Rette danninga kan stort sett gjere godtSvensk bildning er danningDanning er høgverdig oppseding; (grad av) finleik og kultur i tenke- og veremåte saman med gode kunnskapar. (Nynorskordboka). Ein kan skilje mellom grunnlagsdanning og høgare danning om ein vil. Ei form for danning er målet med pedagogikk og utdanning. Pedagogikk omfattar læring, undervisningsmiddel og skal også oppsede, det er, oppdra. Det er best at dei som veks fram, greier å utfalde seg naturleg. Steinerpedagogikk er ideel sett hjelp til å nære, styrke og dyrke det som skal vekse fram og gjere folk av dei som går på skolen så dei ikkje så lett blir skadd av tilpassingar til stat og firma. Kvar og ein skulle få hjelp til å akte seg mot feil skolering, og til å ta godt vare på seg sjølv. Heimen skulle ideelt ta hand om mykje av dette, men heimeundervisning fram til universitetet er enno ikkje regelen her i verda, enda om heimeunderviste gjer det betre på eksamenar enn unge som blir underviste i offentleg skole, og til ein liten brøkdel av det offentleg skolegang kostar. Tala ifrå utlandet er klare - ikkje berre ganske klare, men overlag klare. [God undervisning - heimeundervisning jamt over] Danningsvegane er slakke og breie. Det finst danning i heimen, rundt heimen, i yrke som liknar eller tar av frå dei som far og mor har og har hatt, om dei har eller har hatt nokon. Så kjem danning ved heimundervisning og i ikkje-offentlege, hyggelege grendeskolar; i alternative skoleslag, som Montessori-skolar, Steinerskolar, og nedst på rankinglistene som statistikk gir har vi offentleg skolegang - ikkje berre i Noreg, men i andre land også. Offentleg skolegang er ikkje heilt ulikt å bite i det sure eplet - det kjem ikkje så mykje danning av slikt. Å utdanne seg til eit yrke, til noko profesjonelt, kan gi ressursar som trengst til høgare danning og god mat på bordet. Utdanningar er det såleis fleire av. Dei kan føre somme til høgare danning, det er, noko som held gode kulturar i gjenge. Det er mange slags høgare danning i verda også. Dei flettar seg saman der det går bra å vere i lag og vere forstandige som naboar. Elles kan dei føre til at blodet renn, fall, fiendskap, krig og røveri med meir. Det er godt å fatte kva som ligg i god danning. Det er langt ifrå berre å forstå innhald i bøker. Danning kan vere mangtEin plante utfaldar seg normalt oppå røtene og stengelen det har. Mistelteinen er eit aldri så lite unntak ved at han lever som parasitt på andre tre, men har gode sider likevel. Så også med menneskeplantar: Det finst parasittar og andre. Røtene er heimlege skikkar, naturtilpassingar, tilpassingar til andre, og folkekunne (folkeleg forståing) for å få mindre motbør - kanskje. Urbaniserte får ofte motbør etter kvart. Dei kan fort miste kontakta med slekt, røter, heimstad, og anna som folk fekk finne seg i før. Får dei så ei falsk danning - overflatisk, ikkje rotfesta? Det kan godt hende. Ein får likevel freiste å få seg høgare utdanning, offentleg eller ikkje. God studiemetodikk har ved seg å dempe motbøra. Det hjelper å bli kunnigare til å lære, så ein lærer lettare og framfor alt hugsar det lærte godt. Slik kunnskap kjem trulig godt med.
