Norsk del, Gullvekta
Stevia: Søtt og nesten fritt for kaloriar
Seksjon › 5 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

IMAGE
Stevia i blomst

Innleiing

Stevia er plantar med blad ein utvinn søtsmak ifrå. Glukosidar frå stevia kan smake minst 200 gongar søtare enn sukker og er så godt som kalorifrie.

Stevia høyrer til korgplantefamilien, og er naturleg utbreidd i Sør- og Mellom-Amerika. Stevia rebaudiana, som er den som vanlegvis blir brukt til å utvinne søtsmak frå, er ein av seks stevia-artar.

Det er no godtatt i EU og Noreg at at steviolglykosider (søtstoffa i blada) ikkje er gentoksiske eller kreftframkallande. Søtstoffa påverkar heller ikkje menneska si forplantningsevne eller barn si utvikling. Daglig inntak for steviolglykosiderer er fastsett til 4 mg per kg kroppsvekt for dagen. Iallfall innanfor desse grensene blir inntak rekna for trygt. [Kjelde: Wikipedia, "Stevia"]

Det finst undersøkingar som viser at nesten 95 prosent av alle nordmenn er opptatt av å minske sukkerinntaket, og at mange er blitt skeptiske til kunstige søtstoff. Kloke alternativ til sukker finst, så som søtstoff frå blada til steviaplanten.

I Noreg. Den 21. november 2011 blei stevia godkjent i EU og EØS som søtningsmiddel, med verknad frå 2. desember for EU-landa. I EØS-Noreg har Mattilsynet fått si eiga side med fakta, spørsmål og svar om stevia mynta på norske forhold. Der står det at steviasorten Stevia Rebaudiana Bertoni no er handelsvare i Noreg [◦Lenke].

Folkehelseinstituttet har meir om stevia: [◦Lenke]

Stevia gir inga glykemisk belastning og blir rekna som trygt for folk med diabetes. Vinsten: sunnare matvarer utan sukker i med tida.

Stevia ute i verda. Søtstoffet frå planten Stevia rebaudiana, som opphavleg kjem frå Sør-Amerika, er så godt som kalorifritt, ikkje skadeleg for tennene og helsa, og opptil 3-400 gongar så søtt som sukker. Stevia finst i hundrevis av matprodukt og drikkar rundt om på kloden – i te, brus, nektar, yoghurt, soyamjølk, bakevarer, frukostblandingar, salatdressingar, sjokolade, konfekt og som strø.

Mat og drikke som er søta med stevia, frå meierivarer til drikkevarer og konfekt, kjem det stadig fleire av rundt om. Det er ikkje berre stevia som er godt i staden for sukker. Det kjem fleire andre søtstoff frå ganske naturlege kjelder på den digre marknaden. Nokre slike, som erytritol (E 968), inulin, isomalt (E 953), maltitol (E 965), sorbitol (E 420) og xylitol (E 967) kan ein lese om på Wikipedia. Erytriol er i handelen under namnet ◦Sukrin, og har vore tillatt i Noreg frå 2006.

To top

Stevia

Stevia rebaudiana (Ca-he-he) er ein plante i korgblomstfamilien. Stevia er også namnet på søtstoffet som blir krystallisert ut frå blada på planten og gir søtsmak nesten utan kaloriar. Stevia er eigna for diabetikarar. Det er forska mykje på Stevia, og det er heilt uvanleg harmlaust. Så å seia alle som har forska på stevia har komme til at det er trygt. Dr. Daniel Mowrey, leiar for American Phytotherapy Research Laboratory, skriv at steviaekstrakt har blitt omfattande utforska, og at ein aldri har funne skadelege verknadar. [Kjelde: ANH, ibid.] Stevia har også ein viss effekt mot fleire sjukdommar, mellom dei høgt blodtrykk.

Dyreforsøk har også vist at steviosid ikke påvirker noen organer i nevneverdig grad. Som et eksempel kan det nevnes at i Japan ble det i 1987 konsumert 170 tonn stevia, uten at det ble rapportert om noen form for bivirkninger. - ◦Rolv Hjelmstad

Det er ikkje dyreforsking i Japan som blir omtalt av Hjelmstad, men stevia i vanleg bruk mellom menneske.

