![]() |
Samliv, Sir Bertrand Russell og Søren | ||||||||||||||||||||
|
Gift deg, og . . .Gift deg og du vil angre; gift deg ikkje og du vil angre.Kven sa det visdomsordet? Hanna Bakken, Søren Kierkegaard, og Sokrates er mellom dei. Visse ord som fortel ganske det same, blir tillagt forskjellege personar. Ein får ta høgde for det.
Sir Bertrand sansa ein dag at han ikkje elska kona si meir. Det fekk han til å skilje seg. Det er mange som han . . . Menneske møtast, menneske skiljastNær halvparten av dei som no blir gift, kjem til å skilje seg. I Sverige går to av tre ekteskap fløyten. I slike høve nyttar særeige (enno) eit stykke på veg. Å ha eige hus kan gjere livet etter skilsmissa greiare, men somme felles venner forsvinn kanskje - og kontakten med barna og mange pengar til underhaldningsbidrag i nokre år. Det er inga grei sak å bli skilt. Den som er budd, slik speidarar skal vere, tek vare på sitt til etter skilsmissa kjem, gjennom så som samlivspakt, gode dokument, rikeleg med utdanning, og kome seg godt i gjenge elles.Det viser seg ofte at det ikkje blei godt nok å stole laust på kvarandre. Når heimen raknar, har den klokt framtenkte meir å falle tilbake på, og kan stå imot belastningane betre. Det heiter ein skal førebu seg på det verste - føre var - så det helst ikkje innfinn seg i det heile. Men vel så viktig er å byggje positive opplevingar og aktivitetar saman - bruke kvalitetstida til slikt. Grufulle samlivsløfte tener maktaLov ikkje så du bitt deg i all framtid ved ønsketenking. Det er sjølvsagt umoralsk av kyrkja og storsamfunnet å drive to som vil leve i lag, inn i samlivet med eit dåreløfte som inngangsbillett.Det hjelper også å ikkje ha lova å halde saman til døden. Grufulle ekteskapsløfte får lett to naive til å love saker og ting dei neppe klarer å halde. Først i ettertid sannar somme det blei for dumt, ikkje heilt ulikt "Når hesten er stolen, setter polakken lås på stalldøra." Etterpåkloke kan mange bli. Ein bør heller vere føre var og ved det unngå traume. Ein skal då vite ein kan stå inne for det ein lover. Så slepper ein å bryte ordet sitt om om ein blir skilt og ikkje held saman og elskar og ærar kvarandre i vonde dagar likevel, trass store ord som glei ut av munnen i kyrkja nokså blindt. Stram samlivsregulering er eit middel som gir staten kontroll langt inn i heimen. Før tente det ei nokså despotisk kyrkje også. Å løfteborge blir stundom "betalt" med fråfall av personleg integritet. Jerome Bruner peiker på kor dårlig gjort det er å avkrevje løfter frå folk som dei ikkje veit om dei kan halde, og kor forferdelig dumt det kan vise seg å bli for den enkelte å ha jenka seg til det og gitt etter for kyrkjebryllaup. "To "promise" you must be able to deliver [Acom 63]". Det kan liknast med å sverje ein har pengar i banken til alle utgifter i livet - uforutsette også - når ein knapt nok veit kva som er på kontoen. La gjennomsnittsodds hjelpe degSkilsmisse-oddsa kjem fram ved offentlig statistikk. Store gjennomsnittsodds gir visse ymt om kva sjansar for suksess ein kan få, og tener dermed som litt drahjelp til prenups * med meir.* Frå prenuptial agreement: Overeinskomst mellom komande ektefeller, der dei fråfell framtidige retter til kva den andre eig i tilfelle skilsmisse eller død. Den lyt vere juridisk korrekt for å verke som tiltenkt . . .Gjennomsnittsodds kan kanskje ikkje gagne den enkelte, for fenomen som gjeld for store gjennomsnitt, gjeld ikkje for einkvar. Ein blir ikkje halvt skilt når 50% blir skilt. Men gjennomsnittsodds tener forholdsregler i langdrag ved at ein tek omsyn til korleis landet ligg. Det har mykje å seie om ein veit på førehand at 70-80 av 100 seilasar i eit bestemt farvatn strander, i forhold til fem av hundre seilasar. Der oddsa er dårlege, kan ein dra nytte av kunnskap om farvatnet, og å kunne navigere varsamt, ha kart frå ekspertane så ein unngår sjer og undersjøiske skjer, og så bortetter. Førekunnskap aukar sjansane for å lykkast