Gullvekta
Miljøvern: hovudord
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    

Miljøvern

Miljøvern vil seie vern av miljø, både naturmiljø og kulturlandskap. Målet er at plantar, dyr og menneske skal ha det godt i lag.

Sukker, naturlege pupper og silikonpupper

1. Sukker - langsiktig miljøfare

For mykje sukker i kosthaldet (over 6 tsk dagleg) gjer store deler av folket overvektige og sjuke i langdrag. Dersom ein reknar folk med i miljøet - og det burde ein - skulle ein gå mann og kvinne av huse for å få det offentlege til å arbeide for å fjerne sukkersminke (sukker i matvarer der sukker ikkje er nødvendig), og erstatte sukkergodt med sukkerfritt godteri. Slikt burde vere ein førsteprioritet for dei som vil folket vel. Det held berre ikkje å gi folk avgifter på sukkerfri brus og kalle det sukkeravgift. Så kjem det vel an på kvar enkelt kor forstandig ein klarer å vere. Ein kan ha det godt utan for mykje sukker i maten.

Problemet er minst trefaldig: (1) Styremaktene kjem altfor seint på banen med kloke nok tiltak; (2) produsentar og butikkjeder tilbyr det folk flest kjøper og bryr seg for lite om "etisk sal" i tråd med folkehelseinstitutta sine råd. (3) Folk flest blir fakka i salskarusellene. Ikkje alle finn gode alternativ i nærbutikken sin - helsesame og økologiske fødevarer, sukkerfrie kaker, og kjeks og godteri - og sukkerfri marsipan og sjokolade, for eksempel.

2. Plast og silikon

Her ein ein del av ein song som Shel Silverstein skreiv for mange tiår sidan. Kor rett han er i ferd med å få!

An early one day in the month of May I went down to the beach,
You know there were beauties and cuties in little bathin' suities
And all of them within my reach
Then a 38-24-36 miss just happened to be passin' my way
I said, "Please don't think I'm nervy but you look so very curvy
Please tell me how you got that way."
She said. "It's plastic," she said, "it's just plastic," she said,
"It's pretty as can be, but you know that it ain't me,
because it's plastic," she said, "it's plastic. Everything's gonna be plastic by and by."

Utdrag frå Shel Silversteins låt Plastic

Silverstein fortel i songen han gjekk ned til stranda der det var vakre og søte i badedrakter, og ei av dei - som målte knapt 97 cm rundt barmen, 61 cm rundt midja, og 91 cm rundt hoftene, sa: "Det ser pent ut, men er ikkje meg, for det er plast. Alt blir plast som tida går."

Kjære vene, det er så menn ein klok kjerne i overdrivinga.

Mikroplast og nanoplast - ikkje berre i magen. Det er for ille at fisk og sjødyr som svømmer i havet får mikroplast, nanoplast og anna svineri i kroppen. Folk som et sjømat - som fisk og det som er utvunne av fisk - kan få i seg mikroplast med tida, og kan hende nanoplast også.

Havet er fullt av plastavfall. At det er problem knytt til enorme, flytande søppelhaugar er ikkje så vanskeleg å gjette seg til, men plastbitane som er enda mindre enn mikroplast – nanoplast – kan også vere skumle. No viser ein ny studie at nanoplast kan hope seg opp i fiskehjernene. ◦NRK Viten]

Det er godt at folk vil reinse strender, men problema stoppar ikkje der. Dei som lagar, kjøper og slenger plast som ikkje blir lett nedbroten, alle som bidrar til at ikkje-fornybar plast hamnar i elvar, sjøar og hav, kan med fordel gjere det mykje betre.

Silikon. Naturlege pupper får ein gå inn for som del av litt miljøverning - så mykje betyr det nok. Sjå berre:

Menn føretrekker naturlege pupper framfor silikonpupper. Det syner ei undersøking der 2000 menn svarte kva dei føretrekte. 89 prosent av dei meinte at kvinner burde behalde dei naturlege brysta sine framfor å få seg større silikonpupper. Det stemmer i så fall ikkje at store pupper står høgt i kurs hos menn. 87 prosent svarte at størst ikkje nødvendigvis er best.

Undersøkinga viste også at 47 prosent av menn hevdar å vite kva dei snakkar om når det kjem til silikon: dei seier dei har opplevd å ta på silikonpupper.

Dessutan meinte 29 prosent at å bruke BH med innlegg var juks. Dei ville heller bli presentert for ekte vare.

Dette var det Heat Magazine som publiserte den 7. oktober 2008.
newslite.tv/2008/10/07/men-prefer-natural-breasts-to.html

Opp av myra

Baron Münchhausen
Baronen lyfter opp seg sjølv og hesten etter håret. Utsnitt frå teikning av Gustave Doré.