Bøker gir danning for vidare tilpassingar, men kanskje ikkje kiosklitteraturenOrdet 'danning' har mangslungne tydingar og fleire sider. Allmennkunnskaper, kulturell oppførsel og innsikt blir skatta. God oppseding gjer danna, og danning fremmer kultur. På svensk heiter det bildning, av bilda, som kan omsettast med å skape eller forme bilde - som dessutan gagnar personlegdomsutviklinga. Danning i dag heng nøye samen med ein livslang utfaldingsprosess og tileigning av nyttige dugleikar. Når vi vil forstå noko, kan vi lære å nærme oss sakene metodisk og grundig, lese fornuftig i utvalde bøker, ordne tankane greitt og aktivt, og formulere kunnig. Trening er tiltrengt, stort sett. Ein kan bruke slikt eit hovudopplegg for framgang til alt mogeleg. Det er ein grei veg som kan motverke mykje som er for dumt for menneske. God forståing lyt ein også rydje veg for ved studiemetodikk og praktisk sans. Oppmuntring kan kanskje hjelpe. Tony Buzans mind mapsog studiesystemet han har formulert rundt det, kan sikkert gagne fleire. Det finst mange fine bøker der han skriv om slikt, og ved somme av universiteta i Europa held folk kurs kvart semester i slik studie- og notatteknikk. No finst det også bøker om å skrive hovudoppgåver og semesteroppgåver. Dei går gjennom tekniske sider ved mangt, og korleis ein skal gripe an slike oppgåver som "gjer greie for og drøft . . . (eitt eller anna)". Dei ferdige utputta blir kraftig formalisert. Det er ikkje berre av det vonde - No er det også slik at rett danning ikkje gjer nokon til petimeter (småpertentleg, opptatt av bagatellar). Enda om mykje av danninga i hovudfaget består i å bli pertentleg og akkurat med detaljar og tilvisingar, ligg mangt i danningsvegen høgare. Å ta seg av nurka på rette måten så dei trivast og ikkje noko går gale, ligg innanfor høgare danning enn petimeterdanninga (halvdanninga) rundt om. Å te seg vel ligg også jamt høgare, skulle eg meine. Kva som kan ligge i "å skikke seg flott" og leve godt er langt meir enn å mate seg. Jamfør Gampopa-utvalet [Lenke].
|
|
Danningspoeng av Gampopa: Lenke Dei faglege føresetnadene dine blir også nokså avgjerande for resultatet - og samarbeidet med rettleiar og andre fagpersonar vil bli prega av viktige personlegdomstrekk hos dei eller deg - helst dei. [Jf Jørgensen 1993, 12, 14-15] Når du skal arbeide med hovudavhandlinga, er du din eigen arbeidsgivar . . . Det vil seie at du må sjølv planlegge, gjennomføre og vurdere det du gjer etter kvart – I mange periodar av forskingsgangen kjempar ein med kjensler, eigne og andres – Noko som er generelt formulert kan verke lite handfast for somme. Dei greier kanskje ikkje å knyte dei rette tankane til det, kan hende. [Jf Jørgensen 1993, 15-16, 30, 21] Mange studentspørsmål kjem av otte – Hald skrivebordet reint og vel stelt, ryd vekk "vegsperringane" og kom i hug at du på mange måtar er eit sentrum i di eiga verd - i di eiga merksemdsverd. Den tonar ut innanfrå. [Jørgensen 1993, 11, 30] ¤ Du skal vere sakleg og halde deg til saka og ikkje gå laus på personar og eller ting som ligg utanfor det det gjeld – Sett ikkje i gang med noko før du veit om det blir godtatt. Elles kan du ende med å få stryk for avhandlinga fordi ho fell utanfor dei godtatte rammene der du er. [Jørgensen 1993, 18, Jf. 22] Dei logisk heilgyldige resonnementa kan ein berre trekke der alt er kjent. Og det blir nokså uinteressante konklusjonar – Den gode skriveprosessen kjem parallelt og integrert med forskingsprosessen. Det er ikkje slik at ein først gjennomfører forskinga, og så set seg ned og tar til å skrive avhandlinga. [Jørgensen 1993, 23, 13]
|
Jørgensen, Harald: Hovudoppgaven: Skikk og bruk i oppgavearbeidet. 2. utg. Novus. Oslo, 1993.
Rørvik, Harald: Om skriving av Hovudoppgåver. Avhandlingar - Pedagogikk. Psykologi. Sosiologi. 2. oppl. Bergen: Universitetsforlaget, 1976.
|
![]() |
Seksjon | Sett | ![]() |
![]() |
BRUKARGAID: [Lenke] © 1999–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post] ᴥ Ansvarsfråskriving: [Lenke] |