Norsk del, Gullvekta
Essay: Innleiing
Seksjon › 9 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Innleiing

Ordet 'essay' kjem frå dei franske orda essai (forsøk) eller essayer (freiste). Eit essay er ein tekst som kanskje utfordrar kjende førestillingar eller aktuelle saker.

Definisjonen av 'essay' er noko rund, men essay er skriftleg filosoferande i både fransk og norsk tradisjon, og somme essay er underfundige. Føremålet kan vere å kveike ettertanke. Det engelske essayet eller "saklege essayet" minner derimot meir om ein formalistisk avisartikkel.

Franske og norske essay tar fram originale tankar eller spesielle syn på emna sine, utan nødvendigvis å ta opp mange sider ved dei. Ein får fare fram nokså einsidig, endatil med sidesprang, kanskje underhaldande og utfordrande - mykje som ein aviskronikør. [Sjå Wikipedia, s.v. "Essay"]

Det er mange måtar å skrive essay på. Men svært mange følger eit opplegg der det er ei innleiing (eit hovud) som gir oversikt,, ein midtdel (ein kropp), og ei avslutning (til dømes ein hale).

SONDERINGAR

Vel kva du skal skrive om.

Vel ut hovudidéen som du vil skrive meir omkring.

Hald fast ved tanken på at essayet skal ha innleiing, kropp og slutt (samandrag, bakpart)

FØRST. Innlei med ein klar tanke, og gi enkle omriss og oversyn over det du vonar å gi uttrykk for i essayet. Desse ideane utpenslar du breiare og fyldigare i essaykroppen. Rund gjerne av den innleiande delen eller avsnittet med ei kort oppsummering så langt.

MIDTPARTI. I essaykroppen legg du først fram somme idear du vil spinne meir rundt.

Fald ut meir ved å gi fleire og enkle opplysningar. Somt kan gjerne vere detaljert.

Kvart avsnitt i essaykroppen skal gjerne utvikle den sentrale idéen i avsnittet og avslutte med ei oppsummering av avsnittet.

Følg gjerne opp med eit par gode døme eller fakta i kvart avsnitt for å stø hovudtankar der, eller hovudtanken med heile essayet.

SIST. Samandraget kan godt ta opp att hovudtankane i innleiinga i omvendt rekkefølge, og gjerne i bra omarbeidd former. Somme startar samandraget ved å sveipe hovudtankane i midtdelen (essaykropppen). Den nest siste setninga bør gjerne omformulere hovudtanken (hovudtesen) din i essayet. Den siste setninga di kan kanskje føreseie vidare utvikling (eller forfall) i ei retning. Det kjem an på. Ver forsiktig og avpass; det kan lønne seg.

ETTERORD

Dette mønsteret for fakta-orientert stilskriving og essayskriving høver godt i skolegangen. Men det grunnleggande mønsteret går det også an å bryte "på hundrevis av måtar" om ein vil det - sidan essay også har med språkforming og kultur å gjere. Det spørs vel også kva for spelerom ein blir gitt.

Kulturbygging

Kultur, kva er det?

Ordet 'kultur' har mange meiningar. Ordet heng saman med å dyrking av jord, skog, plantar og artar. Ein finn det i ord som "kulturbeite" og "kulturplanter", så vel som i "bakteriekulturar".

'Kultur' er også gitt meiningar som skjønsam og/eller regulert verksemd i eit samfunn og ei gruppe. 'Mayakultur' og 'gammal kultur ' og 'finkultur' kan vere døme.

Ordet har også fått tyde "menneskeleg framferd som uttrykk for miljø, oppseding; danning, åndsverksemd", til dømes "kunst og kultur", "litterær kultur, barnekultur og bygdekultur". 'Bygdebarnkultur' er ikkje eit omgrep i "handelen" i dag, men kan godt bli det. Det spørs i så fall kven som tener på slik forsking.

Kultur har også tydingar som "haldningar, verdiar og normer i ei viss gruppe menneske, i ein institusjon, ein samskipnad eller liknande". Ord som "bedriftskultur" syner til denne sida ved det nokså mangslungne kulturomgrepet.

Kulturstoff, kva er det?

Ja, sei det . . . Eg blir mint på "Kva er kunst?" med "svaret": "Kva er ikkje kunst?" Kultur kan vere så mangt.

Humorfunn

Humor er del av kulturen. Kva ein ler av: (1) Kva folk synest er morosamt, skil seg mellom samfunnsklassane, syner Birgit Hertzberg (no: Kaare) i den norske humorundersøkinga (1997). Der går det også fram at bondehumor nok ikkje blir halden for mest finsleg, sjølv om det jo er skil mellom bønder òg, og bønder og lågare lag iallfall før hadde mykje varme og omhug. (2) Humor – ting som folk ler av – var elles mykje grovare før i tida i det heile, syner Jan Bremmer, Herman Roodenburg mfl. (1997) i eit utsyn over europeisk humor og endringar i han over hundreår.

Innhald


Essay og kultur, litteratur  

Om essay

Fabb, Nigel, and Alan Durant. How to Write Essays, Dissertations and Theses in Literary Study. London: Longman, 1993.

Hutchison, Hazel. Write Great Essays and Dissertations (Teach Yourself). Rev. ed. London: Hodder Education, 2010.

Shiach, Don. How to Write Essays: A Step-by-Step Guide for All Levels with Sample Essays. Begbroke, Oxford: How To Books, 2009.

Turley, Richard Marggraf. Writing Essays: A Guide for Students in English and the Humanities. Milton Park, Abingdon: Taylor and Francis, 2001.

Om kultur

Benson, Ciarán. The Cultural Psychology of Self: Place, Morality and Art in Human Worlds. Milton Park, Abingdon: Taylor and Francis, 2001.

Bremmer, Jan, and Herman Roodenburg, redr. A Cultural History of Humour: From Antiquity to the Present Day. Oxford: Polity Press, 1997.

Brittin, Helen C. The Food and Culture Around the World Handbook. Upper Saddle River, NJ: Prentice Hall / Pearson Education, 2011.

Hall, Gary, and Clare Birchall, redr. New Cultural Studies: Adventures in Theory. Edinburgh: Edinburgh University Press, 2006.

Johnsen, Birgit Hertzberg. Hva ler vi av? Om nordmenns forhold til humor. Oslo: Pax, 1997.

Hewitt, Nicholas. The Cambridge Companion to Modern French Culture. Cambridge: Cambridge University Press, 2003.

Kuiper, Kathleen, ed. The Culture of India. New York: Britannica Educational Publishing, 2011.

Smith, Melanie, K. Issues in Cultural Tourism Studies. Milton Park, Abingdon: Taylor and Francis, 2003.

Turner, Graeme. British Cultural Studies: An Introduction.. 3rd ed. Milton Park, Abingdon: Taylor and Francis, 2005.

Essay, danning, og kultur, opp Seksjon Sett Neste

Essay, danning, og kultur. BRUKARGAID: [Lenke]
© 2014–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]