er langt verre i organismen enn sukker med noe melasse i, eller rein melasse. Melasse er ein tjukk sirup som kan variere frå lysebrun til mørkebrun. Mange dyr har fått slikt fôr. og no er det også til sals i butikkane. Melasse er ei god mineral- og vitaminkjelde, inneheld både vitamin E og B, og kan dessutan smake godt. Tilrådd mengde for den aller mørkaste varianten, blackstrap molasses, er ei spiseskei daglig, halvparten for barn. Melasse inneheld kalsium, jern, kalium, og mye B-vitaminar. Melasse kan erstatte sukker som strø over frokostblandingar og i mjølkedrikkar ein vil søte litegrann. På grunn av innhaldet kan melasse noen gonger vere til hjelp mot sånt som gikt, psoriasis, og hår-skader. [Kirschmann og Kirschmann, Nac 381]
      Melasse inneheld viktige mineralar og vitaminar som er tiltrengt når sukker (glukose) blir forbrent i organismen. Då krevst mellom anna B-vitaminar. Om ikkje kroppen får dei i lag med sukkeret, tar den dei ifrå organismen, og det kan gi ubalanse i kalsium-fosfor-forholdet og kan bidra til overvekt, diabetes 2, astma og anna, skriv Kirschmann og Kirschmann vidare [s. 376]. Dermed risikerer ein å bli mineralfattig med forringa helse med tida.
      Carob (johannesbrødkjernemjøl) er nokså søt på smak og kan erstatte kakao heilt eller delvis. Somme sjokoladar er carobsjokolader, til dømes. Carob finst å få kjøpt som bl.a. pulver.
      Det er mye godt å seie om sjokolade: Det gir ikkje kviser, hever ikkje kolesterolet, og kan hjelpe mot laktose-intoleranse om det blir rørt ut i mjølka. Men det har sine ulemper likevel, ut over halsbrann.
      Honning er naturlig, lettfordøyelig og dobbelt så søtt som vanlig sukker, og inneheld mange karbohydratar. [Nac 376-77]

Produsentar tilsetter ein heil del sukker i mange matvarer som ikkje akkurat treng det, så som bønner på boks. I somme butikkar sel dei produkt med så lita skrift på så mange språk at ein kan trenge lupe for å klare å sjå kva produktet inneheld. Ingrediensane skal vere opplista i rekkefølge - det som det er mest av, kjem først. Sukker kjem ofte langt framme.
      Den enkelte kan snike sukker inn i sunt kosthald ved å ta omsyn til matpyramida sine generelle råd og vink og tilpasse individuelt. Kaloriar frå kornprodukt, frukter, grønsaker, bønner, feittredusert mjølk, magert, kvitt kjøt (frå fjørkre) og god fisk (mye fisk som seljast i Noreg er ikke god lenger; og somme matvarekeier er verre enn andre, syner ei undersøkjing frå juli 2007.) [Lenkje]


BØLGJE

Litteratur  
      Mye av tilfanget finn ein også i ein Wikipedia-artikkel om stevia.
      Ebu: Encyclopaedia Britannica. Encyclopaedia Britannica 2007 Ultimate Reference Suite DVD. London: Encyclopaedia Britannica, 2007 (Last Edition).
      Nac: Kirschmann, Gayla J., and John D. Kirschmann. Nutrition Almanac. 4th ed. New York: McGraw-Hill, 1996.
      Vib: Ulltveit, Gudrun. Ville bær. 4. opplag. Oslo: Damm, 2001.
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]