GULLVEKTA

Reservasjonar, eit utbod

GULLVEKTA BRUKARGAID Handtering FØRRE NESTE
RESERVASJONAR    

Tenk "tja" til dette

Well is a deep subject. - Amerikansk ordspråk

"Tja er eit djupt emne", står det. Buddha syner fleire sider ved "tja-tenking" mot å bli svindla av toskete dogmatisme og bastant demagogi. [Kalama Sutta, norsk kortversjon, Kalama Sutta på engelsk].

GENERELL ÅTVARING: Informasjon på nettstaden er ikkje meint å erstatte modne, staute medisinske råd, eller adekvat behandling. Dei som treng medisinsk diagnose, hjelp og tilsyn får vende seg til fagfolk på felta det gjeld. Ein skulle gå til lege om ein har mindre plager også, fordi dei kan vere symptom på forhold som ligg under og bakom.

Folk over 65-70 får ikkje følge generelle råd eller vink herifrå utan medisinsk godkjenning eller tilsyn.

Reservasjonsutbod

Vil du sette fram noko med mange reservasjonar, så putt nokre av reservasjonane i eigne setningar. - Sir Bertrand Russell i "How I Write".

Stilen er somtid knapp ettersom "akademiske atterhald" i fleng blir føresette og forklarte for seg. Slik gjer vi det:

Ein lyt vere gardert. Øvst på sider der det betyr noko, står "Reservasjonar:" Kort sagt er det skipa til eit sett reservasjonar eller atterhald som blir å knyte til eikvar soge, setning og illustrasjon i den grad det er tilrådeleg og først og fremst til gagn for (1) Gullvekta, (2) dernest deg og andre, vonleg. Ideelt gir det vinn-vinn-formuleringar og -skikkar. Reservasjonsutbodet her er eit utdrag:

Vel, kanskje ᴥ På ein god måte ᴥ I den grad det samsvarer med fakta ᴥ Det er mogeleg ᴥ Det kan sjå slik ut ᴥ Kanskje under gitte vilkår ᴥ Kulinarisk ᴥ Med ein viss grad av sannsyn ᴥ Til sjuande og sist ᴥ Så vidt eg kan sjå ᴥ Kanskje til sjuande og sist ᴥ På sett og vis ᴥ Kanskje under høvelege forhold ᴥ Underleg nok ᴥ Kanskje ikkjeᴥ Men slik er det neppe ᴥ Det kjem dels an på definisjonane ᴥ Figurativt vurdert ᴥ Iallfall ᴥ På eitt eller anna vis ᴥ Statistisk verifisert seinare, får vi håpe ᴥ Om alt går vel ᴥ Det berre ser sånn ut ᴥ Det kjem an på bevis ᴥ Dette er førebels formulert ᴥ Dette lar seg vel endre på ein god måte så det blir meir tilfredsstillande ᴥ Ein får sjå i kva grad det stemmer ᴥ I den grad det lar seg gjere av liberale (osb.) ᴥ Gjettar eg ᴥ Gi og ta ᴥ Det kjem vel an på korleis ein forstår, kodar, tydar og tolkar ᴥ Kan dét vere sant? ᴥ Vakkert vurdert ᴥ Kunst er ikkje alltid snerpete, osv.

Bruk av føresette reservasjonar - døme

Døme 1:

Står det einkvan stad her at månen er ein grøn ost, kjem tilheng-frasane (eit utval vellykka reservasjonar) til og hjelper langt på veg: "Det er mogeleg at månen er ein grøn ost på ein god måte, i den grad det lar seg gjere. Det kjem vel an på - og kanskje aldri . . ." Eller: "Kanskje månen er (som) ein grøn ost, figurativt vurdert, og kanskje ikkje." Eller "Ein får sjå i kva grad det stemmer at månen er ein grøn ost." Dét skulle vel vere heilt rett forståing og utlegging av "Månen er ein grøn ost" -

Slik er det alle stadar her! Det går altså flott å vere ganske einig med alt som står på Gullvekta. Kunsten er å mobilisere flotte, høvelege reservasjonar der det er behov for det.

Døme 2:

"Gjer arbeidet ditt, så skal eg kjenne deg (Do your work, and I shall know you), skriv den amerikanske filosofen Ralph Waldo Emerson (1803-82) i essayet "Self-Reliance".

