GULLVEKTA, NORSK DEL  

Far Jaguar og Haim Ginott - 1

 14 › 1 › 11

SETT
ARKIVSEKSJON
SPØRSMÅL, FRÅGOR, ØVST PÅ NETTSTADKARTET
SITE SEARCH

VENSTRE STOLPE
 
RESERVASJONAR   FØRRE   NESTE



Scotland Yard inspiration
Lat verken omsuten eller medynken din bli til skade for deg.
To ting høyrer saman i naturlig, god oppseding: (1) Den som blir oppseda, har mot nok til å stå på. (2) Og ho (han) nyt godt av verna omgivnad i den forstand at ho kan øve og trene utan at det får skadelege følgjer.
       Etter kvart går ting greiare - det plar gå sånn. Men dersom forholda og meir til havarerer, får vi truleg konformist-pip til inga nytte. Eller kan hende rot og røre.
       Eigna trening hjelper mot slikt. Det kan også hjelpe å vere resolutt. Å trene i ro og med integritet kan det vere meining i. Det kan bli lykkelege gevinstar av det også.


Normer

Modnande grunntankar

To-tre 'tja-a' kan gjere bra.
"Det hender at vi seier ting vi ikkje meiner, med ein stemme vi ikkje likar." - Professor Haim Ginott. [10]

Tilvisingane her er til boka På talefot med barna av Haim Ginott. Han har også skrive framhaldsboka På talefot med tenåringene.
      Haim Ginotts strategiske måtar å sjå (oppfatte) og handle på, har blitt kalla støttande, vennlege og effektive. Lær korleis ein kan motverke vanlege problem ved god kontakt.
  • Lytt til - og forstå - kva som opptek barnet.
  • Ha ope samarbeid i familien - utan plaging.
  • Kjensler lyt ein lære å handtere og meistre etter kvart
  • Finn gode og sunne alternativ til straff.
  • Hjelp barnet ditt å vinne seg eit positivt sjølvbilete.
Barnepsykologar finn at folk flest ikkje lærer å snakke med barn eller lytte likande nok til dei. Men dei kunstane kan lærast. Nedafor tener det enkle symbolet "Far Jaguar" slik vising.

Opp


Det hender Far Jaguar ikkje klarer tinga lenger

Slik lagar du det nye Far Jaguar-livet stegvis. Kvart 1-2-3-essay nedafor rommer også ei grovskisse for enkle treningsopplegg. Matematikk ligg under kvart slikt essay. Dei er merkte med "Veg".


Når den høgste i heimen forsvinn, blir det nok lågt under taket

Bjørnebær Det hender vi seier ting vi meiner, med ein stemme vi likar. Sei då til dømes, "Ta vare på Far Jaguar. Han treng å ha habitatet mest råd i fred".

Vegen

EinararIkkje bombarder Far Jaguar i døra med noko slag

Lærdommar
- Sit rolege -
Far Jaguar bør ikkje møtast i døra med utakk, stive bombardement av spørsmål, ønske eller ukontrollerte klagar. (1)
       Ingen miner. Det bør vere så få negative merknader som råd om kva og korleis ungane et, så få formaningar som råd, og mange døme på den gode, gamle samtalekunsten nord om grendom. (2)


ToararNei til høgspenning i familielivet

Når Far Jaguar slit seg heim kvar dag etter maset, treng han ein roleg overgangsperiode mellom krava frå verda utafor og krava frå familien. Middagen bør vere den sjelelege samtalestunda. Den kan godt vere helsesam. (3)
       Vekta kan liggje mindre på maten enn på rett næring for tankane utan å bli utskjemt. Ein høveleg eller hyggeleg drink, avisa og en liten periode utan høgspenning og arge spørsmål gjer sitt til å skape den oasen av stille som i høg grad kan redde og hjelpe familielivet. Det gjeld berre å passe seg og gjerne lage gode rutinar ut av mangt, når tilhøva tillet det vel kontrollerte og gode. (4)


TreararRo og kvile må nøye hegnast om

Frå tidligaste barndom skulle ungane lære at når Far Jaguar traskar heim, treng han ei lita stund med ro og kvile før spataka. (6) (5 4) [77]
Du vil sjå at dei slagerane som vi har komponert for deg her, heng intimt saman med bra og velfunderte hovudråd som psykologen dr. Haim Ginott gir.

Samandrag

I sum
  1. Ikkje bombarder Far Jaguar i døra med noko slag.
  2. Fjern høgspenninga i familielivet.
  3. Ro og kvile må nøye hegnast om.

Enkelt sagt Desse enkle tiltaka kan gjere godt for familielykka kvart for seg, men truleg enda meir om ein vel ut førsteting først, maktar dei forsvarleg før ein kjempar seg vidare. Vellykka opplegg fører til at Far Jaguar kan kvile og kjenne seg heime. Slikt er ikkje lett "ute i skogen".


Essay merkt med Dao-merket gir teori med matematiske grunndrag

Korte forteljingar Plato (ca 428 - ca 348 f.Kr) rekna den reine matematikken sine abstrakte spekulasjonar som den høgste tenkinga menneskehugen kunne makte. Derfor fekk han skrive over inngangen til akademiet sitt: "La ingen som ikkje kan matematikk kome inn her."


BØLGJE

Litteratur  
      Par: Ginott, Haim: På talefot med barna. Gyldendal. Oslo, 1970. [Between Parent And Child. Avon. New York, 1956]
       Ptt: Ginott, Haim: På talefot med tenåringene. Aschehoug. Oslo, 1971. [Between Parent and Teen. Avon, New York, 1969]

Lenkjer

Link:Race for the big cats: Meet the jaguar
Link:Houston Zoo: Jaguar
Link:Cats: Wild to Mild: Cats in native American cultures
Link:Jaguar's rainforest adventure: Jaguar

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1998–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]