Stevia veks vill i grensetraktene mellom Paraguay og Brasil, og blir dyrka i Brasil, Paraguay, Uruguay, Sentral-Amerika, USA, Israel, Thailand, Japan og Kina, mellom anna. Stoffet steviosid blir utvunne av blada til den opptil meterhøge planten.

Steviosid, som er inntil 2-300 gongar søtare enn sukker, er eigna til å erstatte sukker og kunstige søtstoff i ei lang rekke matvarer og drikkevarer, og stevia toler å bli oppheita. Så ein kan koke og bake med det også.

Det er anslått at om lag 150 million menneske bruker stevia dagleg.

Eit steviaderivat har blitt utvikla av Coca-Cola-kompaniet og Cargill under namnet Truvia, og Pepsi kjem med PureVia som er om lag det same. Truvia og PureVia er tillatne søtingsstoff i USA frå 2008, mens stevia er kostsupplement der enn så lenge.

Enda litt meir om stevia

KVA STEVIA ER. Det er stevia-blada som skil ut steviosid-stoffet. Stevia er elles ei planteslekt som femner over cirka 240 arter i korgplantefamilien. Arten Stevia rebaudiana er tropisk, eittårig, og med svært søte blad. Planten blir somtid kalla sweetleaf, sweet leaf og , sugarleaf, på engelsk. Stevia rebaudiana inneheld eit glykosid ("steviosid"), og dette kvite, krystalliserte pulveret er inntil 300 gongar så søtt som rørsukker (sukrose). Stevia har ein søtsmak som varer lenger enn vanleg sukkersmak. I vel sterk konsentrasjon kan smaken bli beisk og lakrisaktig, men ikkje vond.

Stevia rebaudiana er er å få som pulver, som pulver blanda med erytritol, og som væske i dropeflaske. Steviaekstrakt kan både varmast og kokast utan å ta skade, og held seg svært godt over tid i tillegg.

RUNDT OM. Stevia har blitt omfattande brukt i Japan i over tretti år, utan nokon merknadar om å vere skadeleg. "Omfattande" vil seie at stevia har 40 prosent av heile søtstoffmarknaden der, medrekna vanleg raffinert sukker. Og japanarar lever lengst i verda i dag.

I rundt tretti år har japanske og også brasilianske konsumentar i milliontal brukt steviaekstrakt som trygge, naturlege og kaloritomme søtningsmiddel der dei er godkjent som kosttilskott. Japan er den største konsumenten av steviablad og -ekstrakt i verda. Der blir det brukt til å søte alt mogeleg frå soyasaus, agurkar, konfekt og til mineralvatn (brus). Jamvel multinasjonale Coca Cola og Beatrice Foods bruker steviaekstraktar for å søte matvarer (i staden for Nutra Sweet og sakkarin) som skal seljast i Japan, Brasil og andre land der det er godkjent som kosttilskott. [◦Stevia-informasjon]

I Aust-Europa blir Stevia dyrka til dyrefôr. Det går fram i ei omfattande utgreiing frå Verdshelseorganisasjonen, WHO at stevia ikkje er skadeleg. [◦Lenke (søk 'stevia' der)]

Meir:

SAMANDRAG SÅ LANGT: STEVIA ER WHO-GRANSKA OG IKKJE FUNNE SKADELIG. I motsetnad til kunstige søtstoff har ikkje stevia kjente sideverknadar - det kallast ugiftig, og WHO, Verdshelseorganisasjone, seier altså at det ikkje er skadeleg heller. [◦Lenke]

Stevia-statusen dei siste seks-sju åra

Stevia har blitt nytta i folkemedisinen i Sør-Amerika i over 500 år utan kjente skadeverknadar.

EU-kommisjonen har godkjent stevia for bruk og sal i forskrift frå 12. november 2011.

Det kunne godt gå mykje fortare å bytte ut sukker med anna og mindre helseskadeleg søtstoff i mange mat- og drikkevarer.

Innhald


Stevia, stevia rebaudiana, søtstoff, Litteratur  

Jeppesen, Per Bendix. Stevia and Its Impact on Health: Food or Medicine? Visual Presentation. Aarhus, DK: Aarhus University, nd.

Stevia, stevia rebaudiana, søtstoff, opp Seksjon Sett Neste

Stevia, stevia rebaudiana, søtstoff BRUKARGAID: [Lenke]
© 1999–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]