med ekteskapsseilasen. Ein betrar oddsa sine ved tiltak som gjer ein budd på det verste så mange vonder helst ikkje kjem, eller viss dei kjem, så dei blir minst råd eller kostar mindre - og så var det det med rikelig kvalitetstid saman. Borgarleg giftemål, eit bra alternativBorgarleg giftemål er godt alternativ. Ein av fordelane er at ein slepper å bryte giftemålsløftet sitt og løfta sine etter kvart som ulysta skiljer to. Når ein ikkje har lova det ein ikkje kunne halde, bryt ein ikkje gammalt løfte. Slikt betyr noko der "ein mann er ein mann og eit ord (løfte) er eit ord". Elles ikkje. Å vere ordhalden er ikkje alle unt."Hurra! eg gifta meg borgarlig!" kan somme seie for seg sjølve - Borgarlig vigsle er jo meir moralsk forsvarlig og mindre forkastelig for folk som skil seg. Kor mange som held saman i ekteskap utan å elske og støtte kvarandre er lite kjent, men det kan verke som det er veldig mange. Det er ikkje greitt. Det er fint å styrke element som blir krona med godt nok samliv - ikkje berre rydde vekk uhumsk og glorifisert uhumsk. Då blir det lettare å vere saman eller gjere hyggelege ting saman - men det er ei anna historie. Tenkaren Bertrand Russel og visse faktaJarlen studerte matematikk og filosofi, og blei involvert i mange tusen kontroversar gjennom livet. Først var han idealist, sia analytisk.Han kom opp i vanskar fordi han innsåg noko i slekt med at "Barberen i bygda er mannen som barberer alle som ikkje barberer seg sjølv," og så spørje om barberer barberer seg sjølv eller ikkje. Men i staden for "barber" las han "klasse", og så blei det grunnleggjande filosofi av det. Han fekk den ideen at det det ikkje finst noko sånt som klasser. Omsett til bygdesnakk: "Det finst ingen bygdebarber verda over." Naturlegvis er det tull. Men om lag slik tenkte ein britisk jarl som nådde store intellektuelle høgder. Dei var kanskje ikkje så høge likevel, ikkje minst for di han gjekk imot mykje i dei sjølv, seinare langs vegen. Det er bra å kunne besinne seg. Steg for steg gjekk jarlen vidare ifrå logikk til romanse med Lady Ottoline Morrell, etter at han hadde slutta å elske si eige kone, Alys, men levde i lag med henne åkkesom til han møtte Lady Ottoline. Han forlot Alys i håpet om at romansa likevel ville gi meir. No fekk han for seg å skrive meir tilgjengelig også, så langt meir enn ein handfull kunne fatte kva han styra med. No let han seg overtyde om at det ikkje fantest nokon "sanningar" i logikken i det heile. Han skjøna i grunnen at "Sanninga er at det ikkje finst noka sanning." Det er eit logisk resonnement av Russell-kaliber nok ein gong. Det er ikkje fullgodt, ser du vel! Frå då av sysla han med anna. Det er altså stadier i Sir Bertrands tenking. Det får ein hugse når ein ser sitat av han. Den seinare tenkjer ulikt den tidlege idealisten, til dømes. Den som held seg strengt til fakta, er på sett og vis ikkje berre ein diskret person - han kan nå høgre også, slik som Bertrand Russell (1872-1970). Han fekk elles Nobelprisen i litteratur i 1950, og blei ikkje mindre enn 97 år. "I wish to propose for the reader's favourable consideration a doctrine (...) this: that it is undesirable to believe a proposition when there is no ground whatever for supposing it true." [Bertrand Russell, from "Introduction: On the Value of Scepticism", in Sceptical Essays published by Allen & Unwin in London, 1928]Bertrand Russel-sider på engelsk: [LENKJE] Søren Kierkegaard (1813-1855)Søren Kierkegaard - sitat
Den dagen du kom til verda, gret du mens dine næraste var glade. Lev no såleis
at den dagen du går bort, då græt dine næraste mens du sjølv
er glad.Livet må levast forlengs og bli forstått baklengs. Det er mykje lettare å sjå til høgre og venstre enn å sjå inn i seg sjølv.
Mange kloke ord er blitt sagt i spøk. Dessverre blir i langt høgre grad dumme
ord sagt i fullt alvor.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 19992007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||