Nyttige kjerneord

Miljøvern kan vere mangt anna også. BBC-programskaparen David Attenborough konkluderer med at å rydde land og utvinne ressursar på jorda har komme for langt på store felt og går ut over plantar, dyr, lufta, jorda og menneska. Han seier forsiktig at vi skulle få færre menneske av omsyn til livet på planeten.

Trivsel og helse krev optimale forhold, og økobalansar er langt lettare å berge enn å lage kunstig. Det er mogeleg å syte for betre forhold på jorda - det skulle ein gjere i stort nok omfang - heller enn å sette sin lit til å kanskje kunne overleve i framandgjorte kår her på jorda eller på ein annan planet når ein har drive jorda konkurs.

Enkelte nye normer og haldningar for suksess treng å bli innarbeidt i unge snarast råd. Nye normer og verdiar kjem i så fall i tillegg til nyttige overleverte normer og verdiar som også finst. Verdiar og normer kjem fram i mange eventyr og fablar, til dømes esopsfablar. Rammevilkåra på jorda er i endring, mange etablerte ressursar blir knappare på grunn av hard utbytting, og dermed fell grunnlaget vekk for mange oppgangsoppskrifter som tente somme før.

Eit mindretal går inn for miljøvern, desentraliserting av makt og kunnskap, dyrevern, fri natur, folkestyre nedanfrå og meir til, strir mot gamle utbyttarar: Dei kan vere bak storindustri og merkantile særinteresser som er bra tent med at folk sløser og slenger og skaffar seg dillegreier og utstyr fordi det kan sjå flott og fint ut ei kort tid, men neppe først og fremst grundig ressurstilpassa og fullt tenleg for lang tid frametter. Mange varer er såleis designa for å vare i nokså kort tid i forhold til det som er reelt mogeleg. Det kan gjelde både utforming og materialar.

Det er godt mogeleg at inntil halvparten av det som blir delt og kjøpt av velståande i Vesten, ikkje er nemneverdig tiltrengt i eit større perspektiv. Til dømes bruker norske kvinner hundretusenvis på piercing og hårtull som får altfor mange til å sjå ut som glorete krek, ikkje spesielt søte iallfall. Nokon er det nok som utbytter desse svekka menneska som ligg under for motegalskap eller verre. Ein skulle ha ei kontant oppsummering her. Rørsler som "Framtiden i våre hender" har tent slikt i ei årrekke. David Attenborough tar fatt i omgrepa (1) habitat; (2) overhausting; (3) fragmentering; (4) omsorgsmangel; (5) forureining og tilsvining.

1. Habitat. Menneske tar over habitat i alarmerande fart til heimar og dyrking, og tar ressursar frå skogar og andre naturområde. Jamvel om skogar kan ta seg opp att og tilmed bli hausta utan at det blir til skade, blir det for tida hausta ti gongar for mykje i forhold til attervekstraten. Det vil seie at skogar blir jamt plyndra. Om lag 60 prosent av våtmarkene i Europa blir skadd og øydelagt for tida, enda dei ofte er avgjerande for å skaffe reint drikkevatn. Minst 120 av 620 primatar ligg an til å døy ut i løpet av dei neste 10-20 åra fordi dei ikkje får plass nok til livsutfaldinga si, syner nye anslag. Store dyr blir oftast hardast råka. Det er motsett med dei som har gagn av menneska, så som rotter og kakerlakkar. Ein må la skogar få vekse til att, reinske elver, sjøar og hav, og verne det som enno finst, kjem Attenborough med.

2. Overhausting. Ein tredel av dei kjente ressursane på jorda har blitt brukt opp dei siste tretti åra. Om femti års tid kan vi trenge enda ei jord til befolkninga i fall ressursane blir brukt i same fart og sameleis som i dag, der konsumet er kraftig skeivfordelt mellom rike og fattige nasjonar. Vi fangar for mykje fisk, bruker for mykje tre, og sløser vekk for mykje ferskvatn. Minst sytti prosent av dei viktige fiskeslaga blir overutnytta allereie. Vi bruker seks gongar meir papir enn i 1961, og inntil halvparten av den årlege plantetilveksten går til menneskebruk. Vi bruker tre gongar meir drikkevatn enn i 1950, og reint drikkevatn er mangelvare, i og med at ein milliard menneske manglar tilgang til det. Store kvalar og andre sjødyr blei berga frå utrydding fordi dei ikkje blei "overhausta". Og fangar ein fisk i større mengder enn dei veks fram, kjem det ikkje til å vere nok fisk for menneska i framtida. Det same gjeld skogar. Reine og kanskje sunne energikjelder som vind og solkraft kan tene menneske i veldig lange tider, og dermed kan ein la fossilt brensel som olje og gass få ligge i fred.

Eventyret "Fiskaren og kona hans" kan nyttast til å åtvare mot hard overhausting.

3. Fragmentering. Små habitatfelt kan ikkje romme så mange artar som store felt. Det trengst derfor store, naturlege habitat, og dei små får ein klare å kople saman med habitatkorridorar, skriv Attenborough.

