Norsk del, Gullvekta
Horoskop
Seksjon › 9 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Juan Gris, Portrait of Pablo Picasso. Modifisert utsnitt.
"Det treng ikkje likne, berre det er artig."

Horoskop og astrologi

The . . . whole human life is hidden in the nine planets of a horoscope. [T. M. Rao, 2008:7]

Stemmer det flott, skulle ein stille horoskop for seg, sitt og sine i tide for å forstå sine gode sider, mindre gode sider, mogelege skeivutviklingar å hindre, og så vidare, for slikt høyrer med når ein stiller horoskop. Og enten stemmer det, eller så stemmer det ikkje. Dr. Rao meiner om lag dette "Heile menneskelivet ligg løynd [kanskje i store drag] i "dei sju planetane" [Sola, månen og planetar til og med Saturn] og dei to måneknutane [Ketu og Rahu] i eit horoskop." Slik er det indiske astrologar ser det.

Mosaikk

Ein skulle studere det før ein trur på det.

Blant dei tinga som eit program genererer ut frå fødselsdataa til einkvan, dukkar det fram påstandsbrokkar som til dels stør kvarandre, til dels er i motstrid til kvarandre. Kunsten er å samordner og rangere dei. Dei gjer astrologar. Dei setter også frasane inn i ein høgare samanheng som er kopla til sørlege og nordlege måneknute i teikn og (helst) stjernebilde.

Nøkkelen. Ein kan prøve å samanlikne fødselshoroskopet med eit slags portrett, der aksen mellom dei to måneknutane er ryggen, og det som er over halsen ser annleis ut avhengig av kva vinkel ein ser det frå, og i kva lys. Liksom eit fjes har mange fasettar, har gjerne horoskopa det, dei også. Kan ein samordne dei godt, kjem det fram noko som liknar eit skissemessig portrett. Det kan vere underhaldning i det, som i eit av Pablo Picasso, enda så rart det kan verke for somme, og så tiltalande aparte for andre, og så dyrt for folk flest.

Stemmer dette bildet? Det er det ein er sett til å avgjere, om ein fattar det.

To sider ved tilværet, meir eller mindre i takt. Det kan vere klokt å skilje mellom indre og ytre, for desse to er ikkje alltid samordna. Dei to sidene ved tilværet er ikkje alltid i takt. Noko kan gå gale for seg i ei livsferd, som når ein ramlar utfor stupet. Det kan fjerne alle gode hendingar i vente ut frå horoskopet. Det kan vel tenkast. Overlever ein, kan ein få det fint etterpå, og så bortetter.

Dette vil seie: Det som står i horoskopet kan stemme godt med korleis ein gjerne såg at livet og forholda skulle vere, og ein sjølv eigentleg er, men så spørs det om ein har fått normalt gagn av å styre metodisk fram til utdanning, arbeid, make, heim og det andre. Det er ikkje alle det går godt for. Mange er konformiserte og kjenner seg bundne til rollene sine i ulike fora. Då har mange vanskar med å realisere seg sjølve innanfrå. Det kan ein ta med i "reknestykket".

Grunnar til varsemd

Om ikkje alt stemmer, er dekkande eller er nyttig heller, kva då? Då løftar ein seg og kan ta horoskoptydingar en får, med ei god klype salt utan å kaste barnet ut med vaskevatnet. Det barnet er ein sjølv. Så går ein inn for å styrke seg sjølv til å stå imot Golgata eller kva det skal vere.

Her er fleire grunnar til mykje varsemd:

  • Forsking fortel i kva grad påstanden til Dr. Rao er høveleg. Jamfør kva astrologar sa om ein massemordar ut frå fødselshoroskopen hans: Ein studie av Hans Eysenck.
  • Forer-effekten (Barnum-effekten) - som forklarer korleis folk flest gjerne vil oppfatte seg sjølve i eit godt lys, og tar til seg ulne, ganske generelle godord ifrå type-kavalkade som gode skildringar av seg sjølve. (Wikipedia, "Forer-effekten")
  • Horoskop fortel kanskje ikkje alt om det som løyner seg i individet, sidan eit individ er noko for seg sjølv, er unikt, mens derimot horoskop kviler på ulike type-teikningar i det heile - sett i samband med sol, måne og planetar, stjernebilde og hus -
  • Indisk astrologi tar ikkje med Uranus, Neptun og Pluto i kalkulasjonane. Hm.
  • Konformisering viskar ut og striglar fram ganske likearta åtferd ifrå barnehage, offentleg skole, nærligslivstilpassing og rollegang elles. Det blir med andre ord lite rom for å dyrke fram anna som verkar spesielt.

