NORSK DEL, GULLVEKTA  

Danske barnerim, remser og leikar

 14 › 2 › 4

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Lita innleiing

Alle som interesserer seg for barn, kan finne glede i ymse folkeminne mynte på barn. Det finst mange barnerim nedskrivne i Danmark. Evald Tang Kristensen fekk gitt ut eit omfattande verk med oppskrifter som hadde blitt sendt til han av folk, og slike rim og regler han sjølv fekk høre på samlarferder i Midt- og Vest-Jylland. Boka heiter Danske Børnerim, Remser og Lege udelukkende efter Folkemunde samlede og til Dels optegnede af Evald Tang Kristensen. (1896). Sia har eit utval frå den blitt gitt ut under tittelen Børnerim, Remser og Lege: Samlede og til Dels optegnede af Ewald Tang Kristensen. Udvalgt og kommenteret af Jens Sigsgaard. (1981).

I forordet til den siste boka skriv Sigsgaard at Kristensen var ein samvitsfull samlar av segner, eventyr, ordtak, viser og sangleikar, rim og remser, og ein kar som dessutan sa kva han meinte. I 1883 stifta han "Folkemindesamfundet", og redigerte tidsskriftet "Skattegraveren" som tilhørte det samfunnet. Gjennom dette fekk han kontakt med hundrevis av samlarar over heile landet. Kristensen prøvde å gi att tilfanget så nøyaktig som råd, altså på dialekt. Døme: "Sov, dideli lov! di Fåer æ henn å plåww, di Muer er uud å gi æ Gris, ve do et såww, så ska do ha Ris. [A 1,3]" I rimet blir eit barn oppmoda til å sove, og blir fortalt kva far og mor gjer. Dessutan blir det truga med ris om det ikkje samarbeider. Dette rimet var frå før kroppsleg straff av barn var forbode.

Sovande katt

Jamvel om Kristensen skreiv ned nøyaktig det han fekk høre, er ikkje nødvendigvis stoffet kosteleg eller pedagogisk forsvarleg: Det er snarare folkeminne som speglar danske skikkar ute blant folk flest. Det kan vere like godt at svært mykje av det er vanskeleg å forstå, men dyrebare, gamle barneleikar og regler finn ein om ein gir seg tid med to måtar å skrive ø og å på, attåt dialektbruken. Dialekt frå sørvest i Jylland har danskar andre stader i landet hatt vanskar med, så "Du er ikke alene . . . Vi er ikke alene," om du har det slik, for å seie det med nokre ord frå danske Sebastian [Knud Torben Grabow Christensen] sin filmsong frå 1978.

Kristensen var også omhyggeleg med å få med kven som hadde gitt han kvart stykke av tilfanget. Samlarverka til han og andre danskar innan barnekulturen er framleis av verdi. Danske barnerim er på 750 tettrykte sider, og har med 4 000 stykke. Mange av stubbane er rett nok variantar over same leist (motiv). For somme barnerim har Kristensen med over femti variasjonar, for eksempel.

Kristensen sitt livsverk ruvar i folkeminnevitskapen, men han innsåg at han ikkje makta å samle alt som fanst, og dessutan at mange av barneleikane han fekk tak i og gav ut, ikkje levde blant barna lenger, men var minner som snart ville blitt gløymt, om det ikkje var for samlarane.

Han skreiv han gjerne ville gjere eit "høvelig utval" frå samlinga; slike leikar som passa i skolen. Det var ein brillefin tanke, tykkjer eg. Noko liknande tykte vel også dei som gav ut det Jens Sigsgaard sitt utval.

Barnekultur

Barnekultur omfattar så som aktivitetar som er laga for barn, barns tilmåta etterlikningar av vaksenaktivitetar, vaksenkulturen sine leikar med barn, mellom anna "Bake kake", og leikar som barna lærer av eldre barn.

Grådige kommersielle aktørar påverkar barnekulturen i farleg grad i retning av ein noko passivisert kjøpe- og forbrukarkultur, og i retning av mindre tid til normal mellommenneskeleg kontakt, til fordel for dataspel og slikt. Det har gått den vegen.

Dessutan tek det offentlege i Noreg over mykje av slikt som før gjekk føre seg i familien for nurkar. Dessutan finn ein kjendisar for barn i media, og fokus glir over i fokus på kjendisane og sjådisane for lett og for mykje. Det er den vegen det går.

Motvekt til slikt: overleverte barnesongar og anna ifrå ein langt friare barnekultur, der barn knapt nok gjekk på skole og forma eigne dikt. "Friare" vil kanskje seie "høgare" også, nokså automatisk. Jamfør Lenkje til ei norsk side med ganske vanleg norsk utval.

Ein får skilje mellom "styrt og fri" barnekultur. Det finst grader av fridom, og grader av å vere offentleg tatt hand om, og ulike former for balanse mellom dei. Ein gjer vel godt i å støtte friare former enn offentleg overstyrte.

I dei siste åra har det vakse fram større interesse for barnas eigen kultur. [Lenkje]. Den er elles ein levande kultur som spegar, omformar og forenklar mykje frå vaksnes kultur. Denne songleiken er døme:

Marina, Marina, Marina
Pas på vor elskede ven
Og pigen hedder Lise
Og drengen hedder Arne
de kysse og de fnise
Åh na na na na
Åh na na na na.

Det er refrenget frå Rocco Granadas italienske verdsslager "Marina" frå 1957 som har blitt forvandla. Hør den på YouTube. I dansk omsetjing har ein:

Marina, Marina, Marina
Pas på de forelskede mænd
Marina, Marina, Marina
de prøver igen og igen
Løfter vil de gi' dig
hør, hvad de vil si' dig
du skal ikke overgi' dig
Åh no-no-no-no-no
Kun een mand kan du elske
si': Rolig, til de sprælske
til de glødende rebelske
Åh no-no-no-no-no.

[Lenkje].

Danskane har langt meir for barn og av barn. Er tilfanget betre også? Den som fattar dansk i ulike variantar, får smake på stoffet og sia samanlikne. Mi eiga tru er at det er mykje å hente frå god, dansk kultur. Dette kan kvar og ein overtyde seg om sjølv, i og med at mange, mange barnesongar på norsk - voggesongar, songar om dyr, songleikar - og dessutan regler, dikt og barneleikar - er innførte og omsette frå dansk. Men det finst altså meir "der nede", og det kan ein berre gle seg over.

A. Barnerim og remser

Sov, lille Barn, sov, din Fa'r er ud' å plov', din Mo'r er ud' å gi' æ Gris, sover du et, så får du Ris, sover du sødt, så, får du Kys. [A 1,1]

Kom ind, Hans, te di Dower, du skal ha' Katmjælk å Flower å råjen Skower, de ved a, du hower. Ja, den som berre kunne skjøne det . . . [A 2,19]

Samlinga  

BØLGJE

Litteratur  

Danske Børnerim, Remser og Lege udelukkende efter Folkemunde: Samlede og til Dels optegnede af Evald Tang Kristensen. I Kommission bos Karl Schønberg i Kjøbenhavn. 1896.

Kristensen, Ewald Tang, coll. Børnerim, Remser og Lege: Samlede og til Dels optegnede af Ewald Tang Kristensen. Udvalgt og kommenteret af Jens Sigsgaard. København: Strandbergs Forlag, 1981.

Opp Sett Arkivseksjon Vidare


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2009, Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]