![]() |
Ansvarsfråskriving | ||||||||||||
|
|
Sømmeleg nakne
Barn og unge tek neppe skade av å sjå sømmeleg nakne - blomster, tre, dyr og folk. Men altfor stram oppseding og uhumsk kultur kan komplisere tinga. Det skulle ein unngå. KopirettarPå nettstaden finst til dels tekstar og bilete som ikkje kjem inn under Åndsverklova, og til dels tekstar og bilete som blir verna av den lova, så som originale teikningar, skisser, foto og andre illustrasjonar. Dessutan finst det digitaliserte attgivingar av kunstverk her - både heile bilete og utsnitt - som ikkje er verna av koprettslova. Det er tale om digitale reproduksjonar av foto og måleri. Slikt materiale kan ha blitt modifisert når det gjeld valør, klarleik, kantar og mykje anna, for om mogeleg å lage i stand eit skapeleg inntrykk. Når det gjeld tekstar, kjem det som heiter fair use inn. Det er eit opphavsrett-prinsipp som tillet fri bruk av delar av verna materiale til kommentarar,kritikk, parodi og oppseding. Kopirett vernar ikkje idear eller fakta nå ein gir uttrykk for dei med eigne ord. Bra resultat av andre si forsking over tiår, kan ein såleis gi att. Oversyn:
[fairuse.stanford.edu/Copyright_and_Fair_Use_Overview/chapter0/0-a.html#2]
[fairuse.stanford.edu/Copyright_and_Fair_Use_Overview/chapter9/index.html]
For tekst og bilete
Vil du setje fram noko med mange reservasjonar, så putt nokre av reservasjonane i eigne setningar (If you want to make a statement with a great many qualifications, put some of the qualifications in separate sentences). - Sir Bertrand Russell [Hir] Det er greitt å vere gardert. Her har slike forhold blitt ordna ved eit batteri reservasjonar som blir å ta i bruk der det er ønskeleg. Øvst på dei fleste sidene står "Reservasjonar/Reservations:". Dei gjeld for heile nettstaden, kort sagt er det skipa til eit sett reservasjonar eller atterhald som blir å knyte til eikvar soge, setning og illustrasjon i den grad det er tilrådeleg og til gagn for Gullvekta, og forma slik. Reservasjonsutbodet her er eit utdrag: Vel, kanskje I den grad det samsvarer med fakta Det er mogeleg Det kan sjå slik ut Kanskje under gitte vilkår Kulinarisk Med ein viss grad av sannsyn På ein god måte Til sjuande og sist Så vidt eg kan sjå Kanskje til sjuande og sist På sett og vis Kanskje under høvelege forhold Underleg nok Slett ikkje Og kanskje aldri Men slik er det neppe Det kjem dels an på definisjonane Figurativt vurdert Iallfall På ein god måte På eitt eller anna vis Statistisk verifisert seinare, får vi håpe Om alt går vel Det berre ser sånn un Det kjem an på bevis Dette er førebels formulert Dette let seg kanskje endre på ein god måte så det blir meir tilfredsstillande Ein får sjå i kva grad det stemmer I den grad det let seg gjere av liberale (osb.) Gjettar eg Gi og ta Det kjem vel an på korleis ein forstår, kodar, tydar og tolkar Kan dét vere sant? Vakkert vurdert Kunst er ikkje alltid snerpete, osv. Døme 1: Står det einkvan stad her at månen er ein grøn ost, kjem tilheng-frasane (eit utval vellykka reservasjonar) til og hjelper langt på veg: "Det er mogeleg at månen er ein grøn ost på ein god måte, i den grad det let seg gjere. Det kjem vel an på - og kanskje aldri . . .". Eller: "Kanskje månen er (som) ein grøn ost, figurativt vurdert, og slett ikkje." Eller kortare, når vi er trygge i saka: "Månen er slett ikkje ein grøn ost." Dét skulle vel vere heilt rett forståing og utlegging av "Månen er ein grøn ost" . . . Slik er det. Det går vanskeleg an å vere heilt ueinig med noko på Gullvekta fordi vi er garderte - Kunsten er å mobilisere flotte, høvelege reservasjonar der det er behov for det.
Døme 2: "Biletet ovafor skal vurderast som tilfredsstillande i den grad det let seg gjere av liberale og kunnige nok - på ein god måte . . . og kanskje den skal vere figurativ -" Døma syner kanskje også at garderingar kan gå for vidt og misbrukast - men lovleg . . . | ||||||||||||
|
GENERELL ÅTVARING: Informasjon på nettstaden er ikkje meint å erstatte modne, staute medisinske råd, eller adekvat behandling. Dei som treng medisinsk diagnose, hjelp og tilsyn får vende seg til fagfolk på felta det gjeld. Ein skulle gå til lege om ein har mindre plager også, fordi dei kan vere symptom på underliggjande forhold. Folk over 65-70 får ikkje følgje generelle råd eller vink herifrå utan medisinsk godkjenning eller tilsyn. |
Hir: Russell, Sir Bertrand. "How I Write". I The Basic Writings of Bertrand Russell. Redigert av Robert E. Egner og Lester E. Denonn. London: George Allen and Unwin, 1961:63-65. Essayet på Internett: www.solstice.us/russell/write.html