Ein skal klare å vise at horoskop har noko å fare med og ikkje er låke greier trass i feilkjelder som desse. Tar ein tak i biografiane til folk som gir inntrykk av å ha utfalda seg ut frå eigne premisser i eit langt liv (Maslows einarar skulle det), er det tenkeleg at mønster og sentrale hendingar blir skisserte i fødselshoroskopet og videreføringar av det. Slikt samanlikningsarbeid er det mogeleg å gjere, og resultata kan målast. Ved det hindrar ein kanskje at babyen blir kasta vekk med vaskevatnet, i den grad det finst nokon baby i det.

Og likevel, det er mogeleg å bli undertrykt, hundsa, og sjølv undertrykke så mykje at det innvendige i folk som utfaldar seg, ikkje er heilt, ikkje heilt helsesamt, osv. Psykoanalysen snakkar om forsvarsmekanismer, for eksempel. Dette seier at tilmed folk som yter klokt, ikkje treng å vere heilt greie innvendig, blant anna. Og konforme kan yte med skal rundt innvendig "sørpe" av ufullbyrde indre givnader, ekte interesser og anna som ikkje er modna; det kan vere av det gode; av det vonde, og noko imellom godt og vondt, for alt vi veit.

Djupare sett: Folk med god vilje, vilje til å gjere som godt kan vere, burde få utfalde seg lødig, og meir enn litegrann. Men vonde menneske kan godt haldast i taume i langdrag. Innelåsingar kan truleg høve dårlege. Men staffasje maktar venteleg ikkje å gjere dei likande i langdrag.

Det bringar oss til enda ein skilnad mellom vestleg og indisk astrologi. Vestlege horoskop har ikkje fokus på dei tretten stjernebilda, mens indisk astrologi har lite til overs for stjerneteikna, og opererer med tolv stjernebilde (det finst likevel tretten, sidan Slangeberaren er mellom). Det ser ut til at kunnskapen om stjernebilda (dei endrar seg med sekela) er mangelfull. For det første er dei opprissa mangekantar mellom utvalde stjerner på himmelen, og det at dei er uregelmessig forma mangekantar fører til vanskar når ein skal vurderere kva for stjerneteikn sola liksom lyser framfor i årssyklusane sine gjennom det beltet av stjerneteikn og "fiksstjerner" bakanfor det. Summa summarum: Det er tretten stjernebilde som sola går gjennom årleg, ikkje tolv, og det er nokså lite forstått korleis ein kan rekna tretten stjernebilde som "tolv stjernebilde, kvar med 30 gradars bogebreidde", for "slike dyr finst ikkje".

Rundt ein firedel av menneska har i det minste laus og brei tru på astrologi, skriv Jerome Lawrence (1977). Kort sagt verkar det som det er mange skjer i sjøen og eit lite stykke opp og fram til horoskopet ikkje gir galt fotfeste. ......... Bhrigu Samhita (Bhrigu-samlinga) er ei klassisk astrologioversyn frå vedisk æra (ca. 1500 - ca. 500 fvt). Bhrigu Samhita is a sourcebook of Hindu astrology, a classic from the Vedic period. The collection (Skt. samhita) deals with essential principles to determine the character, moral inclinations, fortunes and misfortunes in various walks of life - and also with prosperity and longevity of a person, and relatives. [Ibid, p. 7-8.] Indisk astrologi bruker også transittar for å seie på førehand kva for utkomme ditt og datt kan få. I det heile trur eg vi nærmar oss eit rotekte trøndersk utsyn her:

Han Erik hadde site i heradsstyret i 20 år og aldri sagt det grann. Ein dag tenkte ordføraren han skulle: - Det her eg ei vanskelig sak, sa han. - Du Erik som har vore med lengst av oss alle, må seie meininga di, så vi andre har noe å rette oss etter. Han Erik vrei seg: - Ja, det er meininga mi også at det her er ei vanskelig sak. Det kan seiast mye både for og imot. Ja, etter mi meining så er saka så vrien at det er best ikkje å ha noen meining. [Leirfall 1969:28]

Kanskje ikkje i den offentlege sfæra; men det kjem an på forskjellig.

Innhald


Horoskop, astrologi, litteratur  

Jerome, Lawrence. Astrologi – en bløff? Bergen: Universitetsforlaget, 1977.

Leirfall, Jon. Meierifesten. Sant og usant frå Trøndelag. Oslo: Samlaget, 1969.

Rao, T. M. Bhrigu Samhita. New Delhi: Hindology Books, 2008.

Horoskop, astrologi, opp Seksjon Sett Neste

Horoskop, astrologi BRUKARGAID: [Lenke]
© 2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]