"I kva grad er det slik?" Dette kan vise seg å vere ei haldning det gjer godt å kultivere i staden for å bli dupert, tru blindt utan prov og slutte seg til Emersons fråsegn utan vidare.

Det er rom for ulike tolkingar dersom ein ikkje trur han meinte bokstavleg og direkte det han skreiv her og andre stadar. Om filosofen hadde vore meir nøktern og overtenkt, kunne han modulert det til så som: "Gjer arbeidet ditt, så skal eg underleg nok kjenne deg - men slik er det neppe." Då ville han vel komme nærare sanninga og skrive rettare.

La fakta komme først. Emerson gjekk bort for over 125 år sidan, og kjenner deg neppe i det heile. Han snakka for å bli verdsett ved arbeid, og gjekk dramatisk for vidt, eller melodramatisk.

Meir rundt føresette reservasjonar

Liknande tilheng som dei ovafor kan ein freiste på vakre ordtak og bastante påstandar også. Det skulle gi skikkeleg trening mot indoktrineringar og propaganda.

Å halde seg til det som gir velvære og god helse skulle ein prioritere jamt og vidt.

Ein får jamt halde seg innan det som er godtatt der ein vender seg.

Uttrykket "Støttande reservasjonar" skal ein forstå i slik samanheng, som gaglege for nettstaden og nettstadeigaren først av alt. Det ideelle er at "støttande, hjelpande reservasjonar" er til gagn for både nettstad-eigaren og deg i møte med ulike ytringar, bilde, soger og vers. Det skulle gi "vinn-vinn", gagn for begge sider, og gjerne "vinn-vinn-vinn" også. Det er ikkje meg imot.

Saka er at ein kan vinne stutte og koselege framsettingar ved å legge til gagnlege reservasjonar. Trening i å legge til slike "tja" kan jo vere til gagn for somme: Synest du at ein påstand er for sterk, skal du modifisere den, endre og avgrense den til den høver.

Nå det heiter at "to-tre tja kan vere bra", får ein seie det same om "hm". Dei skal syne reservasjonar, og slikt kan ein trene seg i, så ein ikkje tar munnen for full og overdriv støtt og stadig.

Eg har samla ein stor buffet med reservasjonar å velje frå som det kan høve i kvart tilfelle. Eit nett utval derifrå kan gjere deg godt.

Ein kan ende opp med mange ulike framsettingar ved dette middelet, ved å legge til ulike reservasjonar.

Dr. Eric Berne skriv i ei av bøkene sine: Is means that I have a reasonably firm conviction about something . . . Seems to be or appears to be means that I am waiting for further evidence before making a firm commitment [Hom xvii]."

Det Berne gjer, er å ta til innebygde og føresette reservasjonar, slik som det er gjort for heile nettstaden her, i tråd med Bertrand Russel sine overlegg: Der det står at noko er slik og slik, kan du legge til "kan det synest som", "kanskje ikkje", "vel ikkje", og så vidare, som det ser ut til å høve. Den jobben blir din.

Eit tips

Detalj frå ein Picasso
Ein Picasso. Detalj

Ha auge for ikonet "☥" i side-oversyna, og det farga ikonet "Veg" i teksten.

Samandraga i stykke med slike finessar i, kan ein godt sjå gjennom før ein les i stykka: Å sjå gjennom samandraget før ein les teksten, kan høve i dei fleste studium. Det kan spare tid for deg og gi deg meir ut av det som står der, alt ettersom.

Reservasjonar, Gullvekta - SLUTTBOLK
 

Em: Atkinson, Brooks, red: Selected Writings of Ralph Waldo Emerson. Modern Library. New York, 1950.

Hir: Russell, Sir Bertrand. "How I Write". I The Basic Writings of Bertrand Russell. Redigert av Robert E. Egner og Lester E. Denonn. London: George Allen and Unwin, 1961:63-65. Essayet på Internett: www.solstice.us/russell/write.html

Hom: Berne, Eric: What Do You Say After You Say Hello? The Psychology of Human Destiny. Bantam. New York, 1973.

OPP GULLVEKTA BRUKARGAID HANDTERING NESTE

© 2008–2012, Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: LENKE]