![]() |
Enkel quiz om bær og frukt | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Enkel quiz om bær og frukt
Du blei ikkje forvirra av dette; om du kjenner det slik, var du det frå før :). Kanskje du vil lære meir? Frukt er bær og andre frukterFrukter blir inndelt i bær, kapslar, nøtter, og steinfrukter. Alle slags bær er altså frukter, botanisk tala.BærBær er "enkle, kjøtfulle frukter" som til vanlig har mange frø, så som banan og tomat og tranebær. Helst er det kanskje slike modne fruktemne (plante-ovarium) som er søte og saftige ein vil ha, til dømes i form av druer.Daddelen er eit bær med eitt frø. Vassmelon, agurk og graskar er bæraktige frukter. Appelsin, mandarin, sitron, grapefrukt, lime og andre frukter av sitrus-plantar er bær. Tomaten er ingen grønsak, men eit bær, og eggplantefrukta (auberginen) like eins. Og melonen er frukta på ein urteplante, det vil seie eit stort, saftig og velluktande bær. Ikkje bær: Bringebær, bjørnebær og jordbær er ikkje ekte bær, men "aggregat-frukter", falske frukter. Slike består av mange småfrukter. Bringebæret er ei samansett frukt av steinfrukter, og er altså ikkje eit bær. Jordbær er ei falsk frukt. Kirsebær og morellerer er ikkje bær, dei heller, men steinfrukter. FrukterI botanisk forstand er frukt det ferske eller tørka ovariet (fruktemnet) til ein plante. Inni det ovariet er det eit frø eller fleire. Det finst (frukt)kjøtfulle frukter på den eine sida og "tørrfrukter" på den andre.1. Blant dei enkle fruktkjøtfulle - bær - finn vi til dømes tomatar (sjå ovafor). Bringebær, bjørnebær og jordbær hører derimot med til "samansette frukter" (aggregate fruits). Ananas er ei "multippel-frukt" (multiple fruit). 2. "Tørrfruktene" femner over eikenøtter og andre nøtter, mandlar, bønner og andre belgfrukter, frukter med kapslar, og kornfrø. Ja, både bønner, kornfrø, agurkar og eikenøtter og mandlar er frukter. I kapselfrukta er frøhusveggen tørr og opnar seg. I nøtta er frøhusveggen tørr og hard og opnar seg ikkje. Og steinfrukter har saftig og mjuk ytre del. Den harde delen som ikkje opnar seg, er inst. Kokosnøtta er ei steinfrukt, ikkje ei nøtt.
Eple, jordbær og nyper hører med blant falske frukter (hjelpefrukter). I falske frukter er det i sær blomsterbotnen som er med og dannar frukta. Ekstra om frukt og grønsakerMed 'grønsak' meiner ein vanligvis den ferske, etande delen av ein urteaktig plante: det kan vere rot, rotknoll, løk, stilk, blad, blomar, og frukt. Dermed har vi også komme fram til (noen) frukter er grønsaker, men ikkje alle grønsaker frukter . . . Det er berre sånn det er.Eit lite oversyn
GULT ER IKKJE KVITT: Dessutan er gulostar å skjere skiver av gule, trass i sær-namnet "kvitost", som altså er feil. Ei stakkars lita jente som var i alderen for å lære grunnfargane, blei forvirra og såra og gjekk i surr for di den store "kvitosten" ved bordet ikkje var kvit, men blasst gul. Det skulle somme meieri ta til seg.
Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20062007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||