4. Omsorgsmangel. Ein bergar ikkje nasehornet om ein ikkje bevarer nok habitat for det. Dyr og miljø er gjensidig avhengige; mange dyr og fuglar og plantar er gjensidig avhengige av kvarandre. Det høyrer inn under biologisk mangfald. Ein kan ikkje forsømme heilskapen når ein vil bevare enkeltartar. Når det no heiter frå somme krinsar at inntil halvparten av artane på planeten kan bli utrydda i dette hundreåret, hjelper neppe noko anna enn å gå kraftig imot fattiggeringa som skjer på grunn av grådigheit og at mange ikkje bryr seg (nok) om kva som skjer. Det kan dermed bli lite å gle seg over og forbløffast over i naturen for barnebarna. No for tida tar ein vekk for mykje som kan kveike intellekt, interesse og utforskingstrong. Livet blir verre og langt mindre verdt å leve med dei forholda som gradvis held på å utvikle seg, meiner Attenborough også.

5. Forureining. "Så lite forureining som råd er" er eit viktig motto for kommande tider. For nokre kan det høve å vere føre var og profittere på den nye norma, og der ein kan, skulle ein gå over til "rein" teknologi. Ved det kan ein få dei same goda og same velstand og livskvalitet som før, men utan å forureine for mykje. El-bilar, miljøvennleg vaskepulver og solcelledrive utstyr kan vere døme på nyttige ting som ikkje treng å gå ut over villdyra og naturen. Helsa til mange kan også gagnast, av mindre forureining i lufta, i badevatnet, hamnene, sjøen, elvene og i jordsmonnet.

Når ein skal finne ut kva som er anstendig å gjere, bør grunnlagsforhold som endrar seg, vere med i reknestykket - for no skjer det nokså mykje svært fort:

1. Krise for biomangfaldet. Professor Sir Robert May meiner at krisa blir drive fram av for mange menneske på jorda. Krisa blir også forsterka av konsummønsteret i rike land. Der verkar ein person 30-40 gongar meir inn på miljøet enn ein person i den tredje verda. Ein lyt både bremse konsumet og ale fram færre menneske, tenker May.

Professor Edward Wilson meiner dessutan at det er psykologisk og åndeleg gagn i stort biomangfald, og at vi ikkje skulle fjerne det.

2. Verre forhold for berekraftig utvikling. Professor John Lawton samstemmer med Gro Harlem Brundtland si oppfatning av at berekraftig utvikling gagnar vår generasjon utan å fjerne val til framtidas generasjonar. Om tida som kjem meiner Professor Jared Diamond meiner: "Vi skulle vere bekymra for dei neste fem åra og dei neste tretti åra", for om femti år vil det ha blitt gjort mange skader som ikkje kan omgjerast, om det ikkje blir gjort kraftige endringar. Oppreinsking og handling må til, utfyller Diamond.

3. Fattigdom gjer det vanskelegare å prioritere vill natur og ville dyr. Prioriteringar viser haldningar. Dr. Richard Leakey meiner at om ikkje regjeringar syner nok ansvar for helsesamt miljø for morgondagen [A], om vi tillet øydelegging av grasmarker og jordsmonn, skogar, og fjernar ville dyr - kva kan folk ha "i morgon" og etterpå? Då vil fattigdommen bli hundre gongar verre. Ein må såleis ofre noko på kort sikt for at manneætta sine større gode i tider som er i vente.

4. Eit slags håp for framtida? Dr. Walter Lusigi svarer pent at "framtida, med den noverande forbruksraten og måten å gjere ting på, ser ikkje så veldig lys ut." Nokre enkeltmenneske kan likevel gjere ein forskjell, hevdar Professor Jared Diamond." [B]

Global oppvarming

For tida stig temperaturen på kloden. Jorda blir varmare. Er det ikkje bra å sleppe harde vintrarar då? Det viser seg det kan bli for mykje av det godet. Grunn: det gir farlegare vêr og meir ulevelege levekår for mange. Det trengst tiltak som monnar imot ustabile forhold. Til tiltak trengst helst god utdanning, og ikkje for einsidige tilnærmingar. Det er fordi klimaet har ei rekke komponenter - i eit system med dynamikkar og sider som forskarane ikkje har avklara til fulle.

Følgene av oppvarminga er mellom anna godt rom for mange og samla tiltak som gagnar. Men å gå motstraums aleine kan kanskje bli vel hardt. Heller utdanne seg høveleg i eit felt i lag med kjekke andre. God skolering (formell utdanning) kan hjelpe så ein ikkje stadig står og kjempar og spyttar i motvinden som blåser.


Miljøvern, hovudord, litteratur  

[A] Dss. biologisk mangfald.

[B] I tydinga manjana, "i morgon", dvs. "seinare (vonleg)".

Miljøvern, hovudord, opp    Seksjon     Sett    Neste

Miljøvern, hovudord. